Navigasjon
Navigasjon
Stor idrettslaurdag i Velledalen IL 11.mai.
Arkivfoto
Arkivfoto

Våre to elite-utøvarar i Toughest ORC-hinderløp, Anette H. Jokstad og Nikolai Handle Jensen er på plass i Malmø. Alt klokka 09.00 startar eliteklassa for herrar med Nikolai i feltet. Endeleg skal lang tid med trening omsettast i resultat gjennom beinhard konkurranse. Vi er godt nøgde om Nikolai greier ei topp-25 plassering i sesongdebuten.

 

09.05 startar Anette. Ho opna sesongen svært lovande i 2018, men drog tidleg på seg ein alvorleg skade som sette henne utanfor i lang tid. Trass eit langt konkurranse-avbrot trur vi Anette kan greie ei topp-10 plassering i Malmø. Og Velledalen IL er særdeles stolte over å ha klubb-logoen på Anette og Nikolai sine vestar.

     Masse lukke til i Malmø!

 

Klokka 12.00 går starten for halvmaraton i Ålesund. Frode Mauren gjorde 1.30.25 på distansen i vinter, som fersk utøvar på distansen. Denne gongen trur vi han kjem under 1.30. Vi legg inn eit råtips på 1.28.45 på Frode, som spring i klasse 45-49 år.

 

Andreas Mosby Nakken (16) har hatt enorm framgang siste året. Halvmaraton er langt, men han greidde målet på to timar i vinter, då han kom inn på 1.57.20. Sjølv om Andreas nyleg har vore sjuk, trur vi han fleskar til med 1.51.39 denne gongen.

 

Olaf Einar Øien er superveteran, i klasse 75+. I ein så vaksen alder er det tøft gjort berre å stille til start. Olaf treng nok over to timar på turen denne gongen. VIL-Nett tippar 2.19.19 på Olaf i Ålesund, som betyr at han er i mål i god tid før Holmenkollstafett-laget vårt legg i veg i Oslo.

 

Det gjer dei laurdag 11.mai klokka 14.55 med Ingrid Ragnarsøn på startetappen. På dei neste etappane spring: Lisbeth Elvebakk – Håkon Fedt – Anders Wigdahl – Sverre Gunnar Brunstad – Oskar Johan K. Hole – Kjell Magnar Berli – Njål Torillson Tyssing – Ellen Marie Hole – Øistein Olsen – Alf Petter Bøe – Ole-Peder Kristian Holmberg – Henning Tandstad – Roger Malvin Hole – Selma Hole Strømsnes.

      Velledalen IL stiller i klasse A1, som er miksa lag med fleirtal menn. VIL sitt lag har fire kvinner og elleve menn, og er venta i mål ganske nær klokka 16.00 Hovudmålet er å greie premiekravet på 1.12.00, melder friidrettsleiar Alf Petter Bøe i Henning Tandstad sin bil frå Fåvang.

 

Altså 20 utøvarar i aksjon for Velledalen IL i morgon, laurdag 11.mai.

Hald deg oppdatert på VIL-Nett gjennom helga!



Publisert: Fredag 10. Mai 2019 Kl. 21:13
Siste nyhende
Motbakkeløp på Godøya
May Evy klassevinnar, solid innsats at Frode og Jo Andre.
Les meir (26.05.2019)
To klassevinnarar til VIL i «Molde 7 topper»
Radka og Kjell Magnar vart klassevinnar i Molde i dag. Sensasjonelt god tid av Henning, og friidrettsleiaren heldt høgare fart enn i fjor.
Les meir (25.05.2019)
«Her, her kommer Molde, og Molde her kommer VIL»
Kjell Magnar Berli har nettopp gått i mål som vinnar av «Molde 7 topper», og Radka er i tet i klasse K 31-40 år i Ultraløpet.
Les meir (25.05.2019)
Molde 7 topper vert arrangert laurdag 25.mai
arkivfotoVelledalen IL sender ramsterk kvartett til Rosenes By.
Les meir (24.05.2019)
Osloavdelinga kasta glans over Mærradalen Opp
Nok ein gong har Velledalen IL markert seg i hovudstaden. Les Nikolai si flotte rapport frå stafetten Mærradalen Opp.
Les meir (24.05.2019)
Viktige løp i nærområdet i nær framtid
Her kjem ei påminning om datoar for diverse løp i nærområdet.
Les meir (23.05.2019)
Emblemssprinten i orientering sundag 26.mai
Tre dagar før løpet har 27 utøvarar meldt seg på, og her bør Velledalen IL vere representerte.
Les meir (23.05.2019)
Dalemyra nærmar seg kampklar
Komande torsdag – 23. mai – kjem Langevåg til Velledalen for å kjempe om viktige seriepoeng i 5. divisjon.
Les meir (21.05.2019)
Intervall-trening i Vallasætervegen
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe inviterte til intervalltrening tysdag kveld.
Les meir (21.05.2019)
Kvinneresultatlista for Konradløpet 2019
For å yte kvinnene full rettferd, har vi på nasjonaldagen sett opp ei eiga kvinneresultatliste for Konradløpet 2019
Les meir (17.05.2019)
Verdas O-dag med 49 startar i Velledalen
O-gruppa i Velledalen IL markerte verdas O-dag med flott opplegg i strålande vêr.
Les meir (15.05.2019)
Resultat frå OBIK-terrengkarusell 14.mai
Stor aktivitet frå løparar i Velledalen IL no. I går sprang to frå Oslo-avdelinga terrengkarusell.
Les meir (15.05.2019)
O-løp, leik, kos og grilling
arkivfotoVerdas orienteringsdag vert markert på Dalemyra onsdag 15. mai i tidsrommet 17.30-19.00
Les meir (13.05.2019)
Fakta frå Holmenkollstafetten 2019
Etter at arrangøren av Holmenkollstafetten har finjustert resultatlista etter alle kunstens reglar, finn vi Velledalen IL på 56.plass (av 1657 fullførande lag) i klasse A1 med tida 1.05.27
Les meir (12.05.2019)
1.05.27 i Holmenkollstafetten – nr 54 av 1520 lag i A1
Velledalen IL sitt lag løyvde seks minutt og 33 sekund på premiekravet. Vi kjem tilbake med meir seinare.
Les meir (11.05.2019)
15.mai er verdas O-dag
Vert markert i Velledalen med løp for skulane i Velledalen og Hundeidvik på dagtid og for andre på kveldstid.
Les meir (11.05.2019)
God start på dagen: Fantastiske resultat i Malmø
ArkivfotoAnette Heimli Jokstad vart nummer fire, 38 sekund frå pallplass, i eliteklassa i OCR-hinderløp i Malmø i dag. Nikolai vart nummer 22 i elite herrar.
Les meir (11.05.2019)
Sterke prestasjonar på halvmaraton i Ålesund
Andreas Mosby Nakken persa med ti minutt og 42 sekund og vart klassevinnar i klasse 16-17 år på 1.46.38.
Les meir (11.05.2019)
Folkehøgskule-Konrad
Enda eit Konradløp.
Les meir (09.05.2019)
Klasse 70-80 år i ånda til Konrad
Ingunn Hole Hunnes debuterte i Konradløpet med 27.12 som 55-åring. Som 71-åring noterte ho 24.55!
Les meir (08.05.2019)
Spreke utøvarar i klasse 60+
Sigbjørn Hoel var best over 60 i årets Konradløp med den sterke tida 18.43. Laurdag spring han halvmaraton i Ålesund i kl. 60-64 år.
Les meir (08.05.2019)
«Jentene» tok totalsigeren i Konradløpet 2019
Her får du fullstendige deltakartal for Konradløpa som vart arrangert i Velledalen i 2019
Les meir (06.05.2019)
Holmenkollstafetten 2019
Det nærmar seg Holmenkollstafett, og laget er klart.
Les meir (05.05.2019)
Nye nasjonale rekordar under Konradløpet 2019
Glimrande prestasjonar av Stijn De Smedt (Belgia) og Mateusz Wojiech Oskiewicz (Polen).
Les meir (05.05.2019)
Totalt 494 i dei ulike Konradløpa 2019
Sjå oversikta over dei endelege deltakartala for Konradløpa 2019
Les meir (05.05.2019)
Råskinnet 2019
Rapport frå Osloavdelinga.
Les meir (05.05.2019)
Tre VIL-løparar i Eikenosa Opp
Sesongen for motbakkeløp er i gang. Laurdag 4.mai sprang VIL-løparane Henning Tandstad, Frode og Mathias Mauren Eikenosa Opp.
Les meir (04.05.2019)
MiniKonrad 2019: Namna på mellomste gruppe
Her kjem namna på alle i mellomste gruppe (2009-2013) under MiniKonrad 30.april
Les meir (04.05.2019)
MiniKonrad 2019: Namna på dei yngste
Her kjem namna på yngste gruppe under MiniKonrad 30.april, born fødde i tidsrommet 2014-2019.
Les meir (04.05.2019)
FK Sykkylven vann lokaloppgjeret mot Stranda
Gjestane vann 1-0 på Mona etter avgjerande mål av Bengt Hole Alnes
Les meir (03.05.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no