Navigasjon
Navigasjon
Gladsak på ein grå dag

Alle som har spela Monopol kjenner namnet Slemdal – namnet på ei solid gate som kan vere god å ha. Men namnet Lars Ivar Slemdal er kanskje mindre kjent….. enno, vel å merke. Der kan det bli ei endring, då den 195 cm lange, sympatiske karen til høgre på fotoet er midtstoppar og lagkaptein på fotballaget til Bærum. Laget som ganske så nyleg sette Vålerenga på plass i NM-cupen med 5-3, etter å ha lege under 0-2 i ei tidleg fase i kampen. Klubbfargar gult og svart, som vårt eige lag – Velledalen & Ringen Fotballag – hadde.

Tysdag 3.juli var Lars Ivar innom Nærbutikken i Velledalen der han hadde eit hyggjeleg møte med VIL-kasserar Henning Tandstad og VIL-nestleiar Atle Hole. Der vart han traktert med kaffi og vørterøl, klubben hans vart invitert til treningsleir på naturgras i Velledalen neste sommar og han fekk lovnad om plass på Velledalen IL sitt lag i neste års Holmenkollstafett om det høvde med Bærum sitt kampprogram. Vidare fekk han ei Konradløp-skjorte, og ståande invitasjon til deltaking 1.mai klokka 05.00 i 2020.

 

Kvifor slik godheit for denne karen….?

Jau han kom til Velledalen med buss for nokre dagar sidan. Oppakninga var ein fjellmann verdig. Og karen tok inn på Vellesæterhytta. Planen var å gå i fjella.

 

Men så var det desse hersens vêrgudane då. Dei skapte seg aldeles vrange. Mest som dei ikkje hadde fått mat på fleire dagar, og som om dei sa: «Han Lars Ivar skal ikkje gå i fjellet åleine». Regn, skodde, dyvåt mark og berre nokre få plussgrader dag ut og dag inn.  Bærums-kapteinen tok seg klokeleg nok ned att i låglandet. Han ville ta buss tilbake til Ålesund. Såleis kom han inn på Nærbutikken til Henning, for å sjekke bussruter og få seg ein kaffitår.

 

Lars Ivar var imponert over servicen han fekk. Den varme kaffien var sælebot etter alt regnet han hadde opplevd i Velledalen. Han fekk ordna opp i eit problem med mobiltelefonen, og han fekk ein god fotballprat. Vi fortalde han at neste gong han kom, skulle han få møte Svein Nakken. Mannen som elskar Hødd og hatar Rosenborg og Vålerenga. Vi trudde Svein hadde sett umåteleg pris på å ha fått takka Bærums-kapteinen personleg, for elimineringa av Vålerenga.

 

Då gliste kapteinen breitt, tydeleg imponert over engasjementet. Buss-tida (12.14 frå bedehuset) var komen og kapteinen gjorde seg klar til å forlate Velledalen. Torsdag skulle han få ein kamerat på besøk i Ålesund. Bodskapen han vil formidle til denne vert kanskje:       

-           Planlagde fjellturar gjekk i vasken, men timen på Nærbutikken var prima både for kropp og sinn.

 

Velledalen IL ynskjer stopparkjempa Lars Ivar Slemdal og Bærum , med trenar Jan Derek Sørensen, lukke til med resten av sesongen. You no longer walk alone!!



Publisert: Onsdag 3. Juli 2019 Kl. 18:18
Siste nyhende
Les Njål sin rapport frå Oslo-maraton
Kom inn til fantastiske 2.44.34 – ny personleg bestetid med kring seks minutt.
Les meir (23.09.2019)
Sykkylvingar i Oslo Maraton
Oversikt over deltakinga på heilmaraton, halvmaraton og «10 for Grete» i Oslo sist laurdag. Tips oss om du veit om fleire.
Les meir (22.09.2019)
Resultat-justering for Njål
Tida 2.44.34 står spikra, men arrangøren har funne ein franskmann som gjer at Njål er flytta ned til 18 plass totalt og til 4.plass i klasse 35-39 år.
Les meir (21.09.2019)
Herlege Njål – sprang maraton på 2.44.34 i Oslo
Njål Torillson Tyssing sette i dag ny klubbrekord på heilmaraton for Velledalen IL. Den lyder på 2.44.34.
Les meir (21.09.2019)
13.plass for Andreas i Oslo
Unge Andreas Mosby Nakken kom inn til ein framifrå 13.plass i klasse M 16-17 år under Oslo Halvmaraton.
Les meir (21.09.2019)
Om å gjere ting ein ikkje tør... eller ikkje kan....
Eg likar å setje meg eit eller fleire mål i løpet av eit år, mål om å gjere noko eg har lyst til å oppnå eller noko eg skulle ønskje eg kunne meistre, men kanskje trur at eg ikkje får til
Les meir (21.09.2019)
Dette likar vi, Bjørg Iren!
Det er tøft gjort, og klart vi vert begeistra, når VIL-medlemar på 52 debuterer i Birkebeinerrittet.
Les meir (18.09.2019)
Full mobilisering med «pølsegjeng og program-seljarar»
Historisk klipp frå 1960-talet syner at mange vart kalla ut når det skulle arrangerast storrenn i Brunstadbakken.
Les meir (18.09.2019)
Per Inge sterk i «Blodslitet»
Per Inge Bjørnestad og Svein Arne Nakken representerte Velledalen IL under «Blodslitet» i Ålesund sist veke.
Les meir (16.09.2019)
Stor VIL-tropp til KM langdistanse på Emblem
Velledalen IL imponerer med 23 påmelde til KM landistanse på Emblem sundag 8.september.
Les meir (06.09.2019)
Ny O-stjerner
Samling på Fjellsætra
Les meir (04.09.2019)
Velledalen IL arrangerar 3000 meters-test
Friidrettsleiaren og kasseraren inviterar til intervalltreningar som endar i 3000 meters-test på Ikornnes Idrettspark i slutten av september.
Les meir (04.09.2019)
Topp-3 «Over Stokk og Stein» i ungdomsklassa
Vi har før meldt at Andreas Mosby Nakken tok ein sterk 2.plass i Follestaddalen. Her kjem resultata.
Les meir (02.09.2019)
2243 grasrotkroner i august månad
Velledalen IL takkar sine 91 spelarar for støtta
Les meir (02.09.2019)
Oslo Toughest
Det har vært to Toughest løp nå etter sommeren. Finland først for to uker siden, og Oslo denne helgen.
Les meir (02.09.2019)
Flott innsats av VIL sine løparar under Haustsprinten.
Av våre vart det klassesigrar til Ingeborg Skogen, Oleanne Øye Hole og Inger Haldis Kurseth Tandstad. Av herrane våre gjorde Alastair Brunton det best.
Les meir (02.09.2019)
Birkebeinerrittet: Hurra for debutant Bjørg Iren!
arkivfotoVelledalen IL var representert i årets Birkebeinerritt med debutant Bjørg Iren Strøm.
Les meir (01.09.2019)
Nikolai nummer 23 av mannfolka i Oslo
Nikolai stod over løpet i Finland, men i Oslo var han tilbake med solid innsats.
Les meir (01.09.2019)
Anette sjuande beste beste kvinne under Toughest Oslo
Hinderløpet «Toughest Oslo» vart arrangert i Holmenkollen laurdag 31. august. Her får du dei beste kvinneresultata.
Les meir (01.09.2019)
Andreas Mosby Nakken sterk «Over stokk og stein»
Andreas Mosby Nakken vart i dag nummer to i hinderløpet «Over stokk og stein» i Follestaddalen.
Les meir (31.08.2019)
Pallplassar til Frode og May-Evy under Pederløpet
Sterk VIL-trio i aksjon under Pederløpet som vart arrangert i Spjelkavika laurdag 31.august.
Les meir (31.08.2019)
Vellukka o-samling laurdag
Med Fjellsæter Ungdomssenter som base vart det gjennomført ei prima o-samling laurdag i regi av o-kretsen i fylket og Velledalen IL
Les meir (31.08.2019)
Stor idrettshelg i vente
Birkebeinerrittet, Toughest Oslo og o-løp på heimebane er litt av det som står på programmet denne helga.
Les meir (30.08.2019)
Fire Bengt-mål knekte Hasundgot
Møter Hovdebygda til toppoppgjer på Dalemyra 5.september
Les meir (30.08.2019)
Osloavdelinga til Velledalen IL veks
Vi har før meldt at Ola Nesheim har kome i tilgang, og no kan kasserar Henning Tandstad stadfeste at Kristoffer Selmer også har hamna i det gode selskap.
Les meir (26.08.2019)
Sluttrapport for Ramstaddalsløpet 2019
sundag 25. august Slutt-tid: 3.50.22 timar
Les meir (26.08.2019)
1851 Opp Ned Norddal i helga
arkivfotoOlaf Einar Øien deltok i løpet som gjekk opp og ned Daurmålsfjellet (805 meter over havet).
Les meir (26.08.2019)
Midtnorsk lagkonkurranse i orientering
Rapport frå deltakarar i lagkonkurransen
Les meir (26.08.2019)
Meir frå Midt-Norsk: - Prioriterte gutane
O-leiar Pernille prioriterte Mikkel og Tobias på andre dag av Midt-Norsk meisterskap i orientering i Stjørdal.
Les meir (25.08.2019)
Jonny klassevinnar i opningsrennet av Vikabakken
Med ståande hopp på 2 x 17 meter vart Jonny Mauren klassevinnar i G 11 år under den offisielle opninga av Vikabakken i Spjelkavik.
Les meir (24.08.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no