Navigasjon
Navigasjon
I dag gir vi dei finaste orda til Asbjørg Hansine Lade
Arkivfoto
Arkivfoto

Asbjørg kom nordfrå. I nærleiken av Tromsø ein stad. Kjærleiken til Karl B. Lade gjorde at ho vart verande i Sykkylven. Dei bygde nytt hus på Brøvoll, men hadde nok mest band til folket på Hole. Ekteskapet gav tre gutar, som alle sysla med idrett (mest langrenn) i unge år. Mannen Karl brann for idretten og Velledalen IL. Han hadde lang fartstid som leiar i langrennsgruppa, og var elles med i ulike nemnder som marknad, bingo og kiosk. I tillegg var han leiar i hovudstyret i 1971, året for grasbane-opninga på Dalemyra, altså for 50 år sidan. Og var elles ein av dei ivrigaste hesteskokastarane då dette vart ein « farsott» frå kring 1980 og utover.

 

Men det er Asbjørg vi skal heidre i dag. Ho hadde ingen verv i Velledalen IL, men la likevel ned ein kjempeinnsats på ulike felt. Når Velledalen IL arrangerte KM i langrenn i Holemarka i 1967, var det Asbjørg som serverte varm drikke (mjølk) til slitne løparar i målområdet.

 

Når stadionkiosken kom på plass på Dalemyra, hadde Asbjørg mange timar der. Varmrettane var buljong, kaffi og pølser – med og utan brød. Når vi småhynane kom og handla pølser, spurde alltid Asbjørg på klingande nord-norsk dialekt (ho var flink å halde på dialekten):

-           Ska du ha nokka på…?

Og det skulle vi som regel ha. Dersom Asbjørg såg at vi knappast var i stand til å handtere dette sjølve på ein verdig måte, hjelpte ho oss med sirleg striper med sennep og ketchup.

 

Ved marknadar/bingoar/årsmøte – eller andre samkome – var det heilt vanleg at Asbjørg Hansine hadde eit eller anna gjeremål, hyra inn av ektemannen Karl.

 

Men viktigaste oppgåva hadde ho som tilretteleggar og støtteapparat i heimen. Stort sett kvar sundag vinteren igjennom reiste Karl og gutane rundt om på skirenn. Asbjørg var sjeldan med. Slik fekk Karl plass til ein ekstra utøvar i bilen, og han sette æra si i at Velledalen IL skulle markere seg. Asbjørg sytte for frukost før avreise, ein dugeleg nistepakke og klesskifte. Ved heimkoma hadde ho middagen klar. Mang ei mor kjenner seg sikkert att i eit liknande liv frå 1960- eller 1970-talet.

 

Asbjørg var glad i å gå tur. Ho var einaste vaksne kvinne på Hole på 1960-talet som gjekk på ski. Vi kunne rekkje spora hennar. Ho gjekk over brua opp til Hole og sette på seg skiene der. Så bratt oppover i starten, før ho kryssa på skrå over Olahaugane og vidare innover Holemarka. Ofte køyrde Karl henne inn på fjellet i helgane, slik at Asbjørg fekk gå heim att, anten på ski eller på føtene, alt etter årstid.

 

Mannen til Asbjørg, Karl, vart æresmedlem i Velledalen IL. Personar utan verv i eit lag får ikkje slike titlar. Slik er det berre. Men på Asbjørg Hansine sin 85 år dag finn vi det rett å hylle ikkje berre henne, men også andre likesinna med varme tankar for innsats i ei tid som var. Hyllesten gir vi gjennom eit vers frå «Den finaste songen» av Odd-Erik Lothe:

 

Dei finaste orda ska du få

Om du endå lar dørene stå.

Dei finaste orda e et tak

En himmelkvelving

Stjerneklar og strak.

Men dei finaste orda

Va det aldri eg som fann

Dei har eg stole

Frå dei tusen pennars hand.

Dei finaste orda

E støvkorn og små grann

Dei som når gjennom skodda,

Der draumen møter land.

 

Henta frå «den finaste songen» av Odd-Erik Lothe



Publisert: S?ndag 25. April 2021 Kl. 11:18
Siste nyhende
80 år, og på toppen av bølgja!
I dag – 15.mai – fyller turmannen, Elling Ivar Hole (Hol-Elling), 80 år.
Les meir (15.05.2021)
Rapport frå o-treninga ved Berlihuset
Onsdag 12.mai arrangerte o-gruppa i Velledalen IL trening for store og små med base ved Berlihuset. Og treningsløp i ulike løyper.
Les meir (13.05.2021)
Unge menn drøftar vegvalet….
Orientering kan utøvast av dei som er godt oppe i åra, og av dei heilt unge.
Les meir (13.05.2021)
Hilmar frå Måløy best på halvmaraton i Sykkylven
Fem av åtte utøvarar representerte Velledalen IL
Les meir (08.05.2021)
Sterk Anette-triumf på Askøy
Anette Heimli Jokstad, Velledalen IL-friidrett, vart beste kvinne på distansen Træet-Herdla, under Askøy-På-Langs 2021, arrangert i dag.
Les meir (08.05.2021)
Nokon som kan hjelpe o-gruppa
ArkivfotoAktuelle for jobben er alle som har ledig tid komande onsdag på dagtid.
Les meir (08.05.2021)
Trimpostvandringa startar i dag, 8.mai
Sidan over 100 deltok i fjor, bør målet vere minst 150 år. Starten går i dag, 8.mai, på sjølvaste frigjeringsdagen. Hiv deg med!
Les meir (08.05.2021)
Gledeleg oppmøte på o-trening
Onsdag møtte 14 born til o-trening i regi av Velledalen IL o-gruppe til trening på Aure.
Les meir (06.05.2021)
Veteranane held koken i Riksheimdalen
Vi har hatt ein meldar på trimposten i Riksheimdalen 2.mai, om lag klokka 13.00.
Les meir (02.05.2021)
Sprang i hovudstaden 1.mai
Vi har fått melding om fem personar som dreiv «Konradløp-relatert» aktivitet i Oslo 1.mai.
Les meir (02.05.2021)
Kvifor har vi eit Konradløp i Velledalen…….?
Konrad Brunstad var godt over 70 år då han observerte fenomenet jogging. I sjølvaste Amerika. Som 86-åring tok han mot til seg og debuterte på halvmaraton i Ålesund.
Les meir (02.05.2021)
Gledeleg stor «Konrad-aktivitet» 1.mai
To år utan Konradløp 1.mai er at faktum. Men gledeleg mange gjorde som VIL sin friidrettsleiar oppmoda dei om.
Les meir (02.05.2021)
Jyls-tvillingane kort prosess med Svein sin rekord
ArkivfotoDet låg i korta at det ville skje, og 1.mai tok Sivert og Andreas Nakken for alvor steget ut av faren Svein sin skugge.
Les meir (01.05.2021)
Bjørn Arve frå Stranda er Konrad-ferdig
ArkivfotoBjørn Arve Brune ville nytte dagen til skitur, og gjorde difor unna sitt Konradløp tidleg.
Les meir (01.05.2021)
Konfirmantfar sprang Konradløypa klokka 05.00
ArkivfotoMeldingane har byrja tikke inn frå fjærn og nær over menneske som har gjort unna sitt private Konradløp 1.mai.
Les meir (01.05.2021)
3115 grasrotkroner i april
Velledalen IL takkar alle sine 106 grasrotspelarar for april-bidraget på 3115 kroner.
Les meir (01.05.2021)
Fødselsdag (31 år) og i knallform
ArkivfotoVegard Riksheim Tandstad markerte 31 års dagen sin 30.april med å feie gjennom Konradløypa på den glimrande tida 15.56.
Les meir (01.05.2021)
Trimpostvandring også i år
ArkivfotoEr du med på å samle trimpostarkodar og trimpoeng i år og? Fjorårets store suksess som samla over 100 deltakarar er tilbake frå laurdag 8. mai!
Les meir (30.04.2021)
Styret i Velledalen IL i baneopnings-året (1971)
Sjå kven som manøvrerte skuta det året Dalemyra grasbane vart opna.
Les meir (26.04.2021)
1.mai: Konradløpet melder pass!
Diverre ikkje Konradløp i Velledalen i 2021 heller. MiniKonrad vert truleg arrangert i slutten av mai.
Les meir (26.04.2021)
Kan du tenkje deg lære meir om orientering….?
Sjå invitasjon til treningssamling på Emblem laurdag 1.mai.
Les meir (25.04.2021)
Velledalen IL åpnet o-sesongen 2021
Velledalen IL åpnet o-sesongen 2021 med en trening for barn på Sørstranda skule igår fredag 23.april.
Les meir (24.04.2021)
1.27.43 er bestetida til Inger Riksheim på halvmaraton
Året var 1987, løpet var Sykkylven Halvmaraton, og Inger representerte Sykkylven IL.
Les meir (24.04.2021)
Fødselsdagar i Osloavdelinga
Sjå kven av utøvarane våre som nyleg har hatt bursdag i Osloavdelinga!
Les meir (22.04.2021)
Halvmaraton i Ålesund: Gry raskast frå Sykkylven
Men andre helga i mai får ingen utøvarar frå Sykkylven delta.
Les meir (22.04.2021)
Skihopparen vår, Jonny, fyller 13 år
Det er lett å halde greie på skihopparane i Velledalen IL. Vi har nemleg berre èin gute-hoppar, Jonny Mauren.
Les meir (15.04.2021)
Høgreving frå VRF-glanstida fyller 74 år
Svein Åge Welle var i velmaktsdagane ein attraksjon på fotball-bana. I dag sender vi ut varsel om 75 års dagen hans 15.april 2022.
Les meir (15.04.2021)
Stranda Fjord Trail Race: 289 påmelde per 14.april
ArkivfotoArrangementsdato er sett til 7.august 2021, noko som kan gå bra om pandemien er greie med oss. Tre påmelde frå VIL.
Les meir (15.04.2021)
Opplæring av lærarar i bruk av skulegardskart
Fyrste kurset i Sykkylven startar i dag, på Sørestanda skule, melder o-leiar i Velledalen IL, Pernille Ibsen Lervåg.
Les meir (13.04.2021)
Fire frå Velledalen IL påmelde til halvmaraton
Velledalen IL vert representert ved løps-fest i Ålesund 8.mai – om den lar seg gjennomføre, vel å merke.
Les meir (12.04.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no