Navigasjon
Navigasjon
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar

Over vørterøla

   

ALDER: 54

BUSTAD: Straumgjerde

YRKE: Inspektør ved Ullavik skule

KLUBB: Velledalen IL

 

Under siste punktet kjem Velledalen IL  inn. Vi skal ikkje utbrodere, men nemner at mannen hadde vore mange-millionær om han eksempelvis hadde fått 200 kr timen for arbeidet han har lagt ned for Velledalen og Straumgjerde (les Velledalen IL og VRF).

  Elles er Svein mest kjend for eit langt over snittet ekte og brennande engasjement i dei sakene han engasjerer seg i.

  I det ligg det mellom anna at han likar tyne kroppen sin. Han har passert 10 Vasalopp (90 km) i Sverige, han har passert 25 Birkebeinerrenn (20 merke) og han har teke alle trimpostane på same dag. Han kjempar den gode strid mot sønene Andreas og Sivert på ei rekkje frontar. Sakte men sikkert tek dei den eine etter den andre av Svein sine rekordar. Og Svein likar det. Men på nokre frontar held han stand. I lange løp i motbakke er Svein både seig og uthaldande, så vi trur ikkje det sportslege generasjonsskiftet i Gyls-garden er fullbyrda i løpet av det komande året.

 

Avslutningsvis nemner vi at Gyls-Svein er ein glitrande imitator. Faktisk langt betre enn mange av dei som plar entre lokale scener med jamne mellomrom. Om det hadde vorte knipe på alle andre frontar, trur vi Gyls-bonden kunne livnært seg av stand-up i ei overgangsfase.

  PS. Svein har slutta med o-løp, etter at han og friidrettsleiar Bøe sprang seg ville på Emblem for eit par år sidan.

 


Er vørterøl favorittdrikken din?

Nei, vørterøl er på ingen måte noka favorittdrikke. I samband med lange og harde treningsykter og/eller konkurransar som td. Vasaloppet og Birken, går likevel det meste som er flytande ned på høgkant når det har byrja å «balle på seg» med antal tilbakelagde kilometer. Favorittdrikka må nok vere søtmjølk, men ulike variantar av brus står også høgt i kurs.

 

Kva er favorittretten din?

Godteri et eg vanlegvis lite av, men sjokolade er noko som det ikkje blir spart på dersom det kjem mellom hendene på meg. Sameleis med iskrem. Grovskiver med banan og sylte er alltid «bankers».

Når det gjeld middagsmat, så reknar eg meg som altetande innanfor rimelegheitens grenser. Men eg et sjølvsagt ikkje flaggermus og slikt som kinesarane lager Koronavirus av. Heimelaga fiskekaker og biff med fløytegratinerte poteter er blant favorittane. Saudekjøt i ulike utgåver er eg vel programfesta til å ta med. Eg vil også nemne lasagne som ein favoritt. Eg hugsar fyrste gongen eg smakte denne retten. Endré Tandstad og eg var på Cupfinale-omkampen mellom Rosenborg og Brann i 1988 og overnatta med syster til Endré, Linda og familien i Lørenskog. Laurdag kveld fekk vi servert lasagne, noko eg aldri hadde smakt før. Det syntest eg var så godt at eg tenkte at: «Noko betre enn dette går det ikkje an å få...»

(Dessverre vann trøndergribbane denne kampen med 2-0 etter to raske scoringar av Gøran Sørloth og Karl Petter Løken i fyrste omgong).

 

Fortel om idrettskarriera di.

Å bruke ordet karriere høyrest så profesjonelt og seriøst at det ordet passar ikkje for meg. Spør du meg i staden om korleis eg har drive med fysisk aktivitet, føler eg meg meir dus med spørsmålet.

Det starta for så lenge sidan at eg knapt kan hugse det. Eg slengde meg med på nokre gateløp og terrengløp her og der i sommarhalvåret, og deltok i lokale skirenn om vinteren som gutunge. Innanfor fotballen var det så som så. Eg stod litt i mål på V:R.F. sine aldersbestemte lag opp til gutenivå, men var alt for ujamn i prestasjonane. Eg fann rask ut at skulle eg drive noka form for konkurranseidrett, måtte det bli innanfor uthaldsidrettane, springing og langrenn.

 

I fotballen fann eg likevel mi «grein». Oppmann, lagleiar, sportsleg leiar, bussjåfør, skadebehandlar og litt «alt-mulig-mann» i V.R.F. frå eg var vel 20 år gamal og fram til tulne folk fann ut at dei skulle legge ned laget, er noko eg ser tilbake på som ei fantastisk tid. Finalen i Norwaycup i 1990 for gutelaget mot Tromsø IL er sjølvsagt blant høgdepunkta. Opprykka til V.R.F. sitt herrelag i 1989 og 1994 står også høgt på lista over ting eg har fått vore med på som tillitsvald og funksjonær. Dei to opprykksløpa mine frå Stranda til Aure i 1989 og frå Hundeidvik stadion via Slettegjerde og Dalemyra og ut til Sykkylven stadion og så innatt til Aure i 1994 er minne for livet. Mange ulike personar kom og vart med meg på ulike delar av distansen.

OL på Lillehammer i 1994 som frivillig funksjonær og sjåfør var også stort. Som sjåfør var eg akkreditert til fritt kome inn der eg sjølv ynskte. Eg fekk køyre store idrettspersonlegdomar, eg gjekk inn og ut av deltakarlandsbyen der alle dei store idrettspersonlegdomane budde osv. Kjem det OL til Noreg ein gong til, kjem eg garantert til å melde meg som frivillig funksjonær ein gong til.

Det er likevel på ski eg har hatt dei største opplevingane som aktiv utøvar. Å greie det fyrste merket i Birken i 1994 var stort. Likeeins å ta det 10., 15. og det 20. merket. Å fullføre det fyrste Vasaloppet i 2008, var også heilt fantastisk. På førehand var eg i tvil om eg i det heile tatt ville greie å gå så langt på ski, men det var ikkje verre enn at eg per no står med 11 startar og 11 fullførte løp gjennom dei svenske skogane. Må også nemne ulike motbakkeløp som Varden opp i Langevåg, Geiranger frå Fjord til Fjell, Skåla Opp i Loen og Mefjellet opp å Fjørå. Dess brattare, hardare og lengre dess betre. Då hamlar eg opp med løparar som eg knapt rekk å sjå ryggen før dei fer avgarde på når det er snakk om flate løp. BMW Oslo Halvmaraton er også blitt ein liten tradisjon...

 

Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?

Eg har vore medlem i Velledalen IL mest heile livet. Det fall seg berre naturleg sidan eg budde i nedslagsfeltet. Eg hugsar den dagen eg melde meg inn. Det var gateløp på Aure. Dersom eg melde meg inn vart det rimlegare å delta, og då betalte vi medlemskontingenten ute på Aure. Åge Johnsen var med som lagleiar denne dagen, og han tok oss med på ei slitsam oppvarming. Oppvarminga var så pass langvarig og hard at eg var godt «fesen» då sjølve løpet starta. Eg låg godt an, som nr. 2, då vi runda oppe ved Blinken, men enda lengt bak i leksa då vi kom i mål der Nøstekroken har butikklokala sine i dag.

Velledalen IL har hatt eit godt og inkluderande miljø, og tanken på å skifte klubb har ikkje vore aktuelt. Eg må dessverre legge til at eg eitt år måtte delta i langrenn for Sykkylven IL. Det var det året Velledalen IL fann ut at dei skulle melde seg ut av Møre og Romsdal Skikrets for å spare pengar...(?). Skulle eg delta i KM, som var i Volda det året, hadde eg ikkje anna val enn å melde meg inn i ein klubb som var medlem i   Møre og Romsdal Skikrets. Det vart heldigvis berre med det eine året i Sykkylven IL. Der følte eg meg ikkje heime, og var rask med å kome meg «heimatt» då Atle (Hole) lova at Velledalen IL ville melde laget inn att i Møre og Romsdal Skikrets til den komande skisesongen.

 

Når var du sist på ein VIL-trimpost?

Eg er med ujamne mellomrom innom mange av trimpostane til Velledalen IL. Sist det skjedde var på morgonkvisten 17. mai no i år. Då var Anita og eg ein tur opp på Bruna og skreiv oss inn i boka. Det var ein fin, men merkeleg tur. Tenk å kome opp på Bruna på 17. mai, vel ein månad før sommar-sol-snu og måle 47 cm tung og våt nysnø på vegen ved «Grindaløå». Eg tenkte med ein gong at her vert det dessverre lenge til før vi kan sleppe sauene på sommarbeite...

Den 25. juli i 2017 tok eg forresten alle VIL sin trimpostar på ein dag. Det vart ein lang og hard dag som inneheldt det aller meste frå varmt fint sommarver til torever og enorme nedmørsmengder i form av regn mot slutten. Totaltida enda på 13.20.10 (13 timar, 20 minutt og 10 sekund).

 

Mål for det neste året?

Eg set meg ikkje så store mål, men å henge med i dei ulike løpa i Ålesundsløpene (sommar- og vinterkarusellen, Eikenosa Opp, Østemssætra Opp, Blodslitet) må eg prøve å få med meg dersom dei vert arrangerte dette året. Dersom Skåla Opp i Loen vert arrangert, vil eg prøve å stille der. Det same med Varden Opp i Langevåg, Mefjellet Opp i Fjørå og Jordbærdilten i Valldal. Etter nesten to månader med sauepass, lammingstid og litt tømmerhogst har det blitt lite tid til trening. Vidare gjer ein nerveskade under venstre fotblad sitt til at treningsgrunnlaget for tida er så som så. Men, eg prøver å lure meg til nokre treningsturar i all stillheit når sjansen byr seg. Resten får eg ta att på heimlengsel og rutine...

Til vinteren står sjølvsagt Furusjøen Rundt, Vasaloppet og Birkebenerrennet på mi eiga terminliste. Stiller eg i Vasaloppet blir det mitt 12 lopp etter å ha stått over dei to siste åra. Birkebeineren blir i såfall mitt 26 løp. «Time vill show,» som Rudolf Blodstrupmoen i Flåklypa Grand Prix ville ha sagt det.

Favorittmusikk?

Innanfor musikken er det enormt mykje bra. Eg set korpsmusikk høgt. Det same gjeld kor og song. Når Velledalskoret held konsert, reknar eg meg som fast tilhøyrar. Norsk-På-Norsk står høgt i kurs med artistar som Jahn Teigen, Øystein Sunde, Ivar Medås, Alf Prøysen, Salhuskvintetten, Tre Busseruls, Vestlandsfanden, Bjørn Eidsvåg, Ole Paus og Vamp. Desse høyrer eg ofte på. Tekstane deira er her det sentrale.

 

Av internasjonale artistar må eg nemne Elvis Presley, Jim Reeves, Lois Armstrong, Fats Domino, The Beatles, ABBA, Bee Gees, Eletric Light Orchestra med fleire. 60-talsmusikk og danse-bandmusikk er også blant favorittane. All musikk som har eit «slagerpreg» over seg, er god musikk.

Til trening og konkurransar bruker eg aldri musikk. Då vil eg vere konsentrert å få med meg det som skjer rundt meg utan forstyrrande element. Å jogge rundt i trafikken med øyrepropper og musikk på full guffe er dessutan livsfarleg, og her vil eg be dei som div med dette sjansespelet om å tenkje seg nøye om!

 

Kva likar du å sjå på fjernsyn?

Fjernsynssjåing blir det lite tid til. Eg høyrer derimot ein del på radio når eg køyrer bil.

Skal eg prioritere å sjå noko på TV, må det bli Kveldsnytt og liknande nyheitsprogram.

Sportssendingar er også noko som kan bli prioritert, helst fotballkampar og vinteridrett som ski og hurtigløp på skøyter. Programma til Linda Eide prøver eg også å få med meg.

Eg likar ikkje å innrømme det, men det var ein periode på 80-talet at eg prioriterte «Dynastiet» og «Falcon Crest» framom det meste. Heldigvis gjekk eg lei og sidan det har eg passa på å halde meg vekke frå slike «evigheitsseriar». Å sitje og sjå på seriar er etter mitt syn TOTALT vekk-kasta tid.

 

Kvar likar du best å feriere?

I feriane likar eg best å ta ein tur for å besøkje familie, slekt og vener. Turane til Sørlandet og Farsund er sjølvsagt obligatoriske. Då dreg vi med oss campingvogna og bruker eit par-tre dagar på turen ned og tilsvarande på turen heimatt. Undervegs på desse turane likar vi i familien å få med oss nokre fjellturar som Galdhøpiggen, Glittertind, Besseggen, Preikestolen, Kjeragbolten, Gaustadtoppen for å nemne nokre kjende utfartsmål. Eg likar definitivt IKKJE å ligge i telt, så desse turane blir dagsturar slik at eg kjem meg innomhus (les campingvogna) før natta fell på.

I Farsund parkerer vi vogna ved huset til Anita si syster, Berit og mannen, og så er vi saman med dei i eit par veker før vi vender nasen heimatt til Straumgjerde for å gjere unna andreslåtten.

Anita, gutane og eg har også hatt nokre flotte turar til Bulgaria og Hellas som eg har sett stor pris på. Eg er ingen luksusmann, så storbyferiar på hotell er absolutt ikkje mi greie. Det vert dessutan altfor kjedeleg å trakke rundt i bygatene og innom alle slags butikkar.

 

Har du eit treningstips å dele med lesarane?

Tren variert og tren saman med andre. Det er mykje meir motiverande og forpliktande enn å halde på åleine. Må ein trene åleine, er klokka ein viktig motivator. Ta tida på deg sjølv, f.eks. opp på Bruna i Straumgjerde, og konkurrer med deg sjølv deretter. Det er også viktig å vere med i ulike løp og konkurransar. Då yter ein mykje meir enn om ein berre trenar. Det å presse seg ut over komfortsona gir sjølvsagt auka kapasitet. Ein annan faktor med å fare rundt på ulike konkurransar er at då treffer ein nye folk som ein blir kjend med og blir del av eit inkluderande og kjekt miljø. Dei fleste personar vinn seg, som kjent, med bekjentskap...

 



Publisert: Søndag 17. Mai 2020 Kl. 16:22
Siste nyhende
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)
Stunt-kameratane greidde 105 kilometer
Heretter bør trioen Frode Hoprekstad, Per Inge Bjørnestad og Bjørn Arve Brune gå under namnet «Stunt-kameratane»
Les meir (01.05.2020)
Sterk kvinnetid av Anette
Korona-Konrad, del 2, vart arrangert 1.mai klokka 10.00 med fire løparar.
Les meir (01.05.2020)
Takk for 2594 grasrotkroner i april!
Kjekt at støttespelarane våre støttar opp i ei vanskeleg tid.
Les meir (01.05.2020)
Trimpostane: Truleg mot toppår for Koppen!
Koppen trimpost er «stikk-ut» turmål denne sesongen og vil venteleg få eit markert oppsving frå det normale.
Les meir (01.05.2020)
Ole-Peder stakk frå og vann Korona-Konrad.
Konradløpet vart avlyst, men ei gruppe på ni personar og ein hund heldt tradisjonen med 1.mai-løp i hevd.
Les meir (01.05.2020)
Frode Hoprekstad gjer sportsleg stunt 1.mai
1.mai klokka 07.00 går startskotet for eit «stunt» i regi av VIL-medlem Frode Hoprekstad.
Les meir (30.04.2020)
Riksheimdalen: Ivar og Bård i tet
708 turar total hittil i sesongen, vart resultatet då VIL nyleg hadde inspeksjon i Riksheimdalen.
Les meir (30.04.2020)
Jo André Tandstad: Mange-syslar innan idrett
Jo André starta med fotball og Bordtennis. Hasta vidare med friidrett, judo, volleyball, før han slo seg på kondisjonsidrett med sykkel som fyrste grein. Så vart det løp og romaskin. I sistnemnde grein tek han stadig steg mot god nasjonal klasse.
Les meir (29.04.2020)
Bruna trimpost: Mange gjeng mykje!
Og mest av alle går Jan Kåre Oterhals, med tett på 500 turar den dagen inspeksjonen gjesta posten.
Les meir (26.04.2020)
Langt mellom dei innskrivne på Høgsætra trimpost
Med 24 noteringar på 200 dagar seier det seg sjølv at det er langt mellom «kundane».
Les meir (26.04.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no