Navigasjon
Navigasjon
Jo André Tandstad: Mange-syslar innan idrett

ALDER: 35

BUSTAD: Langevåg

YRKE: Prosjektleiar for Inmarsat (Ålesund)

KLUBB: Velledalen IL

 

Jo André starta med fotball og Bordtennis. Hasta vidare med friidrett, judo, volleyball, før han slo seg på kondisjonsidrett med sykkel som fyrste grein. Så vart det løp og romaskin. I sistnemnde grein tek han stadig steg mot god nasjonal klasse.

 

Vi kan ikkje gå inn på alle idretteane til Jo André, men vi slår fast at han er allsidig. Han er stor og sterk, med ein kropp dei fleste ekspertar ville omtala som. «Ingen typisk løparkropp». Difor er det rett og slett ein sensasjon at han i 2011 sprang Konradløpet på 16.30, og 16.33 året etter. Han har også par-rekorden i Konradløpet på 37.27. Sett i 2011 i spann med Kathinka Havnegjerde.

 

Paret som i 2011 var sambuarar er i dag gifte, har to søner og bur i Langevågen. Strategisk ved turløypa rundt Vassetvatnet. Av hobbyar kan nemnast heimekino/audiofili og ulike snekkar-oppdrag i «do it yourself-kategorien».

 

Jo André likar å bygge og ordne ting sjølv, og er flink til snekring. La kanskje grunnlaget ved Møbeltre og Stjernemadrassen i unge år. Han er kjend som ein positiv og lettliva kar, som årleg arrangerer «Tandstad Garden Games» - for familien med stor deltaking.

 

Sett med VIL-auge er det interessant at våre mest allsidige utøvarar driv med idrettar som OCR hinderløp og roing – på romaskin.

 

PS. Minnest godt «bølgje 2» i bordtennis i Sykkylven, med Ullavik skule som treningsarena for ei relativt lita gruppe aktive. Stjerna der heitte Jo André Tandstad

    Jo André

 

Er Vørterøl favorittdrikken din?

Nei, dessverre har ikkje smakssansane vent seg til smaken av vørterøl, men Pepsi Max, derimot. Det er gull!

 

Kva er favorittretten din?

Er veldig svak for heimelaga pizza. Elles er laks med tagliatelle og creme fraiche overraskande godt.

 

Fortel kort om idrettskarriera di.

Det byrja med fotball og bordtennis. I fotball hadde eg god styrke i venstrefoten, men det var stort sett alt, så der gav eg meg tidleg. Bordtennis spelte eg derimot aktivt i 15-20 år. Har elles vore innom friidrett, judo og volleyball, før eg i 2005 byrja med kondisjonsidrett. Starta med sykling som var hovudidretten første tre åra, og var med på ein god del ritt, alltid med terrengsykkel. Hovudmålet var likevel heile tida å sykle rundt Sykkylsvfjorden på under 25 minutt. Når eg klarte det på 24:59, gjekk lufta litt ut for sykkelinteressa. Den sesongen satt eg 4 000 km på sykkelsetet. I 2006 lokka foreldra mine og søstra mi meg med på Konradløpet, og eg vart «bitt av basillen». Konradløpet og Skåla Opp har sidan den tida vore favorittløpa mine.

 

Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?

Som ung «hynfant» i bordtennisverda vart eg ofte intervjua av ein særs triveleg kar som heitte Atle Hole. Eg likte den gode humoren hannar og den brennande interessa for lokale og gjerne smale idrettar. Såleis kan ein vel konkludere med at Atle var min inngangsbillett til VIL når eg byrja med løp. Når han sat ved roret så måtte dette laget vere innertiar for meg.

 

Når var du sist på ein VIL-trimpost?

Sist gong eg tok del i Tomasløpet. (Journ.anm: eit løp som Jo-André var med på å starte opp, og tok del i seinast i 2019.)

 

Sportsleg mål for det neste året?

Topp 10 i NM i romaskin kan vere innanfor rekkevidde, samt toppe Noregsrankingen på dei fleste mellomdistansar, altså frå 2 000 til 10 000 meter. Samt kome i god form til løpsesongen 2021.

 

Favorittmusikk?

Til vanleg eldre rock og akustisk musikk. Til trening må blodpumpa aktiverast, så då er stikkorda: hardt, tungt og høgt!

 

Kva likar du å sjå på fjernsyn?

Filmar og seriar. Favorittfilmane er Shawshank Redemption, Boondock Saints og Pulp Fiction. Beste seriane er House MD og Suits. No for tida går det i Suits og Tiger King.

 

Kor likar du best å feriere?

Trivst veldig godt i Noreg, gjerne på bilferie til nye og litt ukjende lokasjonar. Mikkelparken i Kinsarvik er eit slik eksempel, og kan anbefalast på det sterkaste for bornefamiliar. Elles var ikkje turen til Afrika å forakte, med Kilmanjaro, safari og ei veke på Zanzibar.

 

Har du eit treningstips å dele med lesarane?

Personleg er eg velig glad i å analysere treninga mi i ettertid, så verkty som Strava og Concept 2-rankingen har vore glimrande til dette. Elles så er det å finne ei treningsform som ein finn glede i, og ikkje ta det for hardt kvar gong!

 



Publisert: Onsdag 29. April 2020 Kl. 22:39
Siste nyhende
80 fullførande i Jordbærdilten i Valldal
Flotte løp i den 3,2 km lange løypa av VIL-trioen Vegard Riksheim Tandstad, Frode Mauren og Roger Vanebo.
Les meir (26.07.2020)
Pe-Tomasz på besøk i Velledalen
FOTO: Frå fjord til fjell 2014 Vert på Hjorthol i Velledalen frå 23.juli til 30.juli.
Les meir (25.07.2020)
Eks VIL-utøvar fyller 90 år.
ArkivfotoI dag gratulerer vi Torleiv Hole med 90 års dagen den 19.juli.
Les meir (19.07.2020)
Henning tok alle trimpostane
Henning på Myrdalsfjellet. Foto: Asgeir Tandstad.Her er Henning sine eigne ord frå prosjektet, dagen etter stuntet.
Les meir (19.07.2020)
Henning vart historisk klokka 20.43
Henning Tandstad vart den fyrste frå Tandstad krins som tok alle Velledalen IL sin 14 trimpostar på same dag til fots!
Les meir (19.07.2020)
Henning tar trimpostane – litt om turen.
Vart ulideleg trøytt då han nærma seg Brunstad Kraft og måtte ha søvnpause.
Les meir (18.07.2020)
Tidlegare A-kjendis ved start
Foto henta frå www.athenas.noLitt tøft at Cato Zahl Pedersen var mellom dei frammøtte ved ungdomshuset Vårvon då Henning starta trimpost-turen.
Les meir (18.07.2020)
Regnskyll for Henning i krevande parti
Henning Tandstad held stø kurs mot målet, men måtte tole kraftige regnbyger på strekninga Holetindane – Svartevatnet.
Les meir (18.07.2020)
Kjøpmann på tur – sommaren er tida for stunt
Les kven av Velledalen IL sine medlemar som har planlagt å ta alle trimpostane i same tur, med start komande natt (laurdag 18.juli).
Les meir (17.07.2020)
To spenstige bursdagar innmelde i dag
Veit nokon kva Einar Magne Fet og Erling Johannes Tandstad har felles….? Les saka, så får du svaret
Les meir (17.07.2020)
Æresmedlem Magnar fyller 93 år
Arkivfoto15.juli vert Velledalen IL sin eldste æresmedlem, Magnar Fet, 93 år.
Les meir (15.07.2020)
Velledalen IL-jakke på Preikestolen
Ikkje preikestolen i ei kyrkje, men sjå foto av kven som har vore på turistmålet Preikestolen.
Les meir (15.07.2020)
Helsing frå Sørlandet
Nettsida har fått inn ei helsing frå familien Mosby Nakken som ferierer på Sørlandet
Les meir (14.07.2020)
Send oss helsingar!
Velledalen IL sin klubbjakker, eller andre kolleksjons-plagg, er for tida spreidde utover kongeriket og endå vidare.
Les meir (14.07.2020)
Nettsida oppe og går igjen
Det er ferietid, og forsyne meg har ikkje nettsida til Velledalen IL også teke ferie.
Les meir (14.07.2020)
O-gruppa jobbar knallhardt med kart
Nytt kart i området Ikornnes/Sessvatnet, oppdatering av Velledals-kartet og utviding av Fjellsætet-kartet.
Les meir (05.07.2020)
Trimbingo til Brunstadsætra 12.juli
Arkivfoto Trimgruppa melder at den årlege grillkvelden vert noko amputert i coronaåret
Les meir (05.07.2020)
Nytt karusell-løp i Ålesund 8.juli
Andre løp i Ålesund Sommarkarusell vert arrangert onsdag 8.juli
Les meir (05.07.2020)
Ove Skylstad held fram som leiar i VIL
«Orrenes-ekspressen» (Sondre Bårnes) einaste nye i hovudstyret.
Les meir (05.07.2020)
Takkar for 2829 grasrotkroner i juni!
Juni vart ein særs god månad med 2829 kroner i klubbkassa frå 105 spelarar
Les meir (01.07.2020)
Aktuelt foto frå vinteren 2005
Broren til den sovande jenta er verdsmeister i orientering mange gonger, og skal nytte Velledalen Il sin o-kart til trening i sommar.
Les meir (30.06.2020)
May Evy Nesheim nest beste kvinne i Mefjellet Opp
Frode Mauren vart nummer to i klasse M 45-49
Les meir (28.06.2020)
Kjetil og Per-Gunnar fekk klaff med juni-vêret
Alle vi veit om synest juni 2020 har vore ein framifrå vêrmånad
Les meir (28.06.2020)
Lukke til Frode og May Evy!
Frode Mauren og May Evy Nesheim er i dag på plass i Fjørå der starten går for motbakkeløpet Mefjellet Opp.
Les meir (28.06.2020)
Toppløpar klar for Velledalen IL
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er stolt som ein hane om dagen etter å ha fått sterke Constantin Rust (23) inn på laget.
Les meir (28.06.2020)
Stor takk til Sparebanken Møre
Banken gav 25 000 kroner (TEFR-midlar) til prosjektet « Orienteringskart Ikornnes/Sessvatnet).
Les meir (28.06.2020)
Eit vakkert foto om gode rollemodellar!
Så godt som alle born har sine rollemodellar, med gjerne foreldra i aller fremste line.
Les meir (23.06.2020)
Kvepsebol
Pass opp for små hissige kvepsar.
Les meir (22.06.2020)
Litt stoff omkring det å vere o-løpar
Meir frå «Oppdal 2-dagars». Mellom anna våre utøvarar sine resultat andre dag
Les meir (22.06.2020)
Tomasløpet: Ny triumf til Constantin Rust
Arrangøren, Velledalen IL, er ikkje nøgde med 42 deltakarar. Men vinnartidene var fine, 17.55 på Constantin Rust og 22.52 på Elida Fuglem.
Les meir (21.06.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no