Navigasjon
Navigasjon
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

YRKE: Sjåfør for HI Giørtz

KLUBB: Velledalen IL

 

Truleg er Frode Mauren ein av dei sprekaste storbil-sjåførane  i nye Ålesund kommune. Og om han ikkje er det, så skal han bli det. I 2019 sette   den 184 cm lange løparen ny personleg bestenotering i nesten alle løp han deltok i. 10 km eller halvmaraton spela inga rolle. Ny pers vart det uansett. I motbakkeløp også.

 

Då Frode kom til Velledalen IL frå Vegsund Racing, var han alt ein sunn mann. Han peisa mellom anna innpå havregrynsgraut før alle krevjande løp. Men VIL sin ernæringsekspert, såg at den kring 75 kg tunge utøvaren mangla den siste «finishen». Difor tok han mokkabønner som kosttilskot kvar gong han stoppa ved Nærbutikken i Velledalen. Kombinasjonen havregrynsgraut/mokkabønner vart såleis ein suksess-faktor.

 

Frode Mauren er familie-mann med sambuar og to søner. Yngsteguten, Jonny,

 driv med skihopp, og er VIL sin fyrste gute-hoppar etter Ståle Ødegård (krafthoppar tidleg i 1970-åra). Han er også mannen som har rekruttert May Evy Nesheim inn i Velledalen IL. Og han køyrer rundt med fleire svære VIL-logoar på privatbilen sin, og det er hans verk at nestleiaren i laget gjer det same.

 

Frode Mauren sitt engasjement for Velledalen IL er langt større enn folk flest – også dei som er fastbuande i området. Han er ofte på skiturar i sykkylvsfjella, eller han kjem til Sykkylven for å trene. Elles trenar han ein god del saman med Jan Ketil Vinnes, to gonger Konradløp-vinnar. Og ingen har så mange plagg i VIL-kolleksjonen som Frode, og ein slepp tvile på kva klubb den karen representerer når han er på løp. Her er Frode eit føredøme!

 

Personar med engasjement som brenn, og som står fram med det, er sterke personar. Frode er ein slik. Held han seg skadefri vil han nå måla sine !

 

Frode

 

Er Vørterøl favorittdrikken din?

Nei, men det kan drikkast i nødstilfelle. Favoritten til vanleg er cola utan sukker, men før konkurranse er det ei boks cola med sukker som gjeld. Gjerne på deling med min klubbkamerat Henning.

 

Kva er favorittretten din?

Wok eller kylling og pasta er favorittar. Elles et eg veldig mykje havregryn.

 

Fortel kort om idrettskarriera di.

Eg dreiv med fotball til eg var 12 år, før eg tok til med skyting, noko eg dreiv på med i 3-4 år. Etter det vart det 20 år der tida vart brukt til sofasliting og motorsykkelkøyring. Først i 2008, som 35-åring, byrja eg med styrketrening og motbakkeløping. Men forma var dårleg etter sofaligginga, så det var trening av dårleg kvalitet. I 2012 var eg med i motbakkeløpet Skåla Opp, og det gav meirsmak. Så var eg med i Varden Opp på Sula, og fleire andre løp, og forma var stigande. Den gongen hadde vi eit lite løpsmiljø under namnet Vegsund Racing, som opphaveleg var ein motorsykkelklubb, men etter kvar vart eg åleine. Dei andre orka ikkje meir. Eg sleit dei ut, trur eg...

 

Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?

Eg vart kjend med Henning på Nærbutikken i Velledalen, då eg leverte varer der. Vi fann vår felles interesse for løp, og prata ofte om det når eg var innom. Ein dag presenterte han meg for Atle og Alf Petter som var på vitjing i kaféavdelinga. Praten vart bra, og kjemien stemte. Vi snakka same språket, om tid, fart, trening, andre utøvarar osv. Så vart eg invitert med i Tomasløpet der eg møtte opp og tok andreplassen, bak Kjell Magnar. Det var mitt siste løp som klubblaus, sidan Henning overtalte meg til å bli VIL-medlem kort tid etter. Eg følte meg velkomen i klubben, og har ikkje angra eit sekund.

 

Når var du sist på ein VIL-trimpost?

Har nok forbetringspotensiale innan trimpostbesøk. Sist gong var Bruna under Tomasløpet i fjor.

 

Sportsleg mål for det neste året?

1 t. 24 min. på halvmaraton og 36-talet på 10 km. Så vil eg gjerne ha så mange klassesigrar som muleg. Så ønskjer eg å bli enda meir «gær’n» i hovudet under løp.

 

Favorittmusikk?

Likar godt musikk frå 80-talet, både det tunge og det rolige. Brukar ikkje musikk til trening – då er det full konsentrasjon.

 

Kva likar du å sjå på fjernsyn?

Når det gjeld seriar er Bonanza heilt konge. The Mountain Between Us og Rambo 3 må nemnast som favorittfilmar.

 

Kor likar du best å feriere?

Har alltid likt camping i Sverige, men eg reiser kor som helst. No drøymer eg om alpeferie i Sveits/Austerrike. Tyrkia og Hellas er også greitt, men synast det er nok med ei veke.

 

Har du eit treningstips å dele med lesarane?

Det gjeld å trene variert og ikkje låse seg fast i ei spesiell løype. Då stagnerer ein. Elles er kvile viktig!

 



Publisert: Torsdag 7. Mai 2020 Kl. 22:47
Siste nyhende
80 fullførande i Jordbærdilten i Valldal
Flotte løp i den 3,2 km lange løypa av VIL-trioen Vegard Riksheim Tandstad, Frode Mauren og Roger Vanebo.
Les meir (26.07.2020)
Pe-Tomasz på besøk i Velledalen
FOTO: Frå fjord til fjell 2014 Vert på Hjorthol i Velledalen frå 23.juli til 30.juli.
Les meir (25.07.2020)
Eks VIL-utøvar fyller 90 år.
ArkivfotoI dag gratulerer vi Torleiv Hole med 90 års dagen den 19.juli.
Les meir (19.07.2020)
Henning tok alle trimpostane
Henning på Myrdalsfjellet. Foto: Asgeir Tandstad.Her er Henning sine eigne ord frå prosjektet, dagen etter stuntet.
Les meir (19.07.2020)
Henning vart historisk klokka 20.43
Henning Tandstad vart den fyrste frå Tandstad krins som tok alle Velledalen IL sin 14 trimpostar på same dag til fots!
Les meir (19.07.2020)
Henning tar trimpostane – litt om turen.
Vart ulideleg trøytt då han nærma seg Brunstad Kraft og måtte ha søvnpause.
Les meir (18.07.2020)
Tidlegare A-kjendis ved start
Foto henta frå www.athenas.noLitt tøft at Cato Zahl Pedersen var mellom dei frammøtte ved ungdomshuset Vårvon då Henning starta trimpost-turen.
Les meir (18.07.2020)
Regnskyll for Henning i krevande parti
Henning Tandstad held stø kurs mot målet, men måtte tole kraftige regnbyger på strekninga Holetindane – Svartevatnet.
Les meir (18.07.2020)
Kjøpmann på tur – sommaren er tida for stunt
Les kven av Velledalen IL sine medlemar som har planlagt å ta alle trimpostane i same tur, med start komande natt (laurdag 18.juli).
Les meir (17.07.2020)
To spenstige bursdagar innmelde i dag
Veit nokon kva Einar Magne Fet og Erling Johannes Tandstad har felles….? Les saka, så får du svaret
Les meir (17.07.2020)
Æresmedlem Magnar fyller 93 år
Arkivfoto15.juli vert Velledalen IL sin eldste æresmedlem, Magnar Fet, 93 år.
Les meir (15.07.2020)
Velledalen IL-jakke på Preikestolen
Ikkje preikestolen i ei kyrkje, men sjå foto av kven som har vore på turistmålet Preikestolen.
Les meir (15.07.2020)
Helsing frå Sørlandet
Nettsida har fått inn ei helsing frå familien Mosby Nakken som ferierer på Sørlandet
Les meir (14.07.2020)
Send oss helsingar!
Velledalen IL sin klubbjakker, eller andre kolleksjons-plagg, er for tida spreidde utover kongeriket og endå vidare.
Les meir (14.07.2020)
Nettsida oppe og går igjen
Det er ferietid, og forsyne meg har ikkje nettsida til Velledalen IL også teke ferie.
Les meir (14.07.2020)
O-gruppa jobbar knallhardt med kart
Nytt kart i området Ikornnes/Sessvatnet, oppdatering av Velledals-kartet og utviding av Fjellsætet-kartet.
Les meir (05.07.2020)
Trimbingo til Brunstadsætra 12.juli
Arkivfoto Trimgruppa melder at den årlege grillkvelden vert noko amputert i coronaåret
Les meir (05.07.2020)
Nytt karusell-løp i Ålesund 8.juli
Andre løp i Ålesund Sommarkarusell vert arrangert onsdag 8.juli
Les meir (05.07.2020)
Ove Skylstad held fram som leiar i VIL
«Orrenes-ekspressen» (Sondre Bårnes) einaste nye i hovudstyret.
Les meir (05.07.2020)
Takkar for 2829 grasrotkroner i juni!
Juni vart ein særs god månad med 2829 kroner i klubbkassa frå 105 spelarar
Les meir (01.07.2020)
Aktuelt foto frå vinteren 2005
Broren til den sovande jenta er verdsmeister i orientering mange gonger, og skal nytte Velledalen Il sin o-kart til trening i sommar.
Les meir (30.06.2020)
May Evy Nesheim nest beste kvinne i Mefjellet Opp
Frode Mauren vart nummer to i klasse M 45-49
Les meir (28.06.2020)
Kjetil og Per-Gunnar fekk klaff med juni-vêret
Alle vi veit om synest juni 2020 har vore ein framifrå vêrmånad
Les meir (28.06.2020)
Lukke til Frode og May Evy!
Frode Mauren og May Evy Nesheim er i dag på plass i Fjørå der starten går for motbakkeløpet Mefjellet Opp.
Les meir (28.06.2020)
Toppløpar klar for Velledalen IL
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er stolt som ein hane om dagen etter å ha fått sterke Constantin Rust (23) inn på laget.
Les meir (28.06.2020)
Stor takk til Sparebanken Møre
Banken gav 25 000 kroner (TEFR-midlar) til prosjektet « Orienteringskart Ikornnes/Sessvatnet).
Les meir (28.06.2020)
Eit vakkert foto om gode rollemodellar!
Så godt som alle born har sine rollemodellar, med gjerne foreldra i aller fremste line.
Les meir (23.06.2020)
Kvepsebol
Pass opp for små hissige kvepsar.
Les meir (22.06.2020)
Litt stoff omkring det å vere o-løpar
Meir frå «Oppdal 2-dagars». Mellom anna våre utøvarar sine resultat andre dag
Les meir (22.06.2020)
Tomasløpet: Ny triumf til Constantin Rust
Arrangøren, Velledalen IL, er ikkje nøgde med 42 deltakarar. Men vinnartidene var fine, 17.55 på Constantin Rust og 22.52 på Elida Fuglem.
Les meir (21.06.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no