Navigasjon
Navigasjon
Idrettsgalla: Atle Hole fekk heiderspris

HEIDERSPRISEN

Atle Jomar Hole  (fødd  29.3.1956) er ein av dei som har brukt all si fritid i idrettens teneste , og vist eit engasjement , ein kreativitet og ein omsorg for idrettsmiljøet rundt seg som langt overgår ”vanleg standard”.

Det er han som gjennom livet har i kledd seg eit uttal rollar innanfor idretten og har meistrar dei alle; som aktiv idrettsutøvar innan langrenn, friidrett og fotball, som trenar for aldersbestemte fotball-lag, som styremedlem og styreleiar i årtier, som fotballdommar, redaktør av klubbavis & nettside, som kreativ oppfinnar av nye arrangement som tek ”publikum” med storm og gir gode pengar i klubbkassa – det vere seg arrangement som ”Humorens kveld”, ”Kakeeterfestivalen”,  ”Fotballskule”, ”Førjulsmesse”,  Idrettsgalla”, ”Konradløpet” og ”Minikonradløpet” der han tek regien og gjerne er speaker og programleiar med gode historier på lur.

Atle var også den som førte hesteskokasting fram til å bli Velledalen sin nasjonalidrett utover 1980-talet. Han var primus motor bak det første hesteskokastarstemne i Velledalen i 1978.  Dette utvikla han fort til store arrangement med over 200 deltakarar frå heile landet.

Atle er ei levande historiebok over laget sitt virke, og har lagt ned eit stort arbeid med å samle ”idrettsminne” frå eldre utøvarar, og på den måten deler og synleggjer kontrastar og utvikling innanfor idretten på ein levande måte. 

Han har sansen for statistikk og har ein glødane penn som han nyttar flittig i idrettens teneste. Han er over alt, på arrangement og konkurransar. Han elskar å lyfte fram andre, å synleggjere alle utøvarar frå dei minste til dei eldste. Han finn sågar på eigne fantasifulle prisar for å kunne heidre flest mogeleg. Han fyller spalter på spalter med nyheitsstoff frå store og små konkurransar over heile kloden der det måtte finnast ein utøvar frå laget eller med tilknyting til Velledalen.  Han har ei utruleg omsorg for tillitsvalte, utøvarar og medlemmar. Han ordnar med juleblomster til tillitsvalte og andre som han meiner fortener det, julekort til medlemmar, fyl med over alt, ingen runde dagar eller gravferder går under radaren. Atle er der sjølv på den siste reis, med eit siste farvel, og gjennom gode ord deler han idrettsminner og heidrar dei som har trakka i løypa føre han.

Atle Hole er ein person som har lagt ned ufatteleg med timar i idrettens teneste, løfta fram andre, vore ei kreativ kraft og eit godt lim for idrettsmiljøet i Velledalen Idrettslag. Det er ufatteleg at ein person i fullt arbeid, kan rekke over så mykje friviljug arbeid. Han har gitt så mykje ros og delt ut så mange prisar til andre, at det er på tide han får heider tilbake sjølv i form av ein eigen heiderspris, meiner juryen i årets idrettsgalla.

Personalia:

Atle Jomar Hole, fødd 29.3.1956, bur og oppvaksen i Olagarden på Hole i Velledalen, Sykkylven kommune. Yrke: Mjelkebonde og frilansjournalist, jobba tidlegare også 8 år deltid for Statistisk Sentralbyrå som intervjuar. Gift og har 3 døtre.

 

ATLE SOM IDRETTSUTØVAR, TRENAR OG TILLITTSVALT.

Langrennsløpar
Starta som langrennsutøvar i sitt første langrennsløp i 8-9 års alderen for Velledalen Idrettslag

Kretsmestar som 10-åring og 3 gongar kretsmestar i stafett for Velledalen IL både som aldersbestem løpar, som junior og som senior.

Fotballspelar
Starta som fotballspelar for Velledalen & Ringen  fotballklubb (VRF) som 11 åring, spelte aktiv til fylte vel 30 år med  543 A-kampar for VRF. Opplevde oppturar og nedturar frå nivå 3 i norsk fotball ( i 1979) og ned til nest lavast kretsnivå.

Fotballdommar
Aktiv fotballdommar rundt om på Sunnmøre i 6-7 år.

Fotballtrenar
Fotballtrenar for aldersbestemte lag i VRF i mange sesongar.

Friidrettsutøvar
Vore med i utallige stafettar for Velledalen IL som Holmenkollstafetten (5 år), Breimstafetten, Patchellstafetten, Sunnylvsstafetten og ulike kretsmeistarskapsstafettar.

Tillittsvalt
Atle Hole kom med som tillitsvalt første gong i Velledalen IL 3.desember 1972 som medlem i laget si langrennsgruppe (undergruppe til hovudlaget) og som styremedlem i hovudlaget 2 år seinare i 1974 (29.sept.).

No kan Atle sjå tilbake på:

20 år som styreleiar for Velledalen Idrettslag og ytterlegare 8 år som styremedlem der han framleis verkar for fullt.  

Utnemnt som æresmedlem av idrettslaget i 2007.

2 år som styreleiar for Velledalen & Ringen Fotballklubb (VRF)

 

Ove Inge Skylstad



Publisert: Måndag 24. Februar 2020 Kl. 07:14
Siste nyhende
Radka Vosicka – ein tsjekkisk solstråle
Velledalen IL har mange solstrålar frå ulike nasjonar. Radka er ein av dei. I 2016 fann kvinna frå Tsjekkia at ho ville gjere nokre justeringar med livet sitt – medan det enno var tid. Justeringar i ei meir sportsleg retning.
Les meir (03.04.2020)
Kronprins Håkon Magnus påmeldt i Konradløpet
Slottet melder at kronprinsen kjem til Velledalen med eitt mål for auget; få revansje på ein kar ved namn Svein Arne Nakken.
Les meir (01.04.2020)
Historisk dag: Velledalen IL nådde 100 grasrotspelar
På mars månad sin siste dag, nådde Velledalen IL det nette tal av 100 grasrotspelarar.
Les meir (01.04.2020)
2003 grasrotkroner i mars
Norsk Tipping melder om nedgang i omsetninga. Det rammar laga gjennom grasrotmidlane, men Velledalen IL greier seg bra.
Les meir (01.04.2020)
Avlysingar på løpsfronten
Holmenkollstafetten der Velledalen IL har meldt på lag er mellom dei korona-avlyste arrangementa.
Les meir (30.03.2020)
Leif Erling gjekk til skimerket
Det er lite nytt å melde i desse koronatider, men langrennsgruppa har hatt ein mann gjennom til skimerkeprøve.
Les meir (30.03.2020)
Solbjørg Brunstad konkurranse-vinnar
Solbjørg Brunstad har hatt flaks under loddtrekning tidlegare og hadde det igjen denne veka.
Les meir (19.03.2020)
Den tillyste 3000 meter testen er avlyst
I tråd med råd frå dei som sit på mykje kunnskap innan helse og idrett, er den tillyste 3000 meter testen den 22.mars avlyst.
Les meir (19.03.2020)
Midtveke-konkurranse med premiering
Sjå foto! Karane er kjende, men kvar er dei…?
Les meir (17.03.2020)
VIL-årsmøtet utsett på ubestemt tid
Det tillyste årsmøtet i Velledalen IL den 19.mars, er altså utsett.
Les meir (17.03.2020)
VIL-utøvarar med 463 startar 1.halvår 2019
Foto: Karl Egil LiasetEnorm aktivitet i Velledalen IL i 2019. Medlemar av Velledalen IL gjorde 463 startar i 1. halvår.
Les meir (15.03.2020)
Velledalen grendahus: Stengd for kroppsleg utfalding
Alle kommunale symjehallar og gymsalar i Sykkylven er stengde i tidsrommet 13.mars til 1.mai.
Les meir (14.03.2020)
Skikarusell
Vedlagt bilde viser to sunnmøringar under oppvarminga, Velledalen IL til venstre og Valldal IL til høgre.Elektronisk brevhelsing frå nord:
Les meir (12.03.2020)
Corona-viruset tok årets Birkebeinerrenn
ArkivfotoSvein Arne Nakken var einaste påmelde frå Velledalen til dette rennet.
Les meir (11.03.2020)
Går det mot toppår for trimpostane….?
Lite snø i låglandet gjer turar til nokre av Velledalen IL sine trimpostar til heilårs-aktivitet.
Les meir (09.03.2020)
O-trening
O-gruppa testet i ettermiddag et nytt konsept med innetrening for barn/ungdom med løpeleker og o-teknikk, dvs trening av både hode og kropp slik som orienteringsløp også er.
Les meir (08.03.2020)
Vinterkarusellen: Resultat Velledalen IL
Slik gjorde VIL-løparane det i siste løpet i Ålesund Vinterkarusell laurdag 7.mars
Les meir (08.03.2020)
Vêrmeldinga stoppa rennet, men det vart trena.
Det tillyste ski-o rennet til Velledalen IL/Emblem IL som skulle arrangerast sundag 8.mars vart avlyst grunna dårlege vêrmeldingar.
Les meir (08.03.2020)
AVLYST skiorientering
Grunna dårleg meldingar.
Les meir (07.03.2020)
Solid VIL-debut av Frode Hoprekstad
Brukte 44.12 på mila under siste løpet av Ålesund Vinterkarusell denne sesongen.
Les meir (07.03.2020)
Lillian klassevinnar i VIL-debuten
Lillian Nykrem har meldt seg inn i Velledalen IL og vann K 35-39 år i sitt fyrste løp for laget vårt.
Les meir (07.03.2020)
Premiedryss til Velledalen IL i vinterkarusellen
Alle som kunne slå i bordet med tre løp eller meir (av i alt fem) vart premierte då Ålesund Vinterkarusell 2020 vart avslutta laurdag 7.mars
Les meir (07.03.2020)
Siste løpet i vinterkarusellen
Velledalen IL stiller ein brei tropp. Frode Hoprekstad debuterer for VIL.
Les meir (07.03.2020)
Ung VIL-medlem vinnar i loddboka
Ein av idrettslagets yngste medlemmar, Tea Tandstad, stolt vinnar av andrevinsten frå idrettslaget si loddbok.
Les meir (04.03.2020)
Idrettsgalla: Alle prisane som vart delte ut
Vi har den siste tida omtala mange av dei utdelte prisane under Idrettsgallaen. Her finn du alle prisane samla, i den rekkefølga dei vart delte ut.
Les meir (04.03.2020)
Velledalen IL har fått pengar til skulegardskart
Då har Pernille Ibsen Lervåg på vegne av Velledalen IL fått pengar til skulegardskart ved alle skulane i Sykkylven.
Les meir (03.03.2020)
Idrettsgalla: Pris til Nærbutikken
Nærbutikken i Velledalen vart også heidra, då den stakk av med «Nært og Nyttig-prisen».
Les meir (02.03.2020)
To luringar på Idrettsgalla
Dei færraste visste at Jan Rakottyai og Ivar Flo hadde noko felles. Idrettsgallaen i VIL avsløra kva.
Les meir (02.03.2020)
107 gjekk Barnas Fjellsæterrunde
Steffen Mork frå Emblem IL raskast rundt Sætrevatnet. Mange VIL-løparar markerte seg positivt i rennet.
Les meir (02.03.2020)
O-teknikk og løpeleik for store barn/ungdom
Søndag 8.mars blir en slags kick-off for o-sesongen 2020. Vi starter med ski-o på Fjellsætra i tidsrommet kl 12 til kl ca 14. Dette er for alle, se egen invitasjon/informasjon på Facebook og nettsida til idrettslaget.
Les meir (02.03.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no