Navigasjon
Navigasjon
Tandstad-karar VIL-debuterer i Holmenkollstafetten

Velledalen IL har hatt fleire søskenpar på dei ulike laga i Holmenkollstafetten. I 2018 kan det vere duka for eit nytt, nemleg Hilde og Vegard Tandstad. Hilde har lang røynsle som «springar», ho var den som starta opp Oslo-Konrad, har fleire KM-titlar frå løp i yngre år, og   kjempar i VIL om tittelen klubb-biolog med Rolf (Haxthow) og Pernille (Ibsen Lervåg).

  

Vegard Tandstad har eit lett, fint steg som hittil ikkje har teke ut potensialet sitt. Difor smilte friidrettsleiar Bøe breitt, då meldinga kom om at i år ville han delta. Og det same gjer ein annan Tandstad-mann, nemleg butikksjefen på nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad. Alle tre med Tandstad til etternamn er djupe tilhengarar av Liverpool FC, men om det kan hjelpe dei i Oslogatene er meir uvisst.

 

Som de forstår, tida er komen for å melde si interesse for laget vårt til Holmenkollstafetten. Laget stiller i klasse A1, som er blandingslag av menn og kvinner med fleirtal menn. Interesse for stafetten 5. mai kan meldast til fylgjande personar, og gi gjerne eit hint om kva etappe de ynskjer:

ALF PETTER BØE, friidrettsleiar 901 62 279

ANDERS WIGDAHL, styremedlem i friidrettsgruppa, 406 39 135

ROGER MALVIN HOLE, organisator i avdeling Austland, 959 40 598



Publisert: Laurdag 20. Januar 2018 Kl. 09:33
Siste nyhende
Klubbmeteorolog Kjetil spår vinter ut februar
Sykkylven har ikkje bokhandel lenger, eit problem for klubben sine to meteorologar, som nyttar almanakken som einaste hjelpekjelde.
Les meir (21.01.2019)
Bli med Team Bøe onsdag klokka 09.00
For dei som berre vil ha med seg den sosiale samlinga er tidspunktet 10.00
Les meir (21.01.2019)
Idrettsgalla VIL: Pris til systrene Holmberg
I denne saka kan du lese kven som tok dei andre prisane som vart delte ut
Les meir (20.01.2019)
Idrettsgalla VIL: Tre prisar til Oslo-avdelinga
Les kven i Oslo-avdelinga som fekk prisar under Idrettsgallaen for 2018
Les meir (20.01.2019)
Ny idrett i kjømda; skiorientering!
Er du sugen på å teste ut ein ny idrett… Du får sjansen i Ladalen (Fjellsætra) denne vinteren.
Les meir (19.01.2019)
Idrettsdagane i Velledalen 2019
Osloavdelinga melder at «Idrettsdagane i Velledalen 2019» vert avvikla to fyrste vekene i juli med allsidig opplegg.
Les meir (18.01.2019)
Snart rennstart i TELENOR- Fjellsætercup
Fyrste rennet går onsdag 30. januar og er såleis ikkje langt unna.
Les meir (18.01.2019)
Ein langløpar fyller 64 år
Olav Brunstad med sterke aner til Velledalen fyller 64 år fredag 18. januar.
Les meir (18.01.2019)
«Årets nykomar 2018» fyller 46 år 16.januar
I dag gratulerer Velledalen IL Frode Mauren. Mannen som sist sundag vart utropt som «Årets nykomar 2018», fyller 46 år.
Les meir (16.01.2019)
Har overteke Petter Northug jr.
Melding frå Oslo-avdelinga
Les meir (15.01.2019)
Idrettsgalla: Freyja henta to prisar
Somme hadde ordna seg med gode hjelparar for å hente prisane sine
Les meir (15.01.2019)
Idrettsgalla: «Årets mediestunt» til Roger
Roger Malvin Hole sikra Oslo-avdelinga i VIL pris for «Årets mediestunt 2018».
Les meir (15.01.2019)
Idrettsgalla: Tunge prisar til Radka, Pernille og Kjell M
Kjell Magnar Berli vart «Årets Utøvar 2018» på herresida, medan Radka Vosika og Pernille Ibsen Lervåg delte tilsvarande pris på kvinnesida.
Les meir (14.01.2019)
Ei flott gruppe løparar
Og faktisk manglar det tre sykkylvingar på fotoet, nemleg Jo Andre Tandstad, Fridtjof Fredriksen og Svein Arne Nakken.
Les meir (13.01.2019)
Idrettsgalla: Svein Arne Nakken ny æresmedlem
Under Velledalen IL sin Idrettsgalla i Velledalen grendahus 13. januar, vart Svein Arne Nakken (snart 53) utnemnd til ny æresmedlem i laget.
Les meir (13.01.2019)
Stilige karar sprang vinterkarusell i Ålesund
Jonny Mauren var debutant på 5 km, medan faren, Frode, sette personleg bestetid med 38.57 på 10 km.
Les meir (12.01.2019)
Treng du noko frå VIL-kolleksjonen..?
No kjem Velledalen IL med splitter ny løps-singlet.
Les meir (12.01.2019)
Stor VIL-tropp til Ålesund i dag.
Seks timar før det tredje løpet i Ålesund Vinterkarusell hadde Velledalen IL åtte påmelde.
Les meir (12.01.2019)
Takk Kjellaug Ulset, takk!
Bilde frå Kondis .noMed Kjellaug Ulset sin bortgang har Velledalen mist ein av sine fremste rollemodellar for god alderdom.
Les meir (11.01.2019)
Skitrening
onsdag 9.januar klokka 18.00
Les meir (08.01.2019)
Vinterkarusell i Ålesund laurdag
Rykta seier at det kan gå rekorddeltaking frå Sykkylven, og Velledalen IL spesielt.
Les meir (07.01.2019)
Team Bøe-trening onsdag 9.januar klokka 09.00
Frammøtestad er Nærbutikken i Velledalen.
Les meir (07.01.2019)
Innebandy onsdag 9.januar klokka 18.00
Her er det berre å hive seg med.
Les meir (07.01.2019)
Ei grasbane i «øydemarka»
VRF sitt omland (Velledalen og Straumgjerde) er i negativ utvikling, og det er ikkje lenger rift etter å bruke grasbanene på Slettegjerde og Dalemyra.
Les meir (06.01.2019)
Idrettsgalla – sundag 13.januar kl 16.00
Velkomen til triveleg sosialt samver i kjellarsalen i Velledalen grendahus
Les meir (05.01.2019)
Fødselsdagar og andre tunge jubileum
Ei lita oppdatering om fødselsdagar og anna i VIL-miljøet i starten av året.
Les meir (05.01.2019)
Grasrotåret 2018
Ved utgangen av desember 2018 hadde Velledalen IL 83 grasrotspelarar. Les om grasrotspelarane sitt bidrag til klubbkassa i 2018
Les meir (01.01.2019)
GRATULERER NJÅL – 37 ÅR 1. JANUAR !
13. januar arrangerer Velledalen IL Idrettsgalla for året 2018.
Les meir (01.01.2019)
Idrettsåret 2018 i verbale blomar
Idrettsåret 2018 er over. Sjå kven VIL-Nett meiner har gjort seg fortente til roser.
Les meir (31.12.2018)
Greidde målet sitt med glans
Sivert og Andreas Mosby Nakken hadde som mål å springe halvmaraton i Ålesund under to timar, og gjorde det.
Les meir (31.12.2018)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
On30.01
La09.02
On13.02
Su24.02
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no