Navigasjon
Navigasjon
Minnest du hesteskokastinga i Velledalen….?

Jomfrustemnet for hesteskokasting som konkurranseidrett i Velledalen IL fann stad 4.juni 1978. 30 deltakarar i fem ulike klassar står det i lags-soga. Historiske vinnarar vart:

Jenter under 16 år: Karete Hjorthol

Gutar under 16 år: Jan Kåre Brunstad

Kvinner 16-40 år: Heidi Petra Brunstad

Menn 16-40 år: Kai Roger Skylstad

Menn over 40 år: Ole L. Hole.

 

 

Året etter (1979), vart det arrangert ope Velledalsmeisterskap i single med 48 deltakarar i mai, og Bygdameisterskap i parkasting med 64 deltakarar i juni. Same år vart Øye-cupen i Norangsdalen arrangert for fyrste gong, i samarbeid med Oddveig og Leif Dahl som den gongen dreiv hotell Union på Øye.

 

For 40 år sidan, i 1980, arrangerte så Velledalen IL offisielt NM på Dalemyra stadion både i single og double. Deltakinga var stor, men heimehåpa sette alle på plass. I single vann Inger Marie Lie kvinneklassa og Jon Hole-Drabløs var best mellom herrane. I double vann Inger Marie Lie/Oddny Brunstad kvinneklassa, medan Per Hole Drabløs/Kåre Hole Drabløs feia all motstand til side mellom herrane.

 

Her er resultata frå eit bygdameisterskap i hesteskokasting frå denne tida. Vi tek med berre dei beste:

DOUBLE HERRAR:

1. Stein og Gustav Dalseth

2. Jon og Ove André Årdal

3. Egil Skåre og Jon Hole-Drabløs

4. Per H-D og Kåre Hole-Drabløs

5. Atle Hole og Kai Skylstad

5. Jon Brunstad og Kjell C. Brunstad

7. Kjell Nilsen og Magnus Ødegård

7. Johan Aurdal og Lars Aurdal

 

DOUBLE KVINNER:

1. Annlaug Grebstad og Inger Marie Lie

2. Laila Ødegård og Oddlaug Lundstad

3. Helga Brunstad og Ragnhild Brunstad

4. Solbjørg Hammer og Kristbjørg Dale Bolstad

5. Torhild Horsevik og Hildur Risnes

6. Olbjørg Hole-Drabløs og Karen Skåre.

 

Så gjekk det slag i slag, vi nemner:

1981: uoffisielt NM, single, arrangert i Velledalen

1982: Velledalscupen i hesteskokasting arrangert for fyrste gong – 212 deltakarar

1982: Oddgeir Bruaseth sin film om hesteskokasting – i hovudsak frå Stranda og Velledalen – kom.

1983: Velledalen IL fyrste klubb i landet som arrangerte uoffisielt NM i mixed double med fantastiske 168 deltakarar

1986: Norges Hesteskokastarforbund skipa. Frå dette året alle NM offiseielle. Ragnhild Brunstad sat i Forbundsstyret dei to fyrste åra. Kjell Arild Heggdal kom på delt 1.plass i Norgescupen samanlagt i 1986.

1990: Interessa hadde byrja dabbe i Velledalen, men laget arrangerte med bravur sitt einaste offisielle NM i single, med innlagt NorgesCup.

1993: Siste storstemnet vart arrangert i Velledalen, eit NorgesCup-stemne. Same år vart Kjell Arild Heggdal NM-vinnar i Hobøl.

1998: Ragnhild Brunstad gjorde eit flott comeback som kastar. To 1.plass i NorgesCup-stemne og 2.plass samanlagt i kvinneklassa.

 

I dag er diverre dei ivrigaste frå glanstida borte. Men alle som opplevde denne tida har minna lagra, vil vi tru. Og Velledalen IL gjorde gode pengar på hesteskokasting. Kring 50 000 kroner netto. Og det var mykje pengar på starten av 1980-talet.

 

Ein skal ikkje sjå vekk frå at Velledalen IL dreg i gang ei enkel markering. At det i 2020 er 40 år sidan det fyrste uoffisielle NM vart arrangert i Velledalen, og 30 år sidan det fyrste og siste offisielle, bør markerast. Hesteskokasting var nemleg stort i Velledalen. Særleg i åra 1980-1983.

Faktisk har ingen anna aktivitet samla så mange til fredeleg kappestrid i moderne tid. Men sjølvsagt; det var som med alt anna… for somme var det blodig alvor.



Publisert: L?rdag 21. November 2020 Kl. 16:15
Siste nyhende
Enorm framgang for Marius
Sensasjonell framgang på heile tre minutt på fem kilometer for Marius Kalland frå andre til tredje løp i vinterkarusellen i Ålesund.
Les meir (25.01.2021)
Slik ser vår siste trimpostvinnar ut
Jan Kåre Oterhals vart trimpostvinnar samanlagt for perioden oktober 2019 til oktober 2020, og vart naturleg nok heidra for prestasjonen.
Les meir (25.01.2021)
Anette med «Årets Prestasjon» på kvinnesida
Arkivfoto10 kilometeren under Perseløpet på Jessheim på 40.14 heldt til «Årets Prestasjon» for Anette Heimli Jokstad.
Les meir (22.01.2021)
May Evy «Årets Utøvar» på kvinnesida i 2020
Ho vart «henta» til Velledalen IL av Frode Mauren i mars 2019, og markerte seg positivt frå fyrste stund.
Les meir (21.01.2021)
«Årets Utøvar» herre: Ikkje uventa vart det Njål
ArkivfotoNjål Torillson Tyssing leverte ein knallsesong i 2020. Særleg i siste del av sesongen var Njål sterk og lett i kroppen.
Les meir (20.01.2021)
Sigbjørn Brunstad «Årets Bestefar»
Sigbjørn Brunstad såg forundra ut då Velledalen IL dukka opp i heimen hans med blomar og hue frå Langrennsportens Venner….
Les meir (19.01.2021)
Constantin Rust er «Årets Nykommar»
Den ferske VIL-medlemen har levert eksepsjonelt godt også gjennom eit konkurransefattig år
Les meir (18.01.2021)
«Gi-Jernet»-pris til Marianne Fløttum
VIL sin ferske KM-vinnar i o-sprint, Marianne Fløttum, fekk også pris. Les grunngjevinga!
Les meir (17.01.2021)
Janne Tomtum «Årets Trenar» i 2020
Du er velkomen som lesar av grunngjevinga bak kåringa av Janne Tomtum som «Årets Trenar» i Velledalen IL i 2020.
Les meir (17.01.2021)
Nykomarpris til Elias
O-gruppa sinn nykomarpris for 2020 gjekk til Elias Bjerkan. Les meir om han.
Les meir (17.01.2021)
God aktivitet i vanskeleg år for Velledalen IL
Idrettsgallaen som vart tillyst 16.januar måtte avlysast, men fortente prisar for idrettsåret 2020 vert likevel delt ut.
Les meir (17.01.2021)
Virtuell vinterkarusell i Ålesund
Fleire frå Velledalen IL-miljøet møtte til virtuelt karuselløp i Ålesund
Les meir (16.01.2021)
Intensjonane for hopp-sporten var gode
Hopp-sporten i Sykkylven døydde på det næraste ut då vi fekk skitrekk på Fjellsætra, men ei kontrakt underteikna i 1969 viser at intensjonane var gode.
Les meir (15.01.2021)
Opna for påmelding til Konradløpet
I skrivande stund veit vi ikkje korleis Konradløpet 2021 kan arrangerast. Men truleg kan det springast i ei eller anna form.
Les meir (11.01.2021)
«Dala-treff» på Råsjøen
Sjå foto! Vi er på Austlandet, men personane kunne like gjerne treft kvarandre på Fjellsætra
Les meir (10.01.2021)
Sig heile tida inn nye medlemar
Mange er tidleg ute med betaling av medlems-kontingent for 2021. Nye kjem til, og i dag seier vi velkomen til Marius Kalland.
Les meir (09.01.2021)
Sunnylvs-Kari-Anne beste kvinne i Nyttårsmaraton
Kari-Anne Tyrggestad Ryste frå Sunnylven IL vart beste kvinne på heilmaraton i Ålesund 30.desember. Linda Hovde (eks Stranda) tredje best.
Les meir (09.01.2021)
Holmenkollstafetten: Jubileum for rekordlaget
Bestetida for Velledalen IL i Holmenkollstafetten skriv seg frå 1981. Altså 40 år sidan. Sjå kven som sprang på dette laget.
Les meir (07.01.2021)
Langrenn-stafett med tre januar-born
Vi har fått tilbakemelding frå to av VIL sine gutestafett-løparar (12-15 år) etter omtalen vi hadde av KM-stafetten 1081.
Les meir (06.01.2021)
Bolla 80 år: Dei finaste orda skal du få!
Johan S. Grebstad – Æresmedlem i Velledalen IL og minst like godt kjend som Bolla – fyller 80 år onsdag 6.januar.
Les meir (06.01.2021)
Idrettsgallaen 16.januar er avlyst
Arkivfoto Velledalen IL har sendt ut fylgjande melding vedkomande laget sin Idrettsgalla som var tillyst 16.januar.
Les meir (06.01.2021)
Helsing til Linda, Harry & Birgit
Ekteparet Birgit & Harry Hovde var på plass under Nyttårsmaraton i Ålesund, som motivatorar for dottera Linda.
Les meir (04.01.2021)
40 års minne i høve Roger Malvin sin 55 års dag
Arkivfoto: Roger og Oskar HoleI dag har vi gleda av å gratulere Roger Malvin Hole med vel overstått 55 års dag den 3.januar 2021.
Les meir (04.01.2021)
Ny, sterk løpar innmeld i Velledalen IL
I dag ynskjer vi Bjørn Arve Brune frå Stranda velkomen inn i Velledalen IL sin indre sirkel som medlem.
Les meir (03.01.2021)
- E ha vårre der. AP Bøe melder overgang til VIL
I 2008 sa fastlegen til Alf Petter Bøe: - De må slanke dem! Det vart starten på 2. bølgja for nordmøringen frå Bøfjorden.
Les meir (02.01.2021)
God start for Straumsheim trimpost
Velledalen IL har hatt ein meldar på den nye trimposten på Straumsheim. Les om stoda.
Les meir (01.01.2021)
Rekord: 34 515 grasrotkroner til Velledalen IL i 2020
Solid ny rekord. Framgang på kring 27,5 prosent frå 2019.
Les meir (01.01.2021)
Takk for 3522 grasrotkroner i desember!
Velledalen IL gjekk inn i 2020 med 94 grasrotspelarar, og ut med 106
Les meir (01.01.2021)
Mauren, eit godt idrettsnamn i Velledalen IL
Velledalen IL går ut av 2020 med tre blad Mauren som aktive utøvarar i laget
Les meir (31.12.2020)
Velledalen IL fekk premie for flest deltakarar
Fekk måltid for ni personar til halv pris i premie
Les meir (31.12.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no