Navigasjon
Navigasjon
Om å gjere ting ein ikkje tør... eller ikkje kan....

Eg er sikkert berre ein av mange som føler meg tryggast når alt er «normalt». Det kan vere rett så skremmande å våge seg utanfor eiga komfortsone!

 

Å stille seg på startstreken til «Ti for Grete», eitt av løpa under Oslo Maraton, er absolutt inga sjølvsagt greie, eg som ikkje likar å springe og som definitivt ikkje likar å konkurrere!

Men, eg vart altså , som julegåve, påmeldt til dette løpet, saman med resten av familien (som sjølvsagt elskar å både springe og konkurrere), og tenkte at eg får sjå det som ei utfordring og gjere eit seriøst forsøk på å trene meg opp såpass at eg klarer å kome meg gjennom 10 km på ein eller annan måte. 10 km er jo eigentleg ein overkomeleg distanse, det! Mellom anna skulle utallige timar på spinningsykkel og gruppetimar med styrketrening på Stamina gjere underverk med forma.

 

Men, plutseleg og heilt ut av intet kom altså sjukdom, med påfølgjande operasjon og behandling. Det s ende meg direkte tilbake til start! Eller som Svein brukar å seie: "Som når ein i Ludo nærma sej mål og plutsele verte innatslei n med alle knappanje".

 

Våren og sommaren vart ikkje heilt slik vi hadde tenkt oppi Gylsgarden. Sykkelskoene vart lagde vekk på ubestemt tid, medan joggeskoene var tilgjengeleg dei dagane forma var bra nok til ein liten «fjøletur». Men trening kan det vel neppe kallast.

 

Det var då eg meinte at her må eg melde pass, og eg hadde ikkje noko å   gjere på startstreken den 21. september. Eg fekk vere tilskodar i staden for deltakar. Men det var også då ein fornuftig fysioterapeut på Pusterommet (aktivitet og trening for kreftramma) på sjukehuset spurde meg om tida i løpet var viktig for meg. Nei, startnummer på brystet er i grunnen ikkje noko for meg, så tid er ikkje det viktigaste. Ho spurde om det kunne vere viktig for meg å gjennomføre? Jau, eg måtte vel innrømme at det ville vore ein seier å gjennomføre. Det var n o trass alt blitt eitt av dei to måla mine for dette året!

 

Eg stod på startstreken, med minimalt med trening i føtene, eg opplevde livet rundt løypa, og eg kom meg til mål i «Ti for Grete» som ein vinnar! Ikkje fordi eg kan vise fram ei god tid, men fordi eg rett og slett gjennomførde!

 

Ikkje alle treng å prestere på høgaste nivå, ikkje alle kjem til å finne namnet sitt øvst på resultatlista. Velledalen IL har plass til sånne som meg også, vi amatørar som ikkje er fød de med konkurranseinstinkt. Om du er litt sånn som meg, så ta sjansen på å realisere ein draum, ta eitt steg ut av di eiga komfortsone, og du kjem ut på andre sida med endå meire sjølvt illit. Måla dinel kan vere av eit helt annan slag enn mine, men poenget er at ein må våge noko for å vinne noko.

 

I Ålesund skal det for første gong arrangerast Rosa Sløyfe løpet (søndag 13. oktober). Ein heil gjeng frå Velledalen Naturbarnehage er allereie klare! Det hadde vore kjekt om fleire vil bli med å gå/ springe og samstundes gi støtte til ei god sak. Og det er faktisk ikkje berre for damer!

 

Kvar onsdag kveld held Bjørg fart i ein gjeng, med drivande god sirkeltrening i Grendahuset i dalen. Salen er stor nok for mange fleire! Så kjekt og sosialt, og så hardt og herleg, og ikkje minst så godt å kome heim til sofaen etterpå. Hiv deg med!

 

 

Med helsing ei «litt ovanpå» Anita.

 

PS.     Mål nr. 2 er framleis ikkje «i boks», men det er enno litt igjen av 2019, så kanskje....

 

Får seie som han Mons-Konrad:

Gi upp – då he du tapt!

 

 




Publisert: Laurdag 21. September 2019 Kl. 23:56
Siste nyhende
Visste du at………..
arkivfotoNettsida friskar opp nokre som har sportslege jubileum i 2020
Les meir (27.01.2020)
Vanskeleg konkurranse – Leif Karlsen vinnar
Denne gongen var konkurransen så vanskeleg at det kom inn akkurat like mange gale svar som rette.
Les meir (27.01.2020)
Galla for sportslege sprell 22.februar
arkivfotoVelledalen IL arrangerer Idrettsgalla i Velledalen grendahus laurdag 22.februar.
Les meir (27.01.2020)
Brunstadbakken i vinden
Takka vere nokre foto i Sunnmørsposten frå hopprennet i 1962, har Brunstadbakken i Velledalen på nytt blitt løfta fram i lysey.
Les meir (25.01.2020)
Nærsprinten – nytt tilbod for unge løparar
Fyrste løp – av i alt fem - i cupen vert arrangert på Brunstad fredag 3.april.
Les meir (25.01.2020)
Lokal kvintett går Birkebeiner-rennet
arkivfotoDå vi sjekka påmeldingane til Birkebeiner-rennet den 20. januar fann vi fire sykkylvingar på listene.
Les meir (25.01.2020)
VIL har signert styrmann med vind i segla
Idrettslaget sin plattformarbeidar, som tidlegare var kasserar, får selskap av styrmann som også er relatert til oljebransja i sitt yrkesliv.
Les meir (22.01.2020)
Meir om mangekamp og Henrik sitt NM-gull
Mangekamp innandørs for menn har sju øvingar, mot ti øvingar utandørs.
Les meir (21.01.2020)
Henrik Johan Holmberg NM-vinnar i mangekamp
Henrik Johan Holmberg, Vik IL, vart i helga NM-vinnar i NM i mangekamp i Nes Arena (innandørs).
Les meir (19.01.2020)
Velkomen i det gode selskap, Ole Martin!
I dag ynskjer vi den allsidige idrettsmannen Ole Martin Korsnes velkomen i Velledalen IL sine rekkjer.
Les meir (19.01.2020)
Turtausa er VIL-medlem!
Er du følgar av @turtausatrimbok på Instagram?
Les meir (18.01.2020)
Olav Brunstad 65 år 18.januar
Somme lurer kanskje på; kven er Olav Brunstad ?
Les meir (18.01.2020)
Velkomen til trening i nytt år!
Her kan alle delta – oppmøte ved Fet Bru sundag 19.januar klokka 10.00.
Les meir (18.01.2020)
6 unge mødre med 16 born tidleg ute med VIL-medlemskap
Vi er glade for dei engasjerte mødrene og barnefamiliane som har ”tikka inn” som medlemmar dei første par vekene av 2020.
Les meir (18.01.2020)
Brøvoll Youngboys klare for Velledalen IL
Det er med stor glede vi kan melde Jan Helge Myhre og Roger Vanebo klare til dyst for Velledalen IL – friidrett.
Les meir (16.01.2020)
Storspringaren vår fyller 47 i dag
Giørtz, Isabell Rørvik og Velledalen IL sin seige langdistanseløpar, Frode Nordstrand Mauren, fyller 47 år i dag, 16.januar.
Les meir (16.01.2020)
Overføring til Oslo-avdelinga
Ole Peder Kristian Holmberg har flytta til Oslo for å ta utdanning som togførar.
Les meir (14.01.2020)
Ny Frode innmeld i Velledalen IL
FF-teamet : Frode nr 2 frå venstreDet er med stor glede vi tek mot langdistanse-løparen, Frode Hoprekstad, som ny utøvar i Velledalen IL.
Les meir (14.01.2020)
37.15 på mila etter lang pause
arkivfotoKjekt å ha Kjell Magnar Berli tilbake i konkurranse etter lang pause.
Les meir (12.01.2020)
To praktkarar på same foto
Jo Andre Tandstad (t.v) er enno ikkje olympisk meister, men karen saman med han, Olaf Tufte, er.Jo Andre Tandstad (t.v) er enno ikkje olympisk meister, men karen saman med han, Olaf Tufte, er.
Les meir (11.01.2020)
Sporty julegåver – del 2
arkivfotoSporty julegåver er i vinden som aldri før. Her kjem eit nytt eksempel på det.
Les meir (11.01.2020)
Sykkylvingar i vinterkarusellen
arkivfotoTredje løp i Ålesund vinterkarusell vert avvikla i ettermiddag. Sjå kven som stiller frå Velledalen IL.
Les meir (11.01.2020)
Gledeleg treningsiver
Rykta fortel om 24 utøvarar under sirkeltreninga i Velledalen grendahus.
Les meir (09.01.2020)
Sporty julegåver i vinden
Fleire VIL-medlemar har fått det som må reknast som sporty julegåver sist jul.
Les meir (09.01.2020)
Jo Andre kapp-ror mot Olaf Tufte
ArkivfotoI sommar deltok Jo Andre Tandstad i NM i motbakkeløp, eit halvt år seinare stiller den allsidige karen i NM romaskin i Ålesund.
Les meir (09.01.2020)
Tredje løpet i vinterkarusellen komande laurdag
Laurdag 11.januar går tredje løpet i Ålesund vinterkarusell. Start klokka 15.00.
Les meir (08.01.2020)
VIL treng medlemmane sine
Kasseraren klar for å skrive nye og gamle medlemmar inn i 2020-registeret.
Les meir (08.01.2020)
Klubbmeteorologen
Eg fekk almanakk i julegåve, og etter å ha studert denne ser det ut for at vi vert velsigna med dette veret for 1. halvår:
Les meir (04.01.2020)
Nye VIL-løparar påmelde på Stranda
arkivfoto2. januar hadde 410 meldt seg på Stranda Fjord Trail Race 8.august. Fem representerer VIL.
Les meir (02.01.2020)
Grasrotspelarar i sykkylvs-idretten.
Her kjem ei oversikt over talet på grasrotspelarar i sykkylvsidretten – og utviklinga siste året.
Les meir (02.01.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
La22.02
To19.03
Fr03.04
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no