Navigasjon
Navigasjon
Ni personar gjennomførte 3000 meter-test på Ikornnes

Opphaldsvêr, nesten vindstille og 10 plussgrader var ramma då Velledalen IL arrangerte 3000 meter-test på Ikornnes Idrettspark sundag 29.september.

 

Oppvarminga starta om lag klokka 10.00 og då starten gjekk var frammøtet  såleis:

Deltakarar: 9

Funksjonarar: 3

Fotograf: 1

Tilskodarar: 1

 

Eldstemann til start var Alf Jørgen Tyssing, far til Njål, som imponerte tungt under Oslo-maraton sist helg. Alf Jørgen heldt ei km-fart på kring 6.15, og gjennomførte med stil. Føre han i «løypa» låg einaste kvinne, Ildri Bøe. Ho skal komande veke ha 3000 meter –test ved Sykkylven vidaregåande skule, og nytta seg av VIL-testen som gjennomkøyring. Ho hadde med faren som fartshaldar. Vidare deltok to menn i sin beste alder, Jørn Strømmegjerde og Henning Tandstad, som kom inn om lag midt i feltet. Fridtjof Fredriksen fekk fjerde beste tid med 11.54. Gnallhardt av ein 53-åring!

 

Topp -3:

Per- Inge Bjørnestad tok teten frå start. Han leia frå start til mål og kryssa mållina på 10.25. Bak han køyrde Frode Mauren og Vegard Tandstad eit parløp. Begge avslutta sterkt på sisterunden. Vegard kom inn på 10.56, mot Frode sine 10.58

 

Konklusjon:

Testløpet må omtalast som vellukka. Alle leverte løp opp mot det beste ein kunne vente, minus Alf Petter, som denne gongen ofra seg for rolla som «hare». Eit lite minus for manglande servering. Menn i alderen 45-49 sit på største løpskrafta (Per Inge og Frode sorterer nemleg inn her).

 

PS. Johan Strøm frå IL Ringen sprang som 19-åring 3000 meter på 10.00.1. 70 år etter han gjorde det, kan vi slå fast at 19-åringar i år 2019 i Sykkylven, har blitt forma i ei heilt anna støypeskei enn det Johan vart. Såleis spring dei sjeldan eller aldri.

 



Publisert: Søndag 29. September 2019 Kl. 13:07
Siste nyhende
Barnas Fjellsæterrunde 1.mars
arkivfotoRennet tel samstundes som fyrste renn i Telenor-Fjellsætercup langrenn
Les meir (28.02.2020)
Maraton-prisen gjekk til Njål
At Njål Tonsill Tyssing vann «maraton-prisen» under Velledalen IL sin Idrettsgalla var av det minst overraskande som hende.
Les meir (28.02.2020)
Treningsstipend på 5000 kroner til Kjell Magnar
Kjell Magnar Berli vann «Gir det han har, tar det han får-prisen» - eit treningsstipend på 5000 kroner – under Velledalen IL sin Idrettsgalla 22.februar.
Les meir (26.02.2020)
Odd Drabløs vinnar av stol.
Det var Odd Drabløs som vann hovudvinsten i VIL-loddboka.
Les meir (26.02.2020)
Nestleiaren har fått redesigna sin Kia.
Atle Hole er no lettare å kjenne att i trafikken.
Les meir (26.02.2020)
Badminton tysdag 25.februar klokka 18.00
Etter ei lengre pause startar Velledalen IL opp att det som tidlegare var ein populær trimaktivitet; badminton.
Les meir (25.02.2020)
Idrettsgalla: Atle Hole fekk heiderspris
Velledalen IL si største eldsjel vart heidra under idrettsgallaen. Les VIL-leiaren sine ord om Atle Jomar Hole.
Les meir (24.02.2020)
Sykkylven Mållag heidra Sissel Beate for godt språk
Stor dagar i Sølmongarden på Brunstad sist helg. Laurdag vart Odd trekt ut som vinnar av hovudpremien i VIL sitt Idrettsgalla-lotteri, dagen etter vann kona, Sissel, Målprisen.
Les meir (24.02.2020)
Idrettsgalla: Sterk duo fekk pris som årets nykommar og årets gjennombrot
To av VIL sine utøvarar frå Ålesund kommune, May Evy og Frode fekk gjeve prisar under gallaen.
Les meir (23.02.2020)
Idrettsgalla: Gjevaste prisane til Anette og Olaf
Stappfullt hus i Ungdomshuset Vaarvon sitt kjellarlokal då Velledalen IL heldt Idrettsgalla for året 2019.
Les meir (23.02.2020)
Idrettsgalla: Prisdryss over idrettslaget sine unge utøvarar
Mange imponerande prestasjonar å vise til blandt dei yngste utøvarane til Velledalen IL.
Les meir (23.02.2020)
Vinnarar frå loddboka til Velledalen IL
500 lodd vart selde frå loddboka til idrettslaget i vinter. 10.000 inntjente kroner går til o-gruppa sitt kartarbeid.
Les meir (22.02.2020)
O-gruppa VIL, terminliste våren 2020
-endringer kan forekomme, følg med på Facebook-gruppa «Orienteringsløp Sykkylven».
Les meir (17.02.2020)
Lokale resultat frå Furusjøen Rundt
ArkivfotoSvein vart nummer sju i klasse 50-54 år, Kjell Magnar nummer 16 i klasse 30-34 år.
Les meir (17.02.2020)
Vert det «Barnas Fjellsæterrunde i vinter..?
arkivfotoTruleg JA, seier langrennsgruppa i Velledalen IL som nyleg har hatt møte.
Les meir (11.02.2020)
Ny trakkemaskin står klar
Langrennsgruppa melder at ei ny trakkemaskin formeleg hungrar etter meir snø i Ladalen.
Les meir (11.02.2020)
Plass til fleire på Idrettsgalla
Dagen før påmeldingsfristen går ut melder kasserar i VIL, Henning Tandstad , om kring 20 ledige plassar.
Les meir (11.02.2020)
Bilskiltet «ARNE 371» sine band til Velledalen IL
Han vart KM-vinnar for Velledalen IL i 1960 med 2,77 meter, men gav seg ikkje før han hoppa 3,71 i stille lengde.
Les meir (11.02.2020)
Anders Wigdahl gjekk Sjusjøen Skimaraton
Endeleg har vi eit ski-resultat og melde – frå VIL-avdelinga på Austlandet.
Les meir (09.02.2020)
Vinterkarusell nr 4: Andreas og Frode klassevinnarar
Fem menn representerte Velledalen IL under fjerde løpet av Vinterkarusellen i Ålesund.
Les meir (08.02.2020)
May Evy beste kvinne på 5 kilometer
May Evy Nesheim vart beste kvinne på 5 kilometer med tida 22.17 under Ålesund Vinterkarusell. Også Lillian Nykrem klassevinnar.
Les meir (08.02.2020)
Bladet «Runners World» skriv om Kjell Magnar
Heile fem sider – framsida og fire inne i bladet - har løpsbladet «Runners World» spandert på Kjell Magnar Berli.
Les meir (08.02.2020)
Nye karusell-løp i Ålesund 8.februar
arkivfotoFå utøvarar har førebels meldt seg på, men Olaf Einar Øien stiller på 5 km.
Les meir (05.02.2020)
Velkommen til sonerenn i Hyttehola på Hellesylt laurdag 8. februar.
Rennet går i fristil, med start klokka 12.30, individuell start og normaldistanse.
Les meir (05.02.2020)
Dei finaste nedslaga
Med Helge Lødøen sin bortgang har Velledalen mist ein sann idretts-ven.
Les meir (04.02.2020)
Krevjande helgakonkurranse
Men Kristin Grebstad visste at Katrine Ulriksen (VIL-leiar I 1997) var rett svar denne gongen.
Les meir (03.02.2020)
Idrettsgalla 22.februar – påmeldingsfrist 12.febr.
arkivfotoI år er det påmelding til Velledalen IL sin Idrettsgalla –frist for påmelding er 12.februar.
Les meir (03.02.2020)
Fire blad Nakken i Oslo Winterrun 2020.
I går kvitterte Sivert og Andreas Mosby Nakken ut ei av julegåvene sine. Far Svein og mor Anita var også mellom deltakarane.
Les meir (02.02.2020)
Tusen, tusen takk til 94 grasrotspelarar!
Januar vart ein knallmånad med 2662 grasrotkroner til Velledalen IL.
Les meir (01.02.2020)
Britt Janne 40 år 1.februar
arkivfotoJubileuma kjem tett i Velledalen IL for tida. I dag er det Britt Janne sin tur.
Les meir (01.02.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
To19.03
Fr03.04
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no