Navigasjon
Navigasjon
Regnskyll for Henning i krevande parti

Etter ei sovepause i dag tidleg, har Henning Tandstad sin tur vidare gått upåklageleg. Kjende stadar som Vellesætra og Brunstadsætra gjekk raskt unna. Like eins var tempoet godt til posten   Brunstadkølen og Holetindane, her i selskap med far Asgeir. Etter Holetindane fekk han ei kraftig, lang regnbyge rett i fleisen. Ei byge som varte meir eller mindre heilt til Svartevatnet. Der venta Ann-Helen Hole og Inger Kurseth Tandstad med matstasjon nummer tre.

 

Dei to karane var gjennomvåte frå topp til tå, skifta klede, og fekk seg mat. Så gjekk turen vidare. No mot Elling Hole sitt paradis, Myrdalsfjellet. Den nest siste harde stigninga på rundturen. Henning er venta i vere på fjerde siste post (Holemarka) klokka 16.15. Då står skogsvegen Hjorthol, Koppen og Bruna att.

    Så langt tyder alt på at han vil gjennomføre med stil.



Publisert: Laurdag 18. Juli 2020 Kl. 15:26
Siste nyhende
God start på o-hausten
Sundag 6.september kan bli ein historisk dag med o-kretsløp på ikornnes, om sprintkartet blir ferdig
Les meir (10.08.2020)
Camp Velledalen 2020: Varierande vêr og frammøte
Ei veke proppfull med aktivitet er over. Initiativtakarane sit att med blanda kjensler.
Les meir (09.08.2020)
«Skogsvegen Fet» best i straffespark på Dalemyra
Regnet auste ned då Camp Velledalen 2020 vart avslutta med lagkonkurranse i straffespark på Dalemyra. «Skogsvegen Fet» slo «Liverpool» i finalen.
Les meir (09.08.2020)
Birkebeinerløpet vert arrangert 5. september
Tre utøvarar frå Velledalen IL påmelde hittil. Les kven.
Les meir (09.08.2020)
Siste løpet i Sommarkarusellen komande onsdag
Tre frå Velledalen IL kan bli premiert etter løpet; Vegard, Frode og May Evy.
Les meir (08.08.2020)
Virtuelt halvmaraton for Sivert og Andreas
Laurdag 19.september spring Sivert og Andreas Mosby Nakken eit såkalla virtuelt Oslo Halvmaraton.
Les meir (07.08.2020)
Har nokon funne solbrillene til Bjørn Arve
Bjørn Arve Brune frå Stranda miste solbrillene sine på veg til Brunstadsætra fredag 7.august.
Les meir (07.08.2020)
Per Inge best opp fjellet
Sju utøvarar deltok under ei av Camp Velledalen sine hardaste økter, nemleg strekninga Lade – Svartevatnet, anten til fots eller på rulleski.
Les meir (07.08.2020)
3000 meter test fyrste post på «Campen»
Presis klokka 09.35 sende Svein Arne Nakken 11 utøvarar ut frå start på Ikornnes Idrettspark. Andre utgåva av Camp Velledalen var i gang.
Les meir (06.08.2020)
Emma sparka i gang Camp Velledalen 2020
I år var det uredde Emma Holmberg (21) som heldt føredrag på Fjøla i Straumgjerde under opninga av Camp Velledalen.
Les meir (06.08.2020)
Oslomann med 10 000 høgdemeter på «pre-camp»
I fjor var han deltakarar under Camp Velledalen. I år måtte Kristoffer Selmer nøye seg med ein «pre-camp», men greidde likevel 10 000 høgdemeter på ei lita veke.
Les meir (06.08.2020)
3553 grasrotkroner i juli
Ein fantastisk månad som gav ny klubbrekord for Velledalen IL. Takk til 105 spelarar!
Les meir (06.08.2020)
80 fullførande i Jordbærdilten i Valldal
Flotte løp i den 3,2 km lange løypa av VIL-trioen Vegard Riksheim Tandstad, Frode Mauren og Roger Vanebo.
Les meir (26.07.2020)