Navigasjon
Navigasjon
Halvmaraton i Ålesund: Gry raskast frå Sykkylven

Andre helga i mai skal det springast langt og mykje i Ålesund. Her kan ein velje mellom distansane heilmaraton, halvmaraton, 10 kilometer og 5 kilometer. Det som er spesielt denne gongen er at utøvarar frå Sykkylven kommune ikkje får delta. Bestemt på høgste hald av slike som har greie på covid-19 og slikt.

 

Som eit plaster på såret friskar vi opp med ei oversikt over sykkylvingar med dei beste kvinne-tidene under Ålesund halvmaraton gjennom alle år. Slik ser den ut:

1.35.37: Gry Bakke Payling

1.38.50: Nancy Eggen

1.39.51: Gry Bakke

1.40.06: Radka Vosicka

1.42.54: May Evy Nesheim – ikkje sykkylving, men representerer Velledalen IL

1.47.15: Kjerstin Vindenes Fet.

 

Kva som er klubbrekorden på halvmaraton for kvinner er faktisk ganske usikkert. Inger Riksheim sprang under 1.30 på halvmaraton i glansdagane, men mest truleg representerte ho Sykkylven IL og ikkje Velledalen IL då ho gjorde det.

     Som vi ser har Nancy Eggen notert 1.38.50 i Ålesund. Men Nancy representerte Sykkylven IL som ung senior og gjekk over til Velledalen IL i moden alder. Mest truleg representerte ho Sykkylven IL då ho gjorde 1.38.50.

    Difor trur vi det er Pernille Ibsen Lervåg sine 1.39.52 frå København som er beste halvmaraton-tida ei kvinne som har representert Velledalen IL nokon gong har gjort. Hårfint føre Radka Vosicka med sine 1.40.06 frå Ålesund.

 

Men som sagt; sikre på dette er vi ikkje.

Det hadde vore kjekt med ei tilbakemelding frå Inger og Nancy, to utøvarar som kanskje sit på svaret. Men at Inger Riksheim har sykkylvs-rekorden på halvmaraton, det er vi ganske så sikre på. Med sykkylvsrekord snakkar vi om ei tid sett som utøvar for eit idrettslag i Sykkylven kommune – i ei kontrollmålt løype, med start og mål på same høgdenivå.

 

Planen var at sonen til Inger (og Geir), Vegard Tandstad, skulle prøve og kome under mora si bestetid i Ålesund 8.mai. Men Vegard Tandstad får altså ikkje lov å delta denne gongen. Så enn så lenge sit Inger på halvmaraton-trona i Simo-garden.



Publisert: Torsdag 22. April 2021 Kl. 19:02
Siste nyhende
80 år, og på toppen av bølgja!
I dag – 15.mai – fyller turmannen, Elling Ivar Hole (Hol-Elling), 80 år.
Les meir (15.05.2021)
Rapport frå o-treninga ved Berlihuset
Onsdag 12.mai arrangerte o-gruppa i Velledalen IL trening for store og små med base ved Berlihuset. Og treningsløp i ulike løyper.
Les meir (13.05.2021)
Unge menn drøftar vegvalet….
Orientering kan utøvast av dei som er godt oppe i åra, og av dei heilt unge.
Les meir (13.05.2021)
Hilmar frå Måløy best på halvmaraton i Sykkylven
Fem av åtte utøvarar representerte Velledalen IL
Les meir (08.05.2021)
Sterk Anette-triumf på Askøy
Anette Heimli Jokstad, Velledalen IL-friidrett, vart beste kvinne på distansen Træet-Herdla, under Askøy-På-Langs 2021, arrangert i dag.
Les meir (08.05.2021)
Nokon som kan hjelpe o-gruppa
ArkivfotoAktuelle for jobben er alle som har ledig tid komande onsdag på dagtid.
Les meir (08.05.2021)
Trimpostvandringa startar i dag, 8.mai
Sidan over 100 deltok i fjor, bør målet vere minst 150 år. Starten går i dag, 8.mai, på sjølvaste frigjeringsdagen. Hiv deg med!
Les meir (08.05.2021)
Gledeleg oppmøte på o-trening
Onsdag møtte 14 born til o-trening i regi av Velledalen IL o-gruppe til trening på Aure.
Les meir (06.05.2021)
Veteranane held koken i Riksheimdalen
Vi har hatt ein meldar på trimposten i Riksheimdalen 2.mai, om lag klokka 13.00.
Les meir (02.05.2021)
Sprang i hovudstaden 1.mai
Vi har fått melding om fem personar som dreiv «Konradløp-relatert» aktivitet i Oslo 1.mai.
Les meir (02.05.2021)
Kvifor har vi eit Konradløp i Velledalen…….?
Konrad Brunstad var godt over 70 år då han observerte fenomenet jogging. I sjølvaste Amerika. Som 86-åring tok han mot til seg og debuterte på halvmaraton i Ålesund.
Les meir (02.05.2021)
Gledeleg stor «Konrad-aktivitet» 1.mai
To år utan Konradløp 1.mai er at faktum. Men gledeleg mange gjorde som VIL sin friidrettsleiar oppmoda dei om.
Les meir (02.05.2021)
Jyls-tvillingane kort prosess med Svein sin rekord
ArkivfotoDet låg i korta at det ville skje, og 1.mai tok Sivert og Andreas Nakken for alvor steget ut av faren Svein sin skugge.
Les meir (01.05.2021)
Bjørn Arve frå Stranda er Konrad-ferdig
ArkivfotoBjørn Arve Brune ville nytte dagen til skitur, og gjorde difor unna sitt Konradløp tidleg.
Les meir (01.05.2021)
Konfirmantfar sprang Konradløypa klokka 05.00
ArkivfotoMeldingane har byrja tikke inn frå fjærn og nær over menneske som har gjort unna sitt private Konradløp 1.mai.
Les meir (01.05.2021)
3115 grasrotkroner i april
Velledalen IL takkar alle sine 106 grasrotspelarar for april-bidraget på 3115 kroner.
Les meir (01.05.2021)
Fødselsdag (31 år) og i knallform
ArkivfotoVegard Riksheim Tandstad markerte 31 års dagen sin 30.april med å feie gjennom Konradløypa på den glimrande tida 15.56.
Les meir (01.05.2021)
Trimpostvandring også i år
ArkivfotoEr du med på å samle trimpostarkodar og trimpoeng i år og? Fjorårets store suksess som samla over 100 deltakarar er tilbake frå laurdag 8. mai!
Les meir (30.04.2021)
Styret i Velledalen IL i baneopnings-året (1971)
Sjå kven som manøvrerte skuta det året Dalemyra grasbane vart opna.
Les meir (26.04.2021)
1.mai: Konradløpet melder pass!
Diverre ikkje Konradløp i Velledalen i 2021 heller. MiniKonrad vert truleg arrangert i slutten av mai.
Les meir (26.04.2021)
Kan du tenkje deg lære meir om orientering….?
Sjå invitasjon til treningssamling på Emblem laurdag 1.mai.
Les meir (25.04.2021)
I dag gir vi dei finaste orda til Asbjørg Hansine Lade
ArkivfotoHadde ingen verv, men la ned ein kjempeinnsats for Velledalen IL. I dag fyller ho 85 år.
Les meir (25.04.2021)
Velledalen IL åpnet o-sesongen 2021
Velledalen IL åpnet o-sesongen 2021 med en trening for barn på Sørstranda skule igår fredag 23.april.
Les meir (24.04.2021)
1.27.43 er bestetida til Inger Riksheim på halvmaraton
Året var 1987, løpet var Sykkylven Halvmaraton, og Inger representerte Sykkylven IL.
Les meir (24.04.2021)
Fødselsdagar i Osloavdelinga
Sjå kven av utøvarane våre som nyleg har hatt bursdag i Osloavdelinga!
Les meir (22.04.2021)
Skihopparen vår, Jonny, fyller 13 år
Det er lett å halde greie på skihopparane i Velledalen IL. Vi har nemleg berre èin gute-hoppar, Jonny Mauren.
Les meir (15.04.2021)
Høgreving frå VRF-glanstida fyller 74 år
Svein Åge Welle var i velmaktsdagane ein attraksjon på fotball-bana. I dag sender vi ut varsel om 75 års dagen hans 15.april 2022.
Les meir (15.04.2021)
Stranda Fjord Trail Race: 289 påmelde per 14.april
ArkivfotoArrangementsdato er sett til 7.august 2021, noko som kan gå bra om pandemien er greie med oss. Tre påmelde frå VIL.
Les meir (15.04.2021)
Opplæring av lærarar i bruk av skulegardskart
Fyrste kurset i Sykkylven startar i dag, på Sørestanda skule, melder o-leiar i Velledalen IL, Pernille Ibsen Lervåg.
Les meir (13.04.2021)
Fire frå Velledalen IL påmelde til halvmaraton
Velledalen IL vert representert ved løps-fest i Ålesund 8.mai – om den lar seg gjennomføre, vel å merke.
Les meir (12.04.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no