Navigasjon
Navigasjon
VRF stig opp av dvalen
Bård Erstad og Einar Fet kan berre rekne med korte innhopp når VRF restartar i 2020
Bård Erstad og Einar Fet kan berre rekne med korte innhopp når VRF restartar i 2020

Fotballen i Sykkylven fekk to sider spalteplass i Sunnmørsposten sitt fotballmagasin som kom ut før helga. Her gjekk det fram at FK Sykkylven og SIL fotball ganske sikkert står som ei eining når 2020-sesongen tek til.

 

Innhaldet i fotballmagasinet fekk den gamle «storheita», VRF (Velledalen og Ringen Fotballag) til å vakne. Etter hektisk møteverksemd med Velledalen IL, er det klart at også VRF er tilbake på det lokale fotballkartet i 2020 – med eit seniorlag for herrar i fyrste omgang.

 

I Sunnmørsposten sitt fotballmagasin er Svein Arne Nakken sitert med fylgjande:

-         Dersom noen klarer å blåse liv i VRFs A-lag igjen, så skal eg bli både sportslig leder og oppmann i klubben.

 

Og Svein slapp vente lenge. Etter det VIL-Nett kjenner til skal Svein no dele desse funksjonane med Arve «Hurtigruta» Eggen. Vidare veit vi at strandaren Martin Espelund har teke på seg å vere spelande trenar.

 

VIL-Nett har spurt Svein Nakken:

-         Kva med spelarar, vert det ikkje vanskeleg å skaffe det…?

-         Det trur eg ikkje. Når Fjørtoft – som nærast er ei avfolka øy – greier stille lag, må vi kunne greie det. Og Velledalen IL greier år etter år å stille 15 mann i Holmenkollstafetten….gjer dei ikkje?

-         Nei, dette skal vi kjekt, eg gler meg som ein unge, seier Svein som ikkje har sett seniorfotball i Sykkylven kommune sidan året 2002 i fylgje Smp sitt magasin.

 

Eit viktig moment til, ropar den komande sportslege leiaren:

-         Vi har gjort ein avtale med VRF-trenaren frå 1981, Per Rich Hunstad, om å vere scout (speidar). Han har stort nettverk lokal, nasjonal og internasjonalt. Dessutan kjem vi til å ha betalte, spelande hjelpetrenarar som Thomas Fure pluss brørne Bengt og Bendik Hole Alnes som er «local lads». Økonomien i den nye klubben er nemleg særs god.

-         Får vi sjå dei gamle klubbkjempene Bård Erstad og Einar Fet på bana..?

-         Neppe, eg trur begge har gått skadde i mange år. Det må i så fall bli korte innhopp.

 

Om målsetjinga til VRF er Svein Nakken klokkeklar:

-         Vi tek sikte på å vere beste kubben i Sykkylven i 2021. Og når den biten er på plass kjem vi på bana med ei kvinnelag.

 

-         Og alle kampane vil gå på naturgras på Dalemyra og Slettegjerde. Så får berre FKS/SIL halde seg på kunstgraset på Aure. At VRF startar opp att vil bli eit enormt løft for Velledalen og Straumgjerde. Faktisk for fotball-interessa i heile bygda. Her er det berre å byrje gle seg til våren 2020. Då skal vi konkurrere, seier eldsjela som hatar Rosenborg og Vålerenga, men elskar VRF!

 



Publisert: Måndag 1. April 2019 Kl. 11:38
Siste nyhende
Treningsleir i påsken
EN LITEN HILSEN.
Les meir (22.04.2019)
Konradløp-vinnarar på herresida
Nils Terje Skylstad mestvinnande med fire triumfar
Les meir (22.04.2019)
Oversikt over kvinne-vinnarar i Konradløpet
arkivfotoRagnhild Fjærestad (5) og Hilde Riksheim Tandstad (3) er dei mestvinnande kvinnene i Konradløpet hittil.
Les meir (21.04.2019)
Bursdagar i Osloavdelinga
Hinderløparen Anette Jokstad har hatt bursdag i påska og Anders Wigdahl vart 30 år påskeaftan.
Les meir (21.04.2019)
Konradløpet 2019: Ingen over 80 år påmelde
I 2018 var sju av deltakarane i Konradløpet over 80 år.
Les meir (21.04.2019)
Nær 27 000 fullførte Boston Maraton 15.april
Leon Aurdal – kring 60 år – var mellom dei fullførande
Les meir (19.04.2019)
Sjutoppsturen 2019 – Sandsøya på Sunnmøre
AP Bøe og Henning Tandstad var mellom 213 deltakarar som tok det mest krevjande alternativet.
Les meir (19.04.2019)
Stort felt i PåskeKonrad
PåskeKonrad vart arrangert onsdag 17.april under strålande forhold med 17 deltakarar.
Les meir (17.04.2019)
159 menn var påmelde til Konradløpet i 2018
Målet må vere minst like mange i 2019. Her er namna på dei ti kvassaste frå fjorårets løp
Les meir (16.04.2019)
VIL-bygdameister frå 1951 fyller 90 år
Det er ei stor ære å kunne gratulere Margit Jorunn Fet med 90 års dagen tysdag 16. april.
Les meir (16.04.2019)
175 kvinner påmelde i Konradløpet 2018
Slår vi den i 2019…? Her er i alle fall namna på dei ti beste frå fjorårets løp.
Les meir (14.04.2019)
Jakob i farta
Laurdag deltok Jakob Fet Vindenes under slalåm-KM på Strandafjellet, 1.mai spring han Konradløpet.
Les meir (14.04.2019)
Kven vil levere kake til MiniKonrad…?
Velledalen IL treng kaker i ulike variantar til MiniKonrad 30.april – melder nokon seg av eigen fri vilje…?
Les meir (12.04.2019)
Jan Ringseth 75 år 13. april
arkivfotoJan Ringseth , «åleine-skihoppar» i Velledalen IL i over eitt tiår, fyller 75 år laurdag 13.april.
Les meir (12.04.2019)
Har bikka 100 påmelde til årets Konradløp
Tonje Torkildsen melde seg i dag på som løpar nummer 100.
Les meir (10.04.2019)
Premiane til årets MiniKonrad er på veg
arkivfoto200 premiar er tinga med tanke på årets MiniKonrad, som vert arrangert på kveldstid 30.april.
Les meir (10.04.2019)
Seint men godt frå Turbirken
Solide prestasjonar av Randi og Eldrid Myhre
Les meir (10.04.2019)
PåskeKonrad onsdag 17.april
Alle som vil teste løypa og eiga form er velkomne til deltaking onsdag 17.april med start 10.00.
Les meir (08.04.2019)
Vi gratulerer 40 års jubilant Marianne Fløttum
Tysdag 9.april vert Marianne Fløttum 40 år. Velledalen IL gratulerer!
Les meir (08.04.2019)
Intervall-trening på Fet
Det var gode forhold då denne gjengen dreiv intervall-trening på Fet sist sundag
Les meir (08.04.2019)
Svein og Evy Ann vann BM i langrenn
arkivfotoSvein Arne Nakken vann herreklassa under bygdameisterskapen i langrenn laurdag. Evy Ann Ekornes vart beste kvinne.
Les meir (07.04.2019)
Trolldom i Florø
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe leverte ein prestasjon utanom det vanlege i Florø laurdag 6.april.
Les meir (07.04.2019)
Bygdameisterskap langrenn laurdag 6.april
Rennet går i lysløypa på Fjellsætra med start i tidsrommet 13.00-14.30.
Les meir (05.04.2019)
Intervall-trening sundag 7.april
For dei morgonfriske ynskjer vi velkomen til intervall-trening. Frammøte ved Fet bru sundag 7.april klokka 09.30.
Les meir (05.04.2019)
Friidrettsleiaren spring halvmaraton i Florø
Alf Petter Bøe spring laurdag 6.april halvmaraton i Florø.
Les meir (05.04.2019)
Seks VIL-løparar med i Vårdilten
Klassesiger til Sivert i M16-17 år og VIL-debutant May Evy Nesheim i klasse K 40-44.
Les meir (03.04.2019)
Tomasløpet 2019 utsett til 30. juni.
 Bilete er frå i dag, 1. april.Det er aldri kjekt å utsetje løp.
Les meir (01.04.2019)
2369 grarotkroner i mars månad
Stor takk til våre 87 grasrotspelarar for 2369 grasrotkroner i mars.
Les meir (01.04.2019)
Gledens dag: Endeleg ein gutehoppar i VIL
Det er kring 45 år (minst) sidan Ståle Ødegård la opp. I helga tok Jonny Mauren over som VIL sin einaste gutehoppar.
Les meir (30.03.2019)
Konradløpet 2019: Hovudpremien er klar
Farta i løypa betyr null og niks når hovudpremien i årets Konradløp skal delast ut – ein flott kvilestol med skammel frå Ekornes IMG.
Les meir (30.03.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no