Navigasjon
Navigasjon
Div. info

KORT HISTORIKK

Konradløpet er eit løp for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Konrad byrja trene då han var i 70-åra, etter at han og Arne C. Brunstad (Brua-Arne) hadde observert fenomenet ”jogging” i USA. Forma vart stadig betre. Han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 85 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor starta løpet klokka 05.00. Ei av dei faste treningsløypene hans var ”runden” frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går. Andre faste treningsturar var på fjellet Koppen, eller ein kjapp tur på Vellesæta.

OM LØPET

Konradløpet vart fyrste gong arrangert i 2002. Det har start og mål på Brunstad, like ved Jokerbutikken. Løypa er 4,5 km lang etter asfalt, og stort sett ganske flatt (mest stigning i fyrste halvdel). Det er drikkestasjon i Holeøyane (etter halve løpet). Starten for hovudløpet går presis klokka 05.00. Deltakarrekorden i hovudløpet er 372 frå 2006. Samla deltakarrekord medrekna Minikonrad, Oslokonrad, Slovakiakonrad og Påskekonrad er 511 frå 2015.

DELTAKING

2002: 196 deltakarar

2003: 243

2004: 248

2005: 264

2006: 372

2007: 422 (medrekna Minikonrad)

2008: 398 ( medrekna Minikonrad)

2009: 464 (medrekna Minikonrad)

2010: 395 ( medrekna Minikonrad)

2011: 386 ( medrekna Minikonrad)

2012: 450 (medrekna Minikonrad)

2013: 361 (medrekna Minikonrad)

2014: 455 (medrekna Minikonrad)

2015: 511 (medrekna Mini-,Påske-,Oslo-, og Slovakiakonrad)

GRATIS FRUKOST

I samband med VIL sitt 100 års jubileum i 2006 vart det spandert gratis frukost på alle deltakarane i Konradløpet. Dette vart så populært at det sidan har vore fast tradisjon. Frukosten vert servert i Velledalen grendahus, der det også er garderober, premieutdeling .m.m.

 

KONRADFILMEN

Odd Kvammen – slektning av Konrad Brunstad – forstod at Konrad var noko utanom det vanlege. Han laga film om Konrad frå dei åra han dreiv som hardast, og der han sjølv fortel om sin fysiske kvardag, om helse og motivasjonen for å drive på. Ein knakande god film, og utan denne filmen hadde det kanskje aldri blitt noko Konradløp. Filmen vart vist i gravferda til Konrad. Ole Petter Berge var sendebod til idrettslaget og den som fyrst ymta frampå om at ”Konrad eigentleg skulle hatt sitt eige løp”.

Det fekk han, og Odd Kvammen har gitt ein film i gåve til VIL, slik at Konrad sine tankar kring mosjon, helse og livsfilosofi  elles,  kan bli friska opp att i samband med Konradløpet.

FLEST KVINNER

Konradløpet – der farta ikkje er viktig, heiter det. Og mesteparten av deltakarane stressar ikkje i løypa. Rett nok er det tidtaking i Konradløpet, men berre av dei drygt hundre fyrste som går over mål. Tidene til 2/3 av deltakarane vert aldri gjort offentlege. Litt spesielt er det òg, at løpet dei fleste åra har samla fleire kvinner enn menn. Ikkje stor skilnad, men om lag 55-45 i kvinnene sin favør i snitt. Eit klart prov på at dette er eit ”landevegsløp” utanom det vanlege. I 2012 hadde mannfolka mobilisert. Då enda "kjønnsduellen" 169-169 i Hovudløpet.  2013 var året der mannfolka for fyrste gong var i fleirtal, då hovudløpet enda 155-135 i mannfolka sin favør.

MINIKONRAD

Vart fyrste gong arrangert i 2007. Den gongen var løpet for aldersgruppa 0-13 år, og samla 64 deltakarar. Tilbakemeldingane var positive. Seinare vart løpet utvida til å gjelde aldersgruppa 0-16 år (ut Ungdomsskulen). Løpet vert alltid arrangert kvelden før hovudløpet - altså 30. april.

Fyrst dei yngste utan tidtaking.   

Like etter 11 år og eldre med tidtaking. I 2015 deltok 162 unge i Minikonrad, så mange at arrangøren bestemte at det i ettertid skulle delast i tre startar.

Minikonradløypa er 1050 meter lang, 40 prosent på grus, 60 prosent på asfalt.

NB!: Påmelding løpsdagen - i god tid før start.

Her vert samtlege premiert, startkontingent kr 60,-

Tidlegare har skiskyttar og motbakkeløpar Hans Martin Gjedrem (med fleire NM-gull som senior) kasta glans over premieutdelinga og like eins skihopparen Tommy Lianes (217 meter). I 2013 hadde vi vitjing av Ivar Ulvedal med fleire gull frå Special Olympics World Winter Games, medan det i 2014 var Martine Lorgen Øvrebust, NM-vinnar i langrenn junior, som delte ut premiar. I 2015 var det sykkylvsbygda sin eigen kastar, Herman Velle Aurdal, som fekk æra.

Start og mål same stad som for hovudløpet; Brunstad i Velledalen (ved Jokerbutikken).

Deltakarrekorden i Minikonrad er 162 frå 2015

GRATIS DELTAKING

Det har i alle år vore gratis deltaking for personar med Konrad som føre- eller mellomnamn, og for alle personar over 90 år. Deltaking av personar over 90 år fekk vi tidleg (Tomas Tandstad), men vi måtte utruleg nok vente heilt til 2007 før vi fekk ein person med Konrad som døypenamn på startstreken. Men då kom det til alt overmål tre på ein gong. Eldste Konraden vi har hatt er Konrad Gausemel frå Hornindal som fullførte i fin stil som 84-åring, henta rett frå senga midt på natt i Honndalen av mellom andre Inge Asbjørn Haugen.

PREMIERING

Minikonrad: Alle premiert – lik premiering. (sjå tidlegare i tekseten)

Hovudløpet: Diplom ved fyrste gong deltaking, Konradmedaljen i sølv 3.gong og Konradmedaljen i gull 6.gong. Vidare 10 års premie og 15 års premie. Det vert trekt premiar på startnummer, der om lag 20 prosent av deltakarane vert premiert – i all hovudsak med gåvepremiar.   Dei tre beste damene og tre beste herrane vert premiert. Ny løyperekord gir 1000 kroner i premiepengar både i dame- og herreklassa.

  HARDE FAKTA:

* Deltakarrekord: 511 (Mini-Oslo-Slovakia og Påskekonrad inkludert) (2015)

* Løyperekord damer: Kristine Hjellbakk Hole 17. (2016)                                                       * Løyperekord herrar: Abdulaziz Ibrahim 13.30 (2016)

*Eldste deltakar: Tomas Tandstad deltok i sitt 92.leveår (2004)

* Deltaking frå 20 ulike nasjonar.

* Beste Konrad: Konrad Lillebø 19.55 (2007)

* Beste søskenpar (gut/jente): Sondre og Elisabeth Overvoll Hole, Stranda, 35.24 (2012)

* Beste ektepar/sambuarpar: Kathinka Havnegjerde og Jo Andre Tandstad, Langevåg, 37.27 (2011)

* Nasjonale rekordar:

13.30: Abdulaziz Ibrahim, Eritrea (2016) - løyperekord

14.48: Knut Anders Hatlen, Noreg (2012)

16.34: Michael Uhlar, Tsjekkia (2010)

17.02: Jonas Siurskas, Litauen (2016)

17.55: Niek Schreijer, Nederland (2014)

18.12: Daryl Matthews, Australia (2009)

18.13: Pernille Ibsen Lervåg, Danmark (2016)

19.03: Mateusz Wojcieh Oskiewicz, Polen (2016)

20.15: Sharon Svedgård, Jamaica (2016)

20.24: Olga Sørensen, Russland (2015)

20.29: Fadel Traore, Elfenbeinskysten (2007)

21.17: Georgi Todorov, Bulgaria (2004)

21.51: Irrfe Renz Bagol, Filippinane (2009)

22.07: Martin Lotz, Tyskland (2010)

22.16: Victor Scattergood, England (2009)

24.09: Chris Aggerholm, USA (2007)

24.09: Mehyar Zarzar, Syria (2016)

24.44: Ilyas Degirmenci, Tyrkia (2006)

24.48: Joakim Mårtensson, Sverige (2008)

PÅMELDING

Atle Hole tlf 70 25 07 49 – 917 43 761 e-post: atlehole@online.no

eller Velledalen IL facebook/nettside

Minikonrad: påmelding ved start løpsdagen. Hovudløpet helst innan 30.april

STARTKONTINGENT 2016

Minikonrad: kr 60,- pr.pers

Hovudløpet: Born kr 100,- Vaksne kr 200,- Familie 450 (frukost inkludert for alle)

Dette gjeld påmelding innan 30. april klokka 1600

Seinare påmelding er mogleg mot tillegg i prisen.

På grunn av trivselen ved frukosten er det sett tak på 350 deltakarar ved hovudløpet.

  

Siste nyhende
Velkomen til nye medlemar
O-sporten rekrutterer stadig vekk nye medlemar.
Les meir (23.06.2018)
VIL-utøvar i aksjon jonsokaftan
I dag, 23.juni, skal det springast i Ørsta og på Sunndalsøra.
Les meir (23.06.2018)
TRENINGSLØP ORIENTERING I DAG
I dag er det frammøte ved Berlihuset og  "postjakt" etter sentrumskartet.
Les meir (21.06.2018)
Flott treningsløp for o-løparane
Løypene var denne gongen i området Haugneset-Klokkehaug med start utanfor Berlihuset. Flott treningsløp i ekte sunnmørsk sommarvær i dag.
Les meir (21.06.2018)
SOMMARHELSING FRÅ IDRETTSSKULEN
Eit skuleår med idrettsskulen er no gått. I år har det vært en liten men stabil gjeng med barn fra 1.klasse til 4.klasse. Aller fleste fra Velledalen montesorri skule og eit få tal frå Tandstad skule.
Les meir (20.06.2018)
Tomasløpet: Fjorårs-vinnaren stiller ikkje
I 2017 vann Per Inge Bjørnestad Tomasløpet på tida 19.35. I år vert Per Inge fråverande.
Les meir (19.06.2018)
«The coming man» på veg tilbake
ALLE har Tomasløpet på plakaten sundag 24.juni. Der er det venta ny rekord i klassa for menn med gips.
Les meir (19.06.2018)
Emil og Mateusz Balon på kretssamling
Fylket sine o-løparar har hatt kretssamling i Molde denne helga. VIL var representerte der.
Les meir (17.06.2018)
Nytt kanonløp av Kjell Magnar i Varden Opp
Kjell mgnar og Alf Petter t.h.på foto. Ser nokon Svein...?Friidretts-leiaren vann klasse M 50-54, Svein Arne nummer fire i same klasse.
Les meir (17.06.2018)
TOMAS-løpet 2018
Sundag 24. juni
Les meir (17.06.2018)
O-løp ved Svartevatnet 14.juni
Løparar frå markane IL, Emblem IL og Velledalen IL deltok då o-gruppa arrangerte treningsløp ved Svartevatnet sist torsdag.
Les meir (15.06.2018)
Svein sprang sommarkarusell i Ålesund
Fyrste løpet i årets sommarkarusell i Ålesund vart arrangert onsdag 13.juni.
Les meir (15.06.2018)
Hugs friidrettskarusell på Ikornnes
Vi minner om friidrettskarusell på Ikornnes Idrettspark fredag 15.juni klokka 18.00-20.00
Les meir (14.06.2018)
Stø fotball-kurs
FK Sykkylven sine beste menn spela i kveld 2-2 mot Valder på Valdervoll.
Les meir (14.06.2018)
Flott og god kake til Olaf
Onsdag var det kakeeting for Olaf Einar Øien i kafeavdelinga til Nærbutikken i Velledalen.
Les meir (14.06.2018)
Odd Lennart trufast i Nibbemarsjen
Odd Lennart Lien var som vanleg på plass som deltakar under Nibbemarsjen, lang løype.
Les meir (12.06.2018)
Spretne karar på Bislett
Høgdehopparane under Bislett Games var både spretne og leikne.
Les meir (12.06.2018)
O-gruppa arrangerer treningsløp torsdag 14.juni
Oppmøte på parkeringsplassen ved Svartevatnet. Fri start 17.30-18.30, og det kjem gjestar frå Stryn.
Les meir (12.06.2018)
Robert hadde besøk frå Polen
Gjekk kortversjonen av Nibbemarsjen med start frå Djupvasshytta
Les meir (11.06.2018)
Kake for Olaf onsdag klokka 11.00
Onsdag 13. juni vert det kake på Nærbutikken, spandert av Velledalen IL, for jubilanten Olaf Øien. Alle velkomne!
Les meir (11.06.2018)
Ei kjend skjorte på toppen av Dalsnibba
Under den store mosjonsdagen under fana «Geiranger frå fjord til fjell» møtte vi ein nordmøring med ei kjend t-skjorte.
Les meir (11.06.2018)
Sykkylvstider frå Nibbeløpet 2018
I tillegg nokre få utvalde tider frå mellom anna løparar frå Stranda kommune.
Les meir (10.06.2018)
Radka brukte 3.56.32 på Nibbedobbelen
Her kjem resultat frå Nibbedobbelen i Geiranger, der Radka vann kvinneklassa og sette klubbrekord for Velledalen IL.
Les meir (10.06.2018)
Slik gjekk det med sykkyls-syklistane i Geiranger
Espen og Per Inge best av herrane, Radka beste kvinne.
Les meir (10.06.2018)
13 lukketal for Roger
Tok sitt 5.merke i sin 13.start. Også Oda Alette Kjellsbøl Hole representerte Velledalen IL under Birkebeinerløpet.
Les meir (09.06.2018)
Fantastisk VIL-dag i Geiranger
VIL-brader av Olaf Øien, Radka Vosicka og Kjell Magnar Berli i Geiranger i dag, i tillegg til fleire sterke sykkelprestasjonar.
Les meir (09.06.2018)
Her har du han på «gaffelen», Karsten!
FOTO: Liv Nordli Hole Karsten Warholm var i tet i 300 av 400 meter under langhekk-øvinga i Bislett games.
Les meir (08.06.2018)
Store delar av sesongen ryk for hinder-Anette
arkivfotoSkadd under hindertrening - fleire brot i fotrota.
Les meir (05.06.2018)
Klubbmeteorolog Holmberg har sett litt på vêret
Er du sugen på regn….? Les kva klubbmeteorolog i VIL, Per-Gunnar Holmberg, seier om saka
Les meir (03.06.2018)
Motbakkeløp i sterk varme er tøft
Les Radka sin rapport frå Blåfelden Opp.
Les meir (03.06.2018)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Su24.06
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no