Navigasjon
Navigasjon
Over vørterøla-

ALDER: 45

BUSTAD: Ramsvika

YRKE: Rekneskapsførar hos Sparebank 1

KLUBB: Velledalen IL

 

May Evy Nesheim har gjort unna sitt fyrste år i Velledalen IL. Vi får vel seie at ho vart verva inn i laget av framgangsrike Frode Mauren – Velledalen IL sin desidert største patriot «norda fjorden». Og ikkje nok med det; i fjor sommar kom også May Evy sin tvillingbror, Ola Åge, som ein solid tilvekst. Han sorterer til dagleg under Oslo-avdelinga.

 

May Evy har gjort det så bra i debut-året at det vart fortent pris på henne under laget sin Idrettsgalla. Ho har hatt enormt mange startar siste året, med gode resultat. Svært mange 1.plassar i klasse 40-44 år. Bestetida på 5 km i 2019 var 21.24. Ho kom på 4.plass under NM i motbakkeløp arrangert av Valldal IL (Mefjellet Opp). Og ho noterte 1.42.54 på halvmaraton i Ålesund i mai 2019, etter eit jamt fint løp. Berre Pernille og Radka har sprunge raskare for VIL siste åra.

 

 

Vi må også nemne at ho sette ein støkk i mange av Velledalen IL sine mannlege deltakarar under Stranda Fjord Trail Race 2019. I tøffe stigningar der fleire av vasellampene lyste på «dashborda» til mannfolka, kom May Evy susande opp på sida og forbi, har vi fått meldt av VIL-kasseraren. Resultatlista viser at May Evy vart nummer 14 av 91 fullførande kvinner på 25 km med tida 4.10.00. Kanskje det beste ho leverte i 2019. I alle fall;  ho formeleg pusta to av våre tapre menn, Henning Tandstad og Alastair Brunton, i ryggen så å seie til målstreken.

     May Evy er ein tilvekst Velledalen IL er stolte av, og vi trur ho har meir inne enn ho hittil har vist!

May Evy

 

Er Vørterøl favorittdrikken din?

Nei, vørterøl er nok ikkje favorittdrikken min. Det er cola!

 

Kva er favorittretten din?

Favorittrett? Tja. Eg er altetande. Berre eg får i meg næring er eg fornøgd og blid!

 

Fortel kort om idrettskarriera di.

Har tidlegare spela fotball i omtrent 15 år og eitt år med friidrett. Elles har det vore ski på vinterstid.

 

Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?

Min kjære tidlegare nabo Frode (Mauren) var den som fekk meg til å bli VIL-medlem i fjor. Det var ikkje vanskeleg å overtale meg då eg hadde møtt så mange kjekke folk frå laget i tidlegare løp!

 

Når var du sist på ein VIL-trimpost?

I august var eg på Koppen.

 

Sportsleg mål for det neste året?

Det store målet i 2020 er å ta del i Skåla Opp og sette ny pers. 1 t. 50 min. er målet, og Svein Nakken har lova og stille som hare. Elles har eg og som mål å fullføre eit halvmaraton på under 1 t. 40 min.

 

Favorittmusikk?

Eg kan nemne Coldplay, Highasakite, Rag’n Bone Man... Til trening blir det alt muleg med litt fart i, til dømes Armin Van Buuren og Scooter.

 

Kva likar du å sjå på fjernsyn?

71 grader nord og Broen er to favorittar. Skal eg velje film så vert det nok ein thriller!

 

Kor likar du best å feriere?

I fjellheimen i Noreg. Ingen ting slår fjellet når vêret er fint! Kan godt ta to veker i Tafjordfjella om sumaren.

 

Har du eit treningstips å dele med lesarane?

Mitt treningstips er å gjere trening ein likar, for då går treninga lett. Og variasjon er viktig!



Publisert: Fredag 24. April 2020 Kl. 23:34
Siste nyhende
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)
Stunt-kameratane greidde 105 kilometer
Heretter bør trioen Frode Hoprekstad, Per Inge Bjørnestad og Bjørn Arve Brune gå under namnet «Stunt-kameratane»
Les meir (01.05.2020)
Sterk kvinnetid av Anette
Korona-Konrad, del 2, vart arrangert 1.mai klokka 10.00 med fire løparar.
Les meir (01.05.2020)
Takk for 2594 grasrotkroner i april!
Kjekt at støttespelarane våre støttar opp i ei vanskeleg tid.
Les meir (01.05.2020)
Trimpostane: Truleg mot toppår for Koppen!
Koppen trimpost er «stikk-ut» turmål denne sesongen og vil venteleg få eit markert oppsving frå det normale.
Les meir (01.05.2020)
Ole-Peder stakk frå og vann Korona-Konrad.
Konradløpet vart avlyst, men ei gruppe på ni personar og ein hund heldt tradisjonen med 1.mai-løp i hevd.
Les meir (01.05.2020)
Frode Hoprekstad gjer sportsleg stunt 1.mai
1.mai klokka 07.00 går startskotet for eit «stunt» i regi av VIL-medlem Frode Hoprekstad.
Les meir (30.04.2020)
Riksheimdalen: Ivar og Bård i tet
708 turar total hittil i sesongen, vart resultatet då VIL nyleg hadde inspeksjon i Riksheimdalen.
Les meir (30.04.2020)
Jo André Tandstad: Mange-syslar innan idrett
Jo André starta med fotball og Bordtennis. Hasta vidare med friidrett, judo, volleyball, før han slo seg på kondisjonsidrett med sykkel som fyrste grein. Så vart det løp og romaskin. I sistnemnde grein tek han stadig steg mot god nasjonal klasse.
Les meir (29.04.2020)
Bruna trimpost: Mange gjeng mykje!
Og mest av alle går Jan Kåre Oterhals, med tett på 500 turar den dagen inspeksjonen gjesta posten.
Les meir (26.04.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no