Navigasjon
Navigasjon
Kjell Magnar «back in business» - no i randonee.

Comeback. Det er langt over årets sidan Kjell Magnar Berli sist var i aksjon under større konkurransar. Difor må «comebacket» hans i Stryn omtalast som særdeles vellukka og lovande for framtida.

 

I idrettsgreina randonee gjeld det å ta seg fort både oppover og nedover. Og vi snakkar som regel om særs bratt terreng. Diverre spela ikkje vêret på lag med arrangøren, fortel Kjell Magnar:

-           Det vart utsett fleire gonger, og det enda til slutt med to rundar i same løypa.

 

Debutant. Planen var at Kjell Magnar skulle delta under NM same stad i 2017, men ein kneskade gjorde dette umogleg. Difor var det ein spent Kjell Magnar som troppa opp i Stryn palmelaurdag, som debutant. Men   han vart fort varm i trøya:

-           Ja, og det gjekk svært så bra oppover, der eg berre tapte heilt marginalt til dei beste. Men det var verre nedover, der eg ikkje satsa like tøft som dei kvassaste. Det var skikkeleg hardt for låra i det bratte lendet gjennom tett skog ved sida av alpintraséen.

 

Uhell. Siste delen av rennet fekk Kjell Magnar problem med skifellane. Heldigvis hadde han med reserve-utstyr og fekk skifta. Med tidstap som resultat, naturlegvis. Men vår mann var likevel nøgd med innsatsen:

-           Eg fekk vist at forma er veldig god oppover. Dei beste her heldt trass alt landslagsnivå. Kanskje skal eg i aksjon på nytt om to veker på Oppdal, og så må eg trene litt springing til Konradløpet.

 

RESULTAT:

1.45.23: Sondre Svensli, Eidsvåg IL

1.56.22: Håvard Myklebust, Sunnmøre Randoneeklubb (beste sunnmøring)

1.59.58: Kjell Magnar Berli, Velledalen IL/HardhausSport (nr 6 i klasse 21-40 år, nr 11 totalt)

63 fullførande utøvarar

Dei siste på resultatlista brukte godt over fire timar



Publisert: Søndag 25. Mars 2018 Kl. 14:10
Siste nyhende
O-gruppa VIL, terminliste våren 2020
-endringer kan forekomme, følg med på Facebook-gruppa «Orienteringsløp Sykkylven».
Les meir (17.02.2020)
Lokale resultat frå Furusjøen Rundt
ArkivfotoSvein vart nummer sju i klasse 50-54 år, Kjell Magnar nummer 16 i klasse 30-34 år.
Les meir (17.02.2020)
Vert det «Barnas Fjellsæterrunde i vinter..?
arkivfotoTruleg JA, seier langrennsgruppa i Velledalen IL som nyleg har hatt møte.
Les meir (11.02.2020)
Ny trakkemaskin står klar
Langrennsgruppa melder at ei ny trakkemaskin formeleg hungrar etter meir snø i Ladalen.
Les meir (11.02.2020)
Plass til fleire på Idrettsgalla
Dagen før påmeldingsfristen går ut melder kasserar i VIL, Henning Tandstad , om kring 20 ledige plassar.
Les meir (11.02.2020)
Bilskiltet «ARNE 371» sine band til Velledalen IL
Han vart KM-vinnar for Velledalen IL i 1960 med 2,77 meter, men gav seg ikkje før han hoppa 3,71 i stille lengde.
Les meir (11.02.2020)
Anders Wigdahl gjekk Sjusjøen Skimaraton
Endeleg har vi eit ski-resultat og melde – frå VIL-avdelinga på Austlandet.
Les meir (09.02.2020)
Vinterkarusell nr 4: Andreas og Frode klassevinnarar
Fem menn representerte Velledalen IL under fjerde løpet av Vinterkarusellen i Ålesund.
Les meir (08.02.2020)
May Evy beste kvinne på 5 kilometer
May Evy Nesheim vart beste kvinne på 5 kilometer med tida 22.17 under Ålesund Vinterkarusell. Også Lillian Nykrem klassevinnar.
Les meir (08.02.2020)
Bladet «Runners World» skriv om Kjell Magnar
Heile fem sider – framsida og fire inne i bladet - har løpsbladet «Runners World» spandert på Kjell Magnar Berli.
Les meir (08.02.2020)
Nye karusell-løp i Ålesund 8.februar
arkivfotoFå utøvarar har førebels meldt seg på, men Olaf Einar Øien stiller på 5 km.
Les meir (05.02.2020)
Velkommen til sonerenn i Hyttehola på Hellesylt laurdag 8. februar.
Rennet går i fristil, med start klokka 12.30, individuell start og normaldistanse.
Les meir (05.02.2020)
Dei finaste nedslaga
Med Helge Lødøen sin bortgang har Velledalen mist ein sann idretts-ven.
Les meir (04.02.2020)
Krevjande helgakonkurranse
Men Kristin Grebstad visste at Katrine Ulriksen (VIL-leiar I 1997) var rett svar denne gongen.
Les meir (03.02.2020)
Idrettsgalla 22.februar – påmeldingsfrist 12.febr.
arkivfotoI år er det påmelding til Velledalen IL sin Idrettsgalla –frist for påmelding er 12.februar.
Les meir (03.02.2020)
Fire blad Nakken i Oslo Winterrun 2020.
I går kvitterte Sivert og Andreas Mosby Nakken ut ei av julegåvene sine. Far Svein og mor Anita var også mellom deltakarane.
Les meir (02.02.2020)
Tusen, tusen takk til 94 grasrotspelarar!
Januar vart ein knallmånad med 2662 grasrotkroner til Velledalen IL.
Les meir (01.02.2020)
Britt Janne 40 år 1.februar
arkivfotoJubileuma kjem tett i Velledalen IL for tida. I dag er det Britt Janne sin tur.
Les meir (01.02.2020)
Krevjande helga-konkurranse
Faktum er at det er 23 år sidan sist leiaren i Velledalen IL budde andre stadar enn på Hole.
Les meir (31.01.2020)
Hurra for VIL-leiaren som fyller 60 år 30.januar!
30.januar fyller Hau-tvillingane (Kai Roger og Ove Inge) 60 år.
Les meir (29.01.2020)
O-gruppa i VIL har søkt midlar til skulegardskart
Velledalen IL – o-gruppa har søkt midlar frå Forbundet til skulegardskart, kartteiknings-kurs og kurs for tilsette ved skular.
Les meir (28.01.2020)
Visste du at………..
arkivfotoNettsida friskar opp nokre som har sportslege jubileum i 2020
Les meir (27.01.2020)
Vanskeleg konkurranse – Leif Karlsen vinnar
Denne gongen var konkurransen så vanskeleg at det kom inn akkurat like mange gale svar som rette.
Les meir (27.01.2020)
Galla for sportslege sprell 22.februar
arkivfotoVelledalen IL arrangerer Idrettsgalla i Velledalen grendahus laurdag 22.februar.
Les meir (27.01.2020)
Brunstadbakken i vinden
Takka vere nokre foto i Sunnmørsposten frå hopprennet i 1962, har Brunstadbakken i Velledalen på nytt blitt løfta fram i lysey.
Les meir (25.01.2020)
Nærsprinten – nytt tilbod for unge løparar
Fyrste løp – av i alt fem - i cupen vert arrangert på Brunstad fredag 3.april.
Les meir (25.01.2020)
Lokal kvintett går Birkebeiner-rennet
arkivfotoDå vi sjekka påmeldingane til Birkebeiner-rennet den 20. januar fann vi fire sykkylvingar på listene.
Les meir (25.01.2020)
VIL har signert styrmann med vind i segla
Idrettslaget sin plattformarbeidar, som tidlegare var kasserar, får selskap av styrmann som også er relatert til oljebransja i sitt yrkesliv.
Les meir (22.01.2020)
Meir om mangekamp og Henrik sitt NM-gull
Mangekamp innandørs for menn har sju øvingar, mot ti øvingar utandørs.
Les meir (21.01.2020)
Henrik Johan Holmberg NM-vinnar i mangekamp
Henrik Johan Holmberg, Vik IL, vart i helga NM-vinnar i NM i mangekamp i Nes Arena (innandørs).
Les meir (19.01.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
La22.02
To19.03
Fr03.04
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no