Navigasjon
Navigasjon
Årsmelding – Hovudstyret 2017

STYRET 2017

Ove Skylstad, leiar (2017 og 2018) – ikkje på val i styret, men på val som leiar

Atle Hole, nestleiar (2016 og 2017) – på val

Håkon Fedt, kasserar (2016 og 2017) – på val

Åshild Kristoffersen, sekretær (2016 og 2017) – på val

Marit Hole, styremedlem (2016 og 2017) - på val

Ole–Peder Holmberg, styremedlem (2017 og 2018) – ikkje på val

Elisabeth Sjøli, styremedlem (2017 og 2018) – ikkje på val

 

Vara: Thorbjørn Hopland (1.vara), Liv Nordli Hole (2.vara)    

 

Laget har siste arbeidsåret hatt fire styremøte der heile hovudstyret har vore innkalla. I tillegg har det vore møter med mindre grupperingar, eksempelvis i samband med Konradløpa og Førjulsmessa.

    Alt i alt eit relativt positivt år for Velledalen IL, med stor aktivitet på trimfronten. Badminton er tilbake som trimaktivitet etter ei pause. Elles er ungdomstrim, innebandy, sirkel/stasjonstrening med Janne Tomtum i gang. Julie Brochmann held Idrettsskulen i drift, sjølv om oppslutninga gjerne kunne vore større. Langrennsgruppa sin aktivitet sist vinter var hemma av lite snø (Fjellsæterrunden måtte såleis avlysast). Trimgruppa har fått gjennomført nokre arrangement og trimpostane er framleis populære. Friidrettsgruppa har hatt rekord-mange i aktivitet i 2017, mellom anna med ei sterk Oslo-avdeling.  O-gruppa vart vel fortent kåra til «Årets Gruppe» i VIL i 2017 under Idrettsgallaen, etter eit år med KM-arrangement på Myrdalen, kretssamling med base på Fjellsætra og kretsløp-arrangement i sentrum på hausten. I tillegg til eit enormt kartarbeid (Myrdalen, Svartevatnet, Fjellsætra, Dalemyra og Aure sentrum), har gruppa arrangert opplegg for barnehagar, barneskular og vidaregåande skular med meir. Toppen av kransekaka var at Pernille kom heim frå ei nasjonal Forbundssamling på Gardermoen med «Årets Gaselle» for 2017. Det må og leggast til at O-gruppa skal ha hovudæra for VIL sitt høge medlemstal, og for andre året på rad fekk Velledalen IL si O-gruppe ei heilside i den nasjonale O-boka.  Førjulsmessa 2017 gav ny nettorekord på 93 000 kroner, halvparten til VIL.

      Dalemyra stadion vart i 2017 drifta av Velledalen IL med Johan S. Grebstad i front, men uheldige omstende gjorde at bana ikkje kunne brukast. VIL har kjøpt ein brukt klippar av Geir Helge Grebstad, og fått lovnad om 30 000 til nye mål av VRF.

 

MEDLEMSTAL: Talet på medlemar i 2017 er det beste som nokon gong er registrert. Dette skuldast to faktorar. Den eine er ein kjempeinnsats av O-gruppa, den andre at medlemar som ikkje betalar kontingent ikkje lenger straks vert strokne av listene.

 

0-5 år

6-12 år

13-19

20-25

26+

Sum

2006

7

62

29

4

94

196

2007

8

51

41

6

138

244

2008

11

48

35

5

132

231

2009

11

42

44

9

125

231

2010

10

23

27

7

112

179

2011

7

44

23

3

115

192

2012

8

30

21

6

83

148

2013

6

34

20

3

103

166

2014

6

21

20

8

  97

152

2015

2

12

12

4

86

116

2016

 11

 46

16

 8

 120

 201

2017

18

62

21

10

164

275

Laget har seks nolevande æresmedlemar, fem menn og ei kvinne.   Ein 90+, éin 85-90, éin 70-80, tre 60-70.

 

ØKONOMI.

Laget har relativt god økonomi, men rekneskapstala gir dette året ikkje eit heilt korrekt bilete av stoda. Dette grunna at ein del rekningar ikkje vart betalte i rett tid. Som betyr at pengar som skulle gått ut i 2017, fyrst har gjort det i 2018. Dei to store arrangementa på inntektssida er Konradløpa og Førjulsmessa. Elles har O-gruppa i 2017 - som i 2016 - vore flinke til å skaffe sponsormidlar til sine prosjekt.  Elles gir medlemskontingenten og «grasrotpengar» gode pengar i klubbkassa. Meir detaljert om korleis pengane har vorte brukte, kjem under rekneskap.

 

Oversikt over grasrotkroner - og grasrotspelarar ved utgangen av året (i parentes):

2009: 15 736 (55)

2010: 23 248 (73)

2011: 23 656 (76)

2012: 26 762 (81)

2013: 19 702 (67)

2014: 17 574 (68)

2015: 16 422 (72)

2016: 18 864 (76)

2017: 18 958 (81)

 

ARRANGEMENT.

VIL har vore relativt aktive på arrangementssida også i 2017, noko som er breiare skildra i gruppene sine årsmeldingar. Arrangement siste året:

MINIKONRAD

KONRADLØPET

KOLDABAKKEN GRAND PRIX

GRILLKVELD BRUNSTADSÆTRA

RAMSTADDALSLØPET

FØRJULSMESSA (VRF og VELLEDALEN SKULEKORPS MEDARR)

ROMJULSMARSJ

«IDRETTSGALLA»

PANORAMA-LEIKANE PÅ IKORNNES (medarr.)

FJELLSÆTERCUP (fem renn - samarbeidsprosjekt)

SENTRUMSCUP ORIENTERING

KM-ORIENTERING MYRDALEN (85 delt)

KRETSLØP ORIENTERING SENTRUM

TOMAS-LØPET

 

I tillegg kjem mindre arrangement og samlingar.

 

NB!   Fetvatnet Rundt, Fjellsæterrunden og Det Store Folkerennet vart ikkje arrangert i 2017.

 

ANLEGG

Velledalen IL eig som dei fleste veit Dalemyra stadion, opna i 1971. VRF sa frå seg drifta av anlegget i 2016, etter å ha hatt dette i lang tid. Frå 2017-sesongen vart bana drifta av Velledalen IL med Johan S. Grebstad som «banemeister». Diverre fekk bana vitjing av mindre velkomne «gjestar» som drap det som var av gras på delar av bana. Takka vere eit omfattande arbeid av Johan S. Grebstad er det von om at bana kan takast i bruk denne våren. Men i skrivande stund veit vi ikkje sikkert om FK Sykkylven vil spele kampar der. Det var gjort ein muntleg avtal om spel i 2017 – som skulle fungere som eit prøveår mellom FKS og Velledalen IL. I fjor spela dei på naturgras i Hundeidvika

    VIL har kjøpt ein brukt klippar av Geir Helge Grebstad til ein rimeleg pris, og VIL har fått lovnad på 30 000 kroner frå VRF til nye fotballmål.

 

PROFILERINGSKLEDE

VIL sin nye klede-kolleksjon har slege godt an. Særleg klubbjakker, men også bukser, panneband og huer. Slikt gir identitet og styrker samkjensla (jamfør intervju med Roger Hole med klubbhue på NRK dagen før Birken). I tillegg har O-gruppa gjort ein stor jobb også på dette feltet. Deira løps-klede frå Trimtex eignar seg både for orientering og andre løp. Her må det gjerast fleire innkjøp, då vi no er tomme for det meste. Spørsmålet er om sponsorane som er trykte på klubbjakkene vil vere med på meir pengar.

 

REPRESENTASJON

«Lag på Lag» verkar vere lagt ned, men det vart arrangert juledans i 2017 med godt resultat, og vakthald mellom anna frå VIL.

Odd Kåre Fet har også i 2017 representerte Velledalen IL i styret i Sykkylven Idrettsråd.

Marit Hole og Ove Skylstad har møtt som utsendingar til generalforsamlinga i Velledalen grendahus.

Håkon Fedt har vore utsending til generalforsamlinga i Velledalen Naturbarnehage.

Pernille Lervåg sit i fylkesstyret i Møre og Romsdal O-krets, og ho har representert Velledalen IL   på O-Forbundet si samling på Gardermoen saman med Mari Skjøstad. Vilde Nordtømme har delteke på aktivitetskurs for ungdom i Ulsteinvik i regi av Møre og Romsdal Friidrettskrets.

 

 

 

 

HEIMESIDA

VIL fekk eiga heimeside i desember 2007. Den ligg som link under www.velledalen.net.

Nettsida til Velledalen IL er drifta av Liv og Atle Hole. Utviklinga år for år ser slik ut:

2008:   4 169 treff

2009: 13 815 treff

2010: 19 164 treff – 294 saker

2011: 27 659 treff – 376 saker

2012: 33 804 treff – 510 saker

2013: 43 037 treff – 488 saker

2014: 42 614 treff – 359 saker

2015: 44 330 treff – 394 saker

2016: 42 872 treff – 386 saker

2017: 41 297 treff – 462 saker

 

Vi oppmodar gruppene/medlemane om å bruke sida. Meld alle resultat og sportslege nyhende.

Sida kan mellom anna vere ei god hjelpekjelde når gruppene skal skrive årsmeldingane sine.

 

Velledalen IL kom på Facebook i 2013. Sida vert i hovudsak drifta av Ann-Helen Hole frå Måløy, med litt hjelp av Ellen Marie Hole i Oslo.

31.12.13: 114 «venner»

31.12.14: 222 «venner»

31.12.15: 317 «venner»

31.12.16: 407 «venner»

31.12.17: 495 «venner»

 

Mykje positivt, men også store utfordringar.

2017 har på mange felt vore eit positivt år med mange aktive. Særleg innanfor friidrett og orientering. Oslo-avdelinga vår jobbar godt og det er nesten rørande når det kjem e-post frå sterke utøvarar som Anette Jokstad og Nikolai Handle Jensen med spørsmål;   kan vi få lov å melde oss inn. Då har nokon gjort ein god jobb! Like eins har O-gruppa generert enormt med medlemar i 2017.

      Men enno viktigare er det at vi ser problemfelta våre. Der kan og må vi ta grep, rette opp, og bli betre. Vi må sjå forgubbinga vi har i store deler av organisasjonen, vi må løyse problema på Myrdalen mellom orientering/hjortejakt, vi må rette opp når den interne organiseringa i laget ikkje fungerer, verte flinkare på raske tilbakemeldingar og til ei kvar tid ha kontroll over medlemslistene.

 

Eit lag for alle. Vi er framleis solide på arrangementssida med mange gode tilskipingar under trim&trivsel-fana. Dette er tiltak som inkluderer alle – unge, gamle, spreke og mindre spreke. Velledalen IL ynskjer vere eit inkluderande lag. Alle arrangement er rusfrie. Vi har heidra eit høgt tal jubilantar med gode ord på nettsida i 2017. Også gjennom den årlege «Idrettsgallaen» gjer vi stas på mange. Julekort er delt ut til medlemar og sponsorar, og vi syrgjer med dei vi mister.

 

Velledalen IL sine   høgast rangerte prisar i 2017:

Vinnar trimpostar: Inger Anne Riksheim

Årets idrettskvinne: Radka Vosicka

Årets idrettsmann: Njål Torillson Tyssing

Årets Unge utøvar: Espen Strøm Grebstad

Årets gruppe: O-gruppa

Årets VIL-familie: Familien Nakken

 

Men prisen over alle prisar i 2017, var sjølvsagt GASELLE-PRISEN som O-gruppa sytte for kom til Velledalen IL. 2017 vart altså året der Velledalen IL for fyrste gong i laget si 111-årige soge fekk tildelt ein Forbunds-pris – slikt ligg det godt arbeid bak!

 

Velledalen IL er i sin heilskap tufta på frivilleg arbeid. Hovudstyret takkar alle som har bidrege i 2017 – spesielt ved dei tunge arrangement som Førjulsmessa og Konradløpa. Men like viktig er; trufast arbeid i det stille, heilt utan merksemd. Vi takkar alle trottige slitarar på trimpostane og ikkje minst statistikkførar Nils Terje Skylstad. Vi avsluttar meldinga med eitt av friidrettsleiar AP Bøe sine postulat: «God form kan ikkje kjøpast på blå resept»!

 

                                                         

For Hovudstyret

Atle Hole, nestleiar

 



Publisert: Fredag 23. Mars 2018 Kl. 21:08
Siste nyhende
O-gruppa VIL, terminliste våren 2020
-endringer kan forekomme, følg med på Facebook-gruppa «Orienteringsløp Sykkylven».
Les meir (17.02.2020)
Lokale resultat frå Furusjøen Rundt
ArkivfotoSvein vart nummer sju i klasse 50-54 år, Kjell Magnar nummer 16 i klasse 30-34 år.
Les meir (17.02.2020)
Vert det «Barnas Fjellsæterrunde i vinter..?
arkivfotoTruleg JA, seier langrennsgruppa i Velledalen IL som nyleg har hatt møte.
Les meir (11.02.2020)
Ny trakkemaskin står klar
Langrennsgruppa melder at ei ny trakkemaskin formeleg hungrar etter meir snø i Ladalen.
Les meir (11.02.2020)
Plass til fleire på Idrettsgalla
Dagen før påmeldingsfristen går ut melder kasserar i VIL, Henning Tandstad , om kring 20 ledige plassar.
Les meir (11.02.2020)
Bilskiltet «ARNE 371» sine band til Velledalen IL
Han vart KM-vinnar for Velledalen IL i 1960 med 2,77 meter, men gav seg ikkje før han hoppa 3,71 i stille lengde.
Les meir (11.02.2020)
Anders Wigdahl gjekk Sjusjøen Skimaraton
Endeleg har vi eit ski-resultat og melde – frå VIL-avdelinga på Austlandet.
Les meir (09.02.2020)
Vinterkarusell nr 4: Andreas og Frode klassevinnarar
Fem menn representerte Velledalen IL under fjerde løpet av Vinterkarusellen i Ålesund.
Les meir (08.02.2020)
May Evy beste kvinne på 5 kilometer
May Evy Nesheim vart beste kvinne på 5 kilometer med tida 22.17 under Ålesund Vinterkarusell. Også Lillian Nykrem klassevinnar.
Les meir (08.02.2020)
Bladet «Runners World» skriv om Kjell Magnar
Heile fem sider – framsida og fire inne i bladet - har løpsbladet «Runners World» spandert på Kjell Magnar Berli.
Les meir (08.02.2020)
Nye karusell-løp i Ålesund 8.februar
arkivfotoFå utøvarar har førebels meldt seg på, men Olaf Einar Øien stiller på 5 km.
Les meir (05.02.2020)
Velkommen til sonerenn i Hyttehola på Hellesylt laurdag 8. februar.
Rennet går i fristil, med start klokka 12.30, individuell start og normaldistanse.
Les meir (05.02.2020)
Dei finaste nedslaga
Med Helge Lødøen sin bortgang har Velledalen mist ein sann idretts-ven.
Les meir (04.02.2020)
Krevjande helgakonkurranse
Men Kristin Grebstad visste at Katrine Ulriksen (VIL-leiar I 1997) var rett svar denne gongen.
Les meir (03.02.2020)
Idrettsgalla 22.februar – påmeldingsfrist 12.febr.
arkivfotoI år er det påmelding til Velledalen IL sin Idrettsgalla –frist for påmelding er 12.februar.
Les meir (03.02.2020)
Fire blad Nakken i Oslo Winterrun 2020.
I går kvitterte Sivert og Andreas Mosby Nakken ut ei av julegåvene sine. Far Svein og mor Anita var også mellom deltakarane.
Les meir (02.02.2020)
Tusen, tusen takk til 94 grasrotspelarar!
Januar vart ein knallmånad med 2662 grasrotkroner til Velledalen IL.
Les meir (01.02.2020)
Britt Janne 40 år 1.februar
arkivfotoJubileuma kjem tett i Velledalen IL for tida. I dag er det Britt Janne sin tur.
Les meir (01.02.2020)
Krevjande helga-konkurranse
Faktum er at det er 23 år sidan sist leiaren i Velledalen IL budde andre stadar enn på Hole.
Les meir (31.01.2020)
Hurra for VIL-leiaren som fyller 60 år 30.januar!
30.januar fyller Hau-tvillingane (Kai Roger og Ove Inge) 60 år.
Les meir (29.01.2020)
O-gruppa i VIL har søkt midlar til skulegardskart
Velledalen IL – o-gruppa har søkt midlar frå Forbundet til skulegardskart, kartteiknings-kurs og kurs for tilsette ved skular.
Les meir (28.01.2020)
Visste du at………..
arkivfotoNettsida friskar opp nokre som har sportslege jubileum i 2020
Les meir (27.01.2020)
Vanskeleg konkurranse – Leif Karlsen vinnar
Denne gongen var konkurransen så vanskeleg at det kom inn akkurat like mange gale svar som rette.
Les meir (27.01.2020)
Galla for sportslege sprell 22.februar
arkivfotoVelledalen IL arrangerer Idrettsgalla i Velledalen grendahus laurdag 22.februar.
Les meir (27.01.2020)
Brunstadbakken i vinden
Takka vere nokre foto i Sunnmørsposten frå hopprennet i 1962, har Brunstadbakken i Velledalen på nytt blitt løfta fram i lysey.
Les meir (25.01.2020)
Nærsprinten – nytt tilbod for unge løparar
Fyrste løp – av i alt fem - i cupen vert arrangert på Brunstad fredag 3.april.
Les meir (25.01.2020)
Lokal kvintett går Birkebeiner-rennet
arkivfotoDå vi sjekka påmeldingane til Birkebeiner-rennet den 20. januar fann vi fire sykkylvingar på listene.
Les meir (25.01.2020)
VIL har signert styrmann med vind i segla
Idrettslaget sin plattformarbeidar, som tidlegare var kasserar, får selskap av styrmann som også er relatert til oljebransja i sitt yrkesliv.
Les meir (22.01.2020)
Meir om mangekamp og Henrik sitt NM-gull
Mangekamp innandørs for menn har sju øvingar, mot ti øvingar utandørs.
Les meir (21.01.2020)
Henrik Johan Holmberg NM-vinnar i mangekamp
Henrik Johan Holmberg, Vik IL, vart i helga NM-vinnar i NM i mangekamp i Nes Arena (innandørs).
Les meir (19.01.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
La22.02
To19.03
Fr03.04
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no