Navigasjon
Navigasjon
Rekordjakt i Hytteplanmila
Arkivfoto
Arkivfoto

Løparar frå Velledalen IL si Osloavdeling har i normalår vore representert i Hytteplanmila. I år var arrangementet litt forskjellig frå tidlegare med virtuelt løp som kunne takast mellom 1. og 17. oktober, samt eit reint eliteløp med landets fremste utøvarar, som var gjennomført 17. oktober.

 

Karoline Bjerkli Grøvdal (K23-34) imponerte stort då ho med tida 30:32 sletta Ingrid Kristiansen sin 10 km gateløprekord frå Boston i 1989. Det enda med 1. plass, løyperekord, norsk rekord og pris for årets utøvar til Karoline.

 

Topp 5:

1 Karoline Bjerkeli Grøvdal, Tjalve IK, K23-34, 0:30:32

2 Vienna Søyland Dahle, Skjalg IL, K23-34, 0:33:18

3 Kristine Eikrem Engeset, Tjalve IK, K23-34, 0:33:23

4 Hanne Mjøen Maridal, Ullensaker/Kisa IL Friidrett, K23-34, 0:33:49

5 Maria Wågan, Tjalve IK, K23-34, 0:33:50

 

Det vart ikkje løyperekord i herreklassa, men Zerei Kbrom Mezngi si tid på 28:20 er den neste beste tida som er gjort i løpet. Vi bit oss merke i unge Abdullahi Dahir Rabi i klasse M16-17 som kom i mål på tida 29:17 og ein sterk 7. plass, rett bak Filip Ingebrigtsen. Ultraløparen Kilian Jornet, busett i Måndalen, er ikkje ein typisk asfaltracer, men kom i mål på 18. plass med tida 29:59. Ei anna sterk notering finn vi av Ebrahim Abdulaziz (M40-44), som to gongar har delteke i Konradløpet, og to gongar sett løyperekord i Velledalen. Han er einaste løpar i klassene over 35 år på topp 20-lista i Hytteplanmila, i mål med 30:04 på klokka.

 

Topp 5:

1 Zerei Kbrom Mezngi Spirit Stavanger FIK M23-34 0:28:20

2 Narve Gilje Nordås Sandnes IL M20-22 0:28:28

3 Bjørnar Lillefosse Gular IL M23-34 0:28:45

4 Magnus Tuv Myhre Brandbu IF M20-22 0:28:52

5 Isaac G. Tesfamichael Leksvik IL M23-34 0:28:04.29

 

 



Publisert: S?ndag 18. Oktober 2020 Kl. 13:13
Siste nyhende
Lysa tende i lysløypa i Ladalen
ArkivfotoLeiar i VIL-langrenn, Svein Arne Nakken, melder at det no er ljos i lysløypa i Ladalen kvar kveld, så sant der er snø.
Les meir (23.11.2020)
Topp-10 trimpostar: Formel-1-utøvarane innan mosjon
Vi startar med plass nummer ti på lista. Den kneip ein 79-åring med spenstige 1764 poeng.
Les meir (23.11.2020)
Oslo-avdelinga med testløp
Bilete frå utfartsparkering ved Semsvann.  Oslo-avdelinga i Velledalen IL har meldt inn resultat frå ikkje mindre enn to testløp. Krevjande løp med mykje motbakkar.
Les meir (22.11.2020)
Minnest du hesteskokastinga i Velledalen….?
Eigentleg er det dobbelt-jubileum i 2020. 40 år sidan det fyrste uoffisielle NM i hesteskokasting vart arrangert på Dalemyra, og 30 år sidan det siste offisielle-NM.
Les meir (21.11.2020)
Nærmar seg premiering av trimpost-vinnarar
Beste VIL-medlem på kvar post vert premiert. I tillegg får samanlagt-vinnaren premie.
Les meir (20.11.2020)
Idrettsgalla 16.januar 2021
ArkivfotoIdrettsgalla der gode prestasjonar frå året 2020 vert prisa, vert arrangert på Orreneset 16. januar 2021 klokka 16.00
Les meir (20.11.2020)
Frode Hoprekstad med «fylgje» rundt Ramstaddalen
Ramstaddalsløpet vart avlyst i 2020, men i dag sprang Frode Hoprekstad med fylgje heile løypa motsett veg av det stafetten til Velledalen IL plar gjere.
Les meir (15.11.2020)
Vinterkarusellen: Kjempedeltaking – sterke VIL-resultat
bilete frå smp.noHeile 142 deltakarar melde seg på til opningsløpet i vinterkarusellen. «Sykkylvsløparane» tok fire klassesigrar.
Les meir (15.11.2020)
Tandstad er beste trim-krins i Velledalen IL
Basert på kvar dei ulike trimpost-vinnarane bur, kan vi slå fast at Tandstad er krinsen som har gjort det best.
Les meir (14.11.2020)
Vinterkarusellen i Ålesund startar i dag
ArkivfotoVelledalen IL har som vanleg med ein stor tropp.
Les meir (14.11.2020)
Bruna trimpost med fantastiske 4448 noteringar
Nær rekord også for Bruna trimpost med 4448 signaturar. Rekorden frå 2015 lyder på 4482. Fattige 34 turar mangla.
Les meir (12.11.2020)
Klar «sølvplass» til Brunstadsætra – Inger Anne flittigast
Solid år for Brunstadsætra trimpost, men både 2016 og 2017 var sterkare.
Les meir (11.11.2020)
Ramstaddalsløpet vert ikkje arrangert i 2020
Det har kome melding til VIL-Nett om at Ramstaddalsløpet likevel ikkje vert arrangert i 2020.
Les meir (08.11.2020)
Hurra for Oleanne – yngste trimpostvinnar nokon sinne
Oleanne Hole gjekk siste året 200 turar til trimposten i Holemarka, og vart såleis Velledalen IL sin yngste trimpost-vinnar gjennom tidene.
Les meir (08.11.2020)
Alf Petter 134 av Vellesætra sine 1641 noteringar
Vi kan slå fast: Godt år for Vellesætra trimpost! 1641 noteringar er høgaste talet som er registert siste ni åra.
Les meir (07.11.2020)
Høgt nivå på karane i Riksheimdalen
Trimposten i Riksheimdalen greidde 1604 noteringar siste året. Topp-duoen Ivar Flo og Bård Erstad heldt skyhøgt nivå med godt over 300 turar kvar.
Les meir (04.11.2020)
Knallsesong i skogsvegen Drabløs
Annlaug Lervåg vann posten som gjekk frå 668 noteringar i 2019 til 1474 i 2020. Meir enn ei dobling!
Les meir (02.11.2020)
Frå 485 til 1378 noteringar i skogsvegen Hjorthol
Ikkje sidan polske Robert R. vann denne posten har det vore ein meir sensasjonell vinnar enn i 2020.
Les meir (01.11.2020)
Takk for 3247 grasrot-kroner i oktober
Og årsrekorden på 27 834 kroner er alt passert – to månadar før året er omme.
Les meir (01.11.2020)
Skogsvegen Fet: Beste sesong sidan 2012
Vi er no komne til postane med over 1000 noteringar, og i skogsvegen Fet måtte Odd-Kåre tole nok eit tap med knapp margin til kona Grethe.
Les meir (30.10.2020)
Koppen: Kraftig framgang og Ingrid Brudevoll best
Koppen trimpost auka frå 461 noteringar i 2019 til 816 i år, og klatra frå 10.plass til 9.plass på lista over VIL-trimpostane.
Les meir (28.10.2020)
Elling Ivar (79) soleklar vinnar av Myrdalsfjellet trimpost
Myrdalsfjellet trimpost var åleine om å ha svakare resultat i 2020 enn i 2019.
Les meir (26.10.2020)
Geir Helge trimpostvinnar i Regndalen
Geir Helge Grebstad stod for 61 av 473 noteringar ved trimposten i Regndalen siste året
Les meir (25.10.2020)
Njål sterk i Nordmarka skogsmaraton
ArkivfotoNjål Torillson Tyssing vart i dag nummer fire i klasse 35-39 år på halvmaraton med tida 1.22.36 i Nordmarka.
Les meir (24.10.2020)
Fyrst Holetindane, så tok han Brunstadkølen
Året 2020 var året der Jan Kåre Oterhals var på velledalstokt. Som vinnar av trimpostane både på Holetindane og på Brunstadkølen.
Les meir (24.10.2020)
Sensasjonsmann på Holetindane
Vinnaren av Holetindane trimpost siste året heiter Jan Kåre Oterhals. Han samla heile 900 poeng på denne posten med sine 30 turar.
Les meir (22.10.2020)
Helen Longva Fet vann Høgsætra trimpost
Trimposten med færrast signeringar siste året, Høgsætra Fet, vart vunnen av Helen Longva Fet.
Les meir (21.10.2020)
Ny trimbok-rekord: Fantastiske 19 096 noteringar
Velledalen IL sine 14 trimbøker samla siste året (frå oktober 2019 til oktober 2020) 19 096 noteringar. Den førre rekorden lydde på 17 956 sett i 2014.
Les meir (20.10.2020)
God start for trimposten på Straumsheim
Den nye trimposten i skogsvegen på Straumsheim har fått god mottaking.
Les meir (18.10.2020)
Resultatliste H 35-39 frå Perseløpet sin 10 km
Her kan du lese namna på karane Njål Torillson Tyssing viste ryggen under Perseløpet sin 10 km på Jessheim i går.
Les meir (18.10.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no