Navigasjon
Navigasjon
Radka Vosicka – ein tsjekkisk solstråle

Radka Vosicka – ein tsjekkisk solstråle

ALDER: 40

BUSTAD: Ikornnes

ARBEIDSSTAD: Sykkylven stålindustri

  Spalta «Over Vørterøla» er ide-messig henta frå Sykkylvsbladet sin «over kaffikoppen». Hensikta er at lesarane våre skal få bli litt meir kjende med VIL-medlemar, gjerne slike dei les om, men ikkje kjenner frå tidlegare. Målet er å presentere to personar «over vørterøla» kvar veke.

  Radka sine resultat dei siste åra har vekt oppsikt. Ho er raskaste kvinne nokon gong opp Koldabakken på Hole, ho har VIL-rekorden på heilmaraton for kvinner, ho har vunne Nibbedobbelen (fyrst sykkel, så løp til toppen av Dalsnibba) for kvinner i Geiranger, og ho vart fyrste kvinne med VIL-medlemskap til å fullføre ein «iron-man»(4,8 km symjing,180 km sykling og 42,2 km springing).

     Radka kan smykke seg med tittelen «Årets idrettskvinne» to gonger etter ho tok laust – ein av dei delt med Pernille Ibsen Lervåg. Ho er såleis ei verdig start-kvinne for VIL-spalta «Over Vørterøla».

  Radka Vosicka

  Er Vørterøl favorittdrikken din?

Nei. Alt med mjølk er min favoritt.

  Kva er favorittretten din?

Asiatiske curry-rettar og alle typar graut!

  Fortel kort om idrettskarriera di.

Trur mange kjenner til idrettskarriera mi siden den byrja i 2016. Eg var ingen sportsperson før, berre ein vanleg «mosjonist».

  Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?

Fordi ein måtte ha ein klubb for å kunne kjøpe ein såkalla heilårslisens til løp. Men den har eg aldri kjøpt etterpå heller. Det var uansett flaks at eg meldte meg inn i den beste klubben utan at eg visste om det!

  Når var du sist på ein VIL-trimpost?

Er Dravlausnykjen ein trimpost? I så fall i haust. Eg bur på Ikornnes, så det blir heller turar på Stavekollen eller Hovdeåsen. (Journ.anm.: Dravlausnykjen er ikkje ein trimpost, men Koppen er!)  

  Sportsleg mål for det neste året?

Eg likar alle løp av forskjellig grunn. Aurlandsfjellet Triatlon er viktig fordi eg skal slå sonane til sjefen min. I Hornindal Rundt vil eg forbetre tida mi. Stranda Fjord Trail Race fordi det er på Stranda! Og ikkje minst; Konradløpet.

  Favorittmusikk? (Til vanleg, og til trening)

Høyrer nesten alltid på akustisk cover av popmusikk. Eventuelt nokre skikkelige «beats» frå artistar som AronChupa, Lady Gaga og anna glad musikk. Likar godt 2Cellos og damer som Silje Nergaard og ikkje minst Adele.

  Har du eit favoritt TV-program/film/serie?

Ser mest på YouTube. Ofte på «Traveller Stories», sportsfolk sine prosjekt og naturdokumentarar. Likar seriar som Sherlock Holmes, Big Bang Theory med meir. Så må eg nemne filmane frå heime i Tsjekkia.

  Kor likar du best å feriere? (Noreg/Utlandet?)

Camping-turane i Noreg er uslåelige. Treningsferie i varmare strøk er også flott. Eg tek gjerne ein Asia-tur om eg har høve. Favoritten hittil er Malaysia og India.

  Har du eit treningstips å dele med lesarane?

Gjer det du har lyst til. Det er bra med hard trening, og det er bra med lett trening. Til og med ingen trening er bra! Du er sjefen, så ver ein god sjef.



Publisert: Fredag 3. April 2020 Kl. 10:47
Siste nyhende
Likar du kart og data, og er 14-26 år…?
I så fall bør du lese denne saka nøye
Les meir (06.06.2020)
Årsmøte i Velledalen IL 25.juni
VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, melder at det vert halde årsmøte for 2019 den 25.juni
Les meir (06.06.2020)
Holetindane trimpost vil ha besøk
Nils Terje Skylstad melder til VIL-Nett at Holetindane trimpost har smelta fram i dagen.
Les meir (06.06.2020)
Det gode rykket i Koldabakken
Ho starta saman med mora Malene og bestemora Bjørg, men litt ut i løpet hadde Mathea eit rykk på lur.
Les meir (06.06.2020)
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no