Navigasjon
Navigasjon
Henning tok alle trimpostane
Henning på Myrdalsfjellet. Foto: Asgeir Tandstad.
Henning på Myrdalsfjellet. Foto: Asgeir Tandstad.

For minneboka: Slik gjekk Trimpostprosjektet i 2020 føre seg:

 I løpet av hausten eller vinteren 2018-2019 sette eg opp ein muleg måte å ta trimpostane på. Den skulle vere litt forskjellig frå dei andre som hadde gjort tilsvarande stunt, og det var vel i hovudsak Svein sitt stunt i 2017 som inspirerte meg til å gjere det sjølv. Men eg ville ta alle postane berre til fots, og eg ville gjere det på nattestid slik at eg med god margin skulle klare det på eit døgn, og i motsett retning av Svein. Eg likar natta, med dyreliv og gradvis meir lys som ein ekstra motivasjon.

 Eg hadde tenkt å gjere det i 2019, men følte aldri det passa å legge ut på ein slik tur, og det var få helger ledige sidan eg var med på mykje konkurransar sommarhalvåret. Ein må gjerne ha nokre veker «fri» før og etter noko slikt, så kroppen får førebu seg og hente seg inn att.

 Så kom 2020 og Covid-19. Det vart konkurransetørke, og det opna seg ei mulegheit. Jonsokhelga peika seg ut, når dagen er lengst. Men vêret var for dårleg, så eg utsette det to veker, sidan helga etter var ei arbeidshelg. Igjen var det dårleg vêr, og då såg eg på 18. juli som den siste sjansen, då dei neste helgene var fullbooka med besøk, Camp Velledalen og barnedåp til onkelungen. Vêret såg dårleg ut, men eg tenkte det måtte skje no. Meldingane utvikla seg i positiv retning heilt fram til dagen. Ann-Helen og foreldra mine fekk i oppgåve å stille på med matstasjon undervegs i løypa.

 Fredag 17. juli var eg som vanleg på arbeid fram til kl. 16. Eg måtte sove nokre timar før start, skulle eg klare å gjennomføre. Men det gjekk slettes ikkje. Skulle eg utsetje starten, eller prøve som planlagt? Får eg sove om eg startar kl. 06? Eg bestemte meg for å prøve som planlagt kl. 00, og ta ting som det kjem. Eg innsåg at denne turen ville handle mykje om det å halde seg vaken.

 Når eg kom til startområdet stod Bjørg Sølvi og Per Henning Hole, Laila Ødegård og Jan Oddvar Alstad, sjølvaste Cato Zahl Pedersen, Karoline og Jørn Strømmegjerde, Håkon Brunstad, Ann-Helen Hole og Inger Halldis Kurseth Tandstad klar for å ønskje meg til lukke. Eg starta frå Vaarvon kl. 00:00, og Ann-Helen ville vere med meg til første post i Riksheimdalen. Ein tur som gjekk utan problem og etter skjema med innskriving kl. 00:57. Returnerte så til Straumgjerde der Ann-Helen hoppa av. Vidare til Skogsvegen Dravlaus via Straume 02:13. Her var det mykje hjort å sjå, i tillegg til kyr og kalvar. 02:30 var Ann-Helen klar med første matstasjon på Fet, der Jørn igjen hadde møtt opp. Her var det sko- og klesbytte og litt matpåfyll.

 Det var nydeleg turvêr, null nedbør og fine temperaturar. Turen gjekk vidare til Skogsvegen Fet (03:03) i lett jogg, og opp på Høgsætra (03:42). Begge etter skjema. Allereie no kjende eg at eg var litt trøytt, og måtte vurdere å finne meg ein plass å få litt sømn. Nede att på Fet var der ei transportetappe på sørvestsida av elva til der stien til Regndalen starta. Her kjende eg litt smerter i venstre kne som ikkje var ukjende frå tidlegare. Eg tok fatt på turen vidare, og no såg eg sola i fjelltoppane. Eg vart trøyttare, og tempoet gjekk ned. Eg nådde trimposten i Regndalen kl. 05:27, og la meg til for å slappe av litt, før eg gjekk ned att til Brunstad. Kneet hindra meg i å jogge, så her vart mykje gåing. På dette tidspunktet innsåg eg å ta fatt på Holetindane var uansvarleg når eg var så trøytt. No hadde eg vore vaken i 24 timar. Eg fekk skyss til Hole så eg fekk litt sømn før eg gjekk vidare.

 Med ein liten time på auget var eg som eit nytt menneske. Eg vart transportert attende til Brunstad, laga meg mat som eg åt, drakk bra med drikke, og tok fatt på Vellesætra, som eg nådde kl 10:10. Dei neste turmåla nådde eg raskt: Brunstadsætra om «Halsen» kl. 10:35, der far Asgeir slo følge. Turen til Storevatnet trimpost (11:42) inkluderte ei kjapp matykt, og mange høgdemeter var unnagjort når vi nådde Holetindane kl. 12:22.

 Så kom regnvêret. Tungt regnskyll og kald vind – her er det berre å fortsette og halde varmen. Til tross for kneet hadde eg friske og fine føtter, og motivasjonen var på topp. Vi tok oss greitt ned i Holebotnen, og Nils Terje Skylstad hadde forklart ruta vidare godt; følg elva, og ta til høgre forbi hamarane. Oppe på Heggene stod fotograf Atle Jomar Hole klar med fotokameraet. Tredje matstasjon på Svartevatnet nådde vi gjennomvåte i god tid rundt 14:30. Her var vi ei stund, og fylte på med varm mat og god drikke.

 Regnvêret gav seg, sola kom fram, og turen gjekk vidare mot Myrdalsfjellet. Asgeir vart med vidare. Frode Mauren og Susan Gjerde hadde tatt turen frå Ålesund for å overraske meg. Her var ein sprekk i det opphavelege tidsskjemaet, så dei måtte nok vente litt. 15:30 nådde vi posten. No var det ei transportetappe, mykje på asfalt, ned til Sætreelva i Holemarka. Kneet var på dette tidspunktet i grei stand, så her fekk eg jogga mykje. Møtte igjen Cato, Laila og Jan Oddvar når eg var på veg ned frå Myrdalsstølen. Dei heia meg vidare, og trimposten i Holemarka vart signert 16:45. Leiar i idrettslaget, Ove Inge Skylstad og nestleiar Atle Jomar Hole møtte opp for å sjekke status. Elles mykje turgåarar i Holemarka denne dagen! Eg hald fram med jogginga til Olagarden på Hole, med ny matstasjon.

 Asgeir mønstra av, og Ann-Helen mønstra på. No var det sjarmøretappa att via Straumsdalen. Vi tok snarevegen opp råsa til Ingrid Brudevoll, og nådde skogsvegen Hjorthol kl. 17:48. Merka at der var mindre sprut i føtene no enn tidlegare i løpet. Ann-Helen var ein god motivator opp den aller siste skikkelige motbakken til Koppen. Det var over all forventning å nå denne posten så raskt som 18:24 - og no mangla berre posten i andre siden av dalen på Bruna.

 Terrenget ned frå Koppen til Botnen i Straumsdalen er fint og mjukt. Råsa langs vatnet vått, men utan mange høgdemeter. Eg kjende no at føttene hadde blitt brukt gjennom dagen, og at det var mange timar sidan eg stod opp, men vi hald eit bra driv. Ein kjapp matstasjon igjen ved Osen, før vi igjen fekk i gang joggen mot trimposten på Bruna. La også merke til at nokon hadde skrive «HENNING» med pinnar på vegen. Ein ekstra motivasjonsfaktor!

 Trimposten på Bruna nådde vi 20:07. Då var alle postane signerte, og det var berre turen til Vaarvon att, der det heile starta for litt over 20 timar sidan. Det går kjapt ned Gylsråsa, og frå sentrum i Straumgjerde til mål var det lett å halde joggen inn.

 Ann-Helen og eg nådde mål kl. 20:43, møtt med sprudlande vatn, kake, flagg, medaljar, norske flagg og jubel. Eg følte meg overraskande sprek og våken, føtene friske og fine, til tross for berre ei kort søveykt dei siste 37 timane. Tusen takk til alle som laga ei så fin ramme rundt arrangementet: Oppmøtte, medhjelparar, turfølge og motiverande ord.

 Til slutt vil eg rose Velledalen IL, eit lag som støttar opp om kvarandre. Det gjer det til ein happening i staden for berre eit «stunt». Her var folk frå laget å sjå overalt, som applauderar og støttar. Eg veit der er mange som følgde turen med kikkert, i sosiale medier, og i bilen på ferie med stadig telefonkontakt for å halde seg oppdatert, med eit brennande ynskje om å vere til stades å følge med (Anita og Svein).


Ei fantastisk oppleving og fine minner!

 Henning Tandstad.

 (PS: Strava-appen noterte 67 km, 4000 høgdemeter, og tid i bevegelse rett under 15 timar.)

 



Publisert: Søndag 19. Juli 2020 Kl. 12:56
Siste nyhende
God start på o-hausten
Sundag 6.september kan bli ein historisk dag med o-kretsløp på ikornnes, om sprintkartet blir ferdig
Les meir (10.08.2020)
Camp Velledalen 2020: Varierande vêr og frammøte
Ei veke proppfull med aktivitet er over. Initiativtakarane sit att med blanda kjensler.
Les meir (09.08.2020)
«Skogsvegen Fet» best i straffespark på Dalemyra
Regnet auste ned då Camp Velledalen 2020 vart avslutta med lagkonkurranse i straffespark på Dalemyra. «Skogsvegen Fet» slo «Liverpool» i finalen.
Les meir (09.08.2020)
Birkebeinerløpet vert arrangert 5. september
Tre utøvarar frå Velledalen IL påmelde hittil. Les kven.
Les meir (09.08.2020)
Siste løpet i Sommarkarusellen komande onsdag
Tre frå Velledalen IL kan bli premiert etter løpet; Vegard, Frode og May Evy.
Les meir (08.08.2020)
Virtuelt halvmaraton for Sivert og Andreas
Laurdag 19.september spring Sivert og Andreas Mosby Nakken eit såkalla virtuelt Oslo Halvmaraton.
Les meir (07.08.2020)
Har nokon funne solbrillene til Bjørn Arve
Bjørn Arve Brune frå Stranda miste solbrillene sine på veg til Brunstadsætra fredag 7.august.
Les meir (07.08.2020)
Per Inge best opp fjellet
Sju utøvarar deltok under ei av Camp Velledalen sine hardaste økter, nemleg strekninga Lade – Svartevatnet, anten til fots eller på rulleski.
Les meir (07.08.2020)
3000 meter test fyrste post på «Campen»
Presis klokka 09.35 sende Svein Arne Nakken 11 utøvarar ut frå start på Ikornnes Idrettspark. Andre utgåva av Camp Velledalen var i gang.
Les meir (06.08.2020)
Emma sparka i gang Camp Velledalen 2020
I år var det uredde Emma Holmberg (21) som heldt føredrag på Fjøla i Straumgjerde under opninga av Camp Velledalen.
Les meir (06.08.2020)
Oslomann med 10 000 høgdemeter på «pre-camp»
I fjor var han deltakarar under Camp Velledalen. I år måtte Kristoffer Selmer nøye seg med ein «pre-camp», men greidde likevel 10 000 høgdemeter på ei lita veke.
Les meir (06.08.2020)
3553 grasrotkroner i juli
Ein fantastisk månad som gav ny klubbrekord for Velledalen IL. Takk til 105 spelarar!
Les meir (06.08.2020)
80 fullførande i Jordbærdilten i Valldal
Flotte løp i den 3,2 km lange løypa av VIL-trioen Vegard Riksheim Tandstad, Frode Mauren og Roger Vanebo.
Les meir (26.07.2020)
Pe-Tomasz på besøk i Velledalen
FOTO: Frå fjord til fjell 2014 Vert på Hjorthol i Velledalen frå 23.juli til 30.juli.
Les meir (25.07.2020)
Eks VIL-utøvar fyller 90 år.
ArkivfotoI dag gratulerer vi Torleiv Hole med 90 års dagen den 19.juli.
Les meir (19.07.2020)
Henning vart historisk klokka 20.43
Henning Tandstad vart den fyrste frå Tandstad krins som tok alle Velledalen IL sin 14 trimpostar på same dag til fots!
Les meir (19.07.2020)
Henning tar trimpostane – litt om turen.
Vart ulideleg trøytt då han nærma seg Brunstad Kraft og måtte ha søvnpause.
Les meir (18.07.2020)
Tidlegare A-kjendis ved start
Foto henta frå www.athenas.noLitt tøft at Cato Zahl Pedersen var mellom dei frammøtte ved ungdomshuset Vårvon då Henning starta trimpost-turen.
Les meir (18.07.2020)
Regnskyll for Henning i krevande parti
Henning Tandstad held stø kurs mot målet, men måtte tole kraftige regnbyger på strekninga Holetindane – Svartevatnet.
Les meir (18.07.2020)
Kjøpmann på tur – sommaren er tida for stunt
Les kven av Velledalen IL sine medlemar som har planlagt å ta alle trimpostane i same tur, med start komande natt (laurdag 18.juli).
Les meir (17.07.2020)
To spenstige bursdagar innmelde i dag
Veit nokon kva Einar Magne Fet og Erling Johannes Tandstad har felles….? Les saka, så får du svaret
Les meir (17.07.2020)
Æresmedlem Magnar fyller 93 år
Arkivfoto15.juli vert Velledalen IL sin eldste æresmedlem, Magnar Fet, 93 år.
Les meir (15.07.2020)
Velledalen IL-jakke på Preikestolen
Ikkje preikestolen i ei kyrkje, men sjå foto av kven som har vore på turistmålet Preikestolen.
Les meir (15.07.2020)
Helsing frå Sørlandet
Nettsida har fått inn ei helsing frå familien Mosby Nakken som ferierer på Sørlandet
Les meir (14.07.2020)
Send oss helsingar!
Velledalen IL sin klubbjakker, eller andre kolleksjons-plagg, er for tida spreidde utover kongeriket og endå vidare.
Les meir (14.07.2020)
Nettsida oppe og går igjen
Det er ferietid, og forsyne meg har ikkje nettsida til Velledalen IL også teke ferie.
Les meir (14.07.2020)
O-gruppa jobbar knallhardt med kart
Nytt kart i området Ikornnes/Sessvatnet, oppdatering av Velledals-kartet og utviding av Fjellsætet-kartet.
Les meir (05.07.2020)
Trimbingo til Brunstadsætra 12.juli
Arkivfoto Trimgruppa melder at den årlege grillkvelden vert noko amputert i coronaåret
Les meir (05.07.2020)
Nytt karusell-løp i Ålesund 8.juli
Andre løp i Ålesund Sommarkarusell vert arrangert onsdag 8.juli
Les meir (05.07.2020)
Ove Skylstad held fram som leiar i VIL
«Orrenes-ekspressen» (Sondre Bårnes) einaste nye i hovudstyret.
Les meir (05.07.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no