Navigasjon
Navigasjon
Holmenkollstafetten 2019

«Trøyene er komne, og laget er klart!» kan friidrettsleiar Alf Petter Bøe konstatere. Han fekk assistanse av kasserar Henning Tandstad til å velje farge. Trøyene er rosa, i teknisk materiale, med logoen til laget i front, og Velledalen IL som tekst på ryggen. Vi takkar Morten Holmberg for god hjelp med produksjonen av desse.

 

Den siste tida har Bøe fått samla laget som skal representere Velledalen IL i Oslo laurdag 11. mai. I samarbeid med kasseraren har dei synsa, grubla og tenkt, og etter kvart fordelt etappane til dei utvalde løparane, og utforma eit solid lag for 2019-utgåva av stafetten.

 

Velledalen IL stiller i år som før lag i klasse A1 (Mix fleirtal menn) med start frå St. Hanshaugen/Knud Knudsens plass kl. 14:55. Dette er nest tidlegaste start i gruppa.

Vi samlast ved Bislett Stadion seinast kl. 13:00 for utdeling av startnummer og informasjon.

 

Her er oversikt over etappene.

 

Etappe 1: Førsteetappa (1100 m.) Klar til start 14:50.

Ingrid Ragnarsøn spring første etappe frå Knud Knudsens plass. Etappa inneheld ein slak motbakke, og ein slak nedoverbakke og endar i Louises gate.

 

Etappe 2: Norabakken (1070 m.) Klar 14:50

Lisbeth Elvebakk tek over stafettpinnen etter Ingrid og fortsetter i slak nedoverbakke, forbi Bislett Stadion og opp den relativt bratte «Norabakken» til Pilestredet.

 

Etappe 3: Pilestredet/Ullevålsveien (600 m.) Klar 14:55

Håkon Fedt er med på lasset «heimafrå» og spring ei etappe som startar flatt, gjeng over i slak motbakke til løypa kryssar Kirkeveien. Avsluttast med fartsfylte 100 meter i slak nedoverbakke. Han vekslar ved Wilhelm Færdens vei.

 

Etappe 4: Berg og Dal (1910 m.) Klar 14:55

Anders Wigdahl er eit kjent namn frå Velledalen IL si austlandsavdeling, og skal ta fatt på etappa som gjeng i nærleiken av, og gjennom, universitetetområdet på Blindern. Ei tøff etappe med fleire motbakkar og nedoverbakkar. Skal gi frå seg stafettpinnen i Forskningsveien.

 

Etappe 5: Vinderen (1260 m.) Klar 15:00

Alf Petter Bøe er og komen frå vestlandet for å vere med på stafett. Etappa startar med 200 meter motbakke, under Gaustad T-banestasjon, og vidare i nedoverbakke med unntak av 150 meter slak motbakke inn mot veksling.

 

Etappe 6: Lille Besserud (1240 m.) Klar 15:05

Oskar Johan Hole skyt fart inn i ein slak nedoverbakke, før han gjeng inn i ein tøff bakke med opp mot 9% stigning. Rundar etterkvart toppen og vekslar ved Slemdal Skule.

 

Etappe 7: Kongeetappa (1790 m.) Klar 15:10

Kjell Magnar Berli er den tredje av fem tilreisande frå Sunnmøre. Han er rett mann for kongeetappa «Store Besserud». Ei lang etappe med start på 150 meters høgde, og veksling på 240 meter.

 

Etappe 8: «Ondabakken» (1810 m.) Klar 15:15

Njål Torillson Tyssing tek fatt på den fartsfylte utforbakken frå Besserud ned mot Gressbanen. Her er det kutting av svingar som gjeld for å finne raskaste veg. Flatar ut inn mot veksling.

 

Etappe 9: Holmendammen (630 m.) Klar 15:20

Ellen Marie Hole er år etter år ein viktig del av VIL sitt lag i Holmenkollstafetten. Ho vert eit friskt pust midt mellom alle karane rundt midtvegs i løpet. Ho er den utvalde til etappa som vekslar med Holmendammen. Også ei fartsfylt etappe i slak nedoverbakke.

 

Etappe 10: Longeetappa (2840 m.) Klar 15:20

Sverre Gunnar Brunstad er eit sikkert val på stafettens lengste etappe. Startar i ein lang utforbakke, og endar meir variert før vekslinga ved starten av Frognerparken.

 

Etappe 11: Frognerparken (1530 m.) Klar 15:30

Øistein Olsen får springe på grusen gjennom Frognerparken. Etter ei bratt kneik heilt i starten går etappa vidare i lett terreng. Avsluttast med ein motbakke før veksling i Nordraaks gate.

 

Etappe 12: Korteetappa (370 m.) Klar 15:35

Ole-Peder Kristian Holmberg er komen til byen og er godt kjend med 12 etappe. Ei kort, rask og flat etappe som svinger 90 grader etter 100 meter, og vekslar Arno Bergs plass.

 

Etappe 13: Uranienborg (1080 m.) Klar 15:35

Henning Tandstad er siste tilreisande og prøvar seg på samme etappe som i debuten i fjor. Startar i lett nedoverbakke, og fortsetter slakt oppover til veksling ved Camilla Collets vei.

 

Etappe 14: Sjarmøretappen (720 m.) Klar 15:40

Roger Malvin Hole er VIL sin høvding på austlandet. I tillegg er han fjernsynssjarmør og fær av den grunn sjarmøretappa. Gjeng beint fram mot Bislett stadion med ein liten knekk til siste veksling. Slakt nedover i starten, slak motbakke rundt halvvegs.

 

Etappe 15: Bislett Stadion (500 m.) Klar 15:40

Selma Hole Strømsnes fær æra av å springe inn på Bislett stadion og passere målstreken på tartandekke. Ho fær overlevert stafettpinnen frå onkel Roger, og set fart ved longsida utanfor stadion. Ei lita kneik og ein krapp sving fører ho inn Maratonporten, der ho med stoltheit kan springe i mål med stafettpinnen, og fullføre løpet for Velledalen Idrettslag.

 

Målgong venta rundt kl. 16:00.

 

Vi ønskjer dei reisande god tur, og alle 15 utvalde eit problemfritt løp i Oslo, og lukke til!



Publisert: Søndag 5. Mai 2019 Kl. 15:21
Siste nyhende
Sommerhelsing
Frode Mauren på ferie i Tyrkia.
Les meir (18.07.2019)
Einar Magne Fet 75 år 17.juli
arkivfotoEin allsidig idrettsmann, Einar Magne Fet, fyller 75 år 17.juli.
Les meir (17.07.2019)
Påmelding Førjulsmessa 16. og 17.november
Alle som er interesserte, kan no melde seg på Førjulsmessa i Velledalen grendahus 16. og 17.november.
Les meir (17.07.2019)
Før Norway Cup: Strøken grasbane rimeleg til leige
Vil nokon leige Dalemyra stadion til naturgrastrening før Norway Cup, så er det mogleg.
Les meir (16.07.2019)
Camp Velledalen 2019 samla 245 deltakarar
Terje Aurdal sitt føredrag på Fjøla om turen Noreg på langs og naturstien ved Langnesvatnet samla flest deltakarar.
Les meir (15.07.2019)
Radka sette klubbrekord i langdistanseløp: 100 km
Radka Vosicka sender helsing til alle VIL-sympatisørar frå Hardanger. Der ho sprang det 100 km lange Hardangerjøkulen ultra.
Les meir (14.07.2019)
22 avslutta Camp Velledalen på Fjøla
Camp Velledalen 2019 vart avslutta med god mat og sosialt samver på Fjøla i Straumgjerde laurdag 13.juli.
Les meir (14.07.2019)
Hei VIL-nett.
helsing frå Trondheim
Les meir (13.07.2019)
Camp Velledalen:35 i aksjon på dag fire
På dag fire stod tur til Dravlausnykjen og hinderløp med Anette og Nikolai på programmet.
Les meir (13.07.2019)
Camp Velledalen: 13 avslutta med langtur
Siste dagen under Camp Velledalen 2019 vart avslutta med ein vaksen langtur: Brunstad – Brunstaddalen – Patchellhytta – Slogen – Liasætra.
Les meir (13.07.2019)
Sommarhelsing frå Danmark
Familien Ibsen Lervåg kosar seg med junior-VM i orientering i Danmark. Les helsing frå Pernille!
Les meir (12.07.2019)
Camp Velledalen: 40 deltok på dag tre.
Denne dagen var det o-løp på Dalemyra og Ålesund Sommarkarusell som stod på programmet.
Les meir (12.07.2019)
Viste breidde i andre løpet i sommarkarusellen
Velledalen IL markerte seg som breiddeklubb under andre løpet i Ålesund Sommarkarusell 10.juli.
Les meir (11.07.2019)
Ålesund sommarkarusell: Anette og Nikolai best
Hinderparet Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen hadde beste tidene på 5 km, på ein distanse der Asgeir Tandstad og May Evy Nesheim også vart klassevinnarar.
Les meir (11.07.2019)
Camp Velledalen: 70 deltok andre dag
Andre dag av Camp Velledalen vart velsigna med godt vêr, og vellukka langtur tidleg på dag og Natursti ved Langenesvatnet om kvelden.
Les meir (10.07.2019)
Sterk VIL-tropp i andre løp i sommar-karusellen
10.juli klokka 18.00 vert andre løp i Ålesund sommarkarusell arrangert. Talet på deltakarar frå VIL vert tosifra.
Les meir (10.07.2019)
Kristoffer Selmer ny o-konge i Velledalen
Kristoffer Selmer, førebels klubblaus, men sterk sympatisør med Oslo-avdelinga i Velledalen IL, «grusa» dei lokale løparane under Camp Velledalen sitt o-løp.
Les meir (10.07.2019)
Rapport frå Danmark
Her kommer en liten rapport fra junior-VM (17-20 år) i orientering som i år arrangeres i Jylland i Danmark. Idag var en stor norsk dag med både gull og sølv på herresiden i langdistanse.
Les meir (09.07.2019)
Camp Velledalen: Vellukka opningsdag
Vêret var ikkje strålande, men dagen likevel vellukka med baneintervall, kaffi og wienerbrød på bakrommet ved Nærbutikken og tur til Regndalen.
Les meir (09.07.2019)
På kveldstid 8.juli: Regndalen
Start frå Vallabrua klokka 18.00. Tempo: Overkomeleg for dei fleste.
Les meir (08.07.2019)
Mottaking hos Nærbutikk-Henning
Etter økta på Ikornnes var det testing av winerbrød på bakrommet i Nærbutikken i Velledalen.
Les meir (08.07.2019)
Måndag 8.juli: Kvalitetsøkt på Ikornnes
Klokka 10.00 denne morgonen møtte kring ti personar til intervall-trening på Ikornnes
Les meir (08.07.2019)
Camp Velledalen i gang med godt frammøte
50 personar møtte på Fjøla for å høyre Terje Aurdal sitt føredrag om turen sin «Noreg på langs gjennom tre årstider» 7.juli
Les meir (08.07.2019)
Flott VIL-innsats i Hellesyltløpet
Velledalen IL hadde med Per Inge Bjørnestad, Anders Wigdahl, Svein Arne Nakken og Mateusz Balon i den 6,6 km lange Hellesyltløpet.
Les meir (07.07.2019)
Ny sterk prestasjon av Kjell Magnar
Vart nummer tre totalt i ultraløpet over 75 km og sette ny personleg bestetid under tunge forhold.
Les meir (07.07.2019)
Startskotet for Camp Velledalen går sundag 17.30
Staden er Fjøla i Straumgjerde og alle er velkomne til informasjon om veka som kjem og føredrag ved Terje Aurdal.
Les meir (05.07.2019)
Grillkveld
Sundag 7.juli
Les meir (03.07.2019)
Gladsak på ein grå dag
Lars Ivar Slemdal, midtstoppar og lagkaptein på fotballaget til Bærum som nyleg slo Vålerenga ut av NM-cupen (5-3), var nyleg innom Velledalen og Nærbutikken.
Les meir (03.07.2019)
Vert meldt om auka o-aktivitet til hausten
I august og september tek o-entusiastane i Velledalen IL mål av seg til å halde trening kvar veke.
Les meir (01.07.2019)
Velledalen IL takkar for 1914 grasrot-kroner i juni!
Aktiviteten i Velledalen IL er rekordstor for tida. Difor kjem dryppet av grasrotkroner kvar månad vel med.
Les meir (01.07.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no