Navigasjon
Navigasjon
Stay big-Johan fyller 85 år 22.juli

Verda rullar vidare i sin jamne tralt, men på eitt felt er endringane små:

Johan Svindseth er framleis rangert øvst av fotballspelarar som trødde sine barneskor i Ramstaddalen. Ein av dei som fyrst vart merksame på Johan sitt talent for fotball var skulelærar Reite:

  • Du Johan er kvikkast når du kjem deg ut og får tak i fotballen, slo han fast.

  • Ein heilt rett observasjon, vedgår hovudpersonen.


Vel og bra, men faktisk var det litt tilfeldig at Johan vart målmann i VRF. Og også på dette feltet er det snakk om eit jubileum. Det er nemleg 70 år sidan (1949) Johan kom under lensmann Bernt Tandstad sine vengjer som dreng i lensmannsgarden på Tandstad.

  • Ei interessant tid, der eg til og med måtte vere med lensmannen når han skulle ut å arrestere folk, minnest Johan om sine tre år som dreng.


Gullklokke

Velledalen og Ringen Fotballag (VRF) vart skipa i 1952. Mandatet til klubben – då som no – var at VRF skulle ta seg av all fotball-aktivitet i krinsane Tandstad og Velledalen. Johan Svindseth var VRF sitt fyrsteval mellom stengene frå starten til langt ut på 60-talet. Han var fyrste spelaren i laget som fekk gullklokke for 200 obligatoriske (kampar i serie- og NM-cup). Han var med på kampane Bygd mot By i åra 1959, 1960 og 1961, og han vart flittig nominert som målmann i Sunnmørsposten sitt «Ukens-11-lag» i sine beste år.


Omgrepet «stay big» (betyr: gjere seg stor)

Johan Svindseth var kjend over heile Sunnmøre som ein plasseringssterk målmann som «las» spelet godt, og med rikt utrusta talegåver. Det vart sagt at han heldt føredrag i kvar einaste kamp, og kom ein angripar åleine mot han, vart han som regel psyka ut før han kom til avslutning. Kom ein angripar åleine mot Johan, kom VRF –målmannen mot han med katteaktige rørsler og orda:

  • Du lure ikkje meg, du lure ikkje meg, du lure ikkje meg…..

Og skaut den stakkars angriparen utanfor mål, noko dei oftast gjorde, kom det:

  • Ånei farr, var det ikkje det eg sa…. Du lure ikkje meg!

Omgrepet som i dag er kjend for målmenn verda over – «stay big» - hadde ikkje Johan Svindseth noko forhold til. Han stod mellom stengene i genser med VRF brodert på ryggen og brystet, og knebeskyttarar. Fordi det innanfor 5-meteren var lite gras å finne på dei fleste banar den tida. Stor kjende han seg aldri i det over sju meter breie og 2.44 meter høge målet:

  • Det er ikkje lett å gjere seg stor når ein frå opphavet av er skapt liten, spinkel og spe. Difor måtte eg markere meg på andre måtar, seier Johan som ofte måtte ha hjelp av eksempelvis Lars Erstad med 5-meters-utsparka om det var litt motvind.


Straffespark i Ørsta

Den kampen Johan hugsar aller best frå VRF-karriera er ein bortekamp mot Ørsta. Han hugsar korkje årstal eller resultat (bortsett frå at VRF vann), men det spesielle med kampen var at Ørsta brende to straffespark. Om Johan redda begge er det delte meiningar om, men etter eigen hugs gjorde han det:

  • Dei tilreisande frå Velledalen og Straumgjerde fortalde etterpå, at på siste straffesparket var eg så høgt at eg såg ned på tverrliggaren, fortel Johan.


Bedriftsfotball

Etter kring 20 år med klubbfotball, avslutta Johan Svindseth med ti år i bedriftsfotballen for Sandella, verksemda han arbeidde lengst ved i sitt yrkesaktive liv. Laget vann fleire gonger serien for indre Sunnmøre og Johan hugsar spesielt ein kamp i Tafjord.

  • Eg var så dårleg i ryggen under denne kampen at eg ikkje greidde lute meg ned og ta ballen med hendene. Men eg hadde det i kjeften og dirigerte forsvaret så bra at vi vann kampen 1-0. Etter kampslutt kom ei sint kvinne bort til med og sa:

  • Neste gong du kjem til Tafjorden så helde du kjeften på deg!

  • Eg har vore i Tafjorden seinare, men då utan fotballsko.


Æresmedlem

Johan Svindseth har aldri vore redd frivilleg arbeid. Han har lagt ned eit utal timar, særleg på Slettegjerde. Elles har han mange år bak seg som kamp-billettør, og innan loddsal finst knapt hans likemann. Her er den ord-hage eks ramstaddalingen frå Åmund-garden på Melseth ein sann meister. Sjølv dei mest standhaftige og hardhjarta mjuknar når Johan legg ut om gode saker han brenn for.

     Han har vidare trena aldersbestemte lag i VRF, han er kåra til «Årets Tilhengjar» og han er æresmedlem i VRF, ein tittel han fekk i 1998, og som heng høgt.


Vi trur vi har idrettsvener frå heile bygda med oss når Velledalen IL her gratulerer ein likandes og mykje avhalden kar – ja, ein retteleg fargeklatt - til lukke med 85 års dagen den 22.juli 2019


Atle Jomar




Publisert: Måndag 22. Juli 2019 Kl. 07:56
Siste nyhende
Meir frå Midt-Norsk: - Prioriterte gutane
O-leiar Pernille prioriterte Mikkel og Tobias på andre dag av Midt-Norsk meisterskap i orientering i Stjørdal.
Les meir (25.08.2019)
Jonny klassevinnar i opningsrennet av Vikabakken
Med ståande hopp på 2 x 17 meter vart Jonny Mauren klassevinnar i G 11 år under den offisielle opninga av Vikabakken i Spjelkavik.
Les meir (24.08.2019)
Ramstaddalsløpet 2019
arkivfotoSundag 25. august kl. 09.30
Les meir (24.08.2019)
Flotte VIL-prestasjonar i Midt – Norsk
arkivfotoTre av knappe 400 deltakarar representerte Velledalen IL då Midt – Norsk Meisterskap i orientering opna med sprint i Stjørdal i dag.
Les meir (23.08.2019)
Vellukka o-trening ved Svartevatnet
Fire klubbar var representerte under o-treninga torsdag.
Les meir (23.08.2019)
Geir Nilsen opna påmeldinga i Haustsprinten
1.september arrangerer Velledalen IL o-løp med namnet «Haustsprinten» i Ladalen. Geir Nilsen, Emblem IL, var raskast ute med påmeldinga.
Les meir (20.08.2019)
Orientering: Midt-Norsk Meisterskap komande helg
357 påmelde på sprinten, 430 på langdistanse. Mikkel, Tobias og Pernille Ibsen Lervåg representerer Velledalen IL.
Les meir (20.08.2019)
Ver med på Ramstaddalsløpet 2019
25. august er det igjen tid for Ramstaddalsløpet.
Les meir (19.08.2019)
Østremsætra Opp samla 52 deltakarar
Fire av dei representerte Velledalen IL på framifrå vis.
Les meir (19.08.2019)
Radka kald og sterk på Aurlandsfjellet
Aurland i Sogn kan vere vakkert når vêret spelar på lag, men også det stikk motsette. Berre høyr med Radka Vosicka som gjennomførte Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon i helga.
Les meir (19.08.2019)
Kring 60 deltok på trimbingo til Myrdalen
Trimgruppa i Velledalen IL arrangerte sundag ein vellukka trimbingo med sosial samling på Myrdalsstølen.
Les meir (19.08.2019)
Hugs trimbingo til Myrdalen i dag
arkivfotoSal av bingolappar ved tidlegare Lade Møbelfabrikk frå klokka 13.00
Les meir (18.08.2019)
Sprek VIL-trio sprang Skåla Opp
819 utøvarar kom seg til toppen av Skåla i dag, mellom desse Per Inge Bjørnestad, Frode Mauren og Svein Arne Nakken.
Les meir (17.08.2019)
Sterk 2.plass til Anette i Finland
arkivfotoVIL-utøvar Anette Heimli Jokstad vart nummer to i eliteklassa under ein «toughest»-konkurranse i Finland i dag. Nikolai Handle Jensen starta ikkje.
Les meir (17.08.2019)
VIL-tropp spring Skåla Opp laurdag 17.august
Litt usikkert kor mange løparar frå Velledalen IL som stiller
Les meir (16.08.2019)
Radka tek turen til Sogn
Radka Vosicka stiller i helga i Aurlandsfjellet Xtrem Triathlon. Les meir om kraftprøva.
Les meir (16.08.2019)
Konkurrerer i Finland i helga
Nikolai Handle Jensen og Anette Heimli Jokstad er mellom dei påmelde i eliteklassa under Toughest Vaasa/Vöyri Main Race i Finland 17.august
Les meir (16.08.2019)
O-VM
Etter en slik stor o-dag igår er det på sin plass med en oppdatering fra VIL-orientering!
Les meir (15.08.2019)
Seks frå Velledalen IL sprang sommarkarusell
May Evy beste kvinne på 5 km og Sivert vann klasse M16-17 år på same distanse. Broren Andreas vann klasse 16-17 år på 10 km.
Les meir (14.08.2019)
22 på o-trening onsdag 14.august
17 born og fem vaksne deltok då o-gruppa i Velledalen IL arrangerte o-trening på Myrdalen.
Les meir (14.08.2019)
O-trening for store og små på Myrdalen
Onsdag 14.august - med start mellom 17.30 og 18.30 – vert det o-trening på Myrdalssætra.
Les meir (13.08.2019)
Ålesund Sommarkarusell -3.løp onsdag 14.aug
arkivfotoVelledalen IL vert som vanleg representert. Sjå kven som stiller.
Les meir (13.08.2019)
VIL-kle
Her er status på friidrettskolleksjonen til Velledalen Idrettslag.
Les meir (12.08.2019)
Tøft gjort, Gry!
Gry Bakke Payling var einaste sykkylving som gjennomførte det 48 kilometer lange ultraløpet på Stranda laurdag.
Les meir (11.08.2019)
Gratulerer Jan!!
Feira bursdagen sin med drygt seks timar innsats på Stranda.
Les meir (10.08.2019)
Stranda Fjord Trail Race – flott VIL-innsats
Stranda Fjord Trail Race vart i dag avvikla under glimrande forhold. Med heile 406 påmelde
Les meir (10.08.2019)
Sykkylvingar i sykkelritt på heimebane
Espen Utgård Sæter, no Bergen CK, var raskast av sykkylvingane med 2.38.00
Les meir (06.08.2019)
Bjørg Iren smaug seg under to timar
Bjørg Iren Strøm og Mateusz Balon, begge VIL-medlem, deltok i trimklassa i Sykkylven Energi-rittet.
Les meir (05.08.2019)
NM-medalje til Henrik Johan på Hamar
ArkivfotoSist helg var det NM i friidrett på Hamar. Henrik Johan Fjærestad Holmberg, Vik IL, var mellom dei som kunne reise heim med medalje.
Les meir (05.08.2019)
Ivar Arne Flo i tet ved Riksheimdalen trimpost
arkivfotoTrimpost-året 2018/2019 lakkar mot slutten. I desse dagar er det kring 60 dagar att (haustferien) til bøkene vert skifta.
Les meir (04.08.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no