Navigasjon
Navigasjon
For minneboka – del 3: Eit siste farvel…?

VRF-BRATTVÅG 1-3 (1-1)

Dalemyra stadion

35 tilskodarar

Mål: 1-0 Jostein Linga (32), 1-1 Ståle Hurlen (44), 1-2 Kjartan Myklebust (str.52), 1-3 Lennart Holmem (90).

Dommar: Bertil Hole, Rollon -6

Gult kort: Bengt Bueide, Kalle Hjelle, VRF, Svein Åge Klokk, Stig Sandøy, Eivind Grøtt Ulla, Brattvåg.

Spelarpoeng: 3 Arnel Colic, Brattvåg, 2 Robert Sogge, VRF, 1 Frank Dalhaug, Brattvåg:

 

KOMMENTAREN:

-           Denne kampen var eit produkt i tråd med den innsatsen spelarane har lagt ned gjennom sesongen. Vi vert straffa for mange skadar og det som verre er; dårlege haldningar og slapp treningsmoral, særleg mellom dei yngste (Sindre og Kalle Hjelle, trenarar VRF).

-           Vi er godt nøgde både med kampen og haustsesongen. Vi avgjorde kommunekampen mot HaNo til vår fordel, og det ser lyst ut i Brattvåg med tanke på neste sesong (Oddmund Otterlei, assistent-trenar Brattvåg)

 

KAMPEN:

Brattvåg og VRF har hatt stikk motsett formutvikling denne hausten. Difor var det ikkje overraskande at form-laget frå Haram reiste frå Dalemyra med alle poenga laurdag. Og sigeren var fortent, mot eit VRF-lag som skal vere sjeleglade for at sesongen er slutt.

    Gjestane vann kampen fordi dei hadde eit langt jamnare lag, verka betre trena, og hadde evna til å gå i angrep med fleire spelarar enn dei gul/svarte. Men heimelaget scora fyrst, etter eit vakkert angrep der Jostein Linga avslutta med sitt 18.seriemål for sesongen. Sterkt av 33-åringen med tanke på at han har spela stoppar deler av sesongen, og at han ikkje har teke laget sine straffespark.

    Ståle Hurlen hadde to mega-sjansar før pause, og scora på den siste etter nydeleg arbeid av Colic og Dalhaug på venstrekanten

 

Kjartan Myklebust sende gjestane i leiing tidleg i andre omgang frå straffemerket, etter felling av Stig Sandøy. Ei blytung bane krevde sitt, slik at intensiteten i kampen etter kvart fall. Siste målet, i det som truleg var siste kampen for VRF på seniornivå, kom i siste minutt, enkelt sett inn av purunge Lennart Holmem. Målet kom etter ein gedigen personleg feil, som markerte ein trist sorti for ein tradisjonsrik klubb, som totalt sett har vore den største kulturberaren i Velledalen og Straumgjerde dei siste 50 åra.

 

P.S:

Jubileumet, eller gravølet som mange kallar det, skal markerast siste helga i oktober, av klubben som etter planane ikkje vil ha lag over smågute-/småjentealder neste sesong.

 

 

ETTERORD:

Og slik dette kampreferatet skisserar, slik vart det!

VRF sin 50 års fest vart samstundes ei markering av slutten på 50 år med seniorfotball på   godt nivå.

Frå 2003-sesongen heitte laget vårt FK Sykkylven i all fotball frå 15 år og oppover. Dei fyrste åra gjorde laget det godt i øvste kretsserie, med 2.plass i 2003 som det beste, med Frank Suorza bak roret.

   Men lukka snudde ganske så kjapt. Etter nedrykk i 2008, vart 2009-sesongen den fyrste på 40 år der sykkylvsfotballen ikkje var representert i øvste kretsserie. Nokre eldre spelarar prøvde ein «restart» av VRF, men forsøket vart slege ned av dåverande VRF-styret med hjelp av eit par «toppar» frå FKS.

     Heldigvis kom FK Sykkylven seg oppatt, og spelar den dag i dag(enn så lenge) i øvste kretsserie. Men ligg på sisteplass med tre uavgjorte kampar og åtte tap etter halvspela serie.

 

I skrivande stund har det vorte spela 15 og ein halv sesong seniorfotball i Sykkylven kommune etter den ovanfor-ståande skildra VRF-kampen. Diverre er det eit faktum at samansmeltinga av seniorspelarane til VRF, Sykkylven IL, Hundeidvik IL og Ikornnes IL utgjer eit svakare fotball-lag i 2018, enn VRF gjorde åleine i 2002. Berre eit fåtal år har dei vore betre, rekna etter plassering i øvste kretserie på Sunnmøre.

 

Kven stod så bak dette verket…? Nei, det var definitivt ikkje Sykkylven kommune. Dei syslar helst med skular og barnehagar, men driv ikkje fram fusjonar av fotball-lag. Vi kan trygt slå fast at dei som stod bak verket handla i god tru og med den beste vilje. Andre klubbar gjorde det same. Eksempelvis i Nordfjord (Tornado/Måløy, med same svake resultat der).

    Mange gløymer fort, altfor fort. Men dette var – om vi vil like det eller ikkje – folk heimehøyrande innad i VRF sitt verk. Initiativet kom derifrå. Frå menneske som trudde dette ville gjere fotballen betre. Alle klubbane gjekk for det, etter demokratiske prosessar. Lokalavisa gjekk for det, og somme trudde verkeleg at eit fotball-samla Sykkylven kunne snuse på Hødd-nivået.

 

Men det er då vi må hoppe tilbake til «KOMMENTAREN» frå 2002:

-           Vi vert straffa for mange skadar og det som verre er; dårlege haldningar og slapp treningsmoral, særleg mellom dei yngste, seier trenarane Sindre og Kalle Hjelle.

Så vart «dei yngste» vaksne, og rollemodellar for yngre generasjonar. Rollemodellar med dårlege haldningar og slapp treningsmoral.

Ein haustar som ein sår, også i idretten!

 

Og takk til Sindre og Kalle Hjelle for reine ord for pengane etter sesongavslutninga i 2002!

 



Publisert: Laurdag 21. Juli 2018 Kl. 14:07
Siste nyhende
Dette likar vi, Bjørg Iren!
Det er tøft gjort, og klart vi vert begeistra, når VIL-medlemar på 52 debuterer i Birkebeinerrittet.
Les meir (18.09.2019)
Full mobilisering med «pølsegjeng og program-seljarar»
Historisk klipp frå 1960-talet syner at mange vart kalla ut når det skulle arrangerast storrenn i Brunstadbakken.
Les meir (18.09.2019)
Per Inge sterk i «Blodslitet»
Per Inge Bjørnestad og Svein Arne Nakken representerte Velledalen IL under «Blodslitet» i Ålesund sist veke.
Les meir (16.09.2019)
Stor VIL-tropp til KM langdistanse på Emblem
Velledalen IL imponerer med 23 påmelde til KM landistanse på Emblem sundag 8.september.
Les meir (06.09.2019)
Ny O-stjerner
Samling på Fjellsætra
Les meir (04.09.2019)
Velledalen IL arrangerar 3000 meters-test
Friidrettsleiaren og kasseraren inviterar til intervalltreningar som endar i 3000 meters-test på Ikornnes Idrettspark i slutten av september.
Les meir (04.09.2019)
Topp-3 «Over Stokk og Stein» i ungdomsklassa
Vi har før meldt at Andreas Mosby Nakken tok ein sterk 2.plass i Follestaddalen. Her kjem resultata.
Les meir (02.09.2019)
2243 grasrotkroner i august månad
Velledalen IL takkar sine 91 spelarar for støtta
Les meir (02.09.2019)
Oslo Toughest
Det har vært to Toughest løp nå etter sommeren. Finland først for to uker siden, og Oslo denne helgen.
Les meir (02.09.2019)
Flott innsats av VIL sine løparar under Haustsprinten.
Av våre vart det klassesigrar til Ingeborg Skogen, Oleanne Øye Hole og Inger Haldis Kurseth Tandstad. Av herrane våre gjorde Alastair Brunton det best.
Les meir (02.09.2019)
Birkebeinerrittet: Hurra for debutant Bjørg Iren!
arkivfotoVelledalen IL var representert i årets Birkebeinerritt med debutant Bjørg Iren Strøm.
Les meir (01.09.2019)
Nikolai nummer 23 av mannfolka i Oslo
Nikolai stod over løpet i Finland, men i Oslo var han tilbake med solid innsats.
Les meir (01.09.2019)
Anette sjuande beste beste kvinne under Toughest Oslo
Hinderløpet «Toughest Oslo» vart arrangert i Holmenkollen laurdag 31. august. Her får du dei beste kvinneresultata.
Les meir (01.09.2019)
Andreas Mosby Nakken sterk «Over stokk og stein»
Andreas Mosby Nakken vart i dag nummer to i hinderløpet «Over stokk og stein» i Follestaddalen.
Les meir (31.08.2019)
Pallplassar til Frode og May-Evy under Pederløpet
Sterk VIL-trio i aksjon under Pederløpet som vart arrangert i Spjelkavika laurdag 31.august.
Les meir (31.08.2019)
Vellukka o-samling laurdag
Med Fjellsæter Ungdomssenter som base vart det gjennomført ei prima o-samling laurdag i regi av o-kretsen i fylket og Velledalen IL
Les meir (31.08.2019)
Stor idrettshelg i vente
Birkebeinerrittet, Toughest Oslo og o-løp på heimebane er litt av det som står på programmet denne helga.
Les meir (30.08.2019)
Fire Bengt-mål knekte Hasundgot
Møter Hovdebygda til toppoppgjer på Dalemyra 5.september
Les meir (30.08.2019)
Osloavdelinga til Velledalen IL veks
Vi har før meldt at Ola Nesheim har kome i tilgang, og no kan kasserar Henning Tandstad stadfeste at Kristoffer Selmer også har hamna i det gode selskap.
Les meir (26.08.2019)
Sluttrapport for Ramstaddalsløpet 2019
sundag 25. august Slutt-tid: 3.50.22 timar
Les meir (26.08.2019)
1851 Opp Ned Norddal i helga
arkivfotoOlaf Einar Øien deltok i løpet som gjekk opp og ned Daurmålsfjellet (805 meter over havet).
Les meir (26.08.2019)
Midtnorsk lagkonkurranse i orientering
Rapport frå deltakarar i lagkonkurransen
Les meir (26.08.2019)
Meir frå Midt-Norsk: - Prioriterte gutane
O-leiar Pernille prioriterte Mikkel og Tobias på andre dag av Midt-Norsk meisterskap i orientering i Stjørdal.
Les meir (25.08.2019)
Jonny klassevinnar i opningsrennet av Vikabakken
Med ståande hopp på 2 x 17 meter vart Jonny Mauren klassevinnar i G 11 år under den offisielle opninga av Vikabakken i Spjelkavik.
Les meir (24.08.2019)
Ramstaddalsløpet 2019
arkivfotoSundag 25. august kl. 09.30
Les meir (24.08.2019)
Flotte VIL-prestasjonar i Midt – Norsk
arkivfotoTre av knappe 400 deltakarar representerte Velledalen IL då Midt – Norsk Meisterskap i orientering opna med sprint i Stjørdal i dag.
Les meir (23.08.2019)
Vellukka o-trening ved Svartevatnet
Fire klubbar var representerte under o-treninga torsdag.
Les meir (23.08.2019)
Geir Nilsen opna påmeldinga i Haustsprinten
1.september arrangerer Velledalen IL o-løp med namnet «Haustsprinten» i Ladalen. Geir Nilsen, Emblem IL, var raskast ute med påmeldinga.
Les meir (20.08.2019)
Orientering: Midt-Norsk Meisterskap komande helg
357 påmelde på sprinten, 430 på langdistanse. Mikkel, Tobias og Pernille Ibsen Lervåg representerer Velledalen IL.
Les meir (20.08.2019)
Ver med på Ramstaddalsløpet 2019
25. august er det igjen tid for Ramstaddalsløpet.
Les meir (19.08.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no