Navigasjon
Navigasjon
Sykkylven Mållag heidra Sissel Beate for godt språk

Ungdomshuset Vaarvon i Straumgjerde var arena for begge hendingane. Odd Drabløs vann kvilestolen som Velledalen IL hadde som hovudpremie under Idrettsgalla-lotteriet, medan Sissel Beate dagen etter fekk Målprisen for godt språk (nynorsk) som Sykkylven Mållag deler ut.

 

Sissel fekk her rippa opp hendingar frå skuletida si. Ho starta på Velledalen Skule i 1963 i ei 1.klasse med 16 elevar – åtte jenter og åtte gutar – alle oppvaksne lokalt. Når Sissel, med mor frå Nord-Noreg, frå dag ein i skuletida si sa «rødt» i staden for «raudt», måtte ho tåle mange korrigeringar og gneldrete born som heile tida fortalde henne:

-           Det heite ikkje rødt, men raudt!

Før skuleåret var omme var Sissel så godt som kurert. Grunnlaget for at ho i all si prakt kunne stige fram på Vaarvon-scena og motta denne prisen i februar 2020, vart altså lagt hausten1963 og våren 1964. Vi kan neppe kalle det langtidsplanlegging, men det bør nemnast.

 

På folkeskulen utmerka Sissel seg som dyktig i alt som var «tungt og skulle hivast langt», som Jo Nesbø seier i ein songtekst. Sissel var best av jentene i slengball, ho skaut hardast av jentene i kanonball (stikkball), og var av toppane i lyrespel og strekkhopping (på flat mark) som jentene dreiv med i friminutta. Ho kunne sikkert «matcha» veslesystera, Heidi, som i 1975 vart KM-vinnar i kulestøyt for Velledalen IL, om ho hadde fått tilbodet.

 

60-talet vart avløyst av 70-talet, folkeskulen av ungdomsskulen, der Sissel vart klassa sin fremste talskvinne for kvinnene sine rettar i samfunnet. Ho tok freidig opp kampen mot lærarar som våga ytre seg i det ho meinte var feil retning. Slike fanst, men då slo Sissel knytte-neven i pulten.

 

Så gjekk åra med vidare skulegong og utdanning. På den friviljuge arenaen halla og mot dei frilynde og ungdomslaget. Ho skaffa seg kortreist mann og tre born. Jobb-messig er ho best kjend frå NRK – ei behageleg røyst å lytte på, eller vakne til.

 

For drygt 20 år sidan drog Sissel Beate i   gong suksessen Velledalen Sogelag saman med Kari Hjorthol og Jarle Lade. Denne organisasjonen gav i 2003 ut boka «Sætrar under Tinderad», med eldstetausa frå Sølmongarden som med-redaktør. Seinare kom bøkene «Den gamle sunnmørsjula» (2007) og «70 sætreturar på Sunnmøre» (2010) – begge i spann med John Roald Pettersen (gift med Olaug Drabløs som er søstra til Odd Drabløs). Siste skot på bokstammen er «Norsk Ølhistorie» (2019).

 

Både i jobb og som frilandsjournalist er Sissel kjend for eit godt språk – skriftleg og munnleg. Bøkene hennar synleggjer ei enorm kulturhistorisk interesse. Og sidan minst tre av borna til Svanhild og Harry har skrive bøker, viser det at det er «noko» utover det normale med dei.

 

Velledalen IL gratulerer Odd, Sissel - og alle Sølmongarden sine støttespelarar - med ei drivande god helg, den 22. og 23.februar 2020!

 

Atle Jomar

Nestleiar i VIL

Klassekamerat i dei harde 60-og 70-åra.



Publisert: Måndag 24. Februar 2020 Kl. 19:52
Siste nyhende
Radka Vosicka – ein tsjekkisk solstråle
Velledalen IL har mange solstrålar frå ulike nasjonar. Radka er ein av dei. I 2016 fann kvinna frå Tsjekkia at ho ville gjere nokre justeringar med livet sitt – medan det enno var tid. Justeringar i ei meir sportsleg retning.
Les meir (03.04.2020)
Kronprins Håkon Magnus påmeldt i Konradløpet
Slottet melder at kronprinsen kjem til Velledalen med eitt mål for auget; få revansje på ein kar ved namn Svein Arne Nakken.
Les meir (01.04.2020)
Historisk dag: Velledalen IL nådde 100 grasrotspelar
På mars månad sin siste dag, nådde Velledalen IL det nette tal av 100 grasrotspelarar.
Les meir (01.04.2020)
2003 grasrotkroner i mars
Norsk Tipping melder om nedgang i omsetninga. Det rammar laga gjennom grasrotmidlane, men Velledalen IL greier seg bra.
Les meir (01.04.2020)
Avlysingar på løpsfronten
Holmenkollstafetten der Velledalen IL har meldt på lag er mellom dei korona-avlyste arrangementa.
Les meir (30.03.2020)
Leif Erling gjekk til skimerket
Det er lite nytt å melde i desse koronatider, men langrennsgruppa har hatt ein mann gjennom til skimerkeprøve.
Les meir (30.03.2020)
Solbjørg Brunstad konkurranse-vinnar
Solbjørg Brunstad har hatt flaks under loddtrekning tidlegare og hadde det igjen denne veka.
Les meir (19.03.2020)
Den tillyste 3000 meter testen er avlyst
I tråd med råd frå dei som sit på mykje kunnskap innan helse og idrett, er den tillyste 3000 meter testen den 22.mars avlyst.
Les meir (19.03.2020)
Midtveke-konkurranse med premiering
Sjå foto! Karane er kjende, men kvar er dei…?
Les meir (17.03.2020)
VIL-årsmøtet utsett på ubestemt tid
Det tillyste årsmøtet i Velledalen IL den 19.mars, er altså utsett.
Les meir (17.03.2020)
VIL-utøvarar med 463 startar 1.halvår 2019
Foto: Karl Egil LiasetEnorm aktivitet i Velledalen IL i 2019. Medlemar av Velledalen IL gjorde 463 startar i 1. halvår.
Les meir (15.03.2020)
Velledalen grendahus: Stengd for kroppsleg utfalding
Alle kommunale symjehallar og gymsalar i Sykkylven er stengde i tidsrommet 13.mars til 1.mai.
Les meir (14.03.2020)
Skikarusell
Vedlagt bilde viser to sunnmøringar under oppvarminga, Velledalen IL til venstre og Valldal IL til høgre.Elektronisk brevhelsing frå nord:
Les meir (12.03.2020)
Corona-viruset tok årets Birkebeinerrenn
ArkivfotoSvein Arne Nakken var einaste påmelde frå Velledalen til dette rennet.
Les meir (11.03.2020)
Går det mot toppår for trimpostane….?
Lite snø i låglandet gjer turar til nokre av Velledalen IL sine trimpostar til heilårs-aktivitet.
Les meir (09.03.2020)
O-trening
O-gruppa testet i ettermiddag et nytt konsept med innetrening for barn/ungdom med løpeleker og o-teknikk, dvs trening av både hode og kropp slik som orienteringsløp også er.
Les meir (08.03.2020)
Vinterkarusellen: Resultat Velledalen IL
Slik gjorde VIL-løparane det i siste løpet i Ålesund Vinterkarusell laurdag 7.mars
Les meir (08.03.2020)
Vêrmeldinga stoppa rennet, men det vart trena.
Det tillyste ski-o rennet til Velledalen IL/Emblem IL som skulle arrangerast sundag 8.mars vart avlyst grunna dårlege vêrmeldingar.
Les meir (08.03.2020)
AVLYST skiorientering
Grunna dårleg meldingar.
Les meir (07.03.2020)
Solid VIL-debut av Frode Hoprekstad
Brukte 44.12 på mila under siste løpet av Ålesund Vinterkarusell denne sesongen.
Les meir (07.03.2020)
Lillian klassevinnar i VIL-debuten
Lillian Nykrem har meldt seg inn i Velledalen IL og vann K 35-39 år i sitt fyrste løp for laget vårt.
Les meir (07.03.2020)
Premiedryss til Velledalen IL i vinterkarusellen
Alle som kunne slå i bordet med tre løp eller meir (av i alt fem) vart premierte då Ålesund Vinterkarusell 2020 vart avslutta laurdag 7.mars
Les meir (07.03.2020)
Siste løpet i vinterkarusellen
Velledalen IL stiller ein brei tropp. Frode Hoprekstad debuterer for VIL.
Les meir (07.03.2020)
Ung VIL-medlem vinnar i loddboka
Ein av idrettslagets yngste medlemmar, Tea Tandstad, stolt vinnar av andrevinsten frå idrettslaget si loddbok.
Les meir (04.03.2020)
Idrettsgalla: Alle prisane som vart delte ut
Vi har den siste tida omtala mange av dei utdelte prisane under Idrettsgallaen. Her finn du alle prisane samla, i den rekkefølga dei vart delte ut.
Les meir (04.03.2020)
Velledalen IL har fått pengar til skulegardskart
Då har Pernille Ibsen Lervåg på vegne av Velledalen IL fått pengar til skulegardskart ved alle skulane i Sykkylven.
Les meir (03.03.2020)
Idrettsgalla: Pris til Nærbutikken
Nærbutikken i Velledalen vart også heidra, då den stakk av med «Nært og Nyttig-prisen».
Les meir (02.03.2020)
To luringar på Idrettsgalla
Dei færraste visste at Jan Rakottyai og Ivar Flo hadde noko felles. Idrettsgallaen i VIL avsløra kva.
Les meir (02.03.2020)
107 gjekk Barnas Fjellsæterrunde
Steffen Mork frå Emblem IL raskast rundt Sætrevatnet. Mange VIL-løparar markerte seg positivt i rennet.
Les meir (02.03.2020)
O-teknikk og løpeleik for store barn/ungdom
Søndag 8.mars blir en slags kick-off for o-sesongen 2020. Vi starter med ski-o på Fjellsætra i tidsrommet kl 12 til kl ca 14. Dette er for alle, se egen invitasjon/informasjon på Facebook og nettsida til idrettslaget.
Les meir (02.03.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no