Navigasjon
Navigasjon
Dei finaste nedslaga

Helge likte stort sett all idrett. Ikkje få timar vart brukt framfor skjermen heime i stova i Holemarka. Slik tileigna han seg kunnskap på feltet – langt meir enn folk flest hadde. Ein av idrettane som stod hjarte hans nær, var hoppsporten. Ein idrett han sjølv dreiv i yngre år.

 

Frå 1965 og utover ville lagnaden det slik at Holemarka vart Mekka for vinteridrett i Velledalen, med lysanlegg både for hopp, alpint og langrenn. Helge budde med andre ord i smørauget. Barneidretten blomstra i denne tida. Somme vaksne slengde seg og med. Mellom dei Helge - som vinteren 1967 då Velledalen IL arrangerte kretsrenn i hopp og KM i langrenn  like ved stova hans - var 29 år.

 

Vi småhynane på Hole gjekk ofte inn Holemarka og såg på dei eldre gutane, inkludert vaksne som Rolf og Helge, dreiv hoppsport. Etter timevis med førearbeid og preparering fekk dei endeleg sette utfor. Og vi fekk sett litt av kvart. Alle kategoriar hopp. Lange og korte, mislukka og vellukka, stygge fall og der ein berre sopa nedi med hendene etter landing, gutar som gret og gutar som lo, gutar som kom og gutar som gjekk. Somme kom til og med på sykkel med hoppski!

     Her fanst det ingen vindmålar, ingen som passa på at oppdrifta var optimal, ingen trenarar, ingen hoppdressar eller hjelmar, ingen heis opp til toppen og ingen som sa du ville hoppe betre om du slanka deg 17 kg, og ingen kosthaldsekspert til å hjelpe deg med oppgåva heller. Nei, her måtte kvar og ein greie seg sjølv, og sette utfor når turen var komen – uansett vêr og vind.

 

Helge Lødøen budde 200 meter frå bakken. Eg minnest at Helge brukte lenger tid på toppen til konsentrasjon enn unggutane. Litt slik som Toralf Engan. Men der han skilde seg mest ut var i siste fase av hoppet – nedslaget. Lette, balanserte, telemarks-nedslag. Helge hadde alltid dei finaste nedslaga.

 

Nedslaga er viktige anten ein driv hoppsport - eller elles i livet. 31. januar sette han sitt siste.

Heller ikkje då gjorde han noko stort vesen av det. Stillfarande og kontrollert. På sjukehuset i Ålesund.

 

Takk Helge, for gode barndomsminne!

 

Atle Jomar

 

PS. Det fell naturleg på ein dag der vi vil ære Helge Lødøen sitt minne at vi tek med eit «idrettsminne» ført i penn av Arnfinn Brunstad. les her



Publisert: Tirsdag 4. Februar 2020 Kl. 20:28
Siste nyhende
Idrettsgalla: Atle Hole fekk heiderspris
Velledalen IL si største eldsjel vart heidra under idrettsgallaen. Les VIL-leiaren sine ord om Atle Jomar Hole.
Les meir (24.02.2020)
Sykkylven Mållag heidra Sissel Beate for godt språk
Stor dagar i Sølmongarden på Brunstad sist helg. Laurdag vart Odd trekt ut som vinnar av hovudpremien i VIL sitt Idrettsgalla-lotteri, dagen etter vann kona, Sissel, Målprisen.
Les meir (24.02.2020)
Idrettsgalla: Sterk duo fekk pris som årets nykommar og årets gjennombrot
To av VIL sine utøvarar frå Ålesund kommune, May Evy og Frode fekk gjeve prisar under gallaen.
Les meir (23.02.2020)
Idrettsgalla: Gjevaste prisane til Anette og Olaf
Stappfullt hus i Ungdomshuset Vaarvon sitt kjellarlokal då Velledalen IL heldt Idrettsgalla for året 2019.
Les meir (23.02.2020)
Idrettsgalla: Prisdryss over idrettslaget sine unge utøvarar
Mange imponerande prestasjonar å vise til blandt dei yngste utøvarane til Velledalen IL.
Les meir (23.02.2020)
Vinnarar frå loddboka til Velledalen IL
500 lodd vart selde frå loddboka til idrettslaget i vinter. 10.000 inntjente kroner går til o-gruppa sitt kartarbeid.
Les meir (22.02.2020)
O-gruppa VIL, terminliste våren 2020
-endringer kan forekomme, følg med på Facebook-gruppa «Orienteringsløp Sykkylven».
Les meir (17.02.2020)
Lokale resultat frå Furusjøen Rundt
ArkivfotoSvein vart nummer sju i klasse 50-54 år, Kjell Magnar nummer 16 i klasse 30-34 år.
Les meir (17.02.2020)
Vert det «Barnas Fjellsæterrunde i vinter..?
arkivfotoTruleg JA, seier langrennsgruppa i Velledalen IL som nyleg har hatt møte.
Les meir (11.02.2020)
Ny trakkemaskin står klar
Langrennsgruppa melder at ei ny trakkemaskin formeleg hungrar etter meir snø i Ladalen.
Les meir (11.02.2020)
Plass til fleire på Idrettsgalla
Dagen før påmeldingsfristen går ut melder kasserar i VIL, Henning Tandstad , om kring 20 ledige plassar.
Les meir (11.02.2020)
Bilskiltet «ARNE 371» sine band til Velledalen IL
Han vart KM-vinnar for Velledalen IL i 1960 med 2,77 meter, men gav seg ikkje før han hoppa 3,71 i stille lengde.
Les meir (11.02.2020)
Anders Wigdahl gjekk Sjusjøen Skimaraton
Endeleg har vi eit ski-resultat og melde – frå VIL-avdelinga på Austlandet.
Les meir (09.02.2020)
Vinterkarusell nr 4: Andreas og Frode klassevinnarar
Fem menn representerte Velledalen IL under fjerde løpet av Vinterkarusellen i Ålesund.
Les meir (08.02.2020)
May Evy beste kvinne på 5 kilometer
May Evy Nesheim vart beste kvinne på 5 kilometer med tida 22.17 under Ålesund Vinterkarusell. Også Lillian Nykrem klassevinnar.
Les meir (08.02.2020)
Bladet «Runners World» skriv om Kjell Magnar
Heile fem sider – framsida og fire inne i bladet - har løpsbladet «Runners World» spandert på Kjell Magnar Berli.
Les meir (08.02.2020)
Nye karusell-løp i Ålesund 8.februar
arkivfotoFå utøvarar har førebels meldt seg på, men Olaf Einar Øien stiller på 5 km.
Les meir (05.02.2020)
Velkommen til sonerenn i Hyttehola på Hellesylt laurdag 8. februar.
Rennet går i fristil, med start klokka 12.30, individuell start og normaldistanse.
Les meir (05.02.2020)
Krevjande helgakonkurranse
Men Kristin Grebstad visste at Katrine Ulriksen (VIL-leiar I 1997) var rett svar denne gongen.
Les meir (03.02.2020)
Idrettsgalla 22.februar – påmeldingsfrist 12.febr.
arkivfotoI år er det påmelding til Velledalen IL sin Idrettsgalla –frist for påmelding er 12.februar.
Les meir (03.02.2020)
Fire blad Nakken i Oslo Winterrun 2020.
I går kvitterte Sivert og Andreas Mosby Nakken ut ei av julegåvene sine. Far Svein og mor Anita var også mellom deltakarane.
Les meir (02.02.2020)
Tusen, tusen takk til 94 grasrotspelarar!
Januar vart ein knallmånad med 2662 grasrotkroner til Velledalen IL.
Les meir (01.02.2020)
Britt Janne 40 år 1.februar
arkivfotoJubileuma kjem tett i Velledalen IL for tida. I dag er det Britt Janne sin tur.
Les meir (01.02.2020)
Krevjande helga-konkurranse
Faktum er at det er 23 år sidan sist leiaren i Velledalen IL budde andre stadar enn på Hole.
Les meir (31.01.2020)
Hurra for VIL-leiaren som fyller 60 år 30.januar!
30.januar fyller Hau-tvillingane (Kai Roger og Ove Inge) 60 år.
Les meir (29.01.2020)
O-gruppa i VIL har søkt midlar til skulegardskart
Velledalen IL – o-gruppa har søkt midlar frå Forbundet til skulegardskart, kartteiknings-kurs og kurs for tilsette ved skular.
Les meir (28.01.2020)
Visste du at………..
arkivfotoNettsida friskar opp nokre som har sportslege jubileum i 2020
Les meir (27.01.2020)
Vanskeleg konkurranse – Leif Karlsen vinnar
Denne gongen var konkurransen så vanskeleg at det kom inn akkurat like mange gale svar som rette.
Les meir (27.01.2020)
Galla for sportslege sprell 22.februar
arkivfotoVelledalen IL arrangerer Idrettsgalla i Velledalen grendahus laurdag 22.februar.
Les meir (27.01.2020)
Brunstadbakken i vinden
Takka vere nokre foto i Sunnmørsposten frå hopprennet i 1962, har Brunstadbakken i Velledalen på nytt blitt løfta fram i lysey.
Les meir (25.01.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
To19.03
Fr03.04
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no