Navigasjon
Navigasjon
Hauern 2019
arkivfoto
arkivfoto

Skirennet har blitt gjennomført sidan 1966 og går i klassisk stil gjennom Drammensmarka. Rennet er også minneløp for Thorleif Haug som herja med konkurrentane under OL i Chamonix 1924 og har blant anna vunne 5-mila i kollen seks gongar, før han brått døde av lungebetennelse i 1934.

 

Hauern er seedingrenn til Vasaloppet, Birken og Holmenkollen skimaraton.

 

Løypa var om lag 38km lang. Føret bar preg av det store snøfallet som har kome på austlandet siste par dagane, så løypene var ganske lause. Naturen var flott og vêret upåklageleg denne vinterdagen.

 

Ellen Marie hadde plan om å gå halvt løp (25km) utan tidtaking, men opna med friskt mot og fullførte likevel heile løpet. Angra litt på dette mot slutten, då det kjendes ut som om målstreken aldri kom nærmare og det var noken saftige oppkøyrde utforkøyringer på slutten (!!). Ho klokka seg sjølv i mål på 3.24.02. Dette kunne gitt ein fin 3.plass i si klasse.

 

Minneløpet Kvinner 21-25

 

Plass   Navn                            Klubb              Tid                   Etter

1          Inger Bonden    Sande Sportsklubb       2:30:44

2          Maren Transet   Skanska Aktiv             3:06:27             +35:43

3           Marie Larsen     Ringkollen Skiklubb      3:42:30             + 1:11:46

 

Anders var, i kjend stil, litt seint ute til start, og hamna difor bakerst i puljestarten. Dette førte til ein del mas første 2-3km der han måtte gå utanfor sporet for å kome seg fram i feltet. Sidan Anders har fått instruksar frå trenar om å disponere renn betre klarte han å roe seg ned og avanserte meir gradvis.

 

Anders fekk nokre misnøgde tilsrop slengd etter seg etterden strabasiøse starten, men klarte beherske temperamentet så det resulterte i null slag eller stavbrot. Var vel ingen der som gikk for VM-plass.

 

Frå 5-15 km låg han i ei fin gruppe som heldt jamn fart i kupert terreng. Gruppa sprakk opp når det starta samanhengande stigning frå 15-20km, og Anders vart liggande heilt åleine. Etter stigninga kom 5km med stake-terreng, der Anders tok att ein del løparar frå pulja framføre seg. Dette tende ein gnist om god sluttid, men håpet forsvann raskt då siste del av løypa var prega av mange lange og harde fiskebeinsbakkar i pudderføre (hadde nok vore eit paradis i motsett retning på andre ski!). Det skapte også litt trøbbel at løypetraseen var smal og fleire marsj-deltakarar i løypa, blant anna ein med pulk som stod fast. Det samla seg difor ein baktropp med frustrerte blodseriøse mosjonistar som måtte labbe oppver i eit tempo som sjølv dei mest livsnytande appelsin og anorakkledde turgåarane hadde flira godt av.

 

Anders kom i mål som nr. 18 i si klasse, noko som må vere rekord for han i eit så stort redd. Han har også trua på at det kunne vore mogleg å kutta 5-10 min på sluttida om ein hadde gått i gruppe heile vegen og sløyfa fiskebeinsgåing.

 

Rennet vart vunne av Sondre Turvoll Fossli (sprinter på norske landslaget) som gjekk med festesmurning. På 2.plass kom ein lagkamerat frå Team Milslukern – Driv Trening som gjekk på blanke ski. Jonas Gahr Støre deltok også i rennet.

 

Etter målgang vart det servert   varm lapskaus, vørterøl og varm saft.

 

 



Publisert: Måndag 4. Februar 2019 Kl. 18:59
Siste nyhende
Sterk 2.plass til Anette i Finland
arkivfotoVIL-utøvar Anette Heimli Jokstad vart nummer to i eliteklassa under ein «toughest»-konkurranse i Finland i dag. Nikolai Handle Jensen starta ikkje.
Les meir (17.08.2019)
VIL-tropp spring Skåla Opp laurdag 17.august
Litt usikkert kor mange løparar frå Velledalen IL som stiller
Les meir (16.08.2019)
Radka tek turen til Sogn
Radka Vosicka stiller i helga i Aurlandsfjellet Xtrem Triathlon. Les meir om kraftprøva.
Les meir (16.08.2019)
Konkurrerer i Finland i helga
Nikolai Handle Jensen og Anette Heimli Jokstad er mellom dei påmelde i eliteklassa under Toughest Vaasa/Vöyri Main Race i Finland 17.august
Les meir (16.08.2019)
O-VM
Etter en slik stor o-dag igår er det på sin plass med en oppdatering fra VIL-orientering!
Les meir (15.08.2019)
Seks frå Velledalen IL sprang sommarkarusell
May Evy beste kvinne på 5 km og Sivert vann klasse M16-17 år på same distanse. Broren Andreas vann klasse 16-17 år på 10 km.
Les meir (14.08.2019)
22 på o-trening onsdag 14.august
17 born og fem vaksne deltok då o-gruppa i Velledalen IL arrangerte o-trening på Myrdalen.
Les meir (14.08.2019)
O-trening for store og små på Myrdalen
Onsdag 14.august - med start mellom 17.30 og 18.30 – vert det o-trening på Myrdalssætra.
Les meir (13.08.2019)
Ålesund Sommarkarusell -3.løp onsdag 14.aug
arkivfotoVelledalen IL vert som vanleg representert. Sjå kven som stiller.
Les meir (13.08.2019)
VIL-kle
Her er status på friidrettskolleksjonen til Velledalen Idrettslag.
Les meir (12.08.2019)
Tøft gjort, Gry!
Gry Bakke Payling var einaste sykkylving som gjennomførte det 48 kilometer lange ultraløpet på Stranda laurdag.
Les meir (11.08.2019)
Gratulerer Jan!!
Feira bursdagen sin med drygt seks timar innsats på Stranda.
Les meir (10.08.2019)
Stranda Fjord Trail Race – flott VIL-innsats
Stranda Fjord Trail Race vart i dag avvikla under glimrande forhold. Med heile 406 påmelde
Les meir (10.08.2019)
Sykkylvingar i sykkelritt på heimebane
Espen Utgård Sæter, no Bergen CK, var raskast av sykkylvingane med 2.38.00
Les meir (06.08.2019)
Bjørg Iren smaug seg under to timar
Bjørg Iren Strøm og Mateusz Balon, begge VIL-medlem, deltok i trimklassa i Sykkylven Energi-rittet.
Les meir (05.08.2019)
NM-medalje til Henrik Johan på Hamar
ArkivfotoSist helg var det NM i friidrett på Hamar. Henrik Johan Fjærestad Holmberg, Vik IL, var mellom dei som kunne reise heim med medalje.
Les meir (05.08.2019)
Ivar Arne Flo i tet ved Riksheimdalen trimpost
arkivfotoTrimpost-året 2018/2019 lakkar mot slutten. I desse dagar er det kring 60 dagar att (haustferien) til bøkene vert skifta.
Les meir (04.08.2019)
Sterk 2.plass i 45-49 år av Frode i Saudehornet.
I fjor sprang Frode Mauren Saudehornet rett opp på 1.13.00. I dag brukte han 1.10.59 på same turen.
Les meir (03.08.2019)
Blinkfestivalen på rulleski meir enn elite
To frå Velledalen IL gjekk 20 km i mosjonsklassa i går, nemleg Anders Wigdahl og Amund Dyrnes.
Les meir (01.08.2019)
Velledalen IL takkar for 2594 grasrotkroner
Juli er feriemånad, men gav likevel 2594 grasrotkroner i VIL-kassa. Dermed beste månad hitttil i 2019.
Les meir (01.08.2019)
Treningsleir i regi av Brøvoll Tjuvfiskarlag
Håper å utvikle fleire triatlon-utøvarar som ei «biprodukt» av drifta, vert det meldt.
Les meir (31.07.2019)
Sykkelritt i Sykkylven sundag 4.august
Landevegsrittet, Sykkylven Energirittet, vert arrangert av Sykkylven SK sundag 4.august.
Les meir (31.07.2019)
Jordbærdilten: Sivert Nakken størst framgang
2019 var året der tre blad Nakken frå Velledalen IL var samla i same klasse under Jordbærdilten i Valldal. Les korleis det gjekk.
Les meir (30.07.2019)
Dobbelsiger til systrene Holmberg i Hornindal
arkivfotoEmma Olin Holmberg vann klasse K 17-34 år på tida 4.55.48 under Hornindalsvatnet Maraton sist laurdag.
Les meir (29.07.2019)
Den gode spurten i Valldal
Frode Mauren er ingen ungdom lenger, men den gode spurten mot slutten av løpa har han i kroppen.
Les meir (29.07.2019)
O-ringen 2019
En liten rapport fra oss fra de varme svenske skoger.
Les meir (28.07.2019)
Fin VIL-innsats i Valldal under Jordbærdilten
Frode Mauren nummer åtte i herreklassa. I tillegg deltok Sivert, Andreas og Svein Arne Nakken.
Les meir (27.07.2019)
Frode Mauren: - VIL-singletten prima på varme dagar
Frode Mauren har no testa alle dei nye VIL-kleda, og han er godt nøgd med kvaliteten.
Les meir (27.07.2019)
Emma og Christina gjer det i Hornindal
arkivfotoDei «miste» Hornindal Rundt på grunn av bryllaup, men i morgon (27.juli) spring systrene Holmberg heilmaraton i tropevarme i Honndalen.
Les meir (26.07.2019)
Testing av nye-kleda.
No har dei komt, dei nye treningskleda til VIL.
Les meir (24.07.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no