Navigasjon
Navigasjon
Velledalen IL sel Dalemyra – interessentane i kø

Ledd i det grøne skiftet

Folk har registrert at aktiviteten har minka på Dalemyra siste åra. I fjor gjekk der mindre enn fem kampar.  Velledalen IL eig og driftar anlegget, men no er det Sykkylven IL som disponerer bana til trening og kamp. Problemet er at det er LANGT frå der tyngda av Sykkylven IL sine spelarar bur til Velledalen. Difor vert bruken av bana minimal.

 

Maskinservice AS fremst i løypa

Leiar i Velledalen IL, Ove Inge Skylstad, fortel fylgjande til VIL-Nett:

-           No skal vi få frå oss 50 års jubileet for bana i juli, og rett etter fellesferien startar vi sals-prosessen for alvor. Interessentane står allereie i kø. Området er heilt klart særdeles attraktivt, og prisen vert deretter. Og så  vert dette vårt bidrag i «det grøne skiftet», som politikarane pratar så mykje om for tida.

-           Kan du seie noko om kven som ligg best an som kjøpar?

-           Det er ingen løyndom at det ser ut til å gå mot eit sal til Maskinservice AS. Dette av to grunnar. Firmaet vert drifta av ein velledaling, og har så langt presentert den klart beste forretnings-idéen.

 

Omfattande planar

Eivind Bolstad i Maskinservice AS vart glad for å høyre at VIL-leiaren, Skylstad, likte planane hans.

-           Kan du røpe noko av planane for VIL-Nett sine mange lesarar?

-           Det skal eg med glede gjere. På vegne av firmaet kan eg garantere at vi kjem til å strekkje oss lang for å sikre oss området. Førebels er det klart at området vil innehalde fire lokalitetar:

 

1. Der vil bli eit stort terminalbygg for landbruksvarer. Litt tilbake til Stormøllen-tida og Sykkylven Godsterminal i Aure sentrum. Tida for at landbrukskronene til bøndene i Sykkylven og Stranda hamnar i Breivika i Ålesund er ganske så snart forbi.

 

2. Der vil bli bygt den mest moderne servicestasjonen for plenklipparar mellom Bergen og Trondheim. Litt av grasbana vert spara til testkøyring av klipparar. Tida frå du leverer inn klipparen din, til du får den utatt i trimma tilstand, vil ligge i intervallet 0-3 timar.

 

3. Så vert der eit eige, toppmoderne anlegg for produksjon av kutterspon. Her vert det nytta kortreiste råvarer. Det er nemleg meir enn nok skog og ta av. I dette arbeidet vil Hole Maskiner AS kome stadig sterkare inn som samarbeidspartnar. Truleg er dei heilt utfasa som entreprenørar i 2025, men vil likevel ha fleire i arbeid enn i dag, med produksjon og sal av kutterspon

 

4. Så godbiten til slutt. Sidan velledalingane ikkje greier å føde nok ungar, har Velledalen Naturbarnehage meldt om ledig kapasitet. Fleire av personalet er i desse dagar i ferd med kursing, med tanke på at deler av barnehagen skal bli kjemisk laboratorium, for produksjon og testing av vaksiner. Siste tida har vist at det ligg enormt med pengar på feltet. Får vi det til kan det bli ei gullgruve både for Barnehagen og Maskinservice.. Ei prøvevaksine mot covid -19 og 20, vil venteleg vere klar for testing i midten av april. Mest truleg vil denne bli å få kjøpt – og også sett i ledige stunder - ved Holmbergs Gartneri. Tinging hos gartneriet ved personleg frammøte frå 15.april.

 

Bolstad fortel at planane i fyrste omgang vil generere kring 50 nye arbeidsplassar, og må sjåast som fyrste ledd i ein større manøver, der det overordna målet er: «Make Velledalen great again».

 



Publisert: Torsdag 1. April 2021 Kl. 09:46
Siste nyhende
80 år, og på toppen av bølgja!
I dag – 15.mai – fyller turmannen, Elling Ivar Hole (Hol-Elling), 80 år.
Les meir (15.05.2021)
Rapport frå o-treninga ved Berlihuset
Onsdag 12.mai arrangerte o-gruppa i Velledalen IL trening for store og små med base ved Berlihuset. Og treningsløp i ulike løyper.
Les meir (13.05.2021)
Unge menn drøftar vegvalet….
Orientering kan utøvast av dei som er godt oppe i åra, og av dei heilt unge.
Les meir (13.05.2021)
Hilmar frå Måløy best på halvmaraton i Sykkylven
Fem av åtte utøvarar representerte Velledalen IL
Les meir (08.05.2021)
Sterk Anette-triumf på Askøy
Anette Heimli Jokstad, Velledalen IL-friidrett, vart beste kvinne på distansen Træet-Herdla, under Askøy-På-Langs 2021, arrangert i dag.
Les meir (08.05.2021)
Nokon som kan hjelpe o-gruppa
ArkivfotoAktuelle for jobben er alle som har ledig tid komande onsdag på dagtid.
Les meir (08.05.2021)
Trimpostvandringa startar i dag, 8.mai
Sidan over 100 deltok i fjor, bør målet vere minst 150 år. Starten går i dag, 8.mai, på sjølvaste frigjeringsdagen. Hiv deg med!
Les meir (08.05.2021)
Gledeleg oppmøte på o-trening
Onsdag møtte 14 born til o-trening i regi av Velledalen IL o-gruppe til trening på Aure.
Les meir (06.05.2021)
Veteranane held koken i Riksheimdalen
Vi har hatt ein meldar på trimposten i Riksheimdalen 2.mai, om lag klokka 13.00.
Les meir (02.05.2021)
Sprang i hovudstaden 1.mai
Vi har fått melding om fem personar som dreiv «Konradløp-relatert» aktivitet i Oslo 1.mai.
Les meir (02.05.2021)
Kvifor har vi eit Konradløp i Velledalen…….?
Konrad Brunstad var godt over 70 år då han observerte fenomenet jogging. I sjølvaste Amerika. Som 86-åring tok han mot til seg og debuterte på halvmaraton i Ålesund.
Les meir (02.05.2021)
Gledeleg stor «Konrad-aktivitet» 1.mai
To år utan Konradløp 1.mai er at faktum. Men gledeleg mange gjorde som VIL sin friidrettsleiar oppmoda dei om.
Les meir (02.05.2021)
Jyls-tvillingane kort prosess med Svein sin rekord
ArkivfotoDet låg i korta at det ville skje, og 1.mai tok Sivert og Andreas Nakken for alvor steget ut av faren Svein sin skugge.
Les meir (01.05.2021)
Bjørn Arve frå Stranda er Konrad-ferdig
ArkivfotoBjørn Arve Brune ville nytte dagen til skitur, og gjorde difor unna sitt Konradløp tidleg.
Les meir (01.05.2021)
Konfirmantfar sprang Konradløypa klokka 05.00
ArkivfotoMeldingane har byrja tikke inn frå fjærn og nær over menneske som har gjort unna sitt private Konradløp 1.mai.
Les meir (01.05.2021)
3115 grasrotkroner i april
Velledalen IL takkar alle sine 106 grasrotspelarar for april-bidraget på 3115 kroner.
Les meir (01.05.2021)
Fødselsdag (31 år) og i knallform
ArkivfotoVegard Riksheim Tandstad markerte 31 års dagen sin 30.april med å feie gjennom Konradløypa på den glimrande tida 15.56.
Les meir (01.05.2021)
Trimpostvandring også i år
ArkivfotoEr du med på å samle trimpostarkodar og trimpoeng i år og? Fjorårets store suksess som samla over 100 deltakarar er tilbake frå laurdag 8. mai!
Les meir (30.04.2021)
Styret i Velledalen IL i baneopnings-året (1971)
Sjå kven som manøvrerte skuta det året Dalemyra grasbane vart opna.
Les meir (26.04.2021)
1.mai: Konradløpet melder pass!
Diverre ikkje Konradløp i Velledalen i 2021 heller. MiniKonrad vert truleg arrangert i slutten av mai.
Les meir (26.04.2021)
Kan du tenkje deg lære meir om orientering….?
Sjå invitasjon til treningssamling på Emblem laurdag 1.mai.
Les meir (25.04.2021)
I dag gir vi dei finaste orda til Asbjørg Hansine Lade
ArkivfotoHadde ingen verv, men la ned ein kjempeinnsats for Velledalen IL. I dag fyller ho 85 år.
Les meir (25.04.2021)
Velledalen IL åpnet o-sesongen 2021
Velledalen IL åpnet o-sesongen 2021 med en trening for barn på Sørstranda skule igår fredag 23.april.
Les meir (24.04.2021)
1.27.43 er bestetida til Inger Riksheim på halvmaraton
Året var 1987, løpet var Sykkylven Halvmaraton, og Inger representerte Sykkylven IL.
Les meir (24.04.2021)
Fødselsdagar i Osloavdelinga
Sjå kven av utøvarane våre som nyleg har hatt bursdag i Osloavdelinga!
Les meir (22.04.2021)
Halvmaraton i Ålesund: Gry raskast frå Sykkylven
Men andre helga i mai får ingen utøvarar frå Sykkylven delta.
Les meir (22.04.2021)
Skihopparen vår, Jonny, fyller 13 år
Det er lett å halde greie på skihopparane i Velledalen IL. Vi har nemleg berre èin gute-hoppar, Jonny Mauren.
Les meir (15.04.2021)
Høgreving frå VRF-glanstida fyller 74 år
Svein Åge Welle var i velmaktsdagane ein attraksjon på fotball-bana. I dag sender vi ut varsel om 75 års dagen hans 15.april 2022.
Les meir (15.04.2021)
Stranda Fjord Trail Race: 289 påmelde per 14.april
ArkivfotoArrangementsdato er sett til 7.august 2021, noko som kan gå bra om pandemien er greie med oss. Tre påmelde frå VIL.
Les meir (15.04.2021)
Opplæring av lærarar i bruk av skulegardskart
Fyrste kurset i Sykkylven startar i dag, på Sørestanda skule, melder o-leiar i Velledalen IL, Pernille Ibsen Lervåg.
Les meir (13.04.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no