Navigasjon
Navigasjon
Vegard ny «coming man» frå Tandstad

Familien til Vegard Riksheim Tandstad har lang fartstid i Konradløpet. Systera, Hilde, hadde til og med løyperekorden for kvinner i mange år med tida 18.46. Ei tid ho faktisk gjorde to gonger. Men skal vi tru Lars Inge Sæther sin statistikk, har Simo-Vegard mang ein gong drege dyna godt over hovudet samstundes med at resten av familien har sett kursen mot Brunstad.

 

Men i 2018 vert det annleis. Vegard har meldt seg på! Og det kan han trygt gjere. VIL-Nett har registrert at han sprang løp av god kvalitet i Ålesund i 2017. Ganske så nyleg gjorde han kroppslege justeringar i form av ein brokkoperasjon. Truleg slo det positivt ut, for påskeaftan imponerte han med tida 17.23 i PåskeKonrad – etter eit sololøp.

 

Det betyr at 16-talet heilt klart er innan rekkevidde 1.mai. Som vil bety ein debut med smell. Men det stoppar ikkje her. Fire dagar etter Konradløpet er Vegard på plass i Oslo for å springe Holmenkollstafetten saman med to andre «tandstingar», nemleg systera Hilde og Nærbutikk-Henning. Tre av 15 etappar utført av «tandstingar», med andre ord!

 

«Kvasse knivar» med Tandstad som etternamn   i Konradløpet (før løpet 2018):

13 deltakingar: Inger Kurseth Tandstad, Hilde R. Tandstad

11: Per Svein Tandstad, Asbjørn Tandstad

10: Jo Andre Tandstad, Tor Olav Tandstad

9: Tone og Petter E. Tandstad, Ole Martin Sæther Tandstad og Håkon Sæther Tandstad

8: Geir Steinar Tandstad

7: Asgeir Tandstad, Reidun Tandstad, Oline Sæther Tandstad og Trude Sæther Tandstad

Merk dykk: Her er det kamp om plasseringane!

 

Men personen som toppar på Tandstad heiter ikkje Tandstad til etternamn. Ikkje overraskande er Inger Anne Riksheim «dronninga» også her. Og for dei som ikkje veit: Inger Anne er mor til «the coming man».

-           Kor mange gonger har ho starta då, undrar du sikkert…..

-           Svaret er full pott – 16 gonger av 16 moglege!

Tandstad kan synast ha satsa på «import» av kvinner med namnet Inger. Og dei to som har slege best til, må seiast å vere «kortreiste», nemleg frå Hundeidvik og Riksheim.

 

PS. Som det går fram av lista er Tone, Petter, Ole Martin og Håkon kvalifiserte til Konradløpet sin 10 års premie om dei stiller til start 1.mai.

 

Vel Møtt til alle frå Tandstad og alle andre delar av bygda!!

 

PÅMELDING: http://idrettslaget.velledalen.net

E-post: atlehole@online.no

Melding: 917 43 761

 



Publisert: Onsdag 4. April 2018 Kl. 18:18
Siste nyhende
Dette likar vi, Bjørg Iren!
Det er tøft gjort, og klart vi vert begeistra, når VIL-medlemar på 52 debuterer i Birkebeinerrittet.
Les meir (18.09.2019)
Full mobilisering med «pølsegjeng og program-seljarar»
Historisk klipp frå 1960-talet syner at mange vart kalla ut når det skulle arrangerast storrenn i Brunstadbakken.
Les meir (18.09.2019)
Per Inge sterk i «Blodslitet»
Per Inge Bjørnestad og Svein Arne Nakken representerte Velledalen IL under «Blodslitet» i Ålesund sist veke.
Les meir (16.09.2019)
Stor VIL-tropp til KM langdistanse på Emblem
Velledalen IL imponerer med 23 påmelde til KM landistanse på Emblem sundag 8.september.
Les meir (06.09.2019)
Ny O-stjerner
Samling på Fjellsætra
Les meir (04.09.2019)
Velledalen IL arrangerar 3000 meters-test
Friidrettsleiaren og kasseraren inviterar til intervalltreningar som endar i 3000 meters-test på Ikornnes Idrettspark i slutten av september.
Les meir (04.09.2019)
Topp-3 «Over Stokk og Stein» i ungdomsklassa
Vi har før meldt at Andreas Mosby Nakken tok ein sterk 2.plass i Follestaddalen. Her kjem resultata.
Les meir (02.09.2019)
2243 grasrotkroner i august månad
Velledalen IL takkar sine 91 spelarar for støtta
Les meir (02.09.2019)
Oslo Toughest
Det har vært to Toughest løp nå etter sommeren. Finland først for to uker siden, og Oslo denne helgen.
Les meir (02.09.2019)
Flott innsats av VIL sine løparar under Haustsprinten.
Av våre vart det klassesigrar til Ingeborg Skogen, Oleanne Øye Hole og Inger Haldis Kurseth Tandstad. Av herrane våre gjorde Alastair Brunton det best.
Les meir (02.09.2019)
Birkebeinerrittet: Hurra for debutant Bjørg Iren!
arkivfotoVelledalen IL var representert i årets Birkebeinerritt med debutant Bjørg Iren Strøm.
Les meir (01.09.2019)
Nikolai nummer 23 av mannfolka i Oslo
Nikolai stod over løpet i Finland, men i Oslo var han tilbake med solid innsats.
Les meir (01.09.2019)
Anette sjuande beste beste kvinne under Toughest Oslo
Hinderløpet «Toughest Oslo» vart arrangert i Holmenkollen laurdag 31. august. Her får du dei beste kvinneresultata.
Les meir (01.09.2019)
Andreas Mosby Nakken sterk «Over stokk og stein»
Andreas Mosby Nakken vart i dag nummer to i hinderløpet «Over stokk og stein» i Follestaddalen.
Les meir (31.08.2019)
Pallplassar til Frode og May-Evy under Pederløpet
Sterk VIL-trio i aksjon under Pederløpet som vart arrangert i Spjelkavika laurdag 31.august.
Les meir (31.08.2019)
Vellukka o-samling laurdag
Med Fjellsæter Ungdomssenter som base vart det gjennomført ei prima o-samling laurdag i regi av o-kretsen i fylket og Velledalen IL
Les meir (31.08.2019)
Stor idrettshelg i vente
Birkebeinerrittet, Toughest Oslo og o-løp på heimebane er litt av det som står på programmet denne helga.
Les meir (30.08.2019)
Fire Bengt-mål knekte Hasundgot
Møter Hovdebygda til toppoppgjer på Dalemyra 5.september
Les meir (30.08.2019)
Osloavdelinga til Velledalen IL veks
Vi har før meldt at Ola Nesheim har kome i tilgang, og no kan kasserar Henning Tandstad stadfeste at Kristoffer Selmer også har hamna i det gode selskap.
Les meir (26.08.2019)
Sluttrapport for Ramstaddalsløpet 2019
sundag 25. august Slutt-tid: 3.50.22 timar
Les meir (26.08.2019)
1851 Opp Ned Norddal i helga
arkivfotoOlaf Einar Øien deltok i løpet som gjekk opp og ned Daurmålsfjellet (805 meter over havet).
Les meir (26.08.2019)
Midtnorsk lagkonkurranse i orientering
Rapport frå deltakarar i lagkonkurransen
Les meir (26.08.2019)
Meir frå Midt-Norsk: - Prioriterte gutane
O-leiar Pernille prioriterte Mikkel og Tobias på andre dag av Midt-Norsk meisterskap i orientering i Stjørdal.
Les meir (25.08.2019)
Jonny klassevinnar i opningsrennet av Vikabakken
Med ståande hopp på 2 x 17 meter vart Jonny Mauren klassevinnar i G 11 år under den offisielle opninga av Vikabakken i Spjelkavik.
Les meir (24.08.2019)
Ramstaddalsløpet 2019
arkivfotoSundag 25. august kl. 09.30
Les meir (24.08.2019)
Flotte VIL-prestasjonar i Midt – Norsk
arkivfotoTre av knappe 400 deltakarar representerte Velledalen IL då Midt – Norsk Meisterskap i orientering opna med sprint i Stjørdal i dag.
Les meir (23.08.2019)
Vellukka o-trening ved Svartevatnet
Fire klubbar var representerte under o-treninga torsdag.
Les meir (23.08.2019)
Geir Nilsen opna påmeldinga i Haustsprinten
1.september arrangerer Velledalen IL o-løp med namnet «Haustsprinten» i Ladalen. Geir Nilsen, Emblem IL, var raskast ute med påmeldinga.
Les meir (20.08.2019)
Orientering: Midt-Norsk Meisterskap komande helg
357 påmelde på sprinten, 430 på langdistanse. Mikkel, Tobias og Pernille Ibsen Lervåg representerer Velledalen IL.
Les meir (20.08.2019)
Ver med på Ramstaddalsløpet 2019
25. august er det igjen tid for Ramstaddalsløpet.
Les meir (19.08.2019)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no