Navigasjon
Navigasjon
Nyhende
21.01.2010: Ekstraordinært årsmøte i VIL
Onsdag 27.januar held Velledalen IL ekstaordinært årsmøte i Velledalen grendahus klokka 1930.
Les meir
 
17.01.2010: Kenneth med solid årsbeste
Kenneth Fet deltok i Vestlandsmeisterskapen i langrenn i Stryn denne helga. Etter niandeplass i sprint fristil vart det ein sterk sjetteplass i dagens klassiske renn.


Les meir
 
16.01.2010: Viktig idrettshelg
UM-samling i Storhallen og Vestlandsmeisterskap i langrenn i Stryn er menyen for våre to idretts-ess denne helga.
Les meir
 
16.01.2010: Jan historisk – finpussar forma før veteran-OL
Jan Ringseth er ikkje redd utfordringar. Om ikkje lenge reiser han til Slovenia for å delta i dei fyrste olympiske vinterleikane for veteranar
Les meir
 
13.01.2010: Strandacuprenn på ski
Kort rapport med harde fakta etter årets fyrste Strandacuprenn, 10 km fristil i lysløypa på Strandafjellet.
Les meir
 
13.01.2010: Kan vi friste med eit fjellmaraton i Hong Kong..?
No er det for seint, det vart nemleg arrangert 10.januar. Sverre Gunnar Brunstad var der.
Les meir
 
09.01.2010: Fjellsæterrunden /Det Store Folkerennet – viktige skidatoar
Kanskje er du mellom dei mange som er dyktig på langtidsplanlegging. I så fall kan det vere greitt å vite kva tid skiforma skal prikkast inn.
Les meir
 
03.01.2010: Kanonframgang for Kenneth
Kenneth Fet opna med ein forsiktig sjuandeplass under Romjulsrennet i Molde. I dag viste han seg frå ei heilt anna side under det andre kretscuprennet i Valldal.


Les meir
 
02.01.2010: Grasrotmidlar til lokale lag i 2009
Ikkje uventa kom Velledalen IL best ut av laga i dalen med omsyn til grasrotmidlar i 2009. Velledalskoret fekk minst.
Les meir
 
01.01.2010: Gode tal for VIL-nettsida.
Folk har ikkje hatt det meir travelt i desember enn at dei har vore inne på nettsida. Ved midtnatt vart det klart at den nye månadsrekorden er på 1661.


Les meir
 
30.12.2009: Årskavalkade 2009
JANUAR: Kenneth Fet deltok – som den fyrste frå VIL – i Norgescuprenn for junior i Trøndelag. VIL vart meldt inn i Frivillighetsregisteret. Æresmedlem Fridtjof Drabløs vart 90 år. Hilde Riksheim Tandstad vart KM-vinnar på 800 meter innandørs i Tingvollhal
Les meir
 
28.12.2009: Kenneth opna med sjuandeplass
Kenneth Fet sesongopna med sjuandeplass under Romjulsrennet i Molde tredje juledag
Les meir
 
26.12.2009: Romjulsmarsj samla 140
Trimgruppa i Velledalen IL sviktar ikkje. Romjulsmarsjen 2. juledag samla nesten like mykje folk som ”fyrstegongsstempelet” for 30 år sidan.


Les meir
 
25.12.2009: Idrettsstipend til Kenneth og Hilde.
Under Miniidrettsgallaen i Velledalen grendahus vart det delt ut to idrettsstipend. Til langrennsløparen Kenneth Fet og friidrettsjenta Hilde Riksheim Tandstad


Les meir
 
23.12.2009: Olaf Øien og Hilde R. Tandstad ”Årets Utøvar 2009”
Juryen fann det rettast å gi den høgthengande prisen ”Årets Utøvar” i VIL til to personar for idrettsåret 2009, nemleg langdistanseutøvaren Olaf Øien (66) og friidrettstenåringen Hilde R. Tandstad (17)


Les meir
 
23.12.2009: 2.juledag går vi Romjulsmarsj
Romjulsmarsjen er saman med Fjellsæterrunden det nolevande VIL-arrangementet med lengst fartstid.
Les meir
 
22.12.2009: Miniidrettsgallaen” – Odd Kåre Fet heidra
Odd Kåre Fet er ein trufast idrettsmerketakar og vart heidra for dette under ”Miniidrettsgallaen” i Velledalen grendahus nyleg.


Les meir
 
22.12.2009: Kulturminneåret mot slutten – historisk foto
Vi er inne i siste dagane av kulturminneåret og presenterer her eit foto frå Paul Hole sin 80 års dag.


Les meir
 
19.12.2009: Miniidrettsgalla i grendahuskjellaren
Sundag 20 desember klokka 1930 vert det ”idrettsgalla” i lite format i grendahuskjellaren. Ei rekkje premiar og utmerkingar for året 2009 skal delast ut.


Les meir
 
14.12.2009: Ingen tok på seg leiarvervet i VIL
Ingen tok på seg vervet som leiar i Velledalen IL etter Atle Hole då laget heldt årsmøte i kveld. Det vert nytt årsmøte den 27. januar.
Les meir
 
12.12.2009: Atle Hole går av som leiar i VIL
Etter åtte og eit halvt år som samanhangande leiar i VIL har han varsla valkomitéen om at han ikkje tek attval under årsmøtet måndag.
Les meir
 
12.12.2009: Endelege trimpostresultat
Etter at vi la resultata ut ”til høyring” på www.velledalen.net kom det inn nokre protestar. Dei har trimgruppa no teke til fylgje. Dermed vart det nokre små endringar på lista.


Les meir
 
09.12.2009: Registrer spelekortet ditt på Velledalen IL
Året er snart omme. Det same er debutåret for ordninga med grasrotandel. Ei ordning som gjer at fem prosent av det ein spelar tippar for, går direkte til det laget spelaren tilgodeser.
Les meir
 
09.12.2009: Velledalingar skal få dreis på damefotballen
Etter å ha halde seg til trenarar frå meir sentrale strok at bygda, satsar no FK Sykkylven på utkantane i håp om å få skikk på damefotballen.
Les meir
 
06.12.2009: Uslåeleg rekord?
Ordet uslåeleg vart brukt i 2002 då Liv Skogvold gjekk til ny rekord med 2629 poeng. Difor står vi i beit for dekkande ord dette året når Geir Helge Grebstad gjer seg fortent til 3248 poeng.


Les meir
 
06.12.2009: Fantastiske 14999 trimbokregistreringar
Trimgruppeleiaren i VIL, Nils Terje Skylstad, er sær tilfreds når han kan melde om rekordoppslutning på dei 13 trimpostane siste året.
Les meir
 
05.12.2009: Retting trimpostresultat – Marianne opp på 2.plass
Idrettslaget sin trimstatistikk hadde diverre gløymt ti turar i Regndalen for Marianne Urke. No er feilen retta opp med det resultat at dama spratt opp frå tredje- til andreplass.

Stine, Marianne og Arnt i innspurten av Konradløpet 2008
Stine, Marianne og Arnt i innspurten av Konradløpet 2008
Les meir
 
02.12.2009: Trimpostresultat – butikkMarianne på tredjeplass
I dag ropar vi 3x3 hurra for Marianne Urke. Med 1706 poeng kneip ho tredjeplassen i samandraget dette året.
Les meir
 
01.12.2009: Bronse til velledalsjenter
Sist helg vart det arrangert futsal-KM i Blindheimshallen for klasse J 19. Her tok fleire velledalsjenter del, anten på laget til FK Sykkylven eller Stranda IL
Les meir
 
30.11.2009: Trimpostresultat – fjerdeplassen på samanlagtlista klar
Fire av personane på topp-10 lista er ikkje busette i Velledalen. Den beste av desse fire finn vi på fjerdeplass.


Les meir
 
Arkiv: [0-30] [30-60] [60-90] [90-120] [120-150] [150-180] [180-210] [210-240] [240-270] [270-300] [300-330] [330-360] [360-390] [390-420] [420-450] [450-480] [480-510] [510-540] [540-570] [570-600] [600-630] [630-660] [660-690] [690-720] [720-750] [750-780] [780-810] [810-840] [840-870] [870-900] [900-930] [930-960] [960-990] [990-1020] [1020-1050] [1050-1080] [1080-1110] [1110-1140] [1140-1170] [1170-1200] [1200-1230] [1230-1260] [1260-1290] [1290-1320] [1320-1350] [1350-1380] [1380-1410] [1410-1440] [1440-1470] [1470-1500] [1500-1530] [1530-1560] [1560-1590] [1590-1620] [1620-1650] [1650-1680] [1680-1710] [1710-1740] [1740-1770] [1770-1800] [1800-1830] [1830-1860] [1860-1890] [1890-1920] [1920-1950] [1950-1980] [1980-2010] [2010-2040] [2040-2070] [2070-2100] [2100-2130] [2130-2160] [2160-2190] [2190-2220] [2220-2250] [2250-2280] [2280-2310] [2310-2340] [2340-2370] [2370-2400] [2400-2430] [2430-2460] [2460-2490] [2490-2520] [2520-2550] [2550-2580] [2580-2610] [2610-2640] [2640-2670] [2670-2700] [2700-2730] [2730-2760] [2760-2790] [2790-2820] [2820-2850] [2850-2880] [2880-2910] [2910-2940] [2940-2970] [2970-3000] [3000-3030] [3030-3060] [3060-3090] [3090-3120] [3120-3150] [3150-3180] [3180-3210] [3210-3240] [3240-3270] [3270-3300] [3300-3330] [3330-3360] [3360-3390] [3390-3420] [3420-3450] [3450-3480] [3480-3510] [3510-3520]
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no