Navigasjon
Navigasjon
VIL-bygdameister frå 1951 fyller 90 år

I dag er det ein VIL-pioner som fyller år. Heile 90 år! Margit Fet vart nemleg Velledalen IL sin fyrste kvinnelege bygdameister i alpint – året var 1951. Dette var tidleg i kula for alpinsporten, som verkeleg fekk vind i segla då arbeidet med skitrekket i Ladalen tok til i 1969.

 

Margit vart seinare gift med Magnar Fet. Han var ein allsidig idrettsmann (alpint, hopp, fotball og løp/stafettar), og vart seinare æresmedlem i Velledalen IL. At borna til Margit og Magnar også vart flinke alpinistar (og meir til) låg liksom i korta.

 

Elles har Margit vore trufast deltakar på trimposten i skogsvegen Fet. Seinast i sesongen 2018 var ho inne på topp – 5. Høgst respektabelt av ein 89-åring!!

    Og vi må heller ikkje gløyme alle kakene Margit har laga til Velledalen IL opp gjennom åra – dei er mange, og gode har dei vore på smak!

 

Men altså: Denne vinteren er det 68 år sidan Margit Fet, som 22-åring, vart bygdameister i slalåm. I ei tid der jenteidretten langt frå hadde nokon framskoten plass i samfunnet. Difor fortener Margit ein ekstra hyllest på 90 års dagen sin, 16. april 2019.

 

Velledalen IL gratulerer Margit med 90 års dagen!!

 



Publisert: Tirsdag 16. April 2019 Kl. 10:05
Siste nyhende
Molde 7 topper vert arrangert laurdag 25.mai
arkivfotoVelledalen IL sender ramsterk kvartett til Rosenes By.
Les meir (24.05.2019)
Osloavdelinga kasta glans over Mærradalen Opp
Nok ein gong har Velledalen IL markert seg i hovudstaden. Les Nikolai si flotte rapport frå stafetten Mærradalen Opp.
Les meir (24.05.2019)
Viktige løp i nærområdet i nær framtid
Her kjem ei påminning om datoar for diverse løp i nærområdet.
Les meir (23.05.2019)
Emblemssprinten i orientering sundag 26.mai
Tre dagar før løpet har 27 utøvarar meldt seg på, og her bør Velledalen IL vere representerte.
Les meir (23.05.2019)
Dalemyra nærmar seg kampklar
Komande torsdag – 23. mai – kjem Langevåg til Velledalen for å kjempe om viktige seriepoeng i 5. divisjon.
Les meir (21.05.2019)
Intervall-trening i Vallasætervegen
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe inviterte til intervalltrening tysdag kveld.
Les meir (21.05.2019)
Kvinneresultatlista for Konradløpet 2019
For å yte kvinnene full rettferd, har vi på nasjonaldagen sett opp ei eiga kvinneresultatliste for Konradløpet 2019
Les meir (17.05.2019)
Verdas O-dag med 49 startar i Velledalen
O-gruppa i Velledalen IL markerte verdas O-dag med flott opplegg i strålande vêr.
Les meir (15.05.2019)
Resultat frå OBIK-terrengkarusell 14.mai
Stor aktivitet frå løparar i Velledalen IL no. I går sprang to frå Oslo-avdelinga terrengkarusell.
Les meir (15.05.2019)
O-løp, leik, kos og grilling
arkivfotoVerdas orienteringsdag vert markert på Dalemyra onsdag 15. mai i tidsrommet 17.30-19.00
Les meir (13.05.2019)
Fakta frå Holmenkollstafetten 2019
Etter at arrangøren av Holmenkollstafetten har finjustert resultatlista etter alle kunstens reglar, finn vi Velledalen IL på 56.plass (av 1657 fullførande lag) i klasse A1 med tida 1.05.27
Les meir (12.05.2019)
1.05.27 i Holmenkollstafetten – nr 54 av 1520 lag i A1
Velledalen IL sitt lag løyvde seks minutt og 33 sekund på premiekravet. Vi kjem tilbake med meir seinare.
Les meir (11.05.2019)
15.mai er verdas O-dag
Vert markert i Velledalen med løp for skulane i Velledalen og Hundeidvik på dagtid og for andre på kveldstid.
Les meir (11.05.2019)
God start på dagen: Fantastiske resultat i Malmø
ArkivfotoAnette Heimli Jokstad vart nummer fire, 38 sekund frå pallplass, i eliteklassa i OCR-hinderløp i Malmø i dag. Nikolai vart nummer 22 i elite herrar.
Les meir (11.05.2019)
Sterke prestasjonar på halvmaraton i Ålesund
Andreas Mosby Nakken persa med ti minutt og 42 sekund og vart klassevinnar i klasse 16-17 år på 1.46.38.
Les meir (11.05.2019)
Stor idrettslaurdag i Velledalen IL 11.mai.
ArkivfotoAnette og Nikolai deltek i «Thougest Malmø», Andreas, Frode og Olaf spring halvmaraton i Ålesund og Velledalen IL stiller lag i Holmenkollstafetten i Oslo.
Les meir (10.05.2019)
Folkehøgskule-Konrad
Enda eit Konradløp.
Les meir (09.05.2019)
Klasse 70-80 år i ånda til Konrad
Ingunn Hole Hunnes debuterte i Konradløpet med 27.12 som 55-åring. Som 71-åring noterte ho 24.55!
Les meir (08.05.2019)
Spreke utøvarar i klasse 60+
Sigbjørn Hoel var best over 60 i årets Konradløp med den sterke tida 18.43. Laurdag spring han halvmaraton i Ålesund i kl. 60-64 år.
Les meir (08.05.2019)
«Jentene» tok totalsigeren i Konradløpet 2019
Her får du fullstendige deltakartal for Konradløpa som vart arrangert i Velledalen i 2019
Les meir (06.05.2019)
Holmenkollstafetten 2019
Det nærmar seg Holmenkollstafett, og laget er klart.
Les meir (05.05.2019)
Nye nasjonale rekordar under Konradløpet 2019
Glimrande prestasjonar av Stijn De Smedt (Belgia) og Mateusz Wojiech Oskiewicz (Polen).
Les meir (05.05.2019)
Totalt 494 i dei ulike Konradløpa 2019
Sjå oversikta over dei endelege deltakartala for Konradløpa 2019
Les meir (05.05.2019)
Råskinnet 2019
Rapport frå Osloavdelinga.
Les meir (05.05.2019)
Tre VIL-løparar i Eikenosa Opp
Sesongen for motbakkeløp er i gang. Laurdag 4.mai sprang VIL-løparane Henning Tandstad, Frode og Mathias Mauren Eikenosa Opp.
Les meir (04.05.2019)
MiniKonrad 2019: Namna på mellomste gruppe
Her kjem namna på alle i mellomste gruppe (2009-2013) under MiniKonrad 30.april
Les meir (04.05.2019)
MiniKonrad 2019: Namna på dei yngste
Her kjem namna på yngste gruppe under MiniKonrad 30.april, born fødde i tidsrommet 2014-2019.
Les meir (04.05.2019)
FK Sykkylven vann lokaloppgjeret mot Stranda
Gjestane vann 1-0 på Mona etter avgjerande mål av Bengt Hole Alnes
Les meir (03.05.2019)
VIL gratulerer til alle konfirmantar med familiar
Mellom desse er Markus Olai Jensen, som bur hårfint på Brunstad, heilt på grensa til Hole.
Les meir (03.05.2019)
Konradløpet 2019: Menn-kvinner 156 -153
Vi har studert påmeldingslista til årets hovudløp. Den syner hårfint fleirtal til mannfolka.
Les meir (03.05.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no