Navigasjon
Navigasjon
Idrettsgalla: Alle prisane som vart delte ut

Årets mediestunt

Roger Malvin Hole sitt stunt på fjernsyn i 2018 trudde vi skulle noko til å overgå. Men når Anders Wigdahl og Sverre Gunnar Brunstad stilte opp som intervjuobjekt i Petter Northug jr. sin plass før HK-stafetten i 2019, gjekk det likevel greitt. Karane smørde tjukt på, og Velledalen IL vart profilert i norske fjernsyn med eit humoristisk innslag.

 

Nyskapingsprisen

Anders Wigdahl var ikkje til stades under gallaen, men stakk likevel av med to prisar. Den andre saman med kjærasten, Ellen Marie Hole. Nyskapingsprisen gjekk til paret sitt arbeid med arrangementet «Camp Velledalen» sumaren 2019.

 

Kontigentkongar

Når Ivar Arne Flo og Jan Rakkotyai vart tekne opp på scena, visste dei lite om kva dei to hadde til felles. Men juryen ville gi dei ein bukett for dei rause kontigentbetalingane desse medlemmane har gjort siste åra.

 

Årets nykommar og årets gjennombrot

May Evy Nesheim og Frode Mauren fekk prisar for sine flotte prestasjonar i 2019. May Evy var verva inn i VIL av Frode i mars. Frode var nykommar i 2018, og fekk det store gjennombrotet sitt i 2019.

 

Gruppeprisen

Orienteringsgruppa fekk takk for arbeidet dei har lagt ned i året som var. Pernille Ibsen Lervåg, Ann-Helen Hole og Hege Kanette Ørjansen Bårnes var med å arrangere mange flotte O-arrangement; treningar, konkurransar og ei særs vellukka kretssamling på Fjellsæter Ungdomssenter i hausten som var.

 

Ramstaddalsløpetprisen

Søskena Tuva og Teo Bårnes var dei yngste deltakarane i Ramstaddalsløpet i august. Dei sprang kvar si etappe og fekk flotte capsar for innsatsen.

 

Merkeprisen

Ei tårevåt utdeling av bukett til Anita Mosby Nakken for eit tøft 2019, og for alt ho gjer for løparane i VIL, for gutane sine Andreas og Sivert, og for mannen Svein Arne. Men merkeprisen går egentlig til Svein, som i fin stil har gjort 25 Birkebeinerrenn, og fått merke i 20 av dei. Ein fantastisk prestasjon! Juryen retta ei takk til Anita som stiller på og let Svein drive på med det han likar så godt.

 

Idrettsmerke

Svein Arne Nakken fekk også ein pris av Nils Terje Skylstad for 15 idrettsmerker.

 

Trimpostvinnar

Inger Anne Riksheim fekk sin pris som vinnar av VIL sine trimpostar – ein suveren vinnar!

 

Comebackprisen

Det hadde gått ei stund sidan sist vi såg namna Jo-André Tandstad og Per Inge Bjørnestad på resultatlistene. Jo-André har produsert born, og Per Inge har hatt skadeproblem. Året 2019 kom begge attende for fullt og leverte flotte prestasjonar i fleire løp.

 

Stå på-prisen

VIL-nett skriv stadig om den flotte framgongen til to av idrettslaget sine mest aktive løparar, ungdommane Andreas og Sivert Mosby Nakken. Desse to karane klatrar stadig oppover resultatlistene, og har no også fullført halvmaraton! Vi gler oss til å følge med vidare.

 

Gir det han har, tar det han får-prisen

Velledalen IL har ein toppløpar i Kjell Magnar Berli. Han er ein av dei beste fjelløparane i landet, og fekk vel fortent ein flott pris under gallaen.

 

Kometprisen

Mikkel Ibsen Lervåg imponerar juryen med sine mange orienteringsdeltakingar. Han er ung, men held nivået til eldre utøvarar. Han er ein ekte VIL-komet, som har framtida føre seg. Juryen fokuserte også på Mikkel si evne til å inkludering i sporten; han får andre til å finne gleda i orientering.

 

Ungt Mot-prisen

Tospannet Johan Fløttum Fauske og Tobias Ibsen Lervåg er allsidige utøvarar som har operert mykje saman i året som gjekk. Heilt fortent fekk dei sine prisar under gallaen.

 

Sensasjonsprisen

Hoppsporten døydde på mange måtar ut i Velledalen for rundt 50 år sidan. Men no er endeleg laget representert på resultatlistene igjen. Jonny Mauren er namnet på den unge skihopparen til Velledalen IL. Det set vi stor pris på!

 

Dugnadsprisen

Liv Nordli Hole stiller på kor det måtte vere for Velledalen IL. Det minste ho kan få er ei gåve frå VIL sjølv om ho ikkje var til stades under gallaen.

 

Heidersprisen

Atle Jomar Hole vart heidra under gallaen, for alt idrettslagsarbeid han har gjort. Prisen var godt omtala i tidlegare sak – og i lokalavisa.

 

Trenarprisen og HK-prisen

Juryen ville rette ei takk til Alf Petter Bøe for sin innsats for laget, og særlig som trenar i intervalltreningane som han arrangerar gjennom året. Som friidrettsleiar er han og sentral i Holmenkollstafett-laget som imponerte i 2019.

 

Nært og Nyttig-prisen

Nærbutikken Velledalen fekk sin pris. Butikken fungerar i stor grad som klubbkontor for Velledalen IL, og er i så måte ein viktig støttespelar for laget.

 

Støttespelarprisen

Radka Vosicka er ein stor støttespelar for andre. Alltid blid, og er gjerne med i løp for å hjelpe andre med å fullføre. Ho er i tillegg ein sterk ultraløpar som har levert flotte prestasjonar i lange, tunge løp – også triathlon!

 

Maratonprisen

Njål Torillson Tyssing fekk pris spesielt for sin sterke klubbrekord i maraton på tida 2:44:34!

 

Messeprisen

Myriam van Wunsel er i styret for Velledalen IL og fekk ein bukett og takk for arbeidet med førjulsmessa som idrettslaget sin representant.

 

Skipperprisen

Ei takk retta mot Ove Inge Skylstad, leiaren i laget, og alt arbeidet han gjer gjennom idrettsåret. Ein engasjert person med mange jarn i elden, og held styring på VIL-skuta.

 

Årets utøvar

Atle Jomar Hole delte ut pris til Olaf Einar Øien som var årets utøvar i VIL. Spesielt imponerande er dei 26 deltakingane i Nibbeløpet/Frå Fjord til Fjell i Geiranger. Olaf er den einaste løparen som har vore med i alle utgåvene av løpet. I tillegg til dette; massevis av deltakingar i lokale løp for Velledalen IL.

Den kvinnlege utøvaren, hinderløparen Anette Heimli Jokstad, får sin pris under Konradløpet 2020.

 

I tillegg til dette vart det retta takk til Sondre Bårnes for ein god gallamiddag, jentene som var med i Ålesund Vinterkarusell, og sørga for stor VIL-deltaking i desse løpa, samt dei ivrige «up and coming» søskena Mariell og Andreas Naustenget som stiller på for idrettslaget.



Publisert: Onsdag 4. Mars 2020 Kl. 20:50
Siste nyhende
Rapport frå påmeldinga til Stranda Fjord Trail Race
Løpet med tre sugande distansar er terminfesta til august. Fem frå Velledalen IL mellom 521 påmelde palmesundag.
Les meir (05.04.2020)
ALF PETTER BØE – RIR PÅ ANDRE BØLGJA
Den fyrste bølgja levde Alf Petter ut på Nordmøre. Med fotball for Bøfjord IL og friidrett (løp) for Rindals-Troll. Toppen nådde han kring 1995, med 1.08 på halvmaraton og 32-talet på mila.
Les meir (05.04.2020)
Påskehelsing frå Osloavdelinga
Velledalen målte vel 50 cm snø i låglandet (på Hole) palmelaurdag, noko Osloavdelinga av Velledalen IL kan misunne oss.
Les meir (05.04.2020)
Radka Vosicka – ein tsjekkisk solstråle
Velledalen IL har mange solstrålar frå ulike nasjonar. Radka er ein av dei. I 2016 fann kvinna frå Tsjekkia at ho ville gjere nokre justeringar med livet sitt – medan det enno var tid. Justeringar i ei meir sportsleg retning.
Les meir (03.04.2020)
Kronprins Håkon Magnus påmeldt i Konradløpet
Slottet melder at kronprinsen kjem til Velledalen med eitt mål for auget; få revansje på ein kar ved namn Svein Arne Nakken.
Les meir (01.04.2020)
Historisk dag: Velledalen IL nådde 100 grasrotspelar
På mars månad sin siste dag, nådde Velledalen IL det nette tal av 100 grasrotspelarar.
Les meir (01.04.2020)
2003 grasrotkroner i mars
Norsk Tipping melder om nedgang i omsetninga. Det rammar laga gjennom grasrotmidlane, men Velledalen IL greier seg bra.
Les meir (01.04.2020)
Avlysingar på løpsfronten
Holmenkollstafetten der Velledalen IL har meldt på lag er mellom dei korona-avlyste arrangementa.
Les meir (30.03.2020)
Leif Erling gjekk til skimerket
Det er lite nytt å melde i desse koronatider, men langrennsgruppa har hatt ein mann gjennom til skimerkeprøve.
Les meir (30.03.2020)
Solbjørg Brunstad konkurranse-vinnar
Solbjørg Brunstad har hatt flaks under loddtrekning tidlegare og hadde det igjen denne veka.
Les meir (19.03.2020)
Den tillyste 3000 meter testen er avlyst
I tråd med råd frå dei som sit på mykje kunnskap innan helse og idrett, er den tillyste 3000 meter testen den 22.mars avlyst.
Les meir (19.03.2020)
Midtveke-konkurranse med premiering
Sjå foto! Karane er kjende, men kvar er dei…?
Les meir (17.03.2020)
VIL-årsmøtet utsett på ubestemt tid
Det tillyste årsmøtet i Velledalen IL den 19.mars, er altså utsett.
Les meir (17.03.2020)
VIL-utøvarar med 463 startar 1.halvår 2019
Foto: Karl Egil LiasetEnorm aktivitet i Velledalen IL i 2019. Medlemar av Velledalen IL gjorde 463 startar i 1. halvår.
Les meir (15.03.2020)
Velledalen grendahus: Stengd for kroppsleg utfalding
Alle kommunale symjehallar og gymsalar i Sykkylven er stengde i tidsrommet 13.mars til 1.mai.
Les meir (14.03.2020)
Skikarusell
Vedlagt bilde viser to sunnmøringar under oppvarminga, Velledalen IL til venstre og Valldal IL til høgre.Elektronisk brevhelsing frå nord:
Les meir (12.03.2020)
Corona-viruset tok årets Birkebeinerrenn
ArkivfotoSvein Arne Nakken var einaste påmelde frå Velledalen til dette rennet.
Les meir (11.03.2020)
Går det mot toppår for trimpostane….?
Lite snø i låglandet gjer turar til nokre av Velledalen IL sine trimpostar til heilårs-aktivitet.
Les meir (09.03.2020)
O-trening
O-gruppa testet i ettermiddag et nytt konsept med innetrening for barn/ungdom med løpeleker og o-teknikk, dvs trening av både hode og kropp slik som orienteringsløp også er.
Les meir (08.03.2020)
Vinterkarusellen: Resultat Velledalen IL
Slik gjorde VIL-løparane det i siste løpet i Ålesund Vinterkarusell laurdag 7.mars
Les meir (08.03.2020)
Vêrmeldinga stoppa rennet, men det vart trena.
Det tillyste ski-o rennet til Velledalen IL/Emblem IL som skulle arrangerast sundag 8.mars vart avlyst grunna dårlege vêrmeldingar.
Les meir (08.03.2020)
AVLYST skiorientering
Grunna dårleg meldingar.
Les meir (07.03.2020)
Solid VIL-debut av Frode Hoprekstad
Brukte 44.12 på mila under siste løpet av Ålesund Vinterkarusell denne sesongen.
Les meir (07.03.2020)
Lillian klassevinnar i VIL-debuten
Lillian Nykrem har meldt seg inn i Velledalen IL og vann K 35-39 år i sitt fyrste løp for laget vårt.
Les meir (07.03.2020)
Premiedryss til Velledalen IL i vinterkarusellen
Alle som kunne slå i bordet med tre løp eller meir (av i alt fem) vart premierte då Ålesund Vinterkarusell 2020 vart avslutta laurdag 7.mars
Les meir (07.03.2020)
Siste løpet i vinterkarusellen
Velledalen IL stiller ein brei tropp. Frode Hoprekstad debuterer for VIL.
Les meir (07.03.2020)
Ung VIL-medlem vinnar i loddboka
Ein av idrettslagets yngste medlemmar, Tea Tandstad, stolt vinnar av andrevinsten frå idrettslaget si loddbok.
Les meir (04.03.2020)
Velledalen IL har fått pengar til skulegardskart
Då har Pernille Ibsen Lervåg på vegne av Velledalen IL fått pengar til skulegardskart ved alle skulane i Sykkylven.
Les meir (03.03.2020)
Idrettsgalla: Pris til Nærbutikken
Nærbutikken i Velledalen vart også heidra, då den stakk av med «Nært og Nyttig-prisen».
Les meir (02.03.2020)
To luringar på Idrettsgalla
Dei færraste visste at Jan Rakottyai og Ivar Flo hadde noko felles. Idrettsgallaen i VIL avsløra kva.
Les meir (02.03.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no