Navigasjon
Navigasjon
Atle Grodås til minne

Atle Grodås er truleg mest kjend i Sykkylven som buss-sjåfør. Men han var og ein ihuga idrettsven og flott representant for Sykkylven IL. 30.september gjekk han bort i ein alder av 86 år, og det kan vere naturleg å dele eit par gode minne frå Atle Grodås sine velmaksdagar.

 

Begge minna skriv seg tilbake til 1980-talet. Det dreier seg om eitt vårminne (Holmenkollstafetten) og eitt vinterminne (Fjellsæterrunden).

 

Vinterminne etter Atle Grodås:

Fjellsæterrunden på 1980-talet var ingen spøk. Den tida med Bård Erstad som løypesjef og ei samanhengande løype på kring 30 kilometer som både gjekk langt ned i Fasteindalen, og langt opp i Røvsdalen. Og der «Fløt-Oddvar» hadde sin faste plass for utdeling av vørterøl til slitne, utvalgde sykkylvingar. På det meste 400-500 deltakarar, trimklassa medrekna.

     Eitt av desse åra kom eg i skade for å knekke ei ski i ei dump langt inne i «Fausamarkane». Heilt av var den ikkje, den hang og slang i «skinnet». Vêret var ikkje det beste, så det var langt mellom folka langs løypa. Tanken var at eg fekk gå til eg var i nærleiken av veg, og eventuelt bryte då.

     Men brått stod der ein kar langs løypa. Ein kjend kar. Ein kar med same skitype (den gongen Rossignol) og same bindingssystem som med sjølv. Mest som høgare makter skulle ha sendt han. Det var Atle Grodås, og han sa:

-           Her, ta skia mi.

Slik fekk eg ny ski i ein fei, og fullførde rennet på ein akseptabel måte, takka vere Atle Grodås.

 

Vårminne etter Atle Grodås:

I åra 1980-1984 deltok Velledalen IL i Holmenkollstafetten fem gonger. Nokre av desse med to lag, både herre- og damelag. Som regel vart stafetten arrangert andre helga i mai, ei travel tid på ymse vis, og ofte fekk ikkje lagleiar Terje Aurdal full oversikt over kven som vart med før dagen før avreise.

       Dette aktuelle året skulle Atle Grodås vere buss-sjåfør på turen til Oslo. Han hadde fått beskjed av Terje om å ta med joggesko, då det kunne bli knapt med mannskap. Det må og seiast at Osloavdelinga til Velledalen IL var mindre vital på 1980-talet enn i 2020, så der var ikkje all verda å hente på den fronten heller.

      Då bussen vår nådde hovudstaden var det klart at herrelaget hadde med 13 løparar til 15 etappar. Dette vart ordna slik:

Nils Terje Skylstad – rangert som Velledalen IL sin sprekaste løpar dette året – tok to etappar. Ein tidleg i stafetten og ein seint. I tillegg sprang buss-sjåfør Atle Grodås ein av dei kortaste etappane. Slik berga vi stafetten på ein verdig måte.

 

Ein mann av gode gjerningar har gått bort. Velledalen IL lyser fred over minnet.

 

Atle Hole



Publisert: S?ndag 11. Oktober 2020 Kl. 22:32
Siste nyhende
Sensasjonsmann på Holetindane
Vinnaren av Holetindane trimpost siste året heiter Jan Kåre Oterhals. Han samla heile 900 poeng på denne posten med sine 30 turar.
Les meir (22.10.2020)
Helen Longva Fet vann Høgsætra trimpost
Trimposten med færrast signeringar siste året, Høgsætra Fet, vart vunnen av Helen Longva Fet.
Les meir (21.10.2020)
Ny trimbok-rekord: Fantastiske 19 096 noteringar
Velledalen IL sine 14 trimbøker samla siste året (frå oktober 2019 til oktober 2020) 19 096 noteringar. Den førre rekorden lydde på 17 956 sett i 2014.
Les meir (20.10.2020)
Rekordjakt i Hytteplanmila
ArkivfotoIngen frå VIL i den virtuelle utgåva av Hytteplanmila 2020, men i eliteklassa var der fleire kjende namn, også ein frå Konradløpet.
Les meir (18.10.2020)
God start for trimposten på Straumsheim
Den nye trimposten i skogsvegen på Straumsheim har fått god mottaking.
Les meir (18.10.2020)
Resultatliste H 35-39 frå Perseløpet sin 10 km
Her kan du lese namna på karane Njål Torillson Tyssing viste ryggen under Perseløpet sin 10 km på Jessheim i går.
Les meir (18.10.2020)
Brunstad-ekspressen tilbake i manesjen
ArkivfotoI dag spring Sverre Gunnar Brunstad heilmaraton i Perseløpet på Jessheim.
Les meir (18.10.2020)
Kart-gåve frå Lions club Sykkylven
ArkivfotoO-gruppa i Velledalen IL har fått gilde kroner i støtte til prosjektet o-kart Sessvatnet.
Les meir (18.10.2020)
May Evy klassevinnar i Snipsøyrvatnet Rundt
ArkivfotoMay Evy Nesheim var einaste deltakar frå Velledalen IL då tradisjonsrike Snipsøyrvatnet Rundt vart arrangert på Hareid i dag.
Les meir (17.10.2020)
Jan og Jonny vann i blåsten
Hopparane våre, Jan Ringseth og Jonny Mauren, har vore i aksjon under eit krinsrenn i Vikabakken i dag. Begge vart klassevinnarar.
Les meir (17.10.2020)
Hipp hurra for Njål: Klassevinnar i Perseløpet
ArkivfotoDet er ikkje ofte det står Velledalen IL bak namnet til ein klassevinnar i store løp i hovudstaden. Det gjorde det i dag.
Les meir (17.10.2020)
Anette i superform utan hinder
Knall-løp av Anette Heimli Jokstad under Perseløpet i Oslo i dag. Nummer ti av alle kvinner på sterke 40.14.
Les meir (17.10.2020)
Ramstaddalsløpet utsett grunna ringe vêrmeldingar
Det er ikkje avlyst, men utsett, melder arrangørane.
Les meir (17.10.2020)
Intervalltrening - 6 x 1200 meter
Kvar tysdagskveld klokka 19.30 har friidrettsgruppa til VIL fellestrening på Ikornnes Idrettspark.
Les meir (14.10.2020)
Klubbmeteorologen vår sitt varsel ut året
Les klubbmeteorolog Per-Gunnar Holmberg sitt vêrvarsel for perioden 15.oktober til 31.januar
Les meir (13.10.2020)
Ramstaddalsløpet sundag 18. oktober
ArkivfotoLøpet er omtrent umogeleg å gjennomføre åleine, men i fellesskap er det lett som berre det.
Les meir (13.10.2020)
Datoar for vinterkarusellen i Ålesund
ArkivfotoFor komande sesong har Bedriftsidrett Midt-Norge teke over ansvaret for avviklinga av Vinterkarusellen i Ålesund, der fyrste løp går 14.november.
Les meir (11.10.2020)
Ny trimpost på Straumsheim på plass
Kristin Klokk Stølen fekk æra av å gjere jomfru-signaturen på posten
Les meir (07.10.2020)
Kan bli lagt inn eit bod på Fridtjof
Fridtjof Fredriksen i knallform kan vere på veg til Velledalen IL
Les meir (04.10.2020)
Frode Hoprekstad leverte solid i Gloppen
Frode Hoprekstad hadde vona å sjå 1.35-talet i Gloppen, men det vart 1.36.39.
Les meir (04.10.2020)
Du går aldri åleine i Velledalen IL
Driv ein idrett, er det ikkje alltid alt går etter planen.
Les meir (04.10.2020)
Gyls-gutane hadde kvinne som fartshaldar
Verdseliten må ha fartshaldarar for å greie måla sine. Det hadde også Gyls-gutane i Gloppen laurdag.
Les meir (04.10.2020)
«Langing» i verdsklasse
Velledalen IL vert lagt merke til på den lokale løps-arenaen.
Les meir (04.10.2020)
Alnes er målmanns-namnet i VRF
I høve sundagen kan du nyte dette fotoet teke under ei samkome i ei løe på Eidem i 2019.
Les meir (04.10.2020)
Nye bestetider på halvmaraton i Gloppen
Frode Mauren (1.25.11) og Andreas Mosby Nakken (1.37.54) sette nye personlege rekordar under Gloppen halvmaraton i dag.
Les meir (03.10.2020)
Hopp-Jonny flyg stadig lenger!
Har i løpet av nokre få veker flytta den personlege rekorden med meir enn ti meter. Denne veka landa han på 32,5 meter i Telenor-karusellen.
Les meir (02.10.2020)
3209 grasrotkroner i september
Velledalen IL styrer i 2020 mot sikker ny lags-rekord i talet grasrotkroner på eitt år. Den gamle frå 2018 vert etter alle solemerke sletta i slutten av oktober.
Les meir (01.10.2020)
Ny sesong ved Myrdalsfjellet trimpost
Dei andre postane vil kome etter dei fyrste dagane av oktober.
Les meir (01.10.2020)
Fine o-prestasjonar mellom dei vaksne
Vi har tidlegare meldt om fine prestasjonar mellom våre yngste, men også dei eldre innfridde med topp-3 plasseringar for begge kjønn.
Les meir (29.09.2020)
Verdsmeisteren og VIL sine håpefulle
Verdsmeister i o-løp mange gonger, Olav Lundanes, sprang i dag o-løp på heimleg grunn og let seg fotografere saman med Velledalen IL sine håpefull.
Les meir (27.09.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no