Navigasjon
Navigasjon
Vinterkarusellen: Resultat Velledalen IL

Vi startar med dei eldste:

5 km, M 75+:

4. Olaf Einar Øien, Velledalen IL, 33.05 – gledeleg stor deltaking i klassa.

 

5 km, M 50-54:

4. Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 23.15 – Svein har vore stabil på 23-talet i alle sine tre løp i vinterkarusellen denne sesongen.

 

5 km, M 45-49:

1. Frode Mauren, Velledalen IL, 19.15 – Frode er i framgang etter skade. Før vi veit ordet av det er Sommarkarusellen her, og då håper vi Frode er tilbake på 10 km…. – og 37-talet.

 

5 km, M 16-17:

1. Sivert Mosby Nakken, Velledalen IL, 20.37 – ny personleg rekord. Sivert har sprunge fire løp og vore rekordjamn. Opna med 20.48, stod over nummer to, og gjorde 21.12, 20.51 og 20.37 i dei tre siste. Sikker på lavt 18-tal under Konradløpet. Kan sågar slå Svein sin rekord (17.58) om han greier tyne ut litt ekstra form.

 

 

5 km, K 35-39:

1. Lillian Nykrem, Velledalen IL, 28.04 – ny personleg rekord. Nyinnmeld, uredd løpar som har sprunge både 5 og 10 kilometer. Klassevinnar og krus for fem løp håper vi sporar til ytterlegare framgang.

 

5 km, K 23-34:

3. Ann-Helen Hole, Velledalen IL, 27.14 – solid ny personleg rekord som gir von om kring 24 blank under Konradløpet 1.mai. Har meir inne.

 

10 km, M 50-54:

1. Alf Petter Bøe , Rindal IL, 39.39 - Etter tre kvart år med depresjonar grunna vaklevora  form, løysna det endeleg for friidrettsleiaren. Tilbake til under 40 på 10 km var kjærkome. Bøe hadde litt samkven med den danske kvinna, Skak, under dette løpet. Men då han fekk klar melding om ikkje å utnytte henne (ligge like bak), vart bøfjordingen forbanna og sprang frå henne i staden. Det gav resultat.

 

10 km, M 50-54:

3. Frode Hoprekstad, Velledalen IL, 44.12 – Frode sitt debutløp for Velledalen IL. Han kom godt frå det, må seiast. Frode har siste året vore ganske så stabil på høgt 43 eller lågt 44 på mila. Dei to løpa hans i vinterkarusellen stadfestar dette; 43.57 og 44.12.

 

10 km, M 23-34:

5. Henning Tandstad, Velledalen IL, 43.10 – Henning har tre løp under Ålesund Vinterkarusell denne sesongen, og gjorde sitt beste av dei tre laurdag. Tida 43.10 var berre tre sekund bak bestetida han gjorde i mars 2019. I rute til meir kuperte løp.



Publisert: Søndag 8. Mars 2020 Kl. 10:11
Siste nyhende
Constantin sette rekord i Koldabakken
Rekord-deltaking då Koldabakken Grand Prix vart avvikla under gode forhold torsdag 4.juni.
Les meir (04.06.2020)
2638 grasrotkroner i mai månad
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2638 kroner i mai
Les meir (01.06.2020)
1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Oppslutninga har vore enorm. No står berre innleveringa og premietrekkinga att.
Les meir (31.05.2020)
Motbakkeløp sprint på Hole 4.juni
Friidrettsleiar Bøe melder at Koldabakken Grand Prix vert arrangert torsdag 4.juni på kveldstid.
Les meir (30.05.2020)
Sterkt VIL-trekløver med fødselsdag 29.mai
Minst tre VIL-medlem hadde fødselsdag fredag 29.mai. Les kven.
Les meir (30.05.2020)
ANETTE HEIMLI JOKSTAD – FRÅ BALLSPEL TIL HINDERLØP
Vi visste det ikkje då vi starta denne serien, men faktum er at Anette Heimli Jokstad har to reklameplakatar for vørterøl i leilegheita ho bur. Ekte reklameplakatar frå T-bana i Oslo, som Anette har hatt sidan barndomen. Tøft!
Les meir (24.05.2020)
O-sesongen i gang med løp på Emblem
Hurra! Endeleg er o-sesongen i gang for alvor med løp på Emblem sundag 24.mai
Les meir (24.05.2020)
2001 var Jostein Linga sitt år
Ny sak frå Atle Hole sitt frilansarkiv. Denne gongen frå fotballåret 2001.
Les meir (21.05.2020)
Seks utøvarar frå Velledalen IL sprang 17.mairaton
Mellom desse Roger André Vanebo som dermed leverte ein flott re-debut som VIL-løpar i moden alder (M 55-59).
Les meir (19.05.2020)
Her kjem ei 17.maihelsing frå osloavdelinga.
Oslo maraton arrangerte det virtuelle løpet 17.mairaton med over 8000 deltakarar i dag.
Les meir (18.05.2020)
SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Svein Arne Nakken sine svar er så grundige, at vi treng ikkje skrive mange orda om han «føreåt». Men grovt sagt er livet hans delt i fire bolkar, som fylgjer: Familie Ullavik skule Sauebonden Svein Gratis-arbeid
Les meir (17.05.2020)
Snøras over mykje brukt treningsveg
Heldigvis gjekk alt bra denne gongen
Les meir (17.05.2020)
Les «Siste Dansen» og send varme tankar til Severin
«Siste Dansen» er historia om VRF sitt herrelag sine gode år i perioden 1995-2000, med hovudvekt på året 1996, då laget berre var eitt mål unna opprykk til nivå tre.
Les meir (16.05.2020)
Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Velledalen IL har etter kvart vorte ganske så internasjonale. Ein av dei som bidreg i så måte, er Jan Rakottyai, frå Slovakia. Han snakkar flytande norsk, så språkleg er dette 100 prosent problemfritt.
Les meir (15.05.2020)
Jarle Konrad 80 år 11.mai
I dag fyller Jarle Konrad Fausa i Fausadalen 80 år.
Les meir (11.05.2020)
Ellen Marie Hole – medfødt medlemskap på livstid
Ellen Marie er den mellomste av Olatausene i alder. Ho har alltid vore ei bestemt kjelle, så bestemt at ho tok eit kvileår frå fotballen som niåring. Men det vart fort kjedeleg, så ho var tilbake året etter.
Les meir (10.05.2020)
Jorunn sprang virtuelt løp
Takk til Jorunn Kvalsund Jarnes som introduserte oss for virtuelle løp då ho deltok i «Run Forest Run», sundag 10. mai. Men kva er eit virtuelt løp?
Les meir (10.05.2020)
Fin gest til turfolket!
I Hjorthol Grunneigarlag vert auka rift etter parkering møtt med gratis parkering og ynskje om GOD TUR!
Les meir (09.05.2020)
Elling held koken på Myrdalsfjellet
VIL har hatt ein melder på Myrdalsfjellet trimpost. Der i frå vert det rapportert at Elling Hole har fått luke til resten av feltet.
Les meir (09.05.2020)
Frode Mauren – King of the road

BUSTAD: Vegsund

ALDER: 47

Les meir (07.05.2020)
Per Inge kommenterer 105 000 meters løpet
Vi har tidlegare på VIL-nett fått kommentarar frå Frode Hoprekstad og Bjørn Arve Brune via Svein Arne Nakken. Her set Per Inge Bjørnestad sine ord på hendinga.
Les meir (04.05.2020)
Nærbutikken Velledalen: Vørterøl fram 600 prosent
Butikk-sjefen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, melder om ein formidabel auke i salet av vørterøl siste året.
Les meir (04.05.2020)
Aktive treningsdagar i Velledalen for OCR-paret vårt
Planen var at hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, skulle setje farge på Konradløpet.
Les meir (03.05.2020)
Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Svein Arne Nakken har sendt kommentarar frå Bjørn Arve Brune og Frode Hoprekstad til VIL-Nett i etterkant av 105 km–løpet deira 1.mai.
Les meir (03.05.2020)
Endeleg fekk Anette premien sin
Laurdag 2.mai 2020 fekk Anette Heimli Jokstad endeleg premien sin som «Årets Idrettskvinne 2019» i Velledalen IL.
Les meir (03.05.2020)
Forsvars-Konrad
I fjor haust var det min tur til å reise i fyrstegongstenesten.
Les meir (01.05.2020)
Stunt-kameratane greidde 105 kilometer
Heretter bør trioen Frode Hoprekstad, Per Inge Bjørnestad og Bjørn Arve Brune gå under namnet «Stunt-kameratane»
Les meir (01.05.2020)
Sterk kvinnetid av Anette
Korona-Konrad, del 2, vart arrangert 1.mai klokka 10.00 med fire løparar.
Les meir (01.05.2020)
Takk for 2594 grasrotkroner i april!
Kjekt at støttespelarane våre støttar opp i ei vanskeleg tid.
Les meir (01.05.2020)
Trimpostane: Truleg mot toppår for Koppen!
Koppen trimpost er «stikk-ut» turmål denne sesongen og vil venteleg få eit markert oppsving frå det normale.
Les meir (01.05.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no