Navigasjon
Navigasjon
Vinterkarusellen 2019/2020: Ung framgang

Vår to yngste, Tobias Ibsen Lervåg (G under 10 år) og Johan Fløttum Fauske (G 10-11 år) debuterte   i vinterkarusellen i 5. løp (sesong 2018/2019) den 2.mars 2019. Johan brukte då 27.29, Tobias 28.03. Sist laurdag gjekk 1.løp i sesongen 2019/2020. Tobias og Johan var på plass, begge med tida 26.09. Med andre ord; enorm framgang på åtte månader!

 

10.november 2018 sprang Sivert Mosby Nakken 5 km i vinterkarusellen i Ålesund på 22.50

2.mars 2019 sprang han nøyaktig same løypa på 21.55.

Og 9.november 2019 pressa han tida ned i 20.48. Framgang på to minutt og to sekund på 364 dagar….formidabel prestasjon, rett og slett. Og tek vi ikkje feil, er tida til Sivert nokre små sekund betre enn tvillingbror Andreas har i same løypa.

 

Andreas Mosby Nakken hadde 44.40 som bestetid på 10 km frå karusellen 2018/2019. Laurdag opna han karusellen 2019/2020 med ny personleg bestetid på 44.21. Og vi er ganske sikre på at Andreas har meir inne

 

I desember er det nytt løp. Då kan også William Hansen og Lars Urke Hjorthol jakte nye personlege rekordar, etter ein vellukka debut sist laurdag. Men årstida er per definisjon vinter, som betyr at forholda kan variere enormt frå gong til gong. Difor let det seg rett og slett ikkje gjere å prestere topptider kvar gong. Men Velledalen   IL gler seg over dei unge, og framgangen dei viser!

 



Publisert: Måndag 11. November 2019 Kl. 23:56
Siste nyhende
Velledalen IL med seks utøvarar 2.løp
Velledalen IL hadde med seks utøvarar i 2.løp av vinterkarusellen i Ålesund som vart arrangert laurdag 14. desember.
Les meir (15.12.2019)
VIL-Nett vitjar Osloavdelinga 14.desember
VIL-Nett er ikkje akkurat noka suksessrik medieverksemd målt i kroner, men komande helg skrapar vi saman nokre slantar for å møte Osloavdelinga.
Les meir (12.12.2019)
14.desember går 2.løp i vinterkarusellen
ArkivfotoKomande laurdag får vi svaret på om VIL-løparane har juleforma inne.
Les meir (12.12.2019)
Lag påmeldt til Holmenkollstafetten
arkivfoto9.mai 2020 vert det ny folkefest på løpsfronten i Oslo – Velledalen IL stiller lag.
Les meir (12.12.2019)
May Evy premievinnar i helgakonkurransen
Rekordmange rette svar denne gongen. May Evy Nesheim trekt ut som premievinnar.
Les meir (09.12.2019)
Bli med i juletrekninga til Konradløpet !
Alle som melder seg på før utgangen av 24.desember er med i kampen om «tunge» premiar. Sjå i tillegg namnet på dei som skal ha 10 års premie om dei stiller.
Les meir (09.12.2019)
Inger sitt 10-års tal på Bruna trimpost er 5 191
Å du hildrande du – det kom ein e-post frå statistikkføraren vår som gav meg nervøse rykkningar i går kveld.
Les meir (08.12.2019)
Helgakonkurranse 7. og 8.desember
Sjå foto! Og spørsmålet har denne ordlyden: Kvar er dette…..?
Les meir (07.12.2019)
Trimpostane: Inger for 8.gong
Hatten av for Inger Anne Riksheim som denne sesongen vart samanlagt-vinnar på Velledalen IL sine trimpostar for 8. gong, og har kring 5 000 turar til Bruna siste ti år.
Les meir (07.12.2019)
Konradløpet 2020: Desse skal ha 15 års premie
Meld deg på – alle som gjer det før 24.desember er med i trekninga av fine premiar.
Les meir (05.12.2019)
Trening sundag 8.desember
Oppmøte ved Fet Bru klokka 10.00
Les meir (05.12.2019)
Vind i segla for Jan Kåre Oterhals
Auka frå 1904 poeng, og 4.plass i 2018, til 3143 poeng og 2.plass i 2019.
Les meir (05.12.2019)
Trimpostane samanlagt: Solveig Olsen på pallen.
Solveig Olsen hadde 2535 trimpoeng i 2018, og auka til 2676 i 2019. Det heldt til 3.plass.
Les meir (03.12.2019)
Anita Mosby Nakken vann helgakonkurransen
arkivfotoRett svar: Fotoet var henta frå Camp Velledalen.
Les meir (02.12.2019)
Trimpostane: 2275 poeng til Ingunn Hole Hunnes
Sterk 4.plass i samandraget til Ingunn i 2019.
Les meir (02.12.2019)
Helgakonkurranse med premiering
Sjå foto – kva arrangement er fotoet henta frå….?
Les meir (01.12.2019)
Skiføre i lysløypa, melder langrennsleiaren.
arkivfotoSiste dagane har det kome mykje snø – rikeleg nok til å ta sesongens fyrste skitur.
Les meir (01.12.2019)
2234 grasrotkroner i november
Stor takk til alle – 94 i talet – som støtta Velledalen IL gjennom ordninga.
Les meir (01.12.2019)
Trimpostane samanlagt: Ivar Flo nummer 5
I 2018 vart han nummer tre, i 2019 vart han pressa ned til 5.plass. Turane var ni færre; sjølvsagt til Riksheimdalen.
Les meir (29.11.2019)
Invitasjon til premieutdeling trimpostar
Velledalen IL har gleda av å invitere alle trimpostvinnarar til premieutdeling – i kafeavdelinga til Nærbutikken – onsdag 4. desember klokka 19.00. Velkomen til ei sosial samling der Velledalen IL spanderer kake og kaffi.
Les meir (29.11.2019)
Trimpostane Ingrid Brudevoll best i Velledalen
Ingrid Brudevoll fekk siste året med seg 1871 gilde trimpoeng, som heldt til 6.plass på lista.
Les meir (29.11.2019)
VIL-stand i julefabrikken – stikk innom
Laurdagane 30. november, 7.desember og 14. desember, er Velledalen IL mellom dei som deltek under Velledalen grendalag si minimesse på Brunstad.
Les meir (29.11.2019)
Trimpostane samanlagt: Kjell Olsen nummer 7
Det skilde fattige tre poeng mellom Grethe Fet på 8.plass og Kjell Olsen på 7.plass denne gongen.
Les meir (27.11.2019)
Velledalen IL har flotte julegåver
Er du tom for idear til julegåve…? Velledalen IL kan hjelpe deg!
Les meir (25.11.2019)
Trimpostane samanlagt: Grethe Fet nummer åtte
Enda i år på 1488 poeng - slo ektemannen, Odd – Kåre, med fattige 14 poeng.
Les meir (25.11.2019)
Trimpostane samanlagt: 1474 poeng heldt til topp-10
Odd-Kåre Fet og Arnhild Linga kom på delt 9.plass, begge med 1474 poeng
Les meir (24.11.2019)
14 339 noterte namnet sitt i trimbøkene siste år
Hurra, og takk til alle bidragsytarane for eit flott trimpost-år!
Les meir (24.11.2019)
Få med deg treninga 24 november
Frammøte ved Fet Bru klakka 10.00
Les meir (22.11.2019)
Bruna trimpost i Straumgjerde som vanleg best
Eit hav (1813 noteringar) betre enn hardaste utfordrar i 2019.
Les meir (22.11.2019)
Takk for innsatsen under Førjulsmessa
Velledalen IL takkar alle som var i aksjon under Førjulsmessa sist helg.
Les meir (21.11.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no