Navigasjon
Navigasjon
Viktige årstal

1903: Fyrste langrennet arrangert i Velledalen

1906: Velledalen IL skipa

1910: Andreas J. Lade fyrste formann ein kjenner namnet til.

1918: Fyrste fotballkampen i Velledalen

1924: Sigvart H Fedt valt til formann etter loddtrekkingmed Sverre Brunstad

1931: Konrad Brunstad, som i 2002 fekk sitt eige minneløp (Konradløpet) valt til formann.

1937: Velledalen IL eige fotballag

1940: Norvald Fet var formann då krigen sette stoppar for all aktivitet

1945: Ole C. Brunstad fyrste formann etter krigen.

1945: Kjøpt grunn til idrettsplass (grusbana) på Dalemyra for kr 3000,-

1946: VIL oppteken i Norges Fotballforbund (NFF)

1946: Helselaget gav 2000 kroner til idrettsbane

1947: V.I.L innmeldt i Norges skiforbund (NSF)

1948: Velledalen IL tok langrennspokalen for beste tremannslag langrenn i bygdarennet

1949: Magnar Fet hoppa 54 meter i Hornindal – det er velledalsrekord den dag i dag (2007)

1950: Grusbana opna i pinsa. Velledalen IL vann eiga turnering med 5-0 over Ringen i finalen

1951: Historisk år. Margit Fet bygdameister i slalåm – fyrste drypp av kvinneidrett i laget.

1952: Velledalen IL og IL Ringen slår saman fotballgruppene og tek etterkvart namnet VRF.

1953: 72 medlemar i VIL

1958: Magre tider – 25 medlemar

1961: Makebyte av grunn til ny idrettsplass på Dalemyra (grasbane)

1962: Arne Larsen, som nyleg var blitt verdsmeister i kombinert, vinn propagandarennet i  

          Brunstadbakken og set ny bakkerekord med 56 meter.

1965: Eliterenn i Brunstadbakken. Johan Flytør vann, bakkerekorden vart flytta til 60,5 meter.

          Hans Jørgen Næss hoppa 65,5 meter og braut foten. Siste rennet i bakken.

          Eiga barne-og ungdomsgruppe skipa

1966: ”Eventyret i Holemarka” På kort tid fekk ein flomlys for hopp, alpint og langrenn.

1967: Løparane vert servert varm mjølk etter målgang ved KM-langrennn i Holemarka

1969: Straumen ”kutta” på grunn av tvilsame installasjonar. Hoppsporten døyr ut (unnateke

          Ståle Ødegård) då alpinsporten kjem til Fjellsætra

1970: Grasbana sådd 20 juni

1971: Grasbana opna 3.juli. VRF vann opningsturneringa etter finalesiger mot Hødd

1972: Samanslåing av VRF/VIL/IL Ringen vart drøfta. TRIM og FJELLSPORT kjem til som

           to nye grupper.

1973:VIL bygg kiosk på Dalemyra

1974: Fjellsportgruppa endrar namn til Fjellivsgruppa (Arild Lade leiar)

1975:Trimgruppa og Fjellivsgruppa slegne saman til Trim-og Fjellivsgruppa. Oppretta to nye

          grupper som ei prøveordning; orientering og bordtennis.

1976: Sigvart R. Velle vart laget sin fyrste æresmedlem

1977: Gruppeformann i friidrettsgruppa, Åge Johnsen, villeggje ned gruppa.

1978: Hestekoskasting vert konkurranseidrett – 30 deltek i velledalsmeisterskapet 4.juni.

          Informasjon-og klubbavisa «Sportsbladet Trimmian» ser dagens lys.

1979: Turlangrennet Fjellsæterrunden vert fellesarr. Mellom SIL; HIL; IIL og VIL

           Øye-cupen i hesteskokasting vert arr. for fyrste gong i Norangsdalen.

          Velledalen IL vert oppteken som medlem i Norges Gang-og Turmarsjforbund.

          Romjulsmarsjen arrangert for fyrste gong – 147 deltakarar.

1980: Vert sett ny medlemsrekord med 215 medlemar pr 1.november

          Velledalesdagane vart arrangert for fyrste gong – varte over åtte dagar

          Deltok med stafettlag i Breimstafetten, Holmenkollstafetten med fleire.

          To marknadar, éin i Velledalen og éin i Straumgjerde, dette året.

          Brøvoll krins vinnar av trimkonkurranse mellom krinsane. 499 delt. totalt.

 1981:Velledalsdagane utvida til å omfatte også VRF, VUL og Skulekorpset

          Innkjøp av nye klubbdrakter.

          Fjellivdelen gjekk ut av gruppa Trim&Fjelliv.

1982: Oddgeir Bruaseth laga film om hesteskokastinga – opptak m.a. frå Velledalen.

           Starta opp med småbarnstrim (4-7 år) og Barnetrim (8-12 år).

1983: Sett opp provisorisk lysløype for dei yngste på Brunstad

1985: Ragnhild Brunstad vart nestleiar i hesteskokastarane sitt Landsstyre

1986: Norges Hesteskokastarforbund vart stifta. VIL arrangerte NM- nesten 50000 netto.

          Bjørg Frøystad Hole vart den fyrste kvinnlege leiaren i laget.

1988: Velledalen tapte pokalkamp mot Stranda i hesteskokasting.

1989: VRF tok over drifta av kiosk og grasbane på Dalemyra.

          Dei fyrste trimkassene vart utplassert på Holetindane, Regndalen, Velle- og Brunstad-

          sætra.

          Grillkveld på Brunstadsætra arrangert for fyrste gong.

 

1990: Nye turmål for trimgruppa: Koppen, Høgsætra og Myrdalsfjellet.

1991: 47 betalande medlemar – botnnivå i moderne tid.

          Nye turmål: Sætreelva i Holemarka og Skogsvegen på Hjorthol.

1992: Starta opp med idrettsskule i regi av IKU (idrettens kontaktutval).

          Ny rekord i Romjulsmarsjen – 223 deltakarar.

1993: Idrettsskulen vart driven i VIL-regi frå hausten av.

          Starta opp med badminton for mosjonistar.

          Deltok i fakkelstafetten og innsamling til Olympic Aid.      

1994: Årsmøtet vedtok å melde laget ut av Norges Gymnastikk- og Turnforbund.

1995: Arrangerte Fredsmarsj 8.mai.

          Samanslåing VUL/VIL vart drøfta

1997: Torild Hole representerte VIL i Møre og Romsdal Idrettskrets sitt styre (1997-2001).

1998: Årsmøtet vedtok å melde VIL ut av Skikretsen

          Bondetrim og Ungdomstrim var nye tiltak dette året.

1999: VIL melde seg inn att i Skikretsen.

          Dei ti turmåla samla totalt 7117 registreringar – ny rekord.

          Ny lov for Velledalen IL vedteken.

2000: Laget arrangerte Tusenårsmarsjen- Norge 2000

2001: Dametrimmen starta opp igjen etter mange års pause

          Årsmøtet vedtok at VIL skulle meldast inn i Friidrettskretsen

2002: Nye arrangement: Kakeetarfestival, Konradløpet og Ramstaddalsløpet

          Trimgruppa var på Galdhøpiggen

          Liv Skogvold sette ein uslåeleg(??) trimrekord med 2629 poeng

2003: Kakeetarfestivalen «sprengde» Grendahuset.

          VIL vart medarrangør (saman med VRF) i Førjulsmessa.

          Ny trimrekord med 7735 registreringar.

          Torild Hole leiar i Sykkylven Idrettsråd.

          Paul Hole tok krava til idrettsmerke for 40. gong som den fyrste i VIL.

2004: Mattilsynet gjorde sitt til at Kakeetarfestivalen 2004 vart den siste.

          Nye arrangement: Aktivitetsdag (sommar) og Bygdastafett (vinter).

          Trimgruppa var på Glittertind med 23 personar.

2005: Den store Sildedagen avløyste Kakeetarfestivalen.

          Grete Fet tok idrettsmerkekrava for 40.gong – som fyrste kvinne i VIL

          Ny trimrekord med 7802 noteringar.

          Bjørg Frøystad Hole fyrste kvinnlege æresmedlem i VIL

          Sverre Gunnar Brunstad «Årets idrettsutøvar» i VIL

2006: Aktivt jubileumsår med 196 betalande medlemar.

          Konradløpet vart filma.

          Nytt arrangement: Fetvatnet Rundt

          Vi kom med på Ullmax-laget (direktesal av underkle på provisjonsbasis).

          VIL representert under friidretts-KM på bane for fyrste gong på fleire tiår.

          Kenneth Fet vart «Årets Idrettsutøvar».

          Idrettsskulen hadde over 50 deltakarar – ny rekord

2007: Terje Aurdal den fyrste frå VIL som gjekk Vasaloppet

           Jan Ringseth vart fyrste VIL-deltakar i veteran-VM (1,1 poeng frå bronse).

           Nye arrangement: Folkerennet (samla 80 deltakarar) og Minikonrad (64delt.)          

             100 års jubileumet markert 3. februar med 150 gjestar i Grendahuset

             Ny medlemsrekord med 244 medlemar

             Eit rekordår med ny deltakarrekord på Sildedagen (230), Barnas Fjellsæterrunde     

             (120), Konradløpet (422), Fetvatnet Rundt (195), Ramstaddalsløpet (slutttid

       3.58.23) og for fyrste gong over 8000 registreringar i trimbøkene.

Siste nyhende
VIL har signert styrmann med vind i segla
Idrettslaget sin plattformarbeidar, som tidlegare var kasserar, får selskap av styrmann som også er relatert til oljebransja i sitt yrkesliv.
Les meir (22.01.2020)
Meir om mangekamp og Henrik sitt NM-gull
Mangekamp innandørs for menn har sju øvingar, mot ti øvingar utandørs.
Les meir (21.01.2020)
Henrik Johan Holmberg NM-vinnar i mangekamp
Henrik Johan Holmberg, Vik IL, vart i helga NM-vinnar i NM i mangekamp i Nes Arena (innandørs).
Les meir (19.01.2020)
Velkomen i det gode selskap, Ole Martin!
I dag ynskjer vi den allsidige idrettsmannen Ole Martin Korsnes velkomen i Velledalen IL sine rekkjer.
Les meir (19.01.2020)
Turtausa er VIL-medlem!
Er du følgar av @turtausatrimbok på Instagram?
Les meir (18.01.2020)
Olav Brunstad 65 år 18.januar
Somme lurer kanskje på; kven er Olav Brunstad ?
Les meir (18.01.2020)
Velkomen til trening i nytt år!
Her kan alle delta – oppmøte ved Fet Bru sundag 19.januar klokka 10.00.
Les meir (18.01.2020)
6 unge mødre med 16 born tidleg ute med VIL-medlemskap
Vi er glade for dei engasjerte mødrene og barnefamiliane som har ”tikka inn” som medlemmar dei første par vekene av 2020.
Les meir (18.01.2020)
Brøvoll Youngboys klare for Velledalen IL
Det er med stor glede vi kan melde Jan Helge Myhre og Roger Vanebo klare til dyst for Velledalen IL – friidrett.
Les meir (16.01.2020)
Storspringaren vår fyller 47 i dag
Giørtz, Isabell Rørvik og Velledalen IL sin seige langdistanseløpar, Frode Nordstrand Mauren, fyller 47 år i dag, 16.januar.
Les meir (16.01.2020)
Overføring til Oslo-avdelinga
Ole Peder Kristian Holmberg har flytta til Oslo for å ta utdanning som togførar.
Les meir (14.01.2020)
Ny Frode innmeld i Velledalen IL
FF-teamet : Frode nr 2 frå venstreDet er med stor glede vi tek mot langdistanse-løparen, Frode Hoprekstad, som ny utøvar i Velledalen IL.
Les meir (14.01.2020)
37.15 på mila etter lang pause
arkivfotoKjekt å ha Kjell Magnar Berli tilbake i konkurranse etter lang pause.
Les meir (12.01.2020)
To praktkarar på same foto
Jo Andre Tandstad (t.v) er enno ikkje olympisk meister, men karen saman med han, Olaf Tufte, er.Jo Andre Tandstad (t.v) er enno ikkje olympisk meister, men karen saman med han, Olaf Tufte, er.
Les meir (11.01.2020)
Sporty julegåver – del 2
arkivfotoSporty julegåver er i vinden som aldri før. Her kjem eit nytt eksempel på det.
Les meir (11.01.2020)
Sykkylvingar i vinterkarusellen
arkivfotoTredje løp i Ålesund vinterkarusell vert avvikla i ettermiddag. Sjå kven som stiller frå Velledalen IL.
Les meir (11.01.2020)
Gledeleg treningsiver
Rykta fortel om 24 utøvarar under sirkeltreninga i Velledalen grendahus.
Les meir (09.01.2020)
Sporty julegåver i vinden
Fleire VIL-medlemar har fått det som må reknast som sporty julegåver sist jul.
Les meir (09.01.2020)
Jo Andre kapp-ror mot Olaf Tufte
ArkivfotoI sommar deltok Jo Andre Tandstad i NM i motbakkeløp, eit halvt år seinare stiller den allsidige karen i NM romaskin i Ålesund.
Les meir (09.01.2020)
Tredje løpet i vinterkarusellen komande laurdag
Laurdag 11.januar går tredje løpet i Ålesund vinterkarusell. Start klokka 15.00.
Les meir (08.01.2020)
VIL treng medlemmane sine
Kasseraren klar for å skrive nye og gamle medlemmar inn i 2020-registeret.
Les meir (08.01.2020)
Klubbmeteorologen
Eg fekk almanakk i julegåve, og etter å ha studert denne ser det ut for at vi vert velsigna med dette veret for 1. halvår:
Les meir (04.01.2020)
Nye VIL-løparar påmelde på Stranda
arkivfoto2. januar hadde 410 meldt seg på Stranda Fjord Trail Race 8.august. Fem representerer VIL.
Les meir (02.01.2020)
Grasrotspelarar i sykkylvs-idretten.
Her kjem ei oversikt over talet på grasrotspelarar i sykkylvsidretten – og utviklinga siste året.
Les meir (02.01.2020)
486 saker på VIL-Nett i 2019
Nettsida til Velledalen IL er både ein viktig informasjonskanal og ein formidlar av sportslege nyhende.
Les meir (01.01.2020)
2534 grarotkroner i desember
Stor takk til grasrotspelarane våre – for tida 94 i talet - for 27 107 kroner i 2019.
Les meir (01.01.2020)
Både Sivert og Andreas klassevinnarar
Begge Mosby Nakken-tvillingane vart klassevinnarar under løpa i Ålesund 29.desember.
Les meir (31.12.2019)
Solskinshistoria om ein lastebilsjåfør og joggeskoa
Les soga om Frode Mauren sine fem halvmaraton.
Les meir (30.12.2019)
Nær dobbelsiger til Velledalen IL i M 45-49 år
VIL-løparane Frode Mauren og Per Inge Bjørnestad var med i sigers-kampen i klasse 45 -49 år på halvmaraton i Ålesund i går.
Les meir (30.12.2019)
Friidrettsleiaren vår suveren i Ålesund
Velledalen IL sin friidrettsleiar, AP Bøe, var heile fem minutt og 22 sekund betre enn nummer to i klasse 50-54 år i går.
Les meir (30.12.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no