Navigasjon
Navigasjon
Årsmelding frå (hopp-) og langrennsgruppa

Svein Arne Nakken (leiar), Pål Rune Fet, Svein Hjorthol, Bård Erstad, Asbjørn Tandstad, Knut Orre, Kjetil Eikemo (ny) og Anita M. Nakken (ny). Dei to fyrstnemnde tok attval medan dei fire neste på lista ikkje var på val.

Langrennsgruppa er brukbart fornøgd med aktiviteten til seniorløparane som representerte Velledalen IL i sesongen 2016-2017. Vi har nokre få seniorar som deltek aktivt, men mellom dei aldersbestemte er aktiviteten alt for låg. Ingen aldersbestemte løparar representerer VIL på kretsnivå denne sesongen.

 

Når det gjeld aktiviteten til sjølve langrennsgruppa, var dette ein heller laber sesong då vi gjennom store delar av vinteren sleit med snømangel. Vi har likevel, saman med langrennsgruppa til SIL, arrangert TELENOR-Fjellsætercup i langrenn for tredje året på rad i lysløypa på Fjellsætra. Langrennsgruppa har saman med friidrettsgruppa arrangert Ramstaddalsløpet, eit sosialt arrangement som samlar folk i alle aldrar, og Tomasløpet i Straumgjerde.

 

TELENOR-Fjellsætercup i langrenn:

For tredje året på rad arrangerte   langrennsgruppene til SIL og VIL langrennscup i lysløypa på Fjellsætra. Vi la opp til fem (5) cuprenn, men mangel på snø gjennom store delar av sesongen, gjorde at vi måtte avlyse det andre rennet. Dei tre siste renna gjekk etter planen, annan kvar onsdag kveld. Langrennscupen vart avslutta med premieutdeling og sosialt samkome på Tandstad skule onsdag 19. april. Totalt 72 personar deltok i langrennscupen i sesongen 2017. Tala for året før, 2016, var 62 deltakarar.

 

Det 4. rennet i TELENOR-Fjellsætercup vart samtidig arrangert som Bygdamesterskap i langrenn med VIL som ansvarleg arrangør. Langrennsgruppa til SIL hjelpte til på funksjonærsida. Til neste sesong, sesongen 2018, er rollene igjen omvendte. Då er det SIL som skal stå som ansvarleg arrangør.  

 

Fjellsæterrunden:

Den 38. utgåva av Fjellsæterrunden, som var terminfesta til laurdag 25. februar, vart avlyst grunna elendige snøforhold i løypetraséen. Vi får kome sterkare tilbake i 2018, og håpe at snøforholda rettar seg til neste sesong...

 

Det Store Folkerennet:

Vart ikkje arrangert i 2017.

Ramstaddalsløpet:

'Stafettettpinnedugnaden' Ramstaddalsløpet for medlemmer og sympatisørar vart planlagt og gjennomført av friidrettsgruppa og langrennsgruppa ved Alf Petter Bøe og Svein Arne Nakken i samarbeid med Atle Hole. Laurdag den 7. oktober kl. 09.30 braut Paul Hole (88 år) startsnora ved Grendahuset (nytt av året) og løpet var i gong. Etter 4 timar, 7 minutt og 17 sekund sprang Atle Hole pinnen over mållinja ved Grendahuset. Då hadde 48 ulike personar over 51 etappar delt på å frakte stafettpinnen dei 51 km frå start til mål. Veret var, som det alltid bruker å vere under Ramstaddalsløpet, prima.

Etter målkomst var det samkome i kjellarsalen på Grendahuset for alle deltakarane.

Løpstraséen er den same kvart år, men i år var altså start og mål flytta til inngangen til symjehallen på Grendahuset: Symjehallen, Pe-krysset, Fjellsæterskiftet, Fjellsæter-området til Fausaskiftet. Vidare Fasteindalen og Ramstaddalen til Aure. Over Sykkylvsbrua til Straumgjerde, Straumsheim, Fet og gamlevegen fram att til symjehallen.

 

 

Velledalen IL har hatt desse aktive løparane   i sesongen 2016-2017:

Hilde Riksheim Tandstad, Ellen Marie Hole, Kjell Magnar Berli, Terje Aurdal, Olav Brunstad, Anders Wigdahl og Svein Arne Nakken (alle langrenn) og Jan Ringseth (hopp).

 

Velledalen IL har gjennom desse personane vore representert i skirenn i inn- og utland.

 

For detaljar elles, viser vi til arkivet på nettsida vår:     http://idrettslaget.velledalen.net

 

     

Straumgjerde 20. mars 2018

   

For Velledalen IL, langrennsgruppa

Svein Arne Nakken, gruppeleiar.



Publisert: Torsdag 22. Mars 2018 Kl. 23:07
Siste nyhende
O-gruppa VIL, terminliste våren 2020
-endringer kan forekomme, følg med på Facebook-gruppa «Orienteringsløp Sykkylven».
Les meir (17.02.2020)
Lokale resultat frå Furusjøen Rundt
ArkivfotoSvein vart nummer sju i klasse 50-54 år, Kjell Magnar nummer 16 i klasse 30-34 år.
Les meir (17.02.2020)
Vert det «Barnas Fjellsæterrunde i vinter..?
arkivfotoTruleg JA, seier langrennsgruppa i Velledalen IL som nyleg har hatt møte.
Les meir (11.02.2020)
Ny trakkemaskin står klar
Langrennsgruppa melder at ei ny trakkemaskin formeleg hungrar etter meir snø i Ladalen.
Les meir (11.02.2020)
Plass til fleire på Idrettsgalla
Dagen før påmeldingsfristen går ut melder kasserar i VIL, Henning Tandstad , om kring 20 ledige plassar.
Les meir (11.02.2020)
Bilskiltet «ARNE 371» sine band til Velledalen IL
Han vart KM-vinnar for Velledalen IL i 1960 med 2,77 meter, men gav seg ikkje før han hoppa 3,71 i stille lengde.
Les meir (11.02.2020)
Anders Wigdahl gjekk Sjusjøen Skimaraton
Endeleg har vi eit ski-resultat og melde – frå VIL-avdelinga på Austlandet.
Les meir (09.02.2020)
Vinterkarusell nr 4: Andreas og Frode klassevinnarar
Fem menn representerte Velledalen IL under fjerde løpet av Vinterkarusellen i Ålesund.
Les meir (08.02.2020)
May Evy beste kvinne på 5 kilometer
May Evy Nesheim vart beste kvinne på 5 kilometer med tida 22.17 under Ålesund Vinterkarusell. Også Lillian Nykrem klassevinnar.
Les meir (08.02.2020)
Bladet «Runners World» skriv om Kjell Magnar
Heile fem sider – framsida og fire inne i bladet - har løpsbladet «Runners World» spandert på Kjell Magnar Berli.
Les meir (08.02.2020)
Nye karusell-løp i Ålesund 8.februar
arkivfotoFå utøvarar har førebels meldt seg på, men Olaf Einar Øien stiller på 5 km.
Les meir (05.02.2020)
Velkommen til sonerenn i Hyttehola på Hellesylt laurdag 8. februar.
Rennet går i fristil, med start klokka 12.30, individuell start og normaldistanse.
Les meir (05.02.2020)
Dei finaste nedslaga
Med Helge Lødøen sin bortgang har Velledalen mist ein sann idretts-ven.
Les meir (04.02.2020)
Krevjande helgakonkurranse
Men Kristin Grebstad visste at Katrine Ulriksen (VIL-leiar I 1997) var rett svar denne gongen.
Les meir (03.02.2020)
Idrettsgalla 22.februar – påmeldingsfrist 12.febr.
arkivfotoI år er det påmelding til Velledalen IL sin Idrettsgalla –frist for påmelding er 12.februar.
Les meir (03.02.2020)
Fire blad Nakken i Oslo Winterrun 2020.
I går kvitterte Sivert og Andreas Mosby Nakken ut ei av julegåvene sine. Far Svein og mor Anita var også mellom deltakarane.
Les meir (02.02.2020)
Tusen, tusen takk til 94 grasrotspelarar!
Januar vart ein knallmånad med 2662 grasrotkroner til Velledalen IL.
Les meir (01.02.2020)
Britt Janne 40 år 1.februar
arkivfotoJubileuma kjem tett i Velledalen IL for tida. I dag er det Britt Janne sin tur.
Les meir (01.02.2020)
Krevjande helga-konkurranse
Faktum er at det er 23 år sidan sist leiaren i Velledalen IL budde andre stadar enn på Hole.
Les meir (31.01.2020)
Hurra for VIL-leiaren som fyller 60 år 30.januar!
30.januar fyller Hau-tvillingane (Kai Roger og Ove Inge) 60 år.
Les meir (29.01.2020)
O-gruppa i VIL har søkt midlar til skulegardskart
Velledalen IL – o-gruppa har søkt midlar frå Forbundet til skulegardskart, kartteiknings-kurs og kurs for tilsette ved skular.
Les meir (28.01.2020)
Visste du at………..
arkivfotoNettsida friskar opp nokre som har sportslege jubileum i 2020
Les meir (27.01.2020)
Vanskeleg konkurranse – Leif Karlsen vinnar
Denne gongen var konkurransen så vanskeleg at det kom inn akkurat like mange gale svar som rette.
Les meir (27.01.2020)
Galla for sportslege sprell 22.februar
arkivfotoVelledalen IL arrangerer Idrettsgalla i Velledalen grendahus laurdag 22.februar.
Les meir (27.01.2020)
Brunstadbakken i vinden
Takka vere nokre foto i Sunnmørsposten frå hopprennet i 1962, har Brunstadbakken i Velledalen på nytt blitt løfta fram i lysey.
Les meir (25.01.2020)
Nærsprinten – nytt tilbod for unge løparar
Fyrste løp – av i alt fem - i cupen vert arrangert på Brunstad fredag 3.april.
Les meir (25.01.2020)
Lokal kvintett går Birkebeiner-rennet
arkivfotoDå vi sjekka påmeldingane til Birkebeiner-rennet den 20. januar fann vi fire sykkylvingar på listene.
Les meir (25.01.2020)
VIL har signert styrmann med vind i segla
Idrettslaget sin plattformarbeidar, som tidlegare var kasserar, får selskap av styrmann som også er relatert til oljebransja i sitt yrkesliv.
Les meir (22.01.2020)
Meir om mangekamp og Henrik sitt NM-gull
Mangekamp innandørs for menn har sju øvingar, mot ti øvingar utandørs.
Les meir (21.01.2020)
Henrik Johan Holmberg NM-vinnar i mangekamp
Henrik Johan Holmberg, Vik IL, vart i helga NM-vinnar i NM i mangekamp i Nes Arena (innandørs).
Les meir (19.01.2020)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
La22.02
To19.03
Fr03.04
To30.04
Fr01.05
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no