Navigasjon
Navigasjon
Bruna trimpost: Mange gjeng mykje!

Vegard Tandstad har sendt ein særdeles innhaldsrik rapport frå Bruna trimpost, datert 24.april. Den omhandlar alt frå orreleik til store mørketal ved posten. Det er verdt å merke seg at han hadde med ekspert-kommentator på turen.

 

Fyrst i rapporten skriv Vegard litt om fenomenet Jan-Kåre Oterhals:

-           Jan-Kåre Oterhals er tett på 500 turar, og talet aukar veldig jamt! Om ein rundar av til 300 høgdemeter oppover per tur, så tilsvarar det nesten 17 turar opp på Mount Everest.

 

På dei neste plassane nemner meldaren vår Inger Riksheim med 313 turar den 24.april, og at Ingunn Hunnes (om lag 160 turar) og Solveig Olsen (om lag 155 turar) duellerer tett om 3.plassen på lista. Fantastiske prestasjonar alt i hop. Inger og Einar Fet vert også nemnt som eit par som går mykje.

 

I ei så omfattande bokutgåve som trimboka på Bruna er, er det ikkje lett å plukke ut kven som har gått mest av den yngre garde, men han nemner at i alle fall Lise Rotnes har gått ein del med borna. Den fyrste trimboka på Bruna er alt skifta ut, som fortel at posten hittil er best besøkt mellom VIL sine 14 postar.

 

Gjennom vinteren har skigåing – særleg i retning Langeneset – vore ein populær aktivitet. Her vert Einar Riksheim og Bente Hjelle sine namn trekte fram som trottige.

 

Siste bolken i meldaren sin rapport handlar om orreleik, noko han også prøvde filme.

Dette kan andre og prøve, då ekspertkommentatoren som var med, meinte sjansane var gode om ein gjekk tur tidleg, eller seint.



Publisert: Søndag 26. April 2020 Kl. 10:17
Siste nyhende
80 fullførande i Jordbærdilten i Valldal
Flotte løp i den 3,2 km lange løypa av VIL-trioen Vegard Riksheim Tandstad, Frode Mauren og Roger Vanebo.
Les meir (26.07.2020)
Pe-Tomasz på besøk i Velledalen
FOTO: Frå fjord til fjell 2014 Vert på Hjorthol i Velledalen frå 23.juli til 30.juli.
Les meir (25.07.2020)
Eks VIL-utøvar fyller 90 år.
ArkivfotoI dag gratulerer vi Torleiv Hole med 90 års dagen den 19.juli.
Les meir (19.07.2020)
Henning tok alle trimpostane
Henning på Myrdalsfjellet. Foto: Asgeir Tandstad.Her er Henning sine eigne ord frå prosjektet, dagen etter stuntet.
Les meir (19.07.2020)
Henning vart historisk klokka 20.43
Henning Tandstad vart den fyrste frå Tandstad krins som tok alle Velledalen IL sin 14 trimpostar på same dag til fots!
Les meir (19.07.2020)
Henning tar trimpostane – litt om turen.
Vart ulideleg trøytt då han nærma seg Brunstad Kraft og måtte ha søvnpause.
Les meir (18.07.2020)
Tidlegare A-kjendis ved start
Foto henta frå www.athenas.noLitt tøft at Cato Zahl Pedersen var mellom dei frammøtte ved ungdomshuset Vårvon då Henning starta trimpost-turen.
Les meir (18.07.2020)
Regnskyll for Henning i krevande parti
Henning Tandstad held stø kurs mot målet, men måtte tole kraftige regnbyger på strekninga Holetindane – Svartevatnet.
Les meir (18.07.2020)
Kjøpmann på tur – sommaren er tida for stunt
Les kven av Velledalen IL sine medlemar som har planlagt å ta alle trimpostane i same tur, med start komande natt (laurdag 18.juli).
Les meir (17.07.2020)
To spenstige bursdagar innmelde i dag
Veit nokon kva Einar Magne Fet og Erling Johannes Tandstad har felles….? Les saka, så får du svaret
Les meir (17.07.2020)
Æresmedlem Magnar fyller 93 år
Arkivfoto15.juli vert Velledalen IL sin eldste æresmedlem, Magnar Fet, 93 år.
Les meir (15.07.2020)
Velledalen IL-jakke på Preikestolen
Ikkje preikestolen i ei kyrkje, men sjå foto av kven som har vore på turistmålet Preikestolen.
Les meir (15.07.2020)
Helsing frå Sørlandet
Nettsida har fått inn ei helsing frå familien Mosby Nakken som ferierer på Sørlandet
Les meir (14.07.2020)
Send oss helsingar!
Velledalen IL sin klubbjakker, eller andre kolleksjons-plagg, er for tida spreidde utover kongeriket og endå vidare.
Les meir (14.07.2020)
Nettsida oppe og går igjen
Det er ferietid, og forsyne meg har ikkje nettsida til Velledalen IL også teke ferie.
Les meir (14.07.2020)
O-gruppa jobbar knallhardt med kart
Nytt kart i området Ikornnes/Sessvatnet, oppdatering av Velledals-kartet og utviding av Fjellsætet-kartet.
Les meir (05.07.2020)
Trimbingo til Brunstadsætra 12.juli
Arkivfoto Trimgruppa melder at den årlege grillkvelden vert noko amputert i coronaåret
Les meir (05.07.2020)
Nytt karusell-løp i Ålesund 8.juli
Andre løp i Ålesund Sommarkarusell vert arrangert onsdag 8.juli
Les meir (05.07.2020)
Ove Skylstad held fram som leiar i VIL
«Orrenes-ekspressen» (Sondre Bårnes) einaste nye i hovudstyret.
Les meir (05.07.2020)
Takkar for 2829 grasrotkroner i juni!
Juni vart ein særs god månad med 2829 kroner i klubbkassa frå 105 spelarar
Les meir (01.07.2020)
Aktuelt foto frå vinteren 2005
Broren til den sovande jenta er verdsmeister i orientering mange gonger, og skal nytte Velledalen Il sin o-kart til trening i sommar.
Les meir (30.06.2020)
May Evy Nesheim nest beste kvinne i Mefjellet Opp
Frode Mauren vart nummer to i klasse M 45-49
Les meir (28.06.2020)
Kjetil og Per-Gunnar fekk klaff med juni-vêret
Alle vi veit om synest juni 2020 har vore ein framifrå vêrmånad
Les meir (28.06.2020)
Lukke til Frode og May Evy!
Frode Mauren og May Evy Nesheim er i dag på plass i Fjørå der starten går for motbakkeløpet Mefjellet Opp.
Les meir (28.06.2020)
Toppløpar klar for Velledalen IL
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er stolt som ein hane om dagen etter å ha fått sterke Constantin Rust (23) inn på laget.
Les meir (28.06.2020)
Stor takk til Sparebanken Møre
Banken gav 25 000 kroner (TEFR-midlar) til prosjektet « Orienteringskart Ikornnes/Sessvatnet).
Les meir (28.06.2020)
Eit vakkert foto om gode rollemodellar!
Så godt som alle born har sine rollemodellar, med gjerne foreldra i aller fremste line.
Les meir (23.06.2020)
Kvepsebol
Pass opp for små hissige kvepsar.
Les meir (22.06.2020)
Litt stoff omkring det å vere o-løpar
Meir frå «Oppdal 2-dagars». Mellom anna våre utøvarar sine resultat andre dag
Les meir (22.06.2020)
Tomasløpet: Ny triumf til Constantin Rust
Arrangøren, Velledalen IL, er ikkje nøgde med 42 deltakarar. Men vinnartidene var fine, 17.55 på Constantin Rust og 22.52 på Elida Fuglem.
Les meir (21.06.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no