Navigasjon
Navigasjon
Brødrene Aursnes kjøper Dalemyra og Slettegjerde

2018 vert siste året med fotball på Dalemyra i Velledalen og Slettegjerde i Straumgjerde. Pengane ligg berre å ventar på eigarlaga Velledalen IL og VRF. Brødrene Aursnes har gjort munnleg avtale om kjøp, til den nette sum av 10 millionar kroner. Knut Henning Aursnes seier dette om dei vidare planane:

-           Sykkylven kommune skal i nær framtid gjere ei gigantisk satsing på eldre. Vårt oppdrag er å byggje høgt og kompakt med plass til 2500 menneske på kvar av stadane.

-           Kor høgt er det snakka om?

-           Det er kort og godt sykkylvs-rekord – 28 etasjar i Velledalen, 32 i Straumgjerde.

 

Ordføraren stadfestar

Dette er så sensasjonelt nytt at vi kopla ordførar, Odd Jostein Drotninghaug, inn i saka.

-           Rykta er nok sanne. Dette vil kome som ein motaksjon til Nye Ålesund kommune sine gigantplanar på Emblemfjellet med plassering av 25 000 eldre. Slår vi oss saman med dei, ligg det i korta at alle frå Sykkylven skal dit. Og dette er snakk om velståande sykkylvingar, som er stinne av stål. Spørsmålet vert difor; skal dagens «sykkylvspengar» vere på nordsida eller sørsida av fjorden…?

-           Men korleis i alle dagar skal de fylle dei 5000 nye plassane i Sykkylven…?

 

 

Ordføraren utdjupar:

-           Det vert med tvang, vi ser inga anna naturleg løysing. Så snart ein person i sentrumsområdet, Søvikdalen eller Ramstaddalen fyller 75 år, vert vedkomande flytta – frivilleg eller med tvang - til dei nye bustadane på Dalemyra eller Slettegjerde. For øvrige deler av bygda er alderen for flytting sett til 80 år.

-           Kvifor denne skilnaden?

-           Hundeidvikarane, straumgjerdingane og velledalingane er beviseleg meir kreative enn dei som har 6230 som postadresse. Såleis er det fornuftig å ha desse lenger på heimplassen.

-           Men det kan vel søkjast dispensasjon…?

-           Det skjer til fylkesmannen, som behandlar søknadane etter beste evne. Og vi har sett før kva det betyr.

 

Naturgraset i Hundeidvik vert ikkje omtala i denne saka. Kvifor, spør vi ordførar Drotninghaug….?

-           Årsaka ligg i Hundeidvik Fotballfestival. Den representerer god PR for bygda og Sykkylven kommune. Så god at den må sparast, meiner vi. Men Fylkesmannen har spela inn at sidan den no vert einaste attlevande naturgrasbana i Sykkylven, så må bana vernast. Noko som betyr at graset i Hundeidvik etter alle solemerke vert tvangsflytta til Auremarka. Vi som sit den noverande kommuneleiinga i Sykkylven er MOT dette, men Fylkesmannen presiserer at rådet er gitt etter beste evne.

 

Fryktar fisk med granulat

Johan S. Grebstad, som har tuska med grasbana i Velledalen ein mannsalder, synest dette er å gå vel langt:

-           Nei, eg er ikkje glad for dette! Men eg vil sjølvsagt heller sitje i ein stol på Dalemyra enn på Emblemsfjellet. At steikt heile banå skal byggjast att skjønar eg ikkje hensikta med. Eg hadde i det minste håpa på ei stripe naturgras som eg kunne stelle på mine eldre dagar.

-           Åsså kan du varskue ordføraren at øss vil ikkje ha ta dinnja fisken i Aureelva so e peisfullje ta granulat so det stend om i Sykkjylvsbladet. Fiskjin so dei servere øss skal vere frå Fetvassdraget. Det e et minimuskrav!



Publisert: Søndag 1. April 2018 Kl. 10:56
Siste nyhende
O-gruppa VIL, terminliste våren 2020
-endringer kan forekomme, følg med på Facebook-gruppa «Orienteringsløp Sykkylven».
Les meir (17.02.2020)
Lokale resultat frå Furusjøen Rundt
ArkivfotoSvein vart nummer sju i klasse 50-54 år, Kjell Magnar nummer 16 i klasse 30-34 år.
Les meir (17.02.2020)
Vert det «Barnas Fjellsæterrunde i vinter..?
arkivfotoTruleg JA, seier langrennsgruppa i Velledalen IL som nyleg har hatt møte.
Les meir (11.02.2020)
Ny trakkemaskin står klar
Langrennsgruppa melder at ei ny trakkemaskin formeleg hungrar etter meir snø i Ladalen.
Les meir (11.02.2020)
Plass til fleire på Idrettsgalla
Dagen før påmeldingsfristen går ut melder kasserar i VIL, Henning Tandstad , om kring 20 ledige plassar.
Les meir (11.02.2020)
Bilskiltet «ARNE 371» sine band til Velledalen IL
Han vart KM-vinnar for Velledalen IL i 1960 med 2,77 meter, men gav seg ikkje før han hoppa 3,71 i stille lengde.
Les meir (11.02.2020)
Anders Wigdahl gjekk Sjusjøen Skimaraton
Endeleg har vi eit ski-resultat og melde – frå VIL-avdelinga på Austlandet.
Les meir (09.02.2020)
Vinterkarusell nr 4: Andreas og Frode klassevinnarar
Fem menn representerte Velledalen IL under fjerde løpet av Vinterkarusellen i Ålesund.
Les meir (08.02.2020)
May Evy beste kvinne på 5 kilometer
May Evy Nesheim vart beste kvinne på 5 kilometer med tida 22.17 under Ålesund Vinterkarusell. Også Lillian Nykrem klassevinnar.
Les meir (08.02.2020)
Bladet «Runners World» skriv om Kjell Magnar
Heile fem sider – framsida og fire inne i bladet - har løpsbladet «Runners World» spandert på Kjell Magnar Berli.
Les meir (08.02.2020)
Nye karusell-løp i Ålesund 8.februar
arkivfotoFå utøvarar har førebels meldt seg på, men Olaf Einar Øien stiller på 5 km.
Les meir (05.02.2020)
Velkommen til sonerenn i Hyttehola på Hellesylt laurdag 8. februar.
Rennet går i fristil, med start klokka 12.30, individuell start og normaldistanse.
Les meir (05.02.2020)
Dei finaste nedslaga
Med Helge Lødøen sin bortgang har Velledalen mist ein sann idretts-ven.
Les meir (04.02.2020)
Krevjande helgakonkurranse
Men Kristin Grebstad visste at Katrine Ulriksen (VIL-leiar I 1997) var rett svar denne gongen.
Les meir (03.02.2020)
Idrettsgalla 22.februar – påmeldingsfrist 12.febr.
arkivfotoI år er det påmelding til Velledalen IL sin Idrettsgalla –frist for påmelding er 12.februar.
Les meir (03.02.2020)
Fire blad Nakken i Oslo Winterrun 2020.
I går kvitterte Sivert og Andreas Mosby Nakken ut ei av julegåvene sine. Far Svein og mor Anita var også mellom deltakarane.
Les meir (02.02.2020)
Tusen, tusen takk til 94 grasrotspelarar!
Januar vart ein knallmånad med 2662 grasrotkroner til Velledalen IL.
Les meir (01.02.2020)
Britt Janne 40 år 1.februar
arkivfotoJubileuma kjem tett i Velledalen IL for tida. I dag er det Britt Janne sin tur.
Les meir (01.02.2020)
Krevjande helga-konkurranse
Faktum er at det er 23 år sidan sist leiaren i Velledalen IL budde andre stadar enn på Hole.
Les meir (31.01.2020)
Hurra for VIL-leiaren som fyller 60 år 30.januar!
30.januar fyller Hau-tvillingane (Kai Roger og Ove Inge) 60 år.
Les meir (29.01.2020)
O-gruppa i VIL har søkt midlar til skulegardskart
Velledalen IL – o-gruppa har søkt midlar frå Forbundet til skulegardskart, kartteiknings-kurs og kurs for tilsette ved skular.
Les meir (28.01.2020)
Visste du at………..
arkivfotoNettsida friskar opp nokre som har sportslege jubileum i 2020
Les meir (27.01.2020)
Vanskeleg konkurranse – Leif Karlsen vinnar
Denne gongen var konkurransen så vanskeleg at det kom inn akkurat like mange gale svar som rette.
Les meir (27.01.2020)
Galla for sportslege sprell 22.februar
arkivfotoVelledalen IL arrangerer Idrettsgalla i Velledalen grendahus laurdag 22.februar.
Les meir (27.01.2020)
Brunstadbakken i vinden
Takka vere nokre foto i Sunnmørsposten frå hopprennet i 1962, har Brunstadbakken i Velledalen på nytt blitt løfta fram i lysey.
Les meir (25.01.2020)
Nærsprinten – nytt tilbod for unge løparar
Fyrste løp – av i alt fem - i cupen vert arrangert på Brunstad fredag 3.april.
Les meir (25.01.2020)
Lokal kvintett går Birkebeiner-rennet
arkivfotoDå vi sjekka påmeldingane til Birkebeiner-rennet den 20. januar fann vi fire sykkylvingar på listene.
Les meir (25.01.2020)
VIL har signert styrmann med vind i segla
Idrettslaget sin plattformarbeidar, som tidlegare var kasserar, får selskap av styrmann som også er relatert til oljebransja i sitt yrkesliv.
Les meir (22.01.2020)
Meir om mangekamp og Henrik sitt NM-gull
Mangekamp innandørs for menn har sju øvingar, mot ti øvingar utandørs.
Les meir (21.01.2020)
Henrik Johan Holmberg NM-vinnar i mangekamp
Henrik Johan Holmberg, Vik IL, vart i helga NM-vinnar i NM i mangekamp i Nes Arena (innandørs).
Les meir (19.01.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
La22.02
To19.03
Fr03.04
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no