Navigasjon
Navigasjon
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»

ALDER: Blir 40 i år

YRKE: Arbeidsstaden er Sykkylven Stål

BUSTAD: Sentrumsområdet

KLUBB: Velledalen IL


Debuten som VIL-utøvar gjorde han under Konradløpet i 2017. Tida vart 20.38. Høgst respektabelt for ein debutant som før dette hadde brukt mesteparten av fritida på bilkøyring.

 

Men Jan har hivt seg med langt tøffare prøver enn Konradløpet. Vi kan nemne Hornindal Rundt og Stranda Fjord Trail Race, som to av dei største kraftprøvene han har fullført.

 

Meir om Jan: Han kom til Noreg som arbeidsgjest, og vart lenger enn fyrst planlagt fordi han likte køyre traktor. Etter ei tid i landet vårt, fekk han seg jobb på Sykkylven Stål, og der trivst han så godt at han har blitt i Sykkylven. Det svært få veit – i alle fall i VIL-miljøet – er at Jan er utdanna trekkspel-lærar og har undervist i dette utanom heimlandet.

       Men den store lidenskapen er bil. Frå informert hald får vi opplyst at Jan Rakottyai heile tida har fleire bilprosjekt på gang. Kjøpe bil, selje bil, mekke bil, bygge større garasje til bil, vaske dekk, flytte dekk, bygge nye hyller til dekk. Og det er snakk om mange dekk, kanskje så mange som 100, melder informanten.

     Som lesarane våre kanskje skjønar, driv Jan med bilsport. Han er høgt premiert innan fleire typar av motorsport, der han går under det klingande namnet «Rakett-Jan».

 

Velledalen IL er ein typisk breiddeklubb, der utøvarar som Jan Rakottyai naturleg høyrer heime. Under sist Idrettsgalla fekk Jan pris – saman med Ivar Flo - for raus betaling av medlemskontingent.

 

PS. Om nokon kan tipse oss om datoen for Jan sin 40 års dag er det fint!

 

 

Jan

 

Er vørterøl favorittdrikken din?

Nei, det er det ikkje. Kaffi er favorittdrikken – og vatn med kolsyre.

 

Kva er favorittretten din?

Har ikkje berre ein, men fleire. Kan nemne potetball, fårikål og fiskegrateng som store favorittar.

 

Fortell kort om idrettskarriera di.

Den starta for om lag tre år sidan, når venninna mi Radka sa til meg «no må du bli med på fjelltur. Du kan ikkje halde på med bilar heile tida.» Eg vart med på ein tur inn Brunstaddalen. Det tok til å regne skikkelig etter ein time, og turen tok fem timar. Då tenkte eg «Dette har ikkje eg tid til, vi må finne noko meir effektivt som tek mindre tid». Der starta løpekarriera mi, med Konradløpet som første løp.

 

Korleis og kvifor medlem i VIL?

Det hugsar eg ikkje heilt. Men eg trur det var etter at NAF Motorsport vart lagt ned, då stod eg utan klubb, og sakna nokon å dele interessa mi med. Eg trur det var Konradløpet som gjorde at eg fekk kjensla av av Velledalen IL var ein fin klubb å melde seg inn i – og det var det! Tusen takk for muligheita!

 

Når var du sist på ein VIL-trimpost?

Det trur eg må vere under ei motbakkeintervall-trening saman med VIL-gjengen.

 

Sportsleg mål for det neste året?

Opphavleg var det fire helger med «løpeløp» og fire helger med billøp. Men dei siste månadane er alt blitt endra, så vi får sjå til slutt korleis det endar for løpa våra.

 

Favorittmusikk?

På dagtid går det i Radio Ålesund, dei spelar bra musikk og held oss oppdatert med nyhende frå distriktet. På kveldsarbeid høyrer eg mykje på Sting, og dei norske artistane Gabrielle og Susanne Sundfør. På hobbyverkstaden er det helst klassisk musikk – for tida Beethoven sine symfoniar. Til trening høyrer eg ikkje musikk, då må eg konsentrere meg, og passe på at eg ikkje snublar i terrenget.

 

Kva likar du å sjå på fjernsyn?

Diverse tekniske filmar. Do It Yourself-videoar på YouTube ser eg mykje på, og mykje billøp. Av seriar likar eg å sjå skandinaviske og britiske krimseriar.

 

Kor likar du best å feriere?

Bobilturar i Noreg er kjekt, og då er Lofoten favorittdestinasjonen. Ja, og sjølvsagt ferie i Slovakia med resten av slekta er heilt topp, og passelig varmt. Sydenturar blir derimot for varmt.

 

Har du eit treningstips å dele med lesarane?

Tolmod og regelmessig trening – det er det som fungerar for meg. Kiloane går sakte ned, og forma sakte men sikkert opp. Trenar ein ikkje regelmessig snur det seg fort. Det kan eg stadfeste av eigne erfaringar!

 

 



Publisert: Fredag 15. Mai 2020 Kl. 18:21
Siste nyhende
80 fullførande i Jordbærdilten i Valldal
Flotte løp i den 3,2 km lange løypa av VIL-trioen Vegard Riksheim Tandstad, Frode Mauren og Roger Vanebo.
Les meir (26.07.2020)
Pe-Tomasz på besøk i Velledalen
FOTO: Frå fjord til fjell 2014 Vert på Hjorthol i Velledalen frå 23.juli til 30.juli.
Les meir (25.07.2020)
Eks VIL-utøvar fyller 90 år.
ArkivfotoI dag gratulerer vi Torleiv Hole med 90 års dagen den 19.juli.
Les meir (19.07.2020)
Henning tok alle trimpostane
Henning på Myrdalsfjellet. Foto: Asgeir Tandstad.Her er Henning sine eigne ord frå prosjektet, dagen etter stuntet.
Les meir (19.07.2020)
Henning vart historisk klokka 20.43
Henning Tandstad vart den fyrste frå Tandstad krins som tok alle Velledalen IL sin 14 trimpostar på same dag til fots!
Les meir (19.07.2020)
Henning tar trimpostane – litt om turen.
Vart ulideleg trøytt då han nærma seg Brunstad Kraft og måtte ha søvnpause.
Les meir (18.07.2020)
Tidlegare A-kjendis ved start
Foto henta frå www.athenas.noLitt tøft at Cato Zahl Pedersen var mellom dei frammøtte ved ungdomshuset Vårvon då Henning starta trimpost-turen.
Les meir (18.07.2020)
Regnskyll for Henning i krevande parti
Henning Tandstad held stø kurs mot målet, men måtte tole kraftige regnbyger på strekninga Holetindane – Svartevatnet.
Les meir (18.07.2020)
Kjøpmann på tur – sommaren er tida for stunt
Les kven av Velledalen IL sine medlemar som har planlagt å ta alle trimpostane i same tur, med start komande natt (laurdag 18.juli).
Les meir (17.07.2020)
To spenstige bursdagar innmelde i dag
Veit nokon kva Einar Magne Fet og Erling Johannes Tandstad har felles….? Les saka, så får du svaret
Les meir (17.07.2020)
Æresmedlem Magnar fyller 93 år
Arkivfoto15.juli vert Velledalen IL sin eldste æresmedlem, Magnar Fet, 93 år.
Les meir (15.07.2020)
Velledalen IL-jakke på Preikestolen
Ikkje preikestolen i ei kyrkje, men sjå foto av kven som har vore på turistmålet Preikestolen.
Les meir (15.07.2020)
Helsing frå Sørlandet
Nettsida har fått inn ei helsing frå familien Mosby Nakken som ferierer på Sørlandet
Les meir (14.07.2020)
Send oss helsingar!
Velledalen IL sin klubbjakker, eller andre kolleksjons-plagg, er for tida spreidde utover kongeriket og endå vidare.
Les meir (14.07.2020)
Nettsida oppe og går igjen
Det er ferietid, og forsyne meg har ikkje nettsida til Velledalen IL også teke ferie.
Les meir (14.07.2020)
O-gruppa jobbar knallhardt med kart
Nytt kart i området Ikornnes/Sessvatnet, oppdatering av Velledals-kartet og utviding av Fjellsætet-kartet.
Les meir (05.07.2020)
Trimbingo til Brunstadsætra 12.juli
Arkivfoto Trimgruppa melder at den årlege grillkvelden vert noko amputert i coronaåret
Les meir (05.07.2020)
Nytt karusell-løp i Ålesund 8.juli
Andre løp i Ålesund Sommarkarusell vert arrangert onsdag 8.juli
Les meir (05.07.2020)
Ove Skylstad held fram som leiar i VIL
«Orrenes-ekspressen» (Sondre Bårnes) einaste nye i hovudstyret.
Les meir (05.07.2020)
Takkar for 2829 grasrotkroner i juni!
Juni vart ein særs god månad med 2829 kroner i klubbkassa frå 105 spelarar
Les meir (01.07.2020)
Aktuelt foto frå vinteren 2005
Broren til den sovande jenta er verdsmeister i orientering mange gonger, og skal nytte Velledalen Il sin o-kart til trening i sommar.
Les meir (30.06.2020)
May Evy Nesheim nest beste kvinne i Mefjellet Opp
Frode Mauren vart nummer to i klasse M 45-49
Les meir (28.06.2020)
Kjetil og Per-Gunnar fekk klaff med juni-vêret
Alle vi veit om synest juni 2020 har vore ein framifrå vêrmånad
Les meir (28.06.2020)
Lukke til Frode og May Evy!
Frode Mauren og May Evy Nesheim er i dag på plass i Fjørå der starten går for motbakkeløpet Mefjellet Opp.
Les meir (28.06.2020)
Toppløpar klar for Velledalen IL
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er stolt som ein hane om dagen etter å ha fått sterke Constantin Rust (23) inn på laget.
Les meir (28.06.2020)
Stor takk til Sparebanken Møre
Banken gav 25 000 kroner (TEFR-midlar) til prosjektet « Orienteringskart Ikornnes/Sessvatnet).
Les meir (28.06.2020)
Eit vakkert foto om gode rollemodellar!
Så godt som alle born har sine rollemodellar, med gjerne foreldra i aller fremste line.
Les meir (23.06.2020)
Kvepsebol
Pass opp for små hissige kvepsar.
Les meir (22.06.2020)
Litt stoff omkring det å vere o-løpar
Meir frå «Oppdal 2-dagars». Mellom anna våre utøvarar sine resultat andre dag
Les meir (22.06.2020)
Tomasløpet: Ny triumf til Constantin Rust
Arrangøren, Velledalen IL, er ikkje nøgde med 42 deltakarar. Men vinnartidene var fine, 17.55 på Constantin Rust og 22.52 på Elida Fuglem.
Les meir (21.06.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no