Navigasjon
Navigasjon
Camp Velledalen 2020: Varierande vêr og frammøte

Dei to opp-startarane av Camp Velledalen, Anders Wigdahl og Ellen Marie Hole, var med på alt under den andre utgåva – eit lågterskel aktivitetstilbod for folk i alle aldrar. Såleis burde dei ha det beste utgangspunkt for ei oppsummering av Camp Velledalen 2020.

 

Begge er samde om fylgjande:

-           Det har vore både oppturar og nedturar. På same måten som med vêret, som har vore svært varierande.

 

Ta det positive fyrst då:

-           Ja, då kan vi starte med siste post, lagkonkurransen i straffespark med god deltaking i forferdeleg vêr. I same kategori kjem turen til Sætretindane med Henning Tandstad som turleiar, Quizen på Fjøla, sirkeltreninga med Bjørg Frøystad Hole og naturstien med Ann-Helen Hole som primus motor.

 

Har vi noko vi kan kalle «midt på treet-arrangement»

-           Ja, der kan vi nemne dei typisk sportslege arrangementa som 3000 meter test på Ikornnes, Strandafjellet Opp med start på Lade og intervall-trening i Vellesætervegen. Ganske tøffe fysiske prøver som samla kring 30 personar til saman. Ikkje stort betre å vente i ferietida.

 

Dei største vonbrota:

-           Tur er vêravhengig. Det visste vi frå før, og fekk det stadfesta igjen. Men det er svakt når berre ein person utanom arrangørane går til Regndalen i bra vêr. Meir forståeleg at berre turleiarane (Ove og Henning) gjekk til Urfjellet i heller dårleg vêr. Vidare var det tillyst orientering med base på Myrdalsstølen. Det var dårleg vêr på dagtid, men opphaldsvêr heile tida o-løpet var tillyst. Vi var dei einaste to som møtte. Trist for representantar for o-gruppa som hadde brukt mykje tid på kartførebuingar, utsetting av tre løyper, inkludert Råtassløype for dei minste borna. Så venta dei i to timar på at folk skulle kome, noko dei ikkje gjorde, før dei kunne rydde saman «heile stasen». Truleg etter minst ti timar tidsbruk totalt.

-           Vi kan heller ikkje la vere å nemne at vi stiller oss svært undrande til kvifor  velledalingane og straumgjerdingane så å seie var totalt fråverande under Emma Holmberg sitt glitrande opningsføredrag på Fjøla. Her gjekk dei verkeleg glipp av å høyre ei ung kvinne

-            langt på utsida av vanleg A4-standard. Oslofolk som høyrde henne var over-begeistra.

 

Ellen Marie Hole og Anders Wigdahl lovar ingenting med tanke på neste år. Frå basen sin på Røa i Oslo vil dei bruke dei næraste dagane til å evaluere opplevingane frå Camp Velledalen 2020.



Publisert: S?ndag 9. August 2020 Kl. 14:17
Siste nyhende
Fine o-prestasjonar mellom dei vaksne
Vi har tidlegare meldt om fine prestasjonar mellom våre yngste, men også dei eldre innfridde med topp-3 plasseringar for begge kjønn.
Les meir (29.09.2020)
Verdsmeisteren og VIL sine håpefulle
Verdsmeister i o-løp mange gonger, Olav Lundanes, sprang i dag o-løp på heimleg grunn og let seg fotografere saman med Velledalen IL sine håpefull.
Les meir (27.09.2020)
30 frå Velledalen IL til o-løp på Emblem
Sjekk kven som stiller og kva klasse dei deltek i.
Les meir (26.09.2020)
Snart bokbyte og ny sesong på trimpostane
Om nokon kan hjelpe til med bokbytet på dei ulikepostane er det kjærkome. Meld i så fall frå til Nils Skylstad eller Henning Tandstad.
Les meir (25.09.2020)
Orientering: Spissar forma mot Fjellgeita
Siste o-løpet i området vårt går på Emblem sundag 27.september. Difor spissar VIL-utøvarane forma med ei siste trening dagen før. Frammøte Svartevatnet.
Les meir (25.09.2020)
Sondre Brunstad Fet møter Milan på San Siro
Sondre Brunstad Fet vs Zlatan Ibrahimovic er «avlyst», då svensken er koronasmitta.
Les meir (24.09.2020)
Fin VIL-tropp deltek i «Fjellgeita»
ArkivfotoFem dagar før o-løpet «Fjellgeita» vert arrangert av Emblem IL, hadde løpet 74 påmelde
Les meir (22.09.2020)
May Evy sterk i «Nesaksla Opp»
ArkivfotoMotbakkeløpet «Nesaksla Opp» var arrangert på Åndalsnes laurdag 19.september. May Evy Nesheim representerte Velledalen IL.
Les meir (21.09.2020)
Enorm hopp-framgang for Jonny
Flytta den personlege rekorden sin frå 22 til 30 meter under hoppsamling i Knyken ved Orkdal.
Les meir (20.09.2020)
Halvmarton på heimleg grunn
Familien Nakken med hjelparar arrangerte i dag halvmaraton i Sykkylven med 8 deltakarar.
Les meir (19.09.2020)
Etterord frå eit rekordmaraton
Les Njål Torillson Tyssing sine eigne ord om Perseløpet. Eit maraton som smaka godt, men kosta mykje
Les meir (15.09.2020)
AP Bøe vann Lina Roindt i Rindal
Eg fekk ut det eg var god for i dag, seier han i ein stutt kommentar til VIL-Nett etter løpet.
Les meir (15.09.2020)
Ny trimpost i Straumgjerde
Hovudstyret i Velledalen IL har bestemt at trimpost-tilbodet i Straumgjerde vil bli utvida frå oktober 2020.
Les meir (15.09.2020)
Mot tronskifte på Bruna trimpost
Småskogen legg seg når Jan Kåre Oterhals fossar fram. Nærmar seg 600 turar.
Les meir (15.09.2020)
O-foto frå Romsdals Budstikke

Avisa Romsdals Budstikke hadde få...

Les meir (14.09.2020)
Resultat frå motbakkeløpet Melshornet Opp
Arrangert sundag 13.september i Hareid kommune på Sunnmøre
Les meir (14.09.2020)
Fin figur av Frode og May Evy opp Melshornet
Frode Mauren og May Evy Nesheim, begge i klasse 45-49 år, leverte gode prestasjonar under Melshornet Opp med start i Hjørungavåg i dag.
Les meir (13.09.2020)
Nye KM-titlar i sprint
I dag kan vi gratulerer Marianne Fløttum og Pernille Ibsen Lervåg med KM-titlar i o-sprint i Molde by.
Les meir (13.09.2020)
Njål sprang maraton på 2.40.18
ArkivfotoNjål Torillson Tyssing var einaste VIL-utøver i Perseløpet i dag. Og han gjorde nettopp det; persa og sette ny klubbrekord på heilmaraton.
Les meir (13.09.2020)
Torvikbukt 6 topper: Robert sjette beste veteran
ArkivfotoRobert Sogge gjorde ein fin figur i veteranklassa under «Torvikbukt 6 topper» laurdag 12.september.
Les meir (12.09.2020)
O-foto frå Molde
Der alle VIL-gutane sprang C-løypa utan skugge
Les meir (12.09.2020)
Melshornet Opp: May Evy mellom dei påmelde
Sundag 13.september arrangerer Hjørungavåg IL motbakkeløp til toppen av Melshornet (668 m.o.h)
Les meir (12.09.2020)
Pernille KM-vinnar i langdistanse-orientering
ArkivfotoPernille Ibsen Lervåg tok sin tredje KM-tittel i orientering for Velledalen IL, då ho i dag vann langdistanse i Molde.
Les meir (12.09.2020)
VIL i aksjon på fleire frontar i helga
Frå Rindal i nord til Oslo i sør. Flest deltek i o-løp i Molde.
Les meir (12.09.2020)
Asbjørn i VIL-langrenn fyller 70 år 9. september
VIL-Nett gratulerer ein trufast slitar i sykkylvsidretten, Asbjørn Tandstad med 70 års dagen 9.september.
Les meir (09.09.2020)
Dobbelsiger til Gyls-tvillingane i Blodslitet
Sivert og Andreas Mosby Nakken tok dei to fyrste plassane i klasse 16-17 år under «Blodslitet» i Ålesund onsdag 9. september.
Les meir (09.09.2020)
Fin VIL-tropp til o-KM i Molde
Fotoet viser Elias Bjerkan (t.v) og Johan Fauske. Siste tida har o-gruppa fått fleire nye innmeldingar. Ein av dei er Elias. I Molde stiller både Elias og Johan i VIL-trøye i klasse H 11-12 N (foto Øyvind Bjerkan).Onsdag klokka 16.00 hadde 32 løparar meldt seg på. Ni av desse frå Velledalen IL.
Les meir (09.09.2020)
Njål spring maraton i Perseløpet 13.september
Kva kan Njål Torillson Tyssing greie når han stiller på maraton 13.september? Han har tre gode «oppvarmingsløp» bak seg.
Les meir (08.09.2020)
Det vesle ekstra (2)
Vi tek deg med til o-løp på Ikornnes Idrettspark og enno eit målgangs-foto.
Les meir (07.09.2020)
Det vesle ekstra (1)
Vi tek deg med på o-løp til Ikornnes Idrettspark og foto av Audhild Bakken Rognstad i kneståande.
Les meir (07.09.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no