Navigasjon
Navigasjon
Oslomann med 10 000 høgdemeter på «pre-camp»

Det var i 2019 Kristoffer Selmer fekk smaken på Velledalen. Han var her to veker då – ei veke på akklimatisering i fælsleg vêr, i tillegg til hovudveka for Camp Velledalen. Her deltok han på det aller meste som stod på programmet, og han vann orienteringsløpet på Dalemyra.

Det som trega Kristoffer mest i 2019 var at han ikkje kom seg på fjellet Holetindane, majestetisk plassert rett over hovudet på han frå basen i Olagarden på Hole.


Veka før Camp Velledalen 20, kom Selmer att. Har fekk klaff med vêret, men mykje snø i høgfjellet gjorde at han ikkje kom seg heilt dit han ville. Turen til Råna saman med Ellen og Anders måtte avbrytast nettopp på grunn av mykje snø. Vel «heimkomen» frå Hjørudfjorden gjekk han på Holetindane. Seinare i veka tok han Straumshornet, Synnalandsnipa, Ystevasshornet, Lisje Kløvheitind. Han «snusa» på Hammerset-tindane, men enda på Borgundkollen i staden, og han var innom ei rekkje av Velledalen IL sine 14 trimpostar. Han gjekk på rulleski og sykla, og rakk også ein tur på restaurant-middag i Ålesund, i tillegg til ei rekkje «pit-stopp» i Nærbutikken i Velledalen. Han kjøpte mellom anna heile varelageret av ølet Slogen Pale Ale – to gonger  til og med (seier kanskje mest om lageret)!


Då Kristoffer etter ei lita veke var klar for avreise frå Velledalen viste høgderoret 9 600 høgdemeter.  Det høyrer med til soga at han på heimturen stoppa på Lygna, leita fram rulleski, og fekk høgdemeterane han mangla.


Vi spår at det var ein lukkeleg mann i 30-åra som rulla inn i hovudstaden i ein blå Toyota Yaris Hybrid i kveldinga sundag 2. august. 10 000 høgdemeter og nokre livsminne rikare enn då han la i veg. Og vi her i Velledalen /Sykkylven, ja vi treng gode ambassadør for det stille livet vi lever. Difor er karar som Kristoffer Selmer meir enn velkomen tilbake – også om dei  rullar inn mindre enn 10 000 høgdemeter på ei veke!




Publisert: Torsdag 6. August 2020 Kl. 09:23
Siste nyhende
Etterord frå eit rekordmaraton
Les Njål Torillson Tyssing sine eigne ord om Perseløpet. Eit maraton som smaka godt, men kosta mykje
Les meir (15.09.2020)
AP Bøe vann Lina Roindt i Rindal
Eg fekk ut det eg var god for i dag, seier han i ein stutt kommentar til VIL-Nett etter løpet.
Les meir (15.09.2020)
Ny trimpost i Straumgjerde
Hovudstyret i Velledalen IL har bestemt at trimpost-tilbodet i Straumgjerde vil bli utvida frå oktober 2020.
Les meir (15.09.2020)
Mot tronskifte på Bruna trimpost
Småskogen legg seg når Jan Kåre Oterhals fossar fram. Nærmar seg 600 turar.
Les meir (15.09.2020)
O-foto frå Romsdals Budstikke

Avisa Romsdals Budstikke hadde få...

Les meir (14.09.2020)
Resultat frå motbakkeløpet Melshornet Opp
Arrangert sundag 13.september i Hareid kommune på Sunnmøre
Les meir (14.09.2020)
Fin figur av Frode og May Evy opp Melshornet
Frode Mauren og May Evy Nesheim, begge i klasse 45-49 år, leverte gode prestasjonar under Melshornet Opp med start i Hjørungavåg i dag.
Les meir (13.09.2020)
Nye KM-titlar i sprint
I dag kan vi gratulerer Marianne Fløttum og Pernille Ibsen Lervåg med KM-titlar i o-sprint i Molde by.
Les meir (13.09.2020)
Njål sprang maraton på 2.40.18
ArkivfotoNjål Torillson Tyssing var einaste VIL-utøver i Perseløpet i dag. Og han gjorde nettopp det; persa og sette ny klubbrekord på heilmaraton.
Les meir (13.09.2020)
Torvikbukt 6 topper: Robert sjette beste veteran
ArkivfotoRobert Sogge gjorde ein fin figur i veteranklassa under «Torvikbukt 6 topper» laurdag 12.september.
Les meir (12.09.2020)
O-foto frå Molde
Der alle VIL-gutane sprang C-løypa utan skugge
Les meir (12.09.2020)
Melshornet Opp: May Evy mellom dei påmelde
Sundag 13.september arrangerer Hjørungavåg IL motbakkeløp til toppen av Melshornet (668 m.o.h)
Les meir (12.09.2020)
Pernille KM-vinnar i langdistanse-orientering
ArkivfotoPernille Ibsen Lervåg tok sin tredje KM-tittel i orientering for Velledalen IL, då ho i dag vann langdistanse i Molde.
Les meir (12.09.2020)
VIL i aksjon på fleire frontar i helga
Frå Rindal i nord til Oslo i sør. Flest deltek i o-løp i Molde.
Les meir (12.09.2020)
Asbjørn i VIL-langrenn fyller 70 år 9. september
VIL-Nett gratulerer ein trufast slitar i sykkylvsidretten, Asbjørn Tandstad med 70 års dagen 9.september.
Les meir (09.09.2020)
Dobbelsiger til Gyls-tvillingane i Blodslitet
Sivert og Andreas Mosby Nakken tok dei to fyrste plassane i klasse 16-17 år under «Blodslitet» i Ålesund onsdag 9. september.
Les meir (09.09.2020)
Fin VIL-tropp til o-KM i Molde
Fotoet viser Elias Bjerkan (t.v) og Johan Fauske. Siste tida har o-gruppa fått fleire nye innmeldingar. Ein av dei er Elias. I Molde stiller både Elias og Johan i VIL-trøye i klasse H 11-12 N (foto Øyvind Bjerkan).Onsdag klokka 16.00 hadde 32 løparar meldt seg på. Ni av desse frå Velledalen IL.
Les meir (09.09.2020)
Njål spring maraton i Perseløpet 13.september
Kva kan Njål Torillson Tyssing greie når han stiller på maraton 13.september? Han har tre gode «oppvarmingsløp» bak seg.
Les meir (08.09.2020)
Det vesle ekstra (2)
Vi tek deg med til o-løp på Ikornnes Idrettspark og enno eit målgangs-foto.
Les meir (07.09.2020)
Det vesle ekstra (1)
Vi tek deg med på o-løp til Ikornnes Idrettspark og foto av Audhild Bakken Rognstad i kneståande.
Les meir (07.09.2020)
Takkehelsing etter kjekk orienteringshelg.
Da var vi i mål med en fole kjekk orienteringshelg på Fjellsætra/Ikornnes og vi vil gjerne si takk til alle som har hjulpet til!
Les meir (07.09.2020)
Over vørterøla: Sula-mann i Velledalen IL
NAMN: Ola Åge Nesheim ALDER: Nærmar seg 45 år BUSTAD: Oslo YRKE: Driv med teknisk sal i Simens
Les meir (07.09.2020)
O-løpet Haustsprinten samla 67 deltakarar
Som venta dominerte Emblem IL både i topp og breidde, men Velledalen IL sine løparar beit godt frå seg.
Les meir (06.09.2020)
O-samlinga godt i gang med over 40 deltakarar
To treningar og sosialt fellesskap står på programmet laurdag 5.september. O-løp på Ikornnes 6.september.
Les meir (05.09.2020)
Virtuelt halvmaraton frå Gylsgutane
Berre eit par veker att no. Bli med og støtt Sivert og Andreas som gler seg til løp på heimebane. Les meir om opplegget!
Les meir (05.09.2020)
43 påmelde til Haustsprinten i orientering
Med Ikornnes Idrettspark som utgangspunkt arrangerer o-gruppa i Velledalen IL Haustsprinten sundag 6. september.
Les meir (04.09.2020)
Tett i toppen i skogsvegen Hjorthol
Trimposten i skogsvegen Hjorthol går mot sin beste sesong nokon sinne.
Les meir (04.09.2020)
Ann-Helen i o-gruppa fyller 30 år.
I dag, 4.september, gratulerer vi Ann-Helen Hole i Velledalen IL si o-gruppe med 30 års dagen.
Les meir (04.09.2020)
Info om O-samling
Bruk linken nedenfor.
Les meir (04.09.2020)
Sterke 3385 grasrotkroner i august
Stor takk til Velledalen IL sine 105 spelarar for støtta i august.
Les meir (01.09.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no