Navigasjon
Navigasjon
Minneord Oddmund Ingolf Skylstad

Oddmund Ingolf Skylstad dreiv sjølv idrett i tre greiner for Velledalen IL; nemleg langrenn, fotball og springing. Om vi reknar hesteskokasting, som var sterkt i vinden eitt drygt tiår, vert talet fire.

 

Oddmund var 16 år då tyskarane invaderte Noreg. Ikkje lenge før, som 15-åring, hadde han delteke i sitt fyrste bygda-meisterskap i langrenn. Arrangert av Sykkylven IL på Sunndalen (Auresætra). Dit gjekk han på ski frå Hole, saman med kameratar:

-           Kva plass vi kom på fekk vi aldri vite, då vi starta på heimturen medan vi enno var sveitte, skriv Oddmund i eit idrettsminne der hendinga vert omtala.

 

I etterkrigsåra hadde Velledalen IL eit markert sportsleg oppsving. Mellom anna med eit sterkt stafett-lag (springing), med opp til ti mann på laget. Her var Oddmund eit sikkert kort, på eit godt lag etter sunnmørsk målestokk.

 

I mesteparten av sitt yrkesaktive liv var Oddmund dobbelt-arbeidande. I møbelindustrien og som gardbrukar. På garden og elles i livet hadde han god hjelp av kona, Lovise, og dei fire «drengane» Nils, Svein, Ove og Kai. Om Oddmund var aktiv fram til han vart pensjonist, så var han minst like aktiv etter. Trimposten i Holemarka – og fuglane i trea langs vegen – saknar nok stega hans. Sommar som vinter. Til fots eller på ski. Heilt til siste åra var Oddmund fast på topp-5 lista. Også etter passerte 90 år opererte han med tosifra turtal.

 

Fyrste Konradløpet vart arrangert i 2002 med start 05.00. Slett ikkje opplagt at ein kar som gjekk i sitt 79. leveår ville vere med på noko slikt. Men jaudå, dette ville han! I fylgje Lars Inge Sæther sin statistikk frå løpet, deltok Oddmund sju gonger. To av desse gongane heldt han så høg fart at han fekk registrert tid. 41.10 i 2003 og 36.27 i 2004! Oddmund  var ein føregangsmann på superveteran-idrett i VIL. På ein måte den fyrste etter Konrad Brunstad. Det er særdeles kjekt å kunne registrere at fleire tek etter. Kjellaug Ulset, Paul Hole, Magnus Ødegård, Ingebjørg Hole, Magnhild Hole og John Holmberg er alle eksempel på velledalingar over 80 år som har glede av Konradløpet.

 

Han tok òg løp som Fetvatnet Rundt (8 km) på strak arm i høg alder. Ved ei rad VIL-arrangement, i åra Oddmund var 80-88 år kunne ein lese: «Eldste deltakar var Oddmund Skylstad».

 

Då Velledalen IL skulle fylle 100 år (2006), bad vi folk levere idrettsminne frå farne tider. Mange gjorde dette. Også Oddmund, då i sitt 83.leveår. Han brukte sin livslange barndomskamerat, Ole L. Hole, som kvalitetssikring på eigen hugs. Så førte han historia i penn. Tre tettskrivne sider med «vinterminne» og tre sider med «sommarminne».

 

Oddmund var aktiv fotball-spelar i yngre år. Etter det var han fast tilskodar på så godt som alle VRF sine heimekampar, anten dei gjekk på Slettegjerde eller Dalemyra. Heilt fram til seniorfotballen i VRF vart lagt ned hausten 2002.

 

-           Det var min aller siste etappe, skriv Oddmund i sommarminnet sitt om ein stafett i Volda. Ein stafett der han og Torleiv Hole var lånt ut til Sykkylven IL.

Fredag 10.august 2018 gjorde han ankeretappen til den siste kvilestaden etter ei verdig markering i Sykkylven kyrkje.

 

Minna etter Oddmund er ljose og takksemda stor!

 

Idrettsvener i Velledalen IL

Atle Hole


Idrettsminne

vinter :

http://idrettslaget.velledalen.net/pers/38794/idrettsminne/IDRETTSMINNE%2010.pdf

somar:

h ttp://idrettslaget.velledalen.net/pers/38794/idrettsminne/IDRETTSMINNE%2011.pdf



Publisert: Laurdag 11. August 2018 Kl. 11:37
Siste nyhende
Dette likar vi, Bjørg Iren!
Det er tøft gjort, og klart vi vert begeistra, når VIL-medlemar på 52 debuterer i Birkebeinerrittet.
Les meir (18.09.2019)
Full mobilisering med «pølsegjeng og program-seljarar»
Historisk klipp frå 1960-talet syner at mange vart kalla ut når det skulle arrangerast storrenn i Brunstadbakken.
Les meir (18.09.2019)
Per Inge sterk i «Blodslitet»
Per Inge Bjørnestad og Svein Arne Nakken representerte Velledalen IL under «Blodslitet» i Ålesund sist veke.
Les meir (16.09.2019)
Stor VIL-tropp til KM langdistanse på Emblem
Velledalen IL imponerer med 23 påmelde til KM landistanse på Emblem sundag 8.september.
Les meir (06.09.2019)
Ny O-stjerner
Samling på Fjellsætra
Les meir (04.09.2019)
Velledalen IL arrangerar 3000 meters-test
Friidrettsleiaren og kasseraren inviterar til intervalltreningar som endar i 3000 meters-test på Ikornnes Idrettspark i slutten av september.
Les meir (04.09.2019)
Topp-3 «Over Stokk og Stein» i ungdomsklassa
Vi har før meldt at Andreas Mosby Nakken tok ein sterk 2.plass i Follestaddalen. Her kjem resultata.
Les meir (02.09.2019)
2243 grasrotkroner i august månad
Velledalen IL takkar sine 91 spelarar for støtta
Les meir (02.09.2019)
Oslo Toughest
Det har vært to Toughest løp nå etter sommeren. Finland først for to uker siden, og Oslo denne helgen.
Les meir (02.09.2019)
Flott innsats av VIL sine løparar under Haustsprinten.
Av våre vart det klassesigrar til Ingeborg Skogen, Oleanne Øye Hole og Inger Haldis Kurseth Tandstad. Av herrane våre gjorde Alastair Brunton det best.
Les meir (02.09.2019)
Birkebeinerrittet: Hurra for debutant Bjørg Iren!
arkivfotoVelledalen IL var representert i årets Birkebeinerritt med debutant Bjørg Iren Strøm.
Les meir (01.09.2019)
Nikolai nummer 23 av mannfolka i Oslo
Nikolai stod over løpet i Finland, men i Oslo var han tilbake med solid innsats.
Les meir (01.09.2019)
Anette sjuande beste beste kvinne under Toughest Oslo
Hinderløpet «Toughest Oslo» vart arrangert i Holmenkollen laurdag 31. august. Her får du dei beste kvinneresultata.
Les meir (01.09.2019)
Andreas Mosby Nakken sterk «Over stokk og stein»
Andreas Mosby Nakken vart i dag nummer to i hinderløpet «Over stokk og stein» i Follestaddalen.
Les meir (31.08.2019)
Pallplassar til Frode og May-Evy under Pederløpet
Sterk VIL-trio i aksjon under Pederløpet som vart arrangert i Spjelkavika laurdag 31.august.
Les meir (31.08.2019)
Vellukka o-samling laurdag
Med Fjellsæter Ungdomssenter som base vart det gjennomført ei prima o-samling laurdag i regi av o-kretsen i fylket og Velledalen IL
Les meir (31.08.2019)
Stor idrettshelg i vente
Birkebeinerrittet, Toughest Oslo og o-løp på heimebane er litt av det som står på programmet denne helga.
Les meir (30.08.2019)
Fire Bengt-mål knekte Hasundgot
Møter Hovdebygda til toppoppgjer på Dalemyra 5.september
Les meir (30.08.2019)
Osloavdelinga til Velledalen IL veks
Vi har før meldt at Ola Nesheim har kome i tilgang, og no kan kasserar Henning Tandstad stadfeste at Kristoffer Selmer også har hamna i det gode selskap.
Les meir (26.08.2019)
Sluttrapport for Ramstaddalsløpet 2019
sundag 25. august Slutt-tid: 3.50.22 timar
Les meir (26.08.2019)
1851 Opp Ned Norddal i helga
arkivfotoOlaf Einar Øien deltok i løpet som gjekk opp og ned Daurmålsfjellet (805 meter over havet).
Les meir (26.08.2019)
Midtnorsk lagkonkurranse i orientering
Rapport frå deltakarar i lagkonkurransen
Les meir (26.08.2019)
Meir frå Midt-Norsk: - Prioriterte gutane
O-leiar Pernille prioriterte Mikkel og Tobias på andre dag av Midt-Norsk meisterskap i orientering i Stjørdal.
Les meir (25.08.2019)
Jonny klassevinnar i opningsrennet av Vikabakken
Med ståande hopp på 2 x 17 meter vart Jonny Mauren klassevinnar i G 11 år under den offisielle opninga av Vikabakken i Spjelkavik.
Les meir (24.08.2019)
Ramstaddalsløpet 2019
arkivfotoSundag 25. august kl. 09.30
Les meir (24.08.2019)
Flotte VIL-prestasjonar i Midt – Norsk
arkivfotoTre av knappe 400 deltakarar representerte Velledalen IL då Midt – Norsk Meisterskap i orientering opna med sprint i Stjørdal i dag.
Les meir (23.08.2019)
Vellukka o-trening ved Svartevatnet
Fire klubbar var representerte under o-treninga torsdag.
Les meir (23.08.2019)
Geir Nilsen opna påmeldinga i Haustsprinten
1.september arrangerer Velledalen IL o-løp med namnet «Haustsprinten» i Ladalen. Geir Nilsen, Emblem IL, var raskast ute med påmeldinga.
Les meir (20.08.2019)
Orientering: Midt-Norsk Meisterskap komande helg
357 påmelde på sprinten, 430 på langdistanse. Mikkel, Tobias og Pernille Ibsen Lervåg representerer Velledalen IL.
Les meir (20.08.2019)
Ver med på Ramstaddalsløpet 2019
25. august er det igjen tid for Ramstaddalsløpet.
Les meir (19.08.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no