Navigasjon
Navigasjon
Deltakarrekord og 10 års jubileum i Koldabakken

Koldabakken Grand Prix er i høgste grad eit lågterskel-tilbod. Men løpet som ikkje er stort lenger enn 300 meter,   er både truskuldig og brutalt på same tid. Fram gjennom åra byrjar det bli nokre som har hatt sitt fyrste møte med mjølkesyra i denne bakken.

      Sundag 2.juni gjekk startskotet med Johannes Linga ut som fyrstemann ut i intervallstarten. Av fem born var Jakob Hole den yngste, medan Olaf Einar Øien var eldstemann på deltakarlista, han passert nyleg 76 år. Av deltakarar over 60 år nemner vi Eldrid Myhre og Per-Gunnar Holmberg.

 

På den eksklusive delen av deltakarlista hadde vi ein kar frå Wietnam i trimklassa, og ein vordande brudgom med namn Hauge i konkurranseklassa. Diverre hadde ikkje «brudgommen» blitt åtvara mot løypa på førehand, men VIL-Nett får meldt at bryllaupet går som planlagt.

 

Som i fjor vart Kjell Magnar Berli beste herreløpar og Radka Vosicka beste kvinne. Ingen løyperekordar i år, men deltakarrekord. 20 utøvarar på tid, og 13 i trimklasse utan tidtaking, er klart ny bestenotering.

 

Mange vart premiert, og det vart servert sveler, sjokoladekake, kaffi og saft. Alt gratis. Dei komande månadane vert Koldabakken arena for Bjørn Ove Hole sine beitedyr, men om eit års tid ynskjer vi velkomen tilbake til nytt løp – i kategorien sprint/jogg/gange i motbakke

 

Kos dykk med resultatlista!

 

Resultat Koldabakken Grand Prix 2019

Herrar
1. Kjell Magnar Berli 01.29
2. Andreas Mosby Nakken 01.45
3. Sivert Mosby Nakken 01.56
4. Henning Tandstad 02.03
5. Svein Arne Nakken 02.06
6. Ole-Peder Kristian Holmberg 02.20
6. Lars Even Hatlemark 02.20
8. Ole Sivert Hauge 02.36
9. Per Gunnar Holmberg 03.02
10. Olaf Einar Øien 03.35

Kvinner
1. Radka Vosicka 02.07
2. Frida Hjelle 02.30
3. Emma Olin Holmberg 02.36
4. Christina Linnea Holmberg 02.45
5. Eldrid Myhre 02.53

Born
Jakob Eugen Hole 03.05
Johannes Linga 02.48
Leanna Ovidia Hole 03.25
Olve Hole Bjørneseth 02.34
Pernille Linga 03.02

Mosjon utan tidtaking
Nils Terje Skylstad
Alf Petter Bøe
Anita Mosby Nakken
Sigrid Ertresvåg
Britt Janne Aune
Atle Jomar Hole
Ann-Helen Hole
Asgeir Tandstad
Inger Halldis Kurseth Tandstad
Anita Holmberg
Hoa Le Van
Liv Nordli Hole
Bjørn Ove Hole
Julianne Linga

 



Publisert: Søndag 2. Juni 2019 Kl. 23:11
Siste nyhende
Sterk 10 km av May Evy
May Evy Nesheim duellerte med lokale heltar som Frode Hoprekstad, Bjørn Arve Brune og Henning Tandstad i Ålesund laurdag.
Les meir (11.11.2019)
Frode: Frå 39.57 til 37.21 på 364 dagar
Giørts-sjåfør, Frode Mauren, vert lagt merke til i løps-miljøet på Sunnmøre. Han set nemleg ny personleg rekord mest kvar gong han er i aksjon.
Les meir (11.11.2019)
Vinterkarusellen 2019/2020: Ung framgang
Unge VIL-løparar stormar fram med personlege rekordar under 1.løp i vinterkarusellen i Ålesund.
Les meir (11.11.2019)
Trimpostane: Stabilitet med Grethe på toppen
Det er ikkje dei store sprella i skogsvegen Fet. Men ein lokal trio har lagt trimposten inn i livsstilen.
Les meir (11.11.2019)
Fyldig VIL-tropp i vinterkarusellen
Ekstra kjekt at vi denne gongen hadde med mange unge deltakarar.
Les meir (10.11.2019)
Bli med oss på sirkeltrening!
Kvar onsdag arrangerer idrettslaget sirkeltrening – og her er plass til fleire.
Les meir (10.11.2019)
Trimpostane: 802 noteringar på Myrdalsfjellet
Elling Hole vart nok ein gong vinnar på Myrdalsfjellet, den 7.mest populære trimposten til Velledalen IL målt etter besøkstal.
Les meir (06.11.2019)
Trimpostane: 668 noteringar i skogsvegen Drabløs
Annlaug Lervåg eit heilt hav føre alle andre på toppen av lista med 246 turar siste året.
Les meir (04.11.2019)
Konradløpet opnar for påmelding
Det er mindre enn seks månadar til Konradløpet og det vert opna for påmelding denne veka.
Les meir (04.11.2019)
Ein fin VIL-treningsmorgon
Treningane i VIL-regi trekk til seg personar frå heile bygda.
Les meir (03.11.2019)
Trimpostane: Svak sesong for skogsvegen Hjorthol
Skogsvegen Hjorthol vart 9.best av trimpostane siste året, med Ingrid Brudevoll som den flittigaste.
Les meir (03.11.2019)
Ny fantastisk O-bok er ute
Velledalen IL omtala på side 208 på distriktssida for Møre og Romsdal.
Les meir (03.11.2019)
Få med deg Solveig si kunstutstilling
Holmbergs Gartneri er meir enn blomar. Komande 14 dagar er veksthuset arena for Solveig Hopland si kunstutstilling «Eventyrstund».
Les meir (03.11.2019)
Sugen på lappe-rulling…?
Førjulsmessa nærmar seg, og det skal rullast tombola-lappar.
Les meir (01.11.2019)
Ny intervall-trening 3. november
Som tidlegare frammøte ved Fet Bru klokka 10.00 fyrstkomande sundag.
Les meir (01.11.2019)
2098 grasrotkroner i oktober
Velledalen IL takkar for 2098 grasrotkroner frå 92 støttespelarar i oktober.
Les meir (01.11.2019)
Nikolai vann Sognsvann Rundt medsols.
Hinderløparen vår, Nikolai Handle Jensen, viste nok ein gong denne veka at han er ein sterk løpar.
Les meir (01.11.2019)
Team Bøe onsdag 30.oktober
Klokka 09.00 trenar vi, eller går til ulike trimpostar, og etterpå ……..
Les meir (30.10.2019)
Trimpostane: Koppen nummer ti i 2019
Ingrid Brudevoll trimpostvinnar – som i fjor. I år gjekk ho 62 turar. Anita Hjorthol vart ein god nummer to med 48 noteringar.
Les meir (30.10.2019)
Trimpostane: Framgang for Regndalen
Trimpostvinnar Geir Helge Grebstad hadde 48 turar i Regndalen siste året.
Les meir (28.10.2019)
4,27.50 på Jens Christian i Frankfurt
arkivfotoEin ny VIL-løpar har fullført ein heilmaraton – 27.oktober merkedag i jens Christian Hole sitt liv.
Les meir (27.10.2019)
Trimpostane: Framgang for Brunstadkølen
Det vart 12.plass som i fjor for Brunstadkølen trimpost, men noteringane auka frå 212 i 2018 til 248 i 2019.
Les meir (27.10.2019)
Intervall-trening på Fet klokka 10.00
Merk: Frammøte ved Fet Bru klokka 10.00 (ny tid – klokkestilling i natt, veit du).
Les meir (27.10.2019)
Maraton-debutant i Frankfurt
arkivfotoGår alt etter planen har Velledalen Il ein debutant under dagens Frankfurt Maraton, nemleg Jens Christian Hole.
Les meir (27.10.2019)
FK Sykkylven stranda på Ikornnes
arkivfotoFotballskrell av dimensjonar då FK Sykkylven – Skodje enda 3-4 (0-0)
Les meir (25.10.2019)
Trimpostane: Svakt, men Høgsætra betre enn i 2018
arkivfotoTrimposten på Høgsætra Fet vert ikkje akkurat ned-rend av turfolk.
Les meir (25.10.2019)
Prisjury til Idrettsgallaen
Velledalen IL har plukka ut ein ny prisjury med tanke på Idrettsgallaen for året 2019
Les meir (23.10.2019)
Trimpostane 2019: Nedgangstider på Holetindane
arkivfotoHoletindane trimpost hamna sist av 14 postar med 95 noteringar sist sesong.
Les meir (23.10.2019)
To klassesigrar på Hareidslandet
arkivfotoBåde Alf Petter og Olaf Einar vart klassevinnarar under Snipsøyrvatnet Rundt laurdag
Les meir (20.10.2019)
Sterke VIL-tider i Hytteplanmila
arkivfotoVelledalen IL sine utøvarar i Hytteplanmila ved Hønefoss leverte på høgt nivå. Njål raskast med 34.40.
Les meir (20.10.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no