Navigasjon
Navigasjon
Velledalen IL-jakke på Preikestolen

Det er Leiv Arne Alnes som har sendt oss fotoet av sin gode sambuar, Marit. Og at den tidlegare VRF-målmannen og VIL-gutehopparen er i godlune om dagen, ja, det er lett og skjøne.

 

Det har seg nemleg slik at Leiv er ihuga Leeds-tilhengar. Leeds hadde glanstida si på fotballbana i England i fyrste halvdel av Leiv sitt liv, altså i førre hundreår. Siste åra har Leeds snusa på opprykk til øvste nivå nesten kvar sesong, for så å rote seg vekk mot slutten.

 

Men i år, i 2020, ser det ut som Leeds greier det. Med tre kampar att har laget seks poeng til gode på formsterke Brentford. Det bør halde! Vi tippar det vert kake i Karidagen den dagen opprykket vert klar…..?

 

Takk for feriefoto, Leiv !

God ferie vidare og lukke til med Leeds sine tre siste kampar!

 

PS. Neste kamp er heime mot botnlaget Barnsley.



Publisert: Onsdag 15. Juli 2020 Kl. 10:47
Siste nyhende