Navigasjon
Navigasjon
Over vørterøla: Sula-mann i Velledalen IL

Ola Åge Nesheim er tvillingbroren til May Evy. Han voks opp på «herlege Sula», som han sjølv uttrykkjer det. I 1999 flytta han til Oslo, og har vore der sidan, minus kring fire år i København. Salsjobben i Simens fører i periodar med seg mykje reising.

    Fritida til Ola Åge går med til trening, dottera Tiril (18) og styrearbeid i sameiget han bur i. Der sit han som styreleiar. Elles har han så smått byrja spele frisbee-golf, eller kasteplate som det heiter på godt norsk. Dette er sulalendingane sin nasjonalsport, med fleire utøvarar i nasjonal toppklasse.

   Ola Åge syslar med tankar om å flytte heim til Sula. Han saknar tare, tindar, familie og meir fred og ro mellom likesinna.

 

Æra for at Ola Åge kom med i Velledalen IL, må vi overføre til andre. Truleg mest til May Evy og Frode Mauren. På den korte tida han har hatt mellom oss, har han vist seg som ein solid løpar. Han imponerte mellom anna under Stranda Fjord Trail Race i 2019, eit tøft løp på 25 km, der ein måtte meistre ulike terreng-typar. Han kosa seg under VIL sin Idrettsgalla i ungdomshuset Vårvon då han var der, og vi kan trygt slå fast at han er ein triveleg kar vi meir enn gjerne vil ha samkven med om han skulle flytte heim att til Sula.

 

Og vert han buande i Oslo, kan vi varmt reklamere for Osloavdelinga vår. Dei har plass til fleire.

Ola Åge

 

Likar du vørterøl?

Ja, det må eg seie eg gjer. Men kan vel ikkje seie at eg drikk det kvar dag. Blir meir når eg skal nyte noko, at ei sånn lita brun ei blir «jekka». Favorittdrikke må vere Cola. Kan ikkje ha ei veke utan bra påfyll av den sorten. Tek gjerne ei Guinness eller to når eg er ekstra tørst.

 

Kva er favorittretten din?

Det må nesten vere potetball, eller raspeball som nokon vel å kalle det.

Sjølve ballen er ingen «höydare», men med alt tilbehør så blir det reine festmiddagen!

Siste åra så har lutefisk òg krype godt oppover topp-10 lista.

Sidan eg slutta å ete sjokolade og potetgull for over ti år sida så er det smågodt som gjeld. Og nachochips til taco’en. Resten må eg ligge unna. Klara ikkje å stoppe viss eg først kjem i gong.

 

Fortel kort om idrettskarriera di.

Ikkje mykje å slå i bordet med her. Kan vel nevne nokon år med fotball for først Solevåg IL, deretter MSIL som det blei kalt etter ei viss samanslåing, der eg spelte stoppar. Trur no eg gjorde ein grei figur der. Lang og hengslete. Sikkert ei pest og plage med beina for mang ein spiss. Elles fint lite organisert idrett. Spelte ei lengre periode mykje basket og squash, men meir på (seriøs) hobbyplan. Det er først dei seinare år lysta til å drive fysisk fostring har kome for alvor, då løping både flatt og motbakke og ein del sykling. Bur i Oslo så veldig mykje sykling i Nordmarka spesielt.

 

Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?

Vart vel medlem i 2018 trur eg. Det var mi tvillingsøster May som meinte det kunne vere smart. Og ein skal alltid lytte til ei tvillingsøster . Eg har alltid hatt lyst å vere del av eit idrettslag, men aldri heilt funne det rette. Sidan både May og løpsfantomet hr. Mauren var medlemmar, og skraut uhemma av miljøet, så tenkte eg det her kunne ikkje bli feil - og eg må seie VIL er ein knakandes fin klubb med steike fine folk.

 

Når var du sist på ein VIL-trimpost?

Har vel aldri vore på ein. Eller...? Kanskje saman med May. Usikker. Har VIL trimpostar i Oslo området? Kanskje eg og Anders (Wigdahl) burde starte opp noko i Oslo/Marka ?

 

Sportsleg mål for det neste året?

Sportsleg så var det både Viking Challenge (Gaustatoppen Opp, 12km), Nibbeløpet, SFTR 48 km, Lillomarka Rundt 50km, Romeriksåsen på langs (50km) og Helterittet (100km).

Siste er sykkelritt i Rjukan. Prøvd ein gong før. Steike artig. Pga. Corona er det meste gått ad skogen, men kan hende eg tek Birken løpet. Sykla Briken 3x, men aldri løpt. (Også avlyst journ. anm.) Evt. Ecotrail 50km. Lyst å gjennomføre 80km, men eit slit med dei siste 20km på asfalt! I desse Corona tidene så må det andre målet vere ganske enkelt: halde seg frisk og rask, og helst behalde jobben.

 

Favorittmusikk?

Altetande så lenge eg slepp jazz. Det blir berre for sært for meg. Du finn meg mao. aldri framst i køa når billettane til Molde Jazz blir lagt ut. Feil musikk. Feil by. Høyrer sjeldan på musikk når eg trenar, kun evt. på styrkerommet. Blir mest musikk på jobben når kollegaene blir engasjerte og døveklokkene (headset) må på. Eg hiv gjerne på litt «piggtråd» musikk (metall og hardrock) framfor listepop jalla. Viss eg absolutt må velje.

 

Kva likar du å sjå på fjernsyn?

Ser vel ikkje så mykje fjernsyn. Der er ikkje tid til overs når ein skal både jobbe og vere aktiv i VIL-trøya. Skal no ein glane litt på flimmerkassa så må det helst bli vaksen som born; seriar. Friends går aldri av moten. Akkurat no er Jordan sin dokumentar på Netflix eit «møst». Gir nesten tårar i augekroken av å huske tilbake til Bulls si storhetstid 91-98. Eg såg no ein del av dei kampane. Og skulle nokon trenge eit tips til ein knakande god serie så anbefalast Ozark på Netflix, og få no for guds skyld med Papirhuset i same slengen. Siste på spansk. Skjønna ikkje eit kløyva ord, men språket er berre heilt fantastisk å høyre på saman med eit fantastisk manus!

 

Kor likar du best å feriere?

Norge må vere favoritten for ferie. Derfor nesten litt flaut å måtte seie at det er mange år sia eg ferierte i Norge. Eg var vel til Nordkapp i nitten-pil-og-bue sist gong det var ein lengre Norges ferie. Likar å besøke litt sånn mindre turistfeller skal ein utanlands. Ikkje noko er betre å sjå enn hest og kjerre i eine fila på motorvegen utanfor Tirana, eller ein Lada som brukar stein som handbrekk når parkert i ein oppoverbakke i Tiblisi. Blir derfor dessverre mykje hotell og lite teltkos på turane. Heldigvis prioriterar eg tre-fire veker heime på Sunnmøre kvart år - sommar, jul, påske og vinter/haustferie. Viktig å få rein luft ned i lungane, og kome heim til frisk tare og god utsikt frå tindane. Får ingen av dei delane i Tigerstaden.

 

Har du eit treningstips å dele med lesarane?

Kan eg aldri tenke meg... Skal eg likevel seie noko som passar meg bra så er det variert trening. Unngår mykje lettare (belastning)skadar og gir meir motivasjon. I vertfall for meg som blir hinsides fort lei av repeterande øvelsar og aktivitet. Så har eg funnet ut eg òg (som alle andre som runda 40+) at lang nok restitusjon er like viktig som å banke på i neste økt.

Sikkert ein grunn til at Petter Northug stort sett levde eit dønn kjedeleg liv med ete, drite, spele Nintendo og sòve 13-14t per dag i dei lengste treningsperiodene. Trur han hadde skjønt kva som lønte seg. Kvile seg i toppform!

 



Publisert: Måndag 7. September 2020 Kl. 07:15
Siste nyhende
Etterord frå eit rekordmaraton
Les Njål Torillson Tyssing sine eigne ord om Perseløpet. Eit maraton som smaka godt, men kosta mykje
Les meir (15.09.2020)
AP Bøe vann Lina Roindt i Rindal
Eg fekk ut det eg var god for i dag, seier han i ein stutt kommentar til VIL-Nett etter løpet.
Les meir (15.09.2020)
Ny trimpost i Straumgjerde
Hovudstyret i Velledalen IL har bestemt at trimpost-tilbodet i Straumgjerde vil bli utvida frå oktober 2020.
Les meir (15.09.2020)
Mot tronskifte på Bruna trimpost
Småskogen legg seg når Jan Kåre Oterhals fossar fram. Nærmar seg 600 turar.
Les meir (15.09.2020)
O-foto frå Romsdals Budstikke

Avisa Romsdals Budstikke hadde få...

Les meir (14.09.2020)
Resultat frå motbakkeløpet Melshornet Opp
Arrangert sundag 13.september i Hareid kommune på Sunnmøre
Les meir (14.09.2020)
Fin figur av Frode og May Evy opp Melshornet
Frode Mauren og May Evy Nesheim, begge i klasse 45-49 år, leverte gode prestasjonar under Melshornet Opp med start i Hjørungavåg i dag.
Les meir (13.09.2020)
Nye KM-titlar i sprint
I dag kan vi gratulerer Marianne Fløttum og Pernille Ibsen Lervåg med KM-titlar i o-sprint i Molde by.
Les meir (13.09.2020)
Njål sprang maraton på 2.40.18
ArkivfotoNjål Torillson Tyssing var einaste VIL-utøver i Perseløpet i dag. Og han gjorde nettopp det; persa og sette ny klubbrekord på heilmaraton.
Les meir (13.09.2020)
Torvikbukt 6 topper: Robert sjette beste veteran
ArkivfotoRobert Sogge gjorde ein fin figur i veteranklassa under «Torvikbukt 6 topper» laurdag 12.september.
Les meir (12.09.2020)
O-foto frå Molde
Der alle VIL-gutane sprang C-løypa utan skugge
Les meir (12.09.2020)
Melshornet Opp: May Evy mellom dei påmelde
Sundag 13.september arrangerer Hjørungavåg IL motbakkeløp til toppen av Melshornet (668 m.o.h)
Les meir (12.09.2020)
Pernille KM-vinnar i langdistanse-orientering
ArkivfotoPernille Ibsen Lervåg tok sin tredje KM-tittel i orientering for Velledalen IL, då ho i dag vann langdistanse i Molde.
Les meir (12.09.2020)
VIL i aksjon på fleire frontar i helga
Frå Rindal i nord til Oslo i sør. Flest deltek i o-løp i Molde.
Les meir (12.09.2020)
Asbjørn i VIL-langrenn fyller 70 år 9. september
VIL-Nett gratulerer ein trufast slitar i sykkylvsidretten, Asbjørn Tandstad med 70 års dagen 9.september.
Les meir (09.09.2020)
Dobbelsiger til Gyls-tvillingane i Blodslitet
Sivert og Andreas Mosby Nakken tok dei to fyrste plassane i klasse 16-17 år under «Blodslitet» i Ålesund onsdag 9. september.
Les meir (09.09.2020)
Fin VIL-tropp til o-KM i Molde
Fotoet viser Elias Bjerkan (t.v) og Johan Fauske. Siste tida har o-gruppa fått fleire nye innmeldingar. Ein av dei er Elias. I Molde stiller både Elias og Johan i VIL-trøye i klasse H 11-12 N (foto Øyvind Bjerkan).Onsdag klokka 16.00 hadde 32 løparar meldt seg på. Ni av desse frå Velledalen IL.
Les meir (09.09.2020)
Njål spring maraton i Perseløpet 13.september
Kva kan Njål Torillson Tyssing greie når han stiller på maraton 13.september? Han har tre gode «oppvarmingsløp» bak seg.
Les meir (08.09.2020)
Det vesle ekstra (2)
Vi tek deg med til o-løp på Ikornnes Idrettspark og enno eit målgangs-foto.
Les meir (07.09.2020)
Det vesle ekstra (1)
Vi tek deg med på o-løp til Ikornnes Idrettspark og foto av Audhild Bakken Rognstad i kneståande.
Les meir (07.09.2020)
Takkehelsing etter kjekk orienteringshelg.
Da var vi i mål med en fole kjekk orienteringshelg på Fjellsætra/Ikornnes og vi vil gjerne si takk til alle som har hjulpet til!
Les meir (07.09.2020)
O-løpet Haustsprinten samla 67 deltakarar
Som venta dominerte Emblem IL både i topp og breidde, men Velledalen IL sine løparar beit godt frå seg.
Les meir (06.09.2020)
O-samlinga godt i gang med over 40 deltakarar
To treningar og sosialt fellesskap står på programmet laurdag 5.september. O-løp på Ikornnes 6.september.
Les meir (05.09.2020)
Virtuelt halvmaraton frå Gylsgutane
Berre eit par veker att no. Bli med og støtt Sivert og Andreas som gler seg til løp på heimebane. Les meir om opplegget!
Les meir (05.09.2020)
43 påmelde til Haustsprinten i orientering
Med Ikornnes Idrettspark som utgangspunkt arrangerer o-gruppa i Velledalen IL Haustsprinten sundag 6. september.
Les meir (04.09.2020)
Tett i toppen i skogsvegen Hjorthol
Trimposten i skogsvegen Hjorthol går mot sin beste sesong nokon sinne.
Les meir (04.09.2020)
Ann-Helen i o-gruppa fyller 30 år.
I dag, 4.september, gratulerer vi Ann-Helen Hole i Velledalen IL si o-gruppe med 30 års dagen.
Les meir (04.09.2020)
Info om O-samling
Bruk linken nedenfor.
Les meir (04.09.2020)
Sterke 3385 grasrotkroner i august
Stor takk til Velledalen IL sine 105 spelarar for støtta i august.
Les meir (01.09.2020)
Påmeldinga til Haustsprinten skyt fart
ArkivfotoSiste døgnet har det kome 18 nye påmeldingar til o-løpet Haustsprinten på Ikornnes.
Les meir (01.09.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no