Navigasjon
Navigasjon
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP

Over Vørterøla


BUSTAD: Fornebu

ALDER: 31

YRKE: Fysioterapeut, og fysisk aktivitet- og helserådgivar i NIH

KLUBB: Velledalen IL

  Svært få av VIL sine utøvarar har vore fotballspelarar på toppnivå. Men Anette har, i klubbane Kolbotn og Lyn. Ei alvorleg kneskade sette ein stoppar for fotballen (2015). Men pågangsmotet var det ingen ting i vegen med. Ho bygde seg opp att gjennom styrketrening og debuterte i greina OCR-løp hausten 2016. I løpet av 2017- sesongen vart ho hekta, og resten av historia kjenner vi som les Velledalen IL på nett og facebook. I 2019-sesongen fekk Anette tre pallplassar i store løp (toughest-serien) og ei topp-10 plassering i lagkonkurransen i VM i London saman med kjærasten Nikolai og Marcus Megrund.

 

Den sterke sesongen i 2019 gjorde at Anette vart kåra til «Årets Idrettskvinne» i Velledalen IL dette året. For prestasjonane i OCR-løp og i flate løp som Fornebuløpet og i Ålesund Sommarkarusell der ho vann 5 kilometeren.

 

Anette ville vore ein brennheit pall-kandidat på kvinnesida i Konradløpet, men på grunn av covid-19 vart det ikkje løp i 2020. Men Anette sprang løypa, og gjorde 17.50 under eit sololøp 1.mai 2020. Berre Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL (to gonger) og Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL, har straffa den tida. Men 17.50 som Anette leverte, ville faktisk gitt pallplass i kvinneklassa alle år sidan starten av løpet i 2002. Og det ville gitt siger alle år bortsett frå 2016, 2017 og 2018!

 

Anette Heimli Jokstad er eit særs sterkt kort i Osloavdelinga vi er så stolte av. Det har ho mellom anna vist med glimrande etappetider i Holmenkollstafetten (også avlyst i 2020). Held jenta seg skadefri har Velledalen IL meir godt i vente frå den kanten.

 

 

Anette

 

Er Vørterøl favorittdrikken din?

Eg har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita – men drikk helst vatn eller Solo Super.

 

Kva er favorittretten din?

Har aldri vakse frå heimelaga pølsepizza. Julemiddagen med pinnekjøt og raspeball står og høgt på lista.

 

Fortel kort om idrettskarriera di.

Starta med allidrett som born og var innom både ski, friidrett, handball og fotball. Handball og fotball vart dei to store for meg, og etter kvar velde eg å satse på fotballen. Starta i Grei og spelte etter kvart i Skjetten, Manglerud Star, Kolbotn og Lyn. La opp i april 2015 grunna ei bruskskade i kneet og fekk beskjed om at eg aldri kunne springe igjen. Etter eit år med mykje styrketrening klarte eg likevel å fungere normalt igjen, og eg prøvde ei lite OCR-løp hausten 2016. I 2017 vart det tre løp, og eg fall pladask for ein ny sport. Sidan den gongen har eg og Nikolai trena spesifikt mot OCR og i 2018 starta elitesatsinga for fult. Det skal seiast at eg klarte å få fire brot i foten etter eit uheldig møte med ei rampe, og at nesten heile sesongen gjekk i vasken. Det positive frå denne perioden var all tida eg fekk til overkroppstrening. 2019-sesongen vart ei gledeleg opptur og eg er veldig motivert for å satse vidare.

 

Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?

Det starta med at eg og Nikolai byrja å trene fast på Bislett med det som etterkvart skulle få namnet «Osloavdelinga». Vi kjem ikkje frå Velledalen, så det var kjempehyggelig at vi vart spurt om vi ville vere medlemmar. Klubben tok oss i mot med opne armer, og det er ei ære å få vere med i Noregs hyggelegaste og mest inkluderande klubb!

 

Når var du sist på ein VIL-trimpost?

Vi besøkte fleire trimpostar under Camp Velledalen i 2019. (Journ. anm.: Anette var innom fleire trimpostar også under eit besøk i mai 2020)

 

Sportsleg mål for det neste året?

Dette året er spesielt, og hovudmålet som var EM i Italia vart naturlegvis avlyst. Håper det kjem nokre løp til hausten, der målet er å klare betre plasseringar enn i fjor, både i norske og internasjonale løp. EM 2021 blir hovudmålet mitt på lengre sikt. Ny pers på 10 km vanlig løp kunne og vere artig for 2020.

 

Favorittmusikk?

«Dansbar» musikk både til vanleg og til trening.

 

Kva likar du å sjå på fjernsyn?

Friends! Likar elles reality med tøffe fysiske konkurranser, som kompani Lauritzen, Mesternes Mester, Råskap o.l.

 

Kor likar du best å feriere?

Her må eg svare Velledalen. Det var fantastisk under Camp Velledalen i 2019, og gler meg til å kome attende.

 

Har du eit treningstips å dele med lesarane?

Her er to gode tips: 1. Gå eller spring så du blir sveitt og andpusten – det er magi for helsa! 150 minutt moderat intensitet eller 75 minutt med høg intensitet i veka er alt som skal til for å få betydelig helsevinst.

2. Skal du bli god i noko må du trene spesifikt på det. Men hugs å ha det artig på vegen mot målet!

 

 



Publisert: Søndag 24. Mai 2020 Kl. 12:17
Siste nyhende
Takkar for 2829 grasrotkroner i juni!
Juni vart ein særs god månad med 2829 kroner i klubbkassa frå 105 spelarar
Les meir (01.07.2020)
Aktuelt foto frå vinteren 2005
Broren til den sovande jenta er verdsmeister i orientering mange gonger, og skal nytte Velledalen Il sin o-kart til trening i sommar.
Les meir (30.06.2020)
May Evy Nesheim nest beste kvinne i Mefjellet Opp
Frode Mauren vart nummer to i klasse M 45-49
Les meir (28.06.2020)
Kjetil og Per-Gunnar fekk klaff med juni-vêret
Alle vi veit om synest juni 2020 har vore ein framifrå vêrmånad
Les meir (28.06.2020)
Lukke til Frode og May Evy!
Frode Mauren og May Evy Nesheim er i dag på plass i Fjørå der starten går for motbakkeløpet Mefjellet Opp.
Les meir (28.06.2020)
Toppløpar klar for Velledalen IL
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er stolt som ein hane om dagen etter å ha fått sterke Constantin Rust (23) inn på laget.
Les meir (28.06.2020)
Stor takk til Sparebanken Møre
Banken gav 25 000 kroner (TEFR-midlar) til prosjektet « Orienteringskart Ikornnes/Sessvatnet).
Les meir (28.06.2020)
Eit vakkert foto om gode rollemodellar!
Så godt som alle born har sine rollemodellar, med gjerne foreldra i aller fremste line.
Les meir (23.06.2020)
Kvepsebol
Pass opp for små hissige kvepsar.
Les meir (22.06.2020)
Litt stoff omkring det å vere o-løpar
Meir frå «Oppdal 2-dagars». Mellom anna våre utøvarar sine resultat andre dag
Les meir (22.06.2020)
Tomasløpet: Ny triumf til Constantin Rust
Arrangøren, Velledalen IL, er ikkje nøgde med 42 deltakarar. Men vinnartidene var fine, 17.55 på Constantin Rust og 22.52 på Elida Fuglem.
Les meir (21.06.2020)
Hoppskule og renn med klassesigrar til Jonny og Jan
Få tenkjer på skihopp når gradestokken slikkar 30-grader streken, men Jonny Mauren og Jan Ringseth sytte for to klassesigrar til Velledalen IL.
Les meir (21.06.2020)
To skarpe VIL-familiar spring «Oppdal 2-dagers»
Det er snakk om orientering og familiane som representerer Velledalen IL er Fløttum Fauske og Ibsen Lervåg.
Les meir (21.06.2020)
Flotte VIL-prestasjonar i Sommar-Karusellen
110 løparar fullførte 1.løpet i Sommar-Karusellen i Ålesund. Dette er ny rekord.
Les meir (17.06.2020)
Sommarkarusell i Ålesund – 1.løp 17.juni
Folk er løps-sugne som aldri før. Ny deltakarrekord er alt sikra. Les om stor VIL-tropp og andre kjende på startlistene.
Les meir (14.06.2020)
Tomasløpet vert arrangert i Straumgjerde 21.juni
Velledalen IL har gleda av å ynskje mosjonistar, syklande og springande velkomne til nytt Tomasløp – sundag 21.juni.
Les meir (13.06.2020)
God veke for Pernille!
Torsdag 4.juni var Pernille Linga beste jente/kvinne opp Koldabakken, tre dagar seinare var ho mellom dei uttrekte vinnarane i trimpost-vandringa for mai månad.
Les meir (07.06.2020)
Likar du kart og data, og er 14-26 år…?
I så fall bør du lese denne saka nøye
Les meir (06.06.2020)
Årsmøte i Velledalen IL 25.juni
VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, melder at det vert halde årsmøte for 2019 den 25.juni
Les meir (06.06.2020)
Holetindane trimpost vil ha besøk
Nils Terje Skylstad melder til VIL-Nett at Holetindane trimpost har smelta fram i dagen.
Les meir (06.06.2020)
Det gode rykket i Koldabakken
Ho starta saman med mora Malene og bestemora Bjørg, men litt ut i løpet hadde Mathea eit rykk på lur.
Les meir (06.06.2020)
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no