Navigasjon
Navigasjon
Meir frå Midt-Norsk: - Prioriterte gutane

Det er ikkje lett å fa alt til å gå i hop når ein under eit storløp har alle verv frå lagleiar til trenar til utøvar. Det fekk Pernille erfare andre dag under Midt-Norsk Meisterskap i Stjørdal. Langdistanse stod på programmet   med like under 440 påmelde

 

Mikkel starta i klasse N-open. 1700 meter og 13 startande. Her er det inga tidtaking og ordet «fullført» er beste skussmålet ein kan få. Noko Mikkel gjorde.

 

For Tobias i klasse H 9-10 var løypa tøffare. Heile 2630 meter. I denne klassa er det tidtaking, men resultatlista vert ikkje rangert. Men den viser at Tobias held fylgje med dei beste.

Her er tidene til dei 10 beste i klasse H 9-10 år:

1. 17.58 – utøvar frå Byåsen IL

2. 18.20 – frå Verdal OK

3. 18.47 – Stjørdals – Blink Orientering

4. 18.54 – Tobias Ibsen Lervåg, Velledalen IL

5. 19.20 – frå Freidig

6. 21.53 – frå Freidig

7. 23.15 – frå Steinkjer OK

8. 25.03 – frå Steinkjer OK

9. 25.36 – Stjørdals – Blink Orientering

10. 25.59 – frå Byåsen IL

13 startande i klassa.

 

Som vi ser var Tobias berre   56 sekund etter bestemann, og vi ser det er ikkje akkurat småklubbar konkurrentane representerer.

 

Når Pernille hadde fått sønene vel «i hus», var det hennar tur i Selbuskogen. Men å springe to løp på 4330 meter som kortaste line, betyr at ein i verklegheita kanskje alt har sprunge 9000 meter. Pernille fortel:

-           Eg kom så mykje for seint til eigen start at dei hadde pakka saman, og måtte finne fram kart og startbukk frå bilen. Eg var i utgangspunktet småsliten, og då eg bomma på fyrste post, miste eg motet og sprang rett til post 5.

Dermed var Pernille mellom dei som vart diskvalifiserte i klasse D 35 denne gongen.

-           Slik kan det gå. Ein må vere så innmari skjerpa både i hovud og kropp i denne sporten for å få det til, skriv den dyktige o-leiaren vår til VIL-Nett.

 

Velledalen IL   trur bestemt Pernille si prioritering under årets Midt-Norske Meisterskap vil betale seg, ein gong i framtida. Difor rett gjort i Selbuskogen laurdag, Pernille!!



Publisert: Søndag 25. August 2019 Kl. 12:42
Siste nyhende
To klassesigrar på Hareidslandet
arkivfotoBåde Alf Petter og Olaf Einar vart klassevinnarar under Snipsøyrvatnet Rundt laurdag
Les meir (20.10.2019)
Sterke VIL-tider i Hytteplanmila
arkivfotoVelledalen IL sine utøvarar i Hytteplanmila ved Hønefoss leverte på høgt nivå. Njål raskast med 34.40.
Les meir (20.10.2019)
Intervalltrening sundag 20.oktober
ArkivfotoFrammøte ved Fet Bru i Velledalen klokka 10.00
Les meir (19.10.2019)
VIL-sport i helga
Velledalen IL har utøvarar i aksjon på løpsfronten og i hoppbakken denne helga
Les meir (19.10.2019)
Rapport fra OCR-VM
Her kommer rapport fra OCR-VM i London 11-13. oktober.
Les meir (17.10.2019)
Sloknar FK Sykkylven på oppløpssida…?
Bortekampen mot Aksla torsdag 17.oktober kan bli avgjerande
Les meir (16.10.2019)
Hettegenseren
Vi har fått designet denne flotte og råe hettegenseren i VIL kolleksjonen våres.
Les meir (14.10.2019)
Norway Mix nummer 9 av 28 lag i VM i London
Velledalen IL sitt hinderpar, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, var på det norske laget som kom på sterk 9.plass i London-VM.
Les meir (14.10.2019)
Ivar Formo sitt minneløp
Velledalen IL var representert ved Anders Wigdahl og Henning Tandstad i det 17 km lange løpet.
Les meir (13.10.2019)
May Evy tredje beste kvinne
FOTO: Dei tre beste av kvart kjønn. May Evy står som nummer fire frå venstre.Rosa sløyfe-løpet hadde stort kvinne-fleirtal mellom dei ca 550 påmelde. May Evy vart tredje beste kvinne i løpet.
Les meir (13.10.2019)
Hurra for Velledalen Naturbarnehage!
Som i dag, 13. oktober slo eit samla slag for brystkreft-saka gjennom deltaking i Rosa sløyfe-løpet i Ålesund.
Les meir (13.10.2019)
Roger glimta til i Nøklevann Rundt
Roger Malvin Hole, og sonen Oskar Johan, var mellom 1082 påmelde i Nøklevann Rundt laurdag.
Les meir (13.10.2019)
Stor deltaking i Rosa sløyfe-løpet i Ålesund
Mange VIL-medlemar stiller til start for brystkreft-saka
Les meir (12.10.2019)
Kva må til for å vinne ein VIL-trimpost…?
Svaret siste året varierer mellom 20 timar og kring 0,6 årsverk
Les meir (12.10.2019)
Henning og Anders spring minneløp
Hugsar du Ivar Formo som vann OL-gull på femmila i 1976..?
Les meir (11.10.2019)
VM-deltaking ikkje kvardagskost i Velledalen IL
Måtte hell og lukke fylgje Anette og Nikolai i London denne helga.
Les meir (11.10.2019)
Ny trimsesong i gang
No er alle trimbøkene skifta, melder statistikk-førar Nils-Terje Skylstad.
Les meir (09.10.2019)
Resultat frå Gloppen halvmaraton
Her kan du lese klassevise resultat for VIL-løparane som sprang på Sandane laurdag 5. oktober.
Les meir (06.10.2019)
Anders sprang Norgesløpet på Jessheim
arkivfotoKom inn på 39.21 på 10 kilometer. Totalt nummer 81 av 315 fullførande.
Les meir (06.10.2019)
Gloppen halvmaraton godt for kroppen
Frode Mauren klassevinnar (45-49) og ny personleg rekord. Radka Vosicka hadde lenge klubbrekorden i siktet.
Les meir (05.10.2019)
Rampe til besvær i Gøteborg
Les levande skildringar frå Toughest Kobenhavn og Toughest Gøteborg – Anette og Nikolai var der
Les meir (04.10.2019)
Har du brukte ski og stavar du vil bli kvitt….?
Kontakt i sa fall Myriam på Holen på Hole. Ho har planar!
Les meir (01.10.2019)
2425 grasrotkroner i september
Velledalen IL takkar grasrotspelarane sine for 2425 kroner i september
Les meir (01.10.2019)
Alf Petter nummer to i Torvikbukt
Friidrettsleiaren vår, Alf Petter Bøe, vart laurdag nummer to i klasse 50-59 år under Torvikbukt Rundt.
Les meir (29.09.2019)
Lars Even vann o-løp på Emblem
Emblem IL hadde nær 100 påmelde i o-løpet «Fjellgeita». Lars Even Hatlemark vann 4 km for herrar.
Les meir (29.09.2019)
Ni personar gjennomførte 3000 meter-test på Ikornnes
Ildri Bøe var med sine 18 år yngste deltakar, Alf Jørgen Tyssing (64) eldst.
Les meir (29.09.2019)
Gromjentene Elsa og Svanhild
ArkivfotoSomme telefonar er kjekkare å få enn andre. Nyleg fekk Velledalen IL ein hyggjeleg samtale med Svanhild Brunstad.
Les meir (29.09.2019)
Stor tropp frå Velledalen IL spring Fjellgeita
O-løpet «Fjellgeita» vert arrangert av Emblem IL sundag 29.september. Fredag kvelde talde VIL sin tropp tolv utøvarar.
Les meir (28.09.2019)
3000 meter test – Ikornnes idrettspark
Velkomen til ein uhøgtideleg 3000 meter løpstest sundag 29.september. Felles oppvarming startar klokka 10.00.
Les meir (27.09.2019)
FF-teamet markerte seg i Oslo
Heile FF-teamet frå Sykkylven sprang halvmaraton i Oslo sist helg.
Les meir (27.09.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no