Navigasjon
Navigasjon
Camp Velledalen 2019 samla 245 deltakarar

Det fyrste Camp Velledalen er over. Og det vart suksess for konseptet som dyrkar friluftsliv, mosjon, trening og læring på ulike plan. I alt deltok 245 personar på dei ulike aktivitetane. Ingen av dei lokale innbyggjarane deltok på alt, noko det heller ikkje er meininga at folk skal.

 

Men fem personar deltok på alt. Og desse fekk køyrt seg gjennom veka. Dei som gjorde det var Kristoffer Selmer, Nikolai Handle Jensen og Anette Heimli Jokstad frå Osloavdelinga, pluss initiativtakarane, Anders Wigdahl og Ellen Marie Hole, frå same avdeling.

 

Av enkelt-arrangement var det Terje Aurdal sitt føredrag under «kick off» på Fjøla, og Naturstien ved Langenesvatnet på dag 2, som trekte mest folk. Alle fjell-turane trekte 10-20 personar. Orienteringa og hindertreninga trekte litt meir enn fjellturane.

 

Vêret vart særdeles høveleg arrangements-veka, men var rett og slett skrekkeleg veka før. Så der var vi heldige. Vi trur dei fleste har med seg gode minne og flotte foto frå veka. Anders og Ellen er heilt sikkert takknemleg for innspel mot eit neste år, og tilbakemeldingar på årets veke.

 

Velledalen IL takkar alle som bidrog under Camp Velledalen 2019, og ikkje minst takkar vi dei 14 som representerte Velledalen IL under Ålesund Sommarkarusell. Desse sette verkeleg laget vårt på kartet.



Publisert: Måndag 15. Juli 2019 Kl. 09:49
Siste nyhende
Ullavik skule fyrst ute med skulegardskart
Då er det fyrste skulegardskartet i Sykkylven kommune på plass i regi av Velledalen IL, o-gruppa. Ullavik skule sitt skulegardskart er teikna av Lars Even Hatlemark.
Les meir (11.08.2020)
God start på o-hausten
Sundag 6.september kan bli ein historisk dag med o-kretsløp på ikornnes, om sprintkartet blir ferdig
Les meir (10.08.2020)
Camp Velledalen 2020: Varierande vêr og frammøte
Ei veke proppfull med aktivitet er over. Initiativtakarane sit att med blanda kjensler.
Les meir (09.08.2020)
«Skogsvegen Fet» best i straffespark på Dalemyra
Regnet auste ned då Camp Velledalen 2020 vart avslutta med lagkonkurranse i straffespark på Dalemyra. «Skogsvegen Fet» slo «Liverpool» i finalen.
Les meir (09.08.2020)
Birkebeinerløpet vert arrangert 5. september
Tre utøvarar frå Velledalen IL påmelde hittil. Les kven.
Les meir (09.08.2020)
Siste løpet i Sommarkarusellen komande onsdag
Tre frå Velledalen IL kan bli premiert etter løpet; Vegard, Frode og May Evy.
Les meir (08.08.2020)
Virtuelt halvmaraton for Sivert og Andreas
Laurdag 19.september spring Sivert og Andreas Mosby Nakken eit såkalla virtuelt Oslo Halvmaraton.
Les meir (07.08.2020)
Har nokon funne solbrillene til Bjørn Arve
Bjørn Arve Brune frå Stranda miste solbrillene sine på veg til Brunstadsætra fredag 7.august.
Les meir (07.08.2020)
Per Inge best opp fjellet
Sju utøvarar deltok under ei av Camp Velledalen sine hardaste økter, nemleg strekninga Lade – Svartevatnet, anten til fots eller på rulleski.
Les meir (07.08.2020)
3000 meter test fyrste post på «Campen»
Presis klokka 09.35 sende Svein Arne Nakken 11 utøvarar ut frå start på Ikornnes Idrettspark. Andre utgåva av Camp Velledalen var i gang.
Les meir (06.08.2020)
Emma sparka i gang Camp Velledalen 2020
I år var det uredde Emma Holmberg (21) som heldt føredrag på Fjøla i Straumgjerde under opninga av Camp Velledalen.
Les meir (06.08.2020)