Navigasjon
Navigasjon
Herlege Njål – sprang maraton på 2.44.34 i Oslo

Du Njål, du Njål – dette var stort!

Dagen før løpet uttala han til VIL-Nett:

-           Eg køyrer etter eit skjema på fire minutt på kilometeren. Det vil gi ei sluttid på ca 2.48.40. Eg ser på målsettinga som litt usannsynleg, men ein må vel satse litt ein gong i blant. Og heller brenne seg litt.

 

Men Njål brende seg ikkje denne vakre dagen. Langt der i frå. Her er passeringane og km-farta på kvart strekk:

5 km: 19.51 – 3.59 i km-fart

10 km: 39.04 – 3.51 i km-fart mell om 5 og 10 km

15 km: 58.33 – 3.54 mellom 10 og 15 km

20 km 1.18.11 – 3.56 mellom 15 og 20 km

Halvmaraton: 1.22.08 – 3.36 mellom 20 og 21,1 km

25 km: 1.37.36 – 3.58 mellom 21,1 og 25 km

30 km: 1.56.51 – 3.51 mellom 25 og 30 km

35 km: 2.16.44 – 3.59 mellom 30 og 35 km

40 km: 2.36.40 – 4.00 mellom 35 og 40 km

42,2 (mål): 2.44.34 – 3.36 mellom 40 og 42,2 km

 

Njål Torillson Tyssing vart nummer 17 total, av samtlege som sprang heilmaraton i Oslo. Han vart nummer tre i klasse 35-39 år, slegen av ein finne og ein polakk. Njål vart med andre ord beste nordmann i klasse 35-39 år. Heile Velledalen IL, med friidrettsleiar AP Bøe i spissen, er stolte av Njål sin prestasjon i dag!

 

Thomas Asgautsen, Stavanger FIK, vann Oslo maraton 2019 på tida 2 26.54. Held Njål fram med å perse med seks minutt per år, er det ikkje lenge før han er nede på same tid.

 

Gratulerer til Njål, familien, støtteapparatet og Osloavdelinga – DETTE VAR KRUT!!!



Publisert: Laurdag 21. September 2019 Kl. 13:04
Siste nyhende
Inger sitt 10-års tal på Bruna trimpost er 5 191
Å du hildrande du – det kom ein e-post frå statistikkføraren vår som gav meg nervøse rykkningar i går kveld.
Les meir (08.12.2019)
Helgakonkurranse 7. og 8.desember
Sjå foto! Og spørsmålet har denne ordlyden: Kvar er dette…..?
Les meir (07.12.2019)
Trimpostane: Inger for 8.gong
Hatten av for Inger Anne Riksheim som denne sesongen vart samanlagt-vinnar på Velledalen IL sine trimpostar for 8. gong, og har kring 5 000 turar til Bruna siste ti år.
Les meir (07.12.2019)
Konradløpet 2020: Desse skal ha 15 års premie
Meld deg på – alle som gjer det før 24.desember er med i trekninga av fine premiar.
Les meir (05.12.2019)
Trening sundag 8.desember
Oppmøte ved Fet Bru klokka 10.00
Les meir (05.12.2019)
Vind i segla for Jan Kåre Oterhals
Auka frå 1904 poeng, og 4.plass i 2018, til 3143 poeng og 2.plass i 2019.
Les meir (05.12.2019)
Trimpostane samanlagt: Solveig Olsen på pallen.
Solveig Olsen hadde 2535 trimpoeng i 2018, og auka til 2676 i 2019. Det heldt til 3.plass.
Les meir (03.12.2019)
Anita Mosby Nakken vann helgakonkurransen
arkivfotoRett svar: Fotoet var henta frå Camp Velledalen.
Les meir (02.12.2019)
Trimpostane: 2275 poeng til Ingunn Hole Hunnes
Sterk 4.plass i samandraget til Ingunn i 2019.
Les meir (02.12.2019)
Helgakonkurranse med premiering
Sjå foto – kva arrangement er fotoet henta frå….?
Les meir (01.12.2019)
Skiføre i lysløypa, melder langrennsleiaren.
arkivfotoSiste dagane har det kome mykje snø – rikeleg nok til å ta sesongens fyrste skitur.
Les meir (01.12.2019)
2234 grasrotkroner i november
Stor takk til alle – 94 i talet – som støtta Velledalen IL gjennom ordninga.
Les meir (01.12.2019)
Trimpostane samanlagt: Ivar Flo nummer 5
I 2018 vart han nummer tre, i 2019 vart han pressa ned til 5.plass. Turane var ni færre; sjølvsagt til Riksheimdalen.
Les meir (29.11.2019)
Invitasjon til premieutdeling trimpostar
Velledalen IL har gleda av å invitere alle trimpostvinnarar til premieutdeling – i kafeavdelinga til Nærbutikken – onsdag 4. desember klokka 19.00. Velkomen til ei sosial samling der Velledalen IL spanderer kake og kaffi.
Les meir (29.11.2019)
Trimpostane Ingrid Brudevoll best i Velledalen
Ingrid Brudevoll fekk siste året med seg 1871 gilde trimpoeng, som heldt til 6.plass på lista.
Les meir (29.11.2019)
VIL-stand i julefabrikken – stikk innom
Laurdagane 30. november, 7.desember og 14. desember, er Velledalen IL mellom dei som deltek under Velledalen grendalag si minimesse på Brunstad.
Les meir (29.11.2019)
Trimpostane samanlagt: Kjell Olsen nummer 7
Det skilde fattige tre poeng mellom Grethe Fet på 8.plass og Kjell Olsen på 7.plass denne gongen.
Les meir (27.11.2019)
Velledalen IL har flotte julegåver
Er du tom for idear til julegåve…? Velledalen IL kan hjelpe deg!
Les meir (25.11.2019)
Trimpostane samanlagt: Grethe Fet nummer åtte
Enda i år på 1488 poeng - slo ektemannen, Odd – Kåre, med fattige 14 poeng.
Les meir (25.11.2019)
Trimpostane samanlagt: 1474 poeng heldt til topp-10
Odd-Kåre Fet og Arnhild Linga kom på delt 9.plass, begge med 1474 poeng
Les meir (24.11.2019)
14 339 noterte namnet sitt i trimbøkene siste år
Hurra, og takk til alle bidragsytarane for eit flott trimpost-år!
Les meir (24.11.2019)
Få med deg treninga 24 november
Frammøte ved Fet Bru klakka 10.00
Les meir (22.11.2019)
Bruna trimpost i Straumgjerde som vanleg best
Eit hav (1813 noteringar) betre enn hardaste utfordrar i 2019.
Les meir (22.11.2019)
Takk for innsatsen under Førjulsmessa
Velledalen IL takkar alle som var i aksjon under Førjulsmessa sist helg.
Les meir (21.11.2019)
Brunstadsætra trimpost: Inger Anne best i svakt år
Truleg er flytting av trimpost-kassa ein av grunnane, men Brunstadsætra trimpost har levert svakt siste året.
Les meir (21.11.2019)
Brunstad-kvinne best på Vellesætra
1310 noteringar greidde folket på Vellesætra trimpost siste året. Nok til at posten vart den tredje beste.
Les meir (19.11.2019)
Riksheimdalen: Menn i 70-åra skarpast
Det er ingen stor sensasjon at trimposten i Riksheimdalen vart fjerde beste sist sesong – ei heller at Ivar Arne Flo toppa statistikken.
Les meir (15.11.2019)
Hugs levering av tombola-vinstar
Vi minner om levering av tombola-vinstar fredag 15. november i tidsrommet 18.00-19.00.
Les meir (15.11.2019)
Førjulsmessa: Arbeidsliste for Velledalen IL
Velledalen IL har sendt ut arbeidsliste til Førjulsmessa 16. og 17.november.
Les meir (13.11.2019)
Førjulsmesse i Velledalen 16. og 17. november
Laurdag 16.november og sundag 17.november, begge dagar i tidsrommet 12.00-17.00, vert det arrangert Førjulsmesse i Velledalen grendahus.
Les meir (13.11.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no